
"Så lenge som det finnes undertrykkelse og utbytting
noe sted på jorda, kan det ikke finnes full frihet for noen."
Fra stiftelseserklæringa, vedtatt på AKPs 1. landsmøte 1973
Denne boka er eit direkte resultat av at RV hausten 1997 gjorde sitt suverent beste val i landsmålestokk - kombinert med 643 stemmer for lite til at eg kunne beholde ein plass for RV på Stortinget sin Oslo-benk. Vi har det med å prestere motsetningsfylte resultat. Da eg sist i september kom heim frå ferie, fann eg eit brev frå N.W. Damm & Søn: "Vi ønsker at du skal skrive bok for oss som kan utgis i forbindelse med 25 års-jubileet til RV/AKP neste år. Kunne du tenke deg å drøfte dette?" Brevet var datert dagen etter stortingsvalet.
Dette er ikkje ei partihistorie. Det er heller ikkje ei samanfatning av kva dagens sentralstyre i AKP meiner om fortid eller framtid. Mange - i og utafor begge partia - har hjelpt meg med opplysningar, synspunkt og kommentarar. Omlag 50 av dei har kvar for seg ytt så store bidrag at det var avgjerande for ein større eller mindre del av boka. For meg vart det lange, lærerike og morosame samtalar som har fortalt mykje om den styrken som finst blant oss. Men det skrivne resultatet skal ikkje andre stå ansvarleg for. Dette er personleg synsing på grunnlag av det eg har vori med på i og rundt RV og AKP.
Dei som seier at denne rørsla er eit pussig fenomen, vil neppe ha trøbbel med å finne gode eksempel. Om fleire av oss går det an å seie det same som Hans Rotmo skreiv i visa om tømmerhoggar Martin Sand:
Han ha vøri med på mangt
som va både rett og vrangt
somt gjekk vel langt
men det va ganske interessant.
Eg synest det mest interessante skjer no. Den unge revolusjonære rørsla er like norsk og like motstandsdyktig som løvetanna. Vi har forandra oss, og er framleis oppegåande, etter å ha vorti erklært døde og makteslause med korte mellomrom - dei siste 25 åra. 1997-valet viste den største oppslutninga hittil om dei raude listene.
Dette skjer i Norge åtte år etter at muren fall og åtte år etter massakren i gatene rundt Tien An Men. Det finst ikkje noko sosialistisk land som kan brukast som politisk modell. Mange har forkynt at kommunismen er død og at kapitalismen har vunni ein endeleg og verdsomfattande siger. Men det kapitalistiske verdssystemet er i 1998 meir drepande enn nokon gong. Behovet for forandring er meir påtrengande i dag enn det var i går. Kanskje det framleis er muleg å finne nye svar på dei store spørsmåla?
Det er få namn i denne boka. Eg har valt å ikkje namngi alle dei som har hjelpt meg. Motstandarar er stort sett ikkje namngitt, fordi det ikkje er enkeltpersonane som er viktige. Du finn heller ikkje namna til så mange av dei tusenvis menneske som har lagt små byggjesteinar i fundamentet til det som ein gong kan bli det norske bidraget til det store opprøret som kan gjere slutt på den kapitalistiske epoken.
25 år er kort tid. Vi har såvidt begynt.
Den rørsla som denne boka handlar om, hadde vori borte for lenge sia, viss ikkje så mange var bestemt på å gjennomføre det dei synest er rett og nødvendig, sjølv om kjende fakta tyder på at akkurat det er umuleg. La meg starte med å fortelje ei av dei sanne historiene om denne fandenivoldske stå på-evna.
Å klatre opp på Svolværgeita seiest å vere enkelt - viss du er van med fjellklatring og har alt som trengst av tau og anna klatreutstyr. Dei seier at det er enkelt - i alle fall i dagslys og fint ver. Natt til 1. mai 1978 var det ikkje fint ver. Det var stiv kuling med stormkast. Og snø. Dette gjorde ikkje inntrykk på dei to klatrarane. Dei hadde bestemt seg. Dei hadde stilt seg større politiske mål enn denne klatreturen. Derfor la dei til fjells tidleg på natta, mens det brygga opp til snøstorm.
Å klatre i eit slikt ver er vanskeleg nok. Og dei skulle ikkje berre klatre. Dei skulle også feste 40 kvadratmeter raudt flagg til den loddrette fjellveggen på det eine hornet på Svolværgeita. Sjølve klatringa gjekk nokså greitt. Det var ikkje første gongen dei var ute i hardt ver. Han som jobba med å feste nedste delen av flagget, måtte henge i tau ned frå den 20 meter høge spissen av det eine hornet. Å henge i fjellsida hadde han prøvd før, både i godver og vind. Men aldri før med flagg. Han hadde enda ikkje fått festa det nedste hjørnet da det kom eit kraftig stormkast inn under flagget. Vind med storms styrke under 40 kvadratmeter flaggsilke har ei solid løfteevne. Han tenkte fort. Skulle han sleppe flagget og gi opp, eller halde seg fast i flaggduken og satse på at han var tung nok til å halde igjen? Han valde det siste. Eit stormkast skulle ikkje hindre dei i å heise det raude flagget slik at det verkeleg syntest.
Han tok feil. Han var ikkje tung nok. Stormkastet løfta både flagget og klatraren opp gjennom snøkovet mot spissen av hornet. Heldigvis hadde kameraten hans fått festa øvste hjørnet av flagget. Flaggduken vreid seg i vinden før stormkastet sleppte såpass at kroppstyngda hans drog nedover igjen. Da han på nytt merka at han hang i tauet, hadde han framleis godt grep med begge nevane i den raude flaggsilken. Men litt skjelven var han da han festa boltane og klarte å fortøye det nedste hjørnet før nordvesten fekk samla seg til eit nytt løft.
Begge to kom tidsnok til førstemaifrukosten hos Asbjørg og Jens Andvig. Det var ei raud teatergruppe som hadde ideen til den spesielle "flaggheisinga". Etterpå dekte dei ein del av utgiftene ved å selje små raude flagg, laga av stoffrestane, til dei som var med på toget og torgmøtet.
Flagget oppå Geita vart samtaleemne overalt. Fleire av dei som fordømte aksjonen, såg dette som eit teikn på at dei raude ville forandre på alt. Og dei hadde til dels rett. Fjellklatrarane tilhøyrde ei rørsle som voks fram på ideen om at det er muleg å forandre - lokalsamfunnet, landet, ja heile verda. Slike idear blir ei veldig kraft for forandring når ideane blir kopla i hop med folks kunnskapar om naturen, om samfunnet og om eigne behov og eigne drømmar.
Slik var det da, og slik er det igjen no på 90-talet. Mykje har endra seg i Norge sia dei første spirene til AKP og RV såg dagens lys. Behovet for å skape ei anna samfunnsordning enn den kapitalistiske har vorti større. Den sjølvstendige staten Norge står i fare for gradvis å bli innlemma i Den Europeiske Unionen. Den EU-inspirerte sentraliseringspolitikken i dag er kraftigare og farlegare enn den nasjonalt styrte distriktsavfolkingspolitikken i 60- og 70-åra: "Bosettinga i Norge er som ei skjør plante som vokser i overgangen til snaufjellet. Den tåler ikke mye. Små endringer i vekstvilkåra kan ta knekken på den."
Det trengst nye klatrarar som vil ta med det raude flagget og plassere det på høgder der det ikkje har stått før.
Den første dag i mai på arbeiderenes dag
da vaiet over Svolvær det røde, sterke flagg
Og de som så det lurte på koss' det hadde kommet opp
for flagget det va festa i Svolværgeitas topp
Det hang der over byen på Lofotfjellets stett
og støtta oss som gikk der for arbeiderklassens rett
Den røde friske fargen mot fjellets hvite fang
og nedi Svolværs gater var det faner, folk og sang
Men de som aldri deltar i første-mai-tog,
de fikk en trøkk for brøstet då de opp mot fjellet såg
- et rødt flagg der oppe som Svolværgeitas drakt -
alt plenarbeid i haven var fullstendig ødelagt
De som hata tanken på at arbeidsfolk får makt
de hylte opp og sa at det var en skjendig akt
å svine til naturen med sosialistisk skrot.
For flagget vaia heile borgerskapet midt i mot.
La flagget oppå fjellet vær' et solstreif i en strid
der vi alle må stå sammen på arbeidernes parti
som Gamle Svolværgeita høyt oppe mot det blå
som første mai kledde seg i rødt fra topp til tå.
Jack Berntsen
Svolvær i mai måned
I god tid før kommunevalet i 1967 arrangerte Sosialistisk Folkeparti møte i lokalet til avholdslosjen på Levanger. Talaren heitte Knut Løfsnes, partiformann i SF sia starten i april 1961. Han gjorde sakleg greie for sine eigne og SF sine idear om kommunalpolitikk. Det einaste eg hugsar av dette, er at eg ikkje forstod korfor foreldra mine - og mange i same miljø - såg på Finn Gustavsen og Knut Løfsnes som trugsmål mot den vanlege samfunnsordenen. Løfsnes snakka som ein kunnskapsrik, snill og fornuftig mann, og la ikkje fram ein einaste opprørsk tanke.
Eg voks opp like nord for Levanger, på eit småbruk som besteforeldra mine hadde sett opp rett etter hundreårsskiftet. Bestefar min var husmannsson og den einaste gardbrukaren i området som i mellomkrigstida hadde heist flagget på 1.mai. Da foreldra mine tok over småbruket tidleg på 50-talet vart det slutt på den slags flaggheising og jorda vart forpakta bort. Foreldra mine var lærarar med forankring i frilynt kristendom og dei var medlemmer i fråhaldsrørsla, målrørsla og Venstre.
Andre veka i juni 1967 dreiv eg på og måla våningshuset heime. Far min hadde leigt ein sambygding - som var målar - til å ta dei vanskelegaste delane av jobben. Målaren var svært kristen og svært bibeltru. Innimellom målinga fortalde han kor glad han var for den israelske framrykkinga i 6-dagarskrigen. Frå 5. juni og til krigen var slutt følgde han dagsnyttmeldingane morgon og kveld. Med stor entusiasme samanlikna han siste nytt frå det israelske felttoget med lovnadene i Det gamle testamentet. Han sette kryss i margen og gledde seg stort kvar gong profetiane slo til. Ein dag las han opp for meg det avsnittet i Det gamle testamentet - han kunne det ordrett - der ein av profetane varslar Israels bruk av napalm mot dei vantru. At ordet napalm ikkje var med i bibelteksten gjorde ingenting. Ut frå siste dagsnyttmelding var han sikker på at det var napalm profeten hadde meint.
Den allmenne oppfatninga i Norge i juni 1967 var støtte og applaus til den israelske krigføringa. Dei som var bibeltru, brukte andre ord og hadde mindre makt enn sionistvennene rundt sekretær Haakon Lie i Arbeiderpartiet. Men konklusjonen var den same: Angriparstaten - Israel - hadde rett til å føre krig mot arabarstatane og erobre nytt land.
SUF - ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti - hadde landsmøte nokre månader etter seksdagarskrigen. Det vedtaket dei gjorde om situasjonen i Midtausten, vart fordømt frå alle kantar.
Ein av den tids radikale, Sigurd Evensmo, hevda at SUF gav "næring til den primitive anti-semittismen". Dagbladet - som var ei radikal avis da - laga dagen etter landsmøtet toppoppslag om at "SF-ungdommen vil avskaffe staten Israel". Avisa gjorde sitt beste for å setje eit antisemittisk stempel på SUF. Undertitelen på førstesida var: "Men jødene skal aller nådigst få lov å bo i Midt-Østen."
Eg sympatiserte framleis med Gustavsen-fløya i SF og trudde - ut frå det vesle eg las i avisene - at SUF var prega av antijødiske haldningar. Det er først 30 år etterpå - mens eg arbeidde med denne boka - at eg har lesi heile ordlyden i det SUF verkeleg vedtok om Israel og palestinarane:
"Det er fullstendig klart at Israel ikke godvillig kommer til å levere fra seg de områdene landet erobret i den siste krigen mot araberlandene. Dette gjør det nødvendig å peke på en del fakta om hendelsene i Midt-Østen i den senere tid:
FN har 12 ganger fordømt Israel for dets aggressive politikk overfor araberstatene. Palestina-araberne har krav på å bo i de områdene som er en del av nåværende Israel, dette er også anerkjent av FN som har krevd at Palestina-flyktningene må bli repatriert. Norge har stemt for disse resolusjonene.
SUF som sosialistisk ungdomsorganisasjon tar klar stilling til situasjonen i Midt-Østen. Så lenge Israel fortsetter sin aggressive ekspansjonistiske og rasistiske politikk, må vi slå fast følgende:
Fleire aviser og skribentar følgde i Dagbladet sine fotspor. Mange radikale som såg på seg sjølve som sosialistar, var den gongen heilt forblinda i beundringa si for Israel. Spaltane i Orientering - forløparen til Ny Tid - vart prega av dette. Dei såg ikkje at sionismen er ei form for rasisme og at den sionistiske staten Israel var bygd opp nettopp ved hjelp av dei krigs- og terrormetodane som var nøkternt omtala i SUF sitt landsmøtevedtak.
Mykje av dette gamle SUF-vedtaket har vorti norsk allemannseige. Yassir Arafat - som var stempla som terrorist - har fått Nobels fredspris. Om vi held oss utafor regjerings- og stortingsmiljøet, er det ikkje lenger så mange som er einige i at staten Israel skal bestå "i sin nåværende form". Fleire og fleire ser at det ikkje blir fred før staten Israel blir avløyst av ein stat som ikkje diskriminerer på grunnlag av rase eller religion. Mange synest dei fordrivne palestinske innbyggjarane skal få vende tilbake, for å byggje opp igjen dei heimane som Israel øydela.
SUF anno 1967 tenkte slike nye tankar eitt eller to tiår før dei fleste andre.
President de Gaulle, som i mai 1968 knuste det franske arbeidar- og studentopprøret i Paris, hadde på førehand sikra seg militær ryggstøtte frå NATO-hovudkvarteret - om det skulle bli nødvendig. Drygt to månader seinare rykka sovjetiske panserkolonner inn i Tsjekkoslovakia for å knuse den frigjeringsprosessen som var i gang der. Dei radikalarane i Norge som hadde sett på Sovjet som eit fredens land, fekk frå 21. august 1968 problem med å forklare standpunktet sitt. Dei trufaste Moskva-vennene i NKP som skulle forsvare okkupasjonen, fekk det ikkje enklare.
For aktivistane i SUF var det annleis. Eg har spurt dagens partileiar i AKP, lærar og skolebokforfattar Jorun Gulbrandsen, korleis ho som 20-åring opplevde denne dagen.
Krigstypene på førstesida i VG lyste mot henne frå Narvesen-kiosken på Oppsal i utkanten av Oslo:
Tsjekko-
slovakia
okkupert!
Våpenløse
tsjekkere
hiver seg foran
Sovjet-tanks
To heilt motstridande tankar romsterte i hovudet mens ho las dei første nyhetstelegramma om innmarsjen. Den sørgjelege: Stakkars det tsjekkoslovakiske folket. Bilete av krig og okkupasjon for over netthinna. Ho var jo sjølv aktiv i Solidaritetskomiteen for Vietnam. Samtidig dukka det opp ein glad tanke og: No kjem folk her i Norge til å avsløre Sovjet.
Ho var ei av dei mange i SUF som hadde vaksi opp med foreldre frå NKP-miljø eller frå venstresida i Arbeiderpartiet. Hadde foreldre og vaksne omgangsvenner som trudde på fredspraten som radio Moskva og telegrambyrået Tass spreidde gjennom heile 60-talet. Ho hadde gjennomskua dette og hadde vori med å byggje opp SUF i rak motsetning til dette synet.
No skulle det bli lett å få folk til å forstå at det var to supermakter, at både USA og Sovjet var farlege. Folk ville skjønne at dei som ønskjer fred og frigjering, ikkje kunne støtte seg på den eine supermakta mot den andre. Slike tankar for gjennom hovudet mens ho kom seg kortaste vegen til SUF-kontoret. I 20-tida om kvelden var ho ei av dei mange hundre - mest ungdommar - som gjekk i demonstrasjonstog oppover Stortingsgata med den Sovjetiske ambassaden som mål. Avisene skreiv dagen etter at demonstrasjonen var ulovleg, men gav politiet ros for at det ikkje hindra gjennomføringa. Med raude flagg i fronten av toget small slagorda mot husveggene da dei passerte forbi Høyres Hus og Nationaltheatret:
Sosialisme ja - revisjonisme nei!
Sovjet ut av Tsjekkoslovakia!
Dei raude flagga var ein provokasjon mot alle som framleis såg opp til Sovjet som eit sosialistisk land. Men dei var og ein provokasjon den andre vegen, mot dei USA-vennene som ville bruke innmarsjen i Tsjekkoslovakia til å lage antisosialistisk og antikommunistisk propaganda. - Det vart sterkt å gå i det toget, seier Jorun Gulbrandsen. Ho hadde ei kjensle av at denne dagen ville bli ståande som eit viktig skilje. Tenkte at verda kom aldri meir til å bli slik den hadde vori. Tenkte at det no ville bli lettare å forklare at Sovjet er ei krigersk supermakt, og at dei som vil skape eit rettferdig, sosialistisk samfunn både må snu ryggen til regimet i Sovjet og samtidig ta avstand frå den borgarlege kritikken av Sovjet.
Det vart ikkje så lett å få folk til å sjå det på den måten, som ho trudde denne bitre onsdagskvelden i 1968. Mange har fortsett å tru at vi som vil ha sosialisme i Norge, var for Sovjet! Og vi hadde eit problem som korkje var eller er enkelt å løyse. Det var ein indre samanheng mellom det raude Sovjet-regimet som vart skapt gjennom revolusjonen i 1917 og som vi såg opp til, og det svarte sovjetiske regimet anno 1968 som vi fordømte. Dessutan hadde dei sovjetiske herskarane mektige venner i Norge, ikkje minst på venstresida i Arbeiderpartiet og i Sosialistisk Folkeparti som seinare vart til Sosialistisk Venstreparti. USA-vennene var enda mektigare. Men Jorun gav seg ikkje, verken ho eller dei andre som taktfast nærma seg Sovjetambassaden med raude flagg 21. august i 1968.
Dei gjorde 21. august til ein politisk merkedag i Norge. Ein dag for politisk mobilisering mot den falske fredspropagandaen frå Moskva. I meir enn ein halv mannsalder tok dei initiativ til demonstrasjonstog mot den "raude" supermakta og for å vise solidaritet med dei som slost for Tsjekkoslovakias sjølvstende. Den breie 21.august-komiteen - der mellom andre Reiulf Steen var med i ein del år - vart ein institusjon å rekne med.
Seinare tok nye antiimperialistiske slagord og paroler form:
Kamp mot begge supermakter USA og Sovjet
For den internasjonale solidaritet.
11 år seinare rulla tre sovjetiske panserkolonner igjen inn over grensa til eit naboland. Meldinga nådde Norge mens vi så smått vakna til andre juledag 1979. Før den sovjetiske okkupasjonshæren hadde erobra Kabul neste dag, hadde ein del AKP-arar tatt det første initiativet for å danne Afghanistankomiteen. Denne gongen vart det eit annleis og politisk mykje breiare initiativ enn i 1968. Men mykje av den politiske kjerna var uendra: Det handla om politisk mobilisering for å avsløre den sovjetiske aggresjonen og for å vise solidaritet med eit folk som forsvarer seg mot stormaktsovergrep.
Jorun Gulbrandsen er stolt av at SUF den 21. august 1968 ikkje reduserte seg sjølv til å vere haleheng til den eine eller andre stormakta, og at dei våga å fordømme den sovjetiske okkupasjonen på eit sjølvstendig, sosialistisk grunnlag. Sia den gongen har internasjonal solidaritet og forsvaret av nasjonal sjølvråderett vori to sider av same sak. Alltid på parti med dei som slåst for frigjering og sjølvstende.
I 1968 var ikkje eg på det partiet. Den sovjetiske invasjonen gjorde meg stort sett forvirra. I Dagbladet las eg at Finn Gustavsen var svært skuffa. Vietnamkrigen hadde fått meg til å forstå at USA var ei aggressiv krigsmakt, men den sovjetiske innmarsjen i Tsjekkoslovakia fekk meg til å tru at dei som støtta USA her i Norge, hadde rett når dei kritiserte sovjetisk aggresjon. Tankane mine hang ikkje heilt i hop.
Den politiske kampen som seinare følgde mellom SF og dei revolusjonære i SUF, følgde eg berre på avstand. Eit års tid var eg med i lokalt SF-arbeid i Levanger, utan å melde meg inn i partiet. Ei tid før det avgjerande SF-landsmøtet var eg på besøk heime hos eit ektepar i Trondheim. Eg hadde vorti kjend med dei gjennom arbeidet i Fredskontoret. - Eg håpar verkeleg at Gustavsen taper på landsmøtet, sa ein av dei. Eg sa ingenting. Det forundra meg stort at desse iherdige og samvitsfulle fredskontoraktivistane, ikkje hadde tru på Gustavsen.
Eg syntest det var bra at Gustavsen-fløya tok til motmæle, men det verka jo litt rart da dei i januar 1969 annonserte etter nye medlemmer på førstesida i Dagbladet. Verveannonsa frå "SF-aksjonen -69" fortalde både at SUF var på offensiven og at SF var eit merkeleg parti:
"SF-velgere i Oslo
Over 23.000 velgere i Oslo støttet ved siste stortingsvalg SF's politikk. Dersom det lykkes SUF-gruppen å erobre Oslo SF på årsmøtet for en ganske annen politikk, kan disse velgerne bli stående uten parti å stemme på til høsten. Dette kan unngås ved at SF-velgere i Oslo trer inn i partiet som medlemmer. Da vil partiet også få den styrke som tilsvarer medlemsmassen." SF-aksjonen -69 hadde telefonnummer og postboks, og hadde berre ei bønn til Dagblad-lesarane: "Meld deg inn i SF!" og opplyste at "aksjonen støttes av Stortingsgruppa, sentralstyrets flertall, faglig utvalg, 17 av 21 lagsformenn i Oslo".
Eit oppslag i Dagbladet tre dagar tidlegare hadde forklart faren for at den revolusjonære fløya skulle vinne fram. Sosialistar som vil ta vare på kapitalismen, har alltid hatt lett for å finne hjelp i Dagbladet. Pål Steigan - som var med i SUF og SF - fortel at Gustavsen-fløya stundom måtte skaffe seg meir handfast assistanse: "I noen tilfeller gikk partiledelsen så langt at den tilkalte politi for å holde revolusjonære SF-medlemmer ute fra møtene. Dette hendte blant annet i Lambertseter SF. Sånne tiltak gjorde kløfta til en avgrunn. Og i flere tilfeller stilte det to SF-lag med krav om delegatstatus på landsmøtet."
Eg stod utan svar når eg på denne tida diskuterte med dei som var på andre fløya i SF. Dei spurde kva slags organisasjonsforhold det ville bli i partiet når den eine fløya annonserte etter kortidsmedlemmer som berre skulle ha ei oppgåve, nemleg å vere stemmekveg for partileiinga på eitt årsmøte i Oslo SF. Hadde eg fått møte Peik Hansen som vart verva som SF-medlem i eit lokallag i Oslo, hadde eg nok vorti enda meir skeptisk. Hansen var fullverdig medlem da lokallaget fekk tildelt årsmøtedelegatar, men elles deltok han ikkje nemneverdig i partiarbeidet. Lenge etterpå har Finn Gustavsen stadfesta at Peik Hansen var ein hund.
Hausten 1970 kom eg litt tettare innpå den grupperinga som tapte på SF-landsmøtet. Eg hadde flytta til Oslo og hadde visse tankar om å studere, men endte opp med å dele tida mellom deltids nattevaktjobb i Norsk Vaktselskap og kontorarbeid i Folkereisning Mot Krig. Ein av dei eg budde i kollektiv saman med i Oslo, var ivrig deltakar på ein studiesirkel i SUF-regi. Studieleiaren var sveisar på Nylands Mekaniske Verksted, eit skipverft som låg der Aker Brygge er i dag. Kameraten min, som eg hadde vorti kjend med mens eg var sivilarbeidar, hadde sjølv ei fortid som valkampsekretær for Venstre i Nordland. Det vart mange og lange diskusjonar.
Frå 19. oktober er det streik i Oslo Sporveier. Avisene fortel at utsendingane frå leiinga i Kommuneforbundet ikkje når fram med pålegg om at arbeidarane skal gå tilbake på jobb. Arbeidsretten har avsagt dom for at dette er ein ulovleg streik. Det er visst ingenting som gjer inntrykk på dei som streikar. Sjølv eg som er heilt utanforståande, får ei kjensle av at det blæs ein ny og hardare vind. Denne gongen har dei visst ikkje tenkt å gi seg før dei oppnår resultat. Eitt av streikekrava er at dei delte skifta skal vekk. Det blir snakka og skrivi om at folk frå SUF er med i streikekomiteen.
På Nationaltheatret er det premieretid. Den modige og nytenkjande teatersjefen, Arild Brinchmann, har sett opp det tyske skodespelet Toller, der handlinga er lagt til 20-åras Tyskland, til eit samfunn der kampen står skarpt mellom revolusjon og reaksjon. Det tradisjonelle premierepublikummet på Nationalteathret hadde nok gjerne sett eit anna repertoar denne hausten. At dei raude laga trøbbel og trafikkstans - til og med i Oslo Sporveier - det var ille. Å møte liknande bodskap frå teaterscenen, det var direkte provoserande. Men ein stor del av 70-åras faste premierepublikum på Nationaltheatret høyrde til den danna delen av borgarskapet. Dei møtte ikkje opp fordi dei interesserte seg meir eller mindre for eit bestemt teaterstykke eller arbeidet til ein bestemt kunstnar. Nei, dei møtte fram fordi det var premiere på Nationaltheatret. Derfor toga dei stivpynta forbi Bjørnson og Ibsen på teatertrappa denne kvelden og, og fylte dei fremste benkeradene for å sjå premiereframføringa av Toller. Frammøtet av vanleg premierepublikum var litt mindre enn vanleg fordi premieren på kort varsel hadde vorti utsett fire-fem dagar. Til gjengjeld var salen fullsett med meir ordinært publikum. Eg var ikkje der sjølv, men fekk referat frå kameraten min som gjekk på studiesirkel.
Da ensemblet rett før pausen gjekk fram på scenen for å syngje Internasjonalen, reiste ein stor del av publikum seg og song med. Ikkje så reint få hadde gått på premiere i arbeidsklede denne kvelden - i sporvegsuniform. Mange av premiereveteranane på første benk kasta urolege og skremte blikk bakover. Kva slag skandaløs oppførsel var dette?
Regissøren, Janken Varden, sat på den fremste benkerada slik premiereskikken var. Denne kvelden hadde han sett seg heilt ytst. Han reiste seg og stemte i Internasjonalen saman med ensemblet og den syngjande delen av publikum. Han reiste seg så raskt at det kunne sjå ut som det var planlagt. På første benkerad var det ingen andre som song. Janken Varden fortel i dag at han framleis hugsar det blikket som forlagsdirektør Henrik Groth sende han da han oppdaga at også regissøren var med på dette opplegget. Henrik Groth var medlem av styret for Nationaltheatret.
Ytre sett likna dette litt på ein teaterpremiere i Bergen 35 år tidlegare. Den Nationale Scene sette da opp Nordahl Griegs Vår ære og vår makt, ei voldsom utfordring til krigsprofitørar i og utafor reiarstanden. Edvard Hoem skriv i Nordahl Grieg-biografien sin at mange trudde det var ein spontan reaksjon, og ikkje ein del av skodespelet, da ein person blant publikum reiste seg og heldt ein tale som kommenterte hendingane på scenen. Blant dei prominente på første benkerad under Toller-premieren i 1970 var det ikkje mange som trudde det var spontaniteten som spelte dei eit puss.
Det var, forsiktig sagt, eit splitta publikum som gjekk til pause. Sporvegstilsette og andre av dei litt urutinerte premieregjestene var i godt humør. Mange av dei diskuterte innhaldet i teaterstykket. Mens ein del av det faste premiereinventaret snakka sjokkert saman. - No hadde Brinchmann og denne unge regissøren gått for langt. Det var grovt upassande at Brinchmann hadde brukt Nationaltheatret sine ressursar på Svartkatten tidlegare på året. Men det var da i alle fall såkalla "oppsøkende teater", og vart stort sett vist fram andre stader. Dette som var skjedd i kveld, det var verre. For dette skjedde jo på sjølvaste hovudscenen på National. Mange av dei som reiste seg og song, hadde kommi på teaterpremiere i arbeidstøy! I sporvegsuniform! Kunne det vere nokon samanheng med denne ulovlege streiken som gjorde at det berre var Holmenkollbanen som var i drift? Kanskje ein og annan lurte på om det var eitt eller anna nytt og ukjent i emning der borte på austkanten og i Groruddalen?
Denne episoden som kameraten min fortalde om, gjorde meir inntrykk på meg enn teoretiske forklaringar. Eg tapte mange diskusjonar den vinteren og måtte stadig innrømme for meg sjølv at han som gjekk på studiesirkel, hadde betre argument enn meg. Det eg hadde lært om det demokratiske norske samfunnet var ikkje brukbart for å forstå dei konfliktane eg såg rundt meg.
På denne tida nytta det ikkje å stå utafor kampen om Norge skulle innlemmast i Den europeiske unionen (EU). Bratteli-regjeringa sa ja og marknadsførte dette standpunktet først under namnet EEC, og seinare det litt snillare EF, Det europeiske fellesskapet. Så godt som alle tok standpunkt.
Da eg i 1971 flytta til Trondheim for å gå på Sosialskolen, kom eg i kontakt med ml-arane i AKMED (Arbeidarkomiteen mot EEC og Dyrtid). Eg møtte ein politisk arbeidsstil og eit menneskesyn som overraska meg. Dei hadde enda ikkje noko parti, men eg hadde jo eit visst skremmebilete klart for meg. Eg hadde blant anna lesi "avsløringane" av SUF(ml) sine offentleg kjende vedtekter som VG hadde brukt spalteplass på nokre år før. No møtte eg desse folka på nært hald. Gong på gong vart eg utfordra på kva som var mi oppfatning av den eine eller andre saka. Eg vart forundra over kor stor vekt dei la på å diskutere at vi hadde ulike oppfatningar av mange saker. Dei syntest visst det var eit mål i seg sjølv å få fram dei ulike synspunkta og få til meiningsbryting og utveksling av erfaringar. Ein slik stil overfor ferske nykommarar hadde eg ikkje møtt i andre organisasjonar. Gong på gong ville dei ha meg til å ta på meg oppgåver som ein av dei meir erfarne kunne gjort både raskare og betre. Det vart nye erfaringar for meg - og mange diskusjonar. Eg lærte ein del om å få tiltru til meg sjølv.
No på 90-talet har eg lesi ei skildring av partileiinga som er skriven av Sverre Knutsen som var partisekretær i AKP på 1970-talet. Han skildrar si eiga oppleving av arbeidet i partitoppen og skriv at "medlemmene av ledelsen var alle grepet av en dyptgående visjon om et nytt samfunn, et Kina i Norge. Alt annet ble underordnet dette".
For meg ser det ut til at han skildrar noko anna enn det eg møtte på grunnplanet i rørsla først på 70-talet. Eg trur han skildrar ein annan framtidsvisjon enn den som voks fram gjennom det jamne kvardagsstrevet til mange partimedlemmer og sympatisørar i fagforeiningar og lokalsamfunn. Eg trur framtidsdraumane til menige partimedlemmer i ein viss forstand var litt djupare forankra i norsk kvardag enn den "dyptgående visjon" som Knutsen skriv at han sjølv bar på. For min del la eg og merke til at Klassekampen i 1971 tok klar avstand frå det kinesiske kommunispartiet si positive vurdering av EU. Kinesarane meinte EU var bra fordi det betydde ei europeisk motvekt mot USA-imperialismen. Klassekampen argumenterte mot både den amerikanske imperialismen og EU.
Etter kvart vart eg med på ml-studiesirkel sjølv. Kom inn i eit miljø som hadde arbeidd i fleire år med store planar om å danne eit nytt, kommunistisk parti. To unge arbeidarar på Trondheims Mekaniske Verksted (TMV) var med og dreiv studiesirkel for studentar ved sosialskolen. Dei to frå TMV gjorde sitt til at diskusjonane vart knytt tett i hop med nære, og daglegdagse erfaringar. Det var mykje av det teoretiske lesestoffet som eg ikkje forstod. Men når dei trekte inn eksempel frå klubbstyrearbeidet på TMV eller andre aktuelle hendingar, vart det ein del som festa seg lell. Eg forstod at desse folka jobba svært så målretta fram mot første delmålet sitt: Eit nytt, landsomfattande kommunistisk parti.
I ettertid er det mange som seier at den nye kommunistiske rørsla oppstod i eit ungdomsmiljø på austkant i Oslo. Og så erobra desse pionerane smått om senn ungdomsmiljø over større og større delar av landet. Dette er, i beste fall, ei overflatisk forklaring som ikkje får med seg korleis den nye rørsla grodde ut av dei sosiale og klassemessige konfliktane i ulike deler av landet. Dei lokale variasjonane var store. Derfor er den lokale forankringa sterkare enn mange av motstandarane våre har lyst til å innsjå.
Korleis den nye revolusjonære rørsla i Tromsø voks fram er berre eitt av eksempla. - Den første kontakten mellom SUF-leiinga og oss var hausten 1968. Da kom Sigurd Allern ein tur med hurtigruta. Han kom til eit godt fungerande SUF-lag med 60 medlemmer, fortel Jon Børge Hansen som var med og bygde opp organisasjonen i og utafor Tromsø. Allern var på dette tidspunktet sjølv ein nykommar på den revolusjonære sida. På 1967-landsmøtet i SUF var han høgrefløya og partileiinga sin kandidat, og vart vald med berre ei stemmes overvekt. Pål Steigan, som høyrde til mindretalet, meiner høgrefløya vann fordi dei "hadde det beste grepet om å arrangere nachspiel". Partileiinga fekk berre kortvarig glede av resultatet. Allern sa seinare at "formannsvalget blei mottatt som en seier i SF. Men SF-ledelsen kjørte så voldsomt ut mot de politiske standpunktene som SUF hadde tatt, at det tok ikke mer enn noen uker før et samla sentralstyre var i konfrontasjon med partiledelsen". I Tromsø hadde eit sterkt SUF-lag slutta seg til den revolusjonære fløya utan rettleiing frå SUF-leiinga i Oslo.
To år seinare vedtok dei 17-18 fagorganiserte på trelastlageret hos Austad i Tromsø å gå til streik. Inge Johansen, som hadde begynt å arbeide der i 1967, var kommen heim frå militæret på nyåret 1970. Han var aktiv i SUF og gjekk i spissen for å få arbeidskameratane til å organisere seg i Bygningsindustriarbeidarforbundet. Han seier at Bygning i Tromsø på den tida var eit laugsforbund med tyngdepunkt blant tømrarane. På trelastlageret gjekk alle på minstetariffen, mens dei fleste andre i Bygning hadde akkord og bonusavtaler. Austad-arbeidarane begynte å diskutere korleis dei og kunne få høgare lønn og betre arbeidsforhold. I dei lokale lønnsforhandlingane kravde dei at timelønna skulle opp frå 11 til 13 kroner. Dei vedtok å gå til streik i september 1970 etter at bedriftseigar Austad avviste kravet.
Det vart tre-fire streikeveker med eit steinhardt kjør. Bygning i Tromsø var dominert av tillitsvalde med tilknytning til Arbeiderpartiet og NKP. Det nokså radikale foreiningsstyret bestemte seg for å mobilisere mot streiken på Austad. Dei meinte streiken var ml-styrt. Derfor vart det ikkje berre ein kamp mellom lagerarbeidarane og bedriftseigar Austad. Heile LO-apparatet i Tromsø vart mobilisert for å ta knekken på streiken. Alle som var i streik, følgde dei fleirtalsvedtaka dei gjorde sjølve. Dei let seg ikkje splitte, men Inge Johansen fortel at det var tøft når fagforeiningsformannen stilte opp og truga med at dei kunne bli utan jobb viss dei ikkje bøygde av.
Dei organiserte streikevakthald. Når bedrifta ba om det, kom politiet og opna porten for at Austad skulle få køyrt ut trelast. Bedriftseigaren klarte ikkje å få til streikebryteri i stort omfang, og det vart ikkje fysiske konfrontasjonar mellom streikevakter og politi, slik det hadde vori ved streiken på Norgas i Oslo på vårparten. Men det var ikkje langt unna. Eit vendepunkt i streiken kom den dagen dei 50-60 bygningsarbeidarane hos Selmer på byggjefeltet Kroken la ned arbeidet og marsjerte i samla flokk ned til trelastlageret. Dei stilte opp for å forhindre streikebryteri. Den massive demonstrasjonen mot pampane i Bygning gav gjenlyd langt utafor Tromsø.
Dei som streika, fekk ikkje eitt øre frå forbundet, men det vart samla inn så mykje pengar over heile landet at dei til og med klarte å betale ut større streikebidrag enn det som var gjeldande satsar i Bygning. - Vi differensierte utbetalinga av streikestøtte, seier Inge Johansen som og understrekar at det landsomfattande innsamlingsarbeidet var ein avgjerande faktor. SUF-laga rundt i landet hadde fått litt erfaring med streikestøttearbeid både under Norgas-streiken og den månadslange streiken i omnshuset ved Sauda Smelteverk på forsommaren. - Vi tok omsyn til at ein del familiefolk hadde høge avdrag og renter som måtte betalast. Dei som satt hardt i det, fekk meir enn forbundet ville gitt dei i ein lovleg streik. Dei fleste kom ut av streiken utan økonomisk tap.
Dei måtte gå tilbake til arbeid utan å få innfridd lønnskravet. Men dei gjekk samla tilbake og var sterkare enn før streiken. Austad-klubben - som enno ikkje var formelt registrert som klubb da dei gjekk ut i streik - hadde sett seg i respekt. Krava vart innfridde gjennom forhandlingar i dei første par åra etterpå. Bedrifta ønskte ikkje ein slik konflikt til. Klubben sat i første omgang igjen med kamperfaring, styrka sjølvtillit, betre samhald og eit økonomisk overskott, etter at alle innsamla midlar var summerte og alle streikebidrag var utbetalte. Da foreiningsstyret i Bygning kravde å få sendt inn rekneskapen til kontroll, var det berre ei meining i klubben på Austad: - Den rekneskapen skal dei gi fa'n i!
Tromsø er ein liten storby. Alle tok standpunkt eller hadde ei meining om streiken. Alle visste at heile LO-apparatet var i krig mot 17-18 bygningsarbeidarar som prøvde å slåst seg oppover og vekk frå minstetariffen. Og alle visste at LO og Arbeiderpartiet og Nordlys sa at streiken på Austad var "ml-styrt". På eitt vis var det Arbeiderparti-folka og NKP-arane i Bygning som gjorde streiken til eit slags symbol på det den nye revolusjonære rørsla stod for.
15-16 år etter Austad-streiken vart ein AKP-ar for første gong vald inn i styret i Bygning i Tromsø. I mellomtida hadde han og andre partifeller drivi årelangt organiseringsarbeid og bygd opp solide klubbar på fleire av dei store entreprenørbedriftene i Tromsø. Sia 1993 er AKP-aren Hallvor Langseth leiar for Bygning i Tromsø. 1. mai 1997 heldt han tale for dagen på det arrangementet som LO i Tromsø arrangerte i lag med lokallaga av Arbeiderpartiet, NKP, AKP/RV og SV.
Etter Austad-streiken vart det mange andre streikar og kampanjar der medlemmer og sympatisørar av det nye partiet gjorde ein viktig innsats. I LO-apparatet sin språkbruk er det mange aksjonar som har vori "ml-styrt", men dei som kjenner Tromsø, har ikkje prøvt seg med påstandar om sentralstyring frå Oslo. Anten det har vori snakk om blikkenslagar Hermann Kristoffersen som i mange år representerte RV i kommunestyret - og som i dag er medlem av Arbeiderpartiet - eller RV-politikaren Charlotte Kristiansen som på 90-talet har sett seg grundig i respekt også på riksplan, så er det snakk om personar som er forma gjennom sin eigen innsats i den politiske kampen i Tromsø. Det nytter ikkje å fjernstyre dei revolusjonære i Tromsø frå Oslo.
Andre plassar slo dei raude ideane først rot i skolemiljø, og ikkje berre blant elevane. I Svolvær hadde det knapt vorti stifta noko AKP-lag viss det ikkje var for innsatsen til nokre av dei raude lærarane. Lærarar og tidlegare elevar har fortalt meg litt om det som skjedde på denne skolen i dei åra da ml-rørsla voks fram. Vi kan starte med ein grå haustdag i 1974.
Det bråkar og skrapar i høgtalaren. I alle klasserom snur elevane seg forventingsfullt etter lyden. "Hallo! Dette er rektor. Jeg vil gjøre alle oppmerksom på at det er forbudt å drive politisk virksomhet i skoletiden. Dette gjelder såvel Sissel Henriksen i 1 eb som alle andre. Takk!" Dette var meldinga frå rektor ved Svolvær realskole og gymnas, berre nokre minutt etter at han hadde funni ei veggavis som reklamerte for Røde Garde, avisa til Raud Ungdom. Rektor tok oppdragaransvaret på alvor, men lyktest av og til dårleg. Det vart ikkje vanskelegare å selje Røde Garde i skolegården etter sånn marknadsføringshjelp. Og den skyldige veggavisforfattaren, Sissel Henriksen, var ikkje lett å snakke til rette. Han og ho budde i same kommune, men dei levde i kvar si verd. Rektor, som ofte nemnde Sir Winston Chuchill som det politiske idealet sitt, var neppe i stand til å begripe kva som dreiv denne ungjenta. Som den første i familien hadde ho krangla seg til å få gå gymnaset. Ho finansierte skolegangen med studielån og stipend og skreiv mange år seinare at "opprørsviljen våkna hos meg av å se foreldrene mine slite seg ut i et fruktesløst strev, som tok helsa deres og ga andre fortjenesten. Veien vi ikke fikk, skolen som mangla. Systemet som tvang foreldre til å sende unger på 7-8 år på internatskole." I dag er ho journalist og kvinnepolitisk ansvarleg i Klassekampen.
Sjefsoppdragaren tok ansvar og brydde seg om meir enn politikk. "Hallo! Dette er rektor. Det er ikke lov å holde i hånden i friminuttene. Takk". Slike meldingar var populære innslag i skolekvardagen. Han var ikkje heilt på talefot med teknikken. Derfor var det gjerne ein sekvens med skraping i høgtalarane først. Til gjengjeld var han kortfatta når han tok ordet, alltid med den same opninga: "Hallo! Dette er rektor." Ein gong forklarte han at ein elev hadde kasta papir på toalettgolvet. "Hvis dette gjentar seg, blir det ikke noe mer toalettpapir. Takk!".
Ein slik rektor var ein god fiende for raude elevar. Han slost mot dei kommunistiske ideane som spreidde seg blant både elevar og lærarar. Halfdan Søberg fortel at ein kollega refererte eit rektorutsagn frå selskapslivet. Praten hadde gått om den trusselen SUF var mot lov og orden og mot dei gode verdiane samfunnet er bygd på. Rektor var som vanleg klar og konsis, og litt friskare i ordbruken enn han kunne vere på skolen: - Hvis SUF prøver seg, da innkaller vi NATO, for pokker. Om han verkeleg ordla seg slik, er ikkje godt å vite i dag. Men han som fortalde kollegaer om episoden, hadde ingen vanskar med å bli trudd.
Den store kinesiske kulturrevolusjonen vekte interesse i Svolvær og. Gymnassamfunnet inviterte ein foredragshaldar frå Vennskapssambandet Norge-Kina i Trondheim. Han overnatta i Svolvær. Ein av lærarane inviterte han neste dag til å fortelje ein av klassane om skilnaden på norsk og kinesisk kultur. Dette førte sporenstreks til utrykning frå rektors kontor. Han forlet kontoret i høgt tempo, reiv opp døra til det første klasseromet, stakk hovudet inn og sa med høg, litt opphissa stemme: "Hvor er Kina-mannen?".
Så sprang han frå klasserom til klasserom: Opna døra utan å banke på.
Stakk hovudet inn utan å helse: - Hvor er Kina-mannen? Smelle igjen døra og springe til neste klasserom før elevane forstod noko som helst. Meir andpusten og opphissa for kvart klasserom han var innom.
Elevane ante nok at eitkvart alvorleg hadde hendt ettersom rektor måtte ut på personleg rydderunde, i staden for å bruke høgtalaranlegget. Da han opna ei av dei siste klasseromsdørene, fekk han berre sagt "Hvor er ..." før han såg ein ukjend mann stå ved kateteret. Det måtte vere "kinamannen". "Hvor er ... Søberg?" sa rektor, da han hadde summa seg litt. Han skjønte kven den skyldige var. Lektor Halfdan Søberg, som sat lengst bak i klasseromet, vart med rektor ut i korridoren for å prøve å snakke han til ro. Rektor hadde mykje på hjartet. Søberg fortel at han blant anna snakka om "den kommunistiske pest". Men ordren var klar og enkel: "Kinamannen skal ut av skolen". Søberg gjorde det klart at han ikkje ville hindre rektor i å jage mannen frå skolen, men han måtte finne seg i å vente til friminuttet. Søberg nekta å godta avbrot i undervisninga.
Læraren som inviterte, vart ikkje mindre populær etter sånne episodar. Elevane som var med i SUF-laget, hadde ei god sak når dei protesterte mot rektors innfall og utfall. Suksessen var sikker da ein av SUF-medlemmene ei tidleg morgonstund klistra opp eit stort fotografi av Mao på vindauget til rektors kontor - med Mao vend inn mot skrivebordet. Den forventingsfulle elevflokken som stod utafor og venta på første møtet mellom rektor og Mao, vart ikkje skuffa.
Rektor reagerte raskt da han opna kontordøra og vart møtt av Maos blide åsyn som mildt, men bestemt kikka inn vindauget. Full tenning hos rektor og full klaff for SUF. Det var ikkje lett å bli kvitt Mao. SUF-aren hadde brukt lim av god kvalitet og vori ute så tidleg på natta at limet var tørka. Stemninga steig i elevflokken mens ein frustrert rektor konstaterte at det var uråd å ta ned Mao frå innsida. Han som klistra opp plakaten vart ikkje tatt. Eg har spurt enkelte av elevane som var med i heia-gjengen. Dei veit ikkje kven som gjorde det. Men da eg møtte dei som i 1973 var med på stiftingsmøtet i Vågan AKP, var det ikkje vanskeleg å få vite namnet på eleven som arrangerte rektors morgontreff med Mao.
Det var ikkje lov å vere inne i skolebygningen i friminutta, sjølv om det var ruskever. Ein gong rektor greip inn personleg og skyssa elevflokken ut døra og ut i regnet, avslutta han med å stille seg på trappa med ein kort beskjed: "Jeg søker ikke billig popularitet". Den utsegna vart nærmast eit ordtak blant både elevar og lærarar.
Mens episoden med Kinamannen og oppfølgjaren med Mao-plakaten mest hadde underhaldningsverdi - iallfall i ettertid - var det ein politisk konfrontasjon hausten 1970 som hadde alvorleg innhald. Den første skolestreiken mot normerte prøver og det nye karaktersystemet vart gjennomført ved Svolvær Gymnas. SUF-laget på skolen jobba aktivt for å få til ein tverrpolitisk aksjon og den lokale SUF-formannen Konrad Haugen forsvarte aksjonen i lokalavisa. Departementet meinte nyordninga skulle auke kvaliteten på undervisninga og kanskje gjere karaktersettinga meir rettferdig. Elevane meinte at konkurransen ville bli skjerpa og at utsilingsmekanismen ville bli meir effektiv. Lektor Jens Andvig er neppe heilt utan medansvar for aksjonen. "Vi hadde jo snakka litt om saka", seier han. "Og så traff jeg han på bussen, og da sa jeg at nå får dere se og komme i gang med den streiken." Lektor Andvig hjelpte nok også litt til med å gi konkret innhald til diskusjonen mellom elevane om kva normerte prøver betydde i praksis. På nokre av prøvene han retta denne hausten, sette han karakterar både på den vanlege måten og slik det ville bli etter regelverket for normerte prøver.
Demonstrasjonstoget frå skolen ned til Lofotposten torsdag 19. november må ha kommi som eit sjokk på rektor og anna øvrighet. Enda verre var det at 112 elevar gjekk til tre timars skolestreik etterpå. Skolestreik mot nye pedagogiske metodar, etter at lovleg vedtak var gjort på høgaste hald, det var noko nytt.
Lofotposten skreiv dagen etter at "reaksjonen fra skoleleledelsen var spontan. Rektor innkalte til ekstraordinært lærerrådsmøte der det ble vedtatt med 12 mot 6 stemmer å utelukke de streikende elevene fra undervisningen i åtte dager." Skolestreiken i Svolvær og kritikken mot karaktersystemet vart tema både i presse og departement. Gymnasrådet reduserte utstenginga til to dagar, og formannen i rådet, lektor Aalen, reiste til Svolvær for å orientere alle involverte. Saka vart større enn elevane hadde tenkt seg og nådde fram til førstesida i Aftenposten. Rektor forklarte offentleg at "det er anledning til å uttrykke sin misnøye med lov eller reglementsbestemmelse, så lenge man benytter seg av de demokratiske spilleregler." Elevane kunne "ved uravstemning administrert av skolens ledelse ha vedtatt en resolusjon eller om man ønsket det en underskriftskampanje, som ville ha rettet Departementets og Gymnasrådets oppmerksomhet mot saken." Ja, han kunne også ha godtatt eit demonstrasjonstog, "men streik tillates overhodet ikke." Rektor mislikte sterkt at lektor Jens Andvig støtta elevaksjonen og nytta høvet til å presisere at "dette er en meget alvorlig sak for vedkommende lærer". Han meinte saka var enkel, både for elevar, lærarar og rektor: "Enten må vi følge lov og reglement, eller ta vår hatt og gå"
Denne ulovlege aksjonen var ei krigserklæring mot sjølve det pedagogiske opplegget i skolen. SUF-laget i Svolvær var sterkt og utviklinga i skolemiljøet denne hausten var slik at elevane gradvis fekk meir og meir sjølvtillit og gåpåhumør. I september hadde for eksempel åtte av elevane gjennomført ein fløyteaksjon i kinosalen saman med fire av lærarane. Dei ville markere avsky for Green Berets, filmen som gav heltestatus til dei amerikanske marinesoldatane i Vietnam. Den aksjonen var utan tvil eit ledd i ei landsomfattande kampanje, men aksjonsforma var heimesnikra i det raude miljøet i Svolvær. Mens forsøk på å blokere kinoinngangane førte til konfrontasjon med politiet blant anna på Elverum og i Oslo, så sette Svolvær-aksjonistane seg i kinosalen med 12 nyinnkjøpte fløyter. Formannen i SUF-laget skulle dra i gang plystringa under dei verste delane av filmen. Dei som deltok, var spente på korleis det ville gå. "Tenk om snuten kjem og tar ho fru Andvig no," sa ein av elevane før han vart med inn på kinoen. Asbjørg Andvik skulle stå utafor og dele ut løpesetlar med informasjon om filmen og aksjonen. Ho vart ikkje tatt av snuten. Kinoforestillinga vart heller ikkje avbroten. Men aksjonen skapte debatt om filmen, om den amerikanske krigføringa og om SUF. Elevane som var med, fekk aksjonserfaring og tru på seg sjølve. Lærarane som var med, var litt forlegne etterpå, omtrent som om dei hadde vori på epleslang saman med dei trivelegaste elevane sine.
Denne kino-aksjonen på starten av skoleåret var med og gjorde det muleg for elevane å organisere skolestreiken to månader seinare. Dette vart heller ikkje einaste aksjonen for å markere motstand mot USAs forsøk på å bombe Vietnam tilbake til steinalderen. Heisinga av FNL-flagget på Svolvær Gymnas var svært vellykka. Heller ikkje denne gongen fann rektor ein gjerningsmann han kunne straffe. FNL-flagget vaia friskt i vinden, og var festa slik at rektor måtte ta ned flaggstonga. Fleire lærarar som hadde meldt seg ut av SF etter landsmøtet i 1967 fortsette å vere politisk aktive. Dei tre av dei som var med på å stifte Vågan AKP i juni 1973, er framleis partimedlemmer. Det går ein raud tråd frå denne sjølvstendige starten til oppsvinget i det kommunalpolitiske arbeidet dei siste åra. Vågan vart beste RV-kommunen ved stortingsvalet i 1997. Dei som står i spissen for dette arbeidet gav ikkje opp på grunn av periodar med tilbakeslag og låg oppslutning, og dei har aldri lagt seg flate for forsøk på sentralstyring, anten slike forsøk har kommi frå regjeringskvartalet eller frå eige partikontor i Oslo.
Den nye revolusjonære rørsla vart ofte omtala i interne dokument i dei hemmelege tenestene lenge før AKP(m-l) vart stifta. Det interne meldingsbladet i Overvakingspolitiet definerte SUF som fiende så tidleg som i 1967, på den tida Sigurd Allern vart vald til formann: "SUF i dag representerer et 'fremmedelement' i norsk politikk med programfestede mål og midler som faller utenfor rammen av selv en meget rommelig toleransegrense." Dette synet, som skiftande regjeringar har stilt seg bak, er grunnen til at titusentals årsverk hittil har vorti brukt til å kartleggje lovleg politisk arbeid i Norge. Dette er den største politioperasjonen i Norge som ikkje har ført til at ein einaste kriminell er trekt for retten. Inga sak var for lita for overvakarane eller oppdragsgivarane. Forsvarsminister Alv Jacob Fostervoll (Ap) bad i 1972, rett før den første folkeavstemminga om medlemskap i EU, om å få ein rapport frå Sikkerhetsstaben i Forsvarets Overkommando om den sommarleiren MLG og SUF(m-l) hadde hatt på Herdla.
Overvakingsiveren fekk av og til komiske utslag. Lund-kommisjonen gjengir eit av dei mest konkrete tilfella POT kom over i strevet sitt for å bevise kor skumle og farlege dei revolusjonære var på slutten av 60-talet: "I 1968 meldte 'en kilde' at en student som var medlem av SUF, hadde overnattet bare tre-fire ganger på sin hybel på tre måneder. Vedkommendes 'antrekk var hele tiden gummistøvler og langbukse, og for øvrig kunne det minne om en slags feltantrekk'. Kilden hadde hørt en samtale mellom (personens navn) og en (personnavn), hvor det ble nevnt at flest mulig måtte melde seg inn i skytterlag for å skaffe bæretillatelse for våpen."
Det er POTs problem at dei bruker "en kilde" som ser eit feltantrekk når ein ungdom går rundt i gummistøvler og langbukse. Viktigare er det at "kilden" førte statistikk over kor denne studenten sov kvar einaste natt. Eg vil tru det både da og no er mange - både studentar og andre - som ofte finn ein lunare og koselegare plass å sove enn senga på hybelen. Når det hemmelege politiet samlar på den slags opplysningar, og arkiverer dei med dato, namn og fullt personnummer, da kan dette ein dag bli ditt problem. Dei hemmelege tenestene har brukt tusentals angivarar til å samle inn den slags. Dei har bedt arbeidarar rapportere arbeidskameratar. Dei har bedt elevar rapportere andre elevar. Dei har verva angivarar i fagforeiningar og i solidaritetsorganisasjonar.
Dei hemmelege tenestene - som jobba svært tett med den partiinterne etterretningstenesta i Arbeiderpartiet - stilte seg rundt 1970 som mål å opprette personsak på kvar einaste medlem i dei nye revolusjonære organisasjonane. Lund-kommisjonen seier rett ut at "på 1970-tallet tok man sikte på en mest mulig fullstendig kartlegging av ml-erne - og så langt kapasiteten tillot - ml-ernes virksomhet."
Overvakingspolitiet la tidleg vekt på å kartleggje streikeaksjonar. Dei skulle finne ut om streiken var styrt og kontrollert av sosialdemokratar eller andre pålitelege element, eller om kommunistar hadde fått ein fot innafor i streikeleiinga. Lund-kommisjonen gir oss enkelte glimt inn i dette høgt prioriterte politiarbeidet. Under den første sjukepleiarstreiken "spanet Overvåkingstjenesten på et medlem av aksjonskomiteen høsten 1972. Spaningen pågikk tilnærmet sammenhengende i 10 dager fra tidlig om morgenen til sent på kvelden. En tjenestemann ved Overvåkingssentralen, som var med på spaningen, har forklart til kommisjonen at - såvidt han kunne huske - hadde 'streiken og væremåten' til vedkommende 'samme preg som tidligere kjente streiker ledet av ml-erne'. Vitnet antok at 'spaningen var begrunnet i et ønske om å se i hvilken grad ml-erne stod bak streiken og evt. i hvilken retning det hele ville utvikle seg'". Dette var ingen liten operasjon. Sjukepleiar Bjørg Wendelborg arbeidde ved Ullevål Sjukehus og var einaste ml-ar i aksjonskomiteen i Oslo. Ho hadde da - som i så mange andre samanhengar - eit høgt aktivitetsnivå. Ho køyrde scooter og brukte ikkje lang tid når ho fann kortaste vegen frå Ullevål sjukehus til nødvendige avtalar og møte rundt omkring i byen. Scooteren er eit smidig køyrety i tronge gater med stor trafikk. Seriøs skygging av henne må ha lagt beslag på ein god del personell og utstyr.
I mars 1971 mottok lokalgruppene i Blue Mix - evakueringsorganisasjonen innafor Stay Behind-hæren - eit signert brev og eit usignert sirkulære som hadde lite å gjere med det som var den offisielle grunnen til at gruppene eksisterte. Blue Mix skulle sørge for at det til kvar tid fanst ein funksjonsdyktig, hemmeleg evakueringsorganisasjon om kongehus og regjering igjen skulle bli nøydde til å rømme frå Oslo i tilfelle ein okkupasjon. Leiaren i Blue Mix, major Gunnar Bjålie, starta brevet i ei vennleg form, slik han hadde for vane:
"Kjære venn,
Vi har fra tid til annen sendt ut en orientering om situasjonen ute i verden. Nå er det lenge siden sist, av den enkle grunn at sjefen har hatt så meget annet å tenke på (...)" Så viser han til det "vedlagte sirkulære" som han "formidler videre i samme form som mottatt". Han avslutter med at "personlig tror også jeg det er 'Alvor', men jeg vil ikke komme med kommentarer. Les og døm selv. Hører gjerne dine kommentarer. Med hilsen Gunnar."
Mottakarane fann to vedlegg i same konvolutten. Det eine var eit allment og tradisjonelt opprop frå Norges Forsvarsforening om å slutte opp om Forsvaret. Det andre dokumentet var usignert, og hadde overskrifta: "DETTE ER ET BREV OM GANSKE SPESIELLE OG ALVORLIGE FORHOLD." Forfattaren går rett på sak: "Vi får mange henvendelser om SUF-aksjonene innenfor næringslivet. Spørsmålene er følgende: Har vi bare sett begynnelsen? Hvem står bak? (...) Hvilke forholdsregler bør tas? Hvor sterkt bør det reageres? Er det noen muligheter for utveksling av erfaringer og forebyggende hjelp?" Over fem tettskrivne sider blir det gjort greie for korleis SUF sitt arbeid har endra seg dei siste par åra. "For et par år siden ble vi orientert om at hjernene i SUF-kretsen la opp til nye metoder. Da ble de planer som vi nu ser realisert, unnfanget". Siste del av sirkulæret handlar om mottiltak: "Skal imidlertid disse revolusjonære og anarkistiske angrep begrenses i antall og virkning, er i hvert fall følgende nødvendig: For det første må SUF-ledelsen og deres hjelpere tas alvorlig". Eitt av dei aller viktigaste tiltaka som blir nemnt er at "arbeidsgivere og tillitsmenn (må) være oppmerksomme. Det samarbeide som hittil er utviklet, får en tilleggsdimensjon." Det heile blir avrunda med ein manande sluttappell: "Vi må bevare en styrke og et samarbeide som gjør oss sikre i forvissningen om at ekstreme krefter vil bli avvist og forhåpentligvis visne bort".
Viss Stay Behind berre hadde vori ein okkupasjonsberedskap og viss Blue Mix berre stelte med planleggjing av fluktruter for konge og regjering, så hadde major Gunnar Bjålie aldri sendt ut dette brevet og sirkulæret frå arbeidsplassen sin i Jens Evensen-gården på Grønland i Oslo. Bjålie hadde kontor omtrent vegg i vegg med hovudkvarteret til den militære etterretningstenesta. Eg fekk desse breva i desember 1996, saman med eit lite arkiv som inneheldt mottatte brev og instruksar over ein 12 års periode for ei av Blue Mix-gruppene. Hadde leiaren i gruppa følgt alle instruksar, skulle alt saman ha vori makulert etter gjennomlesing.
Denne utsendinga i mars 1971, gjennom Blue Mix sitt eige, hemmelege distribusjonsnett, viser at Gunnar Bjålie ønskte å mobilisere gruppene politisk mot SUF. Stilen i brevet tyder ikkje på at det var eit personleg eingongsinnfall. Kva slags "kommentarer" han fekk tilbake, veit eg ikkje. Det var ingen kopiar av utgåande svarbrev i materialet eg fekk. Eg veit heller ikkje kor mykje som vart utført på området "utveksling av erfaringer og forebyggende hjelp". Lund-kommisjonen vurderte Stay Behind og Blue Mix utan å ha desse dokumenta.
Desse spreidde eksempla viser at regjeringa mobiliserte alle dei tre hemmelege tenestene til innsats mot AKP lenge før partiet var stifta. Kan vi da bruke uttrykket demokratisk rettsstat for å beskrive det forholdet denne regjeringa hadde til borgarlege rettar?
Søndag 11. februar 1973 møttest utsendingane til andre delen av AKP(m-l) sitt stiftingslandsmøte på Linderudkollen i Oslo. Dei kom frå alle kantar av landet. Grunnorganisasjonen i Trondheim som eg var med i, valde utsending til stiftingsmøtet i januar. Utsendingane hadde gjort unna første del av møtet i eit anna lokale dagen før. Neste søndag kalla arbeidsutvalet i den nyvalde sentralkomiteen inn til pressekonferanse og kunngjorde stiftinga av Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene), eller AKP (m-l) som var kortforma. Den offisielle stiftingsdatoen er 18. februar, da møtet vart kunngjort. Dei tre første representantane for Sentralkomiteen som vart vist fram på Dagsrevyen, var partileiar Sigurd Allern, Oslo, smelteverksarbeidar Kjell Pettersen, Sauda og sjukepleiar Synne Holan, Tromsø. Dei to siste hadde dei siste åra stått i spissen for streikar som hadde fått stor medieomtale. Lund-kommisjonen - som har Overvakingspolitiet sine arkiv som upåliteleg kjelde - hevdar at "stiftelsen hadde skjedd i hemmelighet i romjula 1972."
Det nye partiet var - i alle fall på papiret - aldri så lite sjølvhøgtideleg. Prinsipprogrammet frå Linderudkollen slo fast at partiet "er den norske arbeiderklassens organiserte, revolusjonære fortropp" og at medlemmene "hører til arbeiderklassens mest klassebevisste og aktive representanter". Samtidig var det plass til oss som ikkje var arbeidarar: "AKP(m-l) tar opp i seg andre arbeidende og progressive som støtter partiets politikk". Eg trur likevel ikkje det sjølvhøgtidelege var hovudsaka. "Tjen folket" var både namnet på medlemsbladet og ein overordna parole for det daglege politiske arbeidet.
Landsmøtet knytta trådane bakover i norsk historie, til "Thranitterbevegelsen i 1848, DNA i 1888 og NKP i 1923. Alle disse partiene var opprinnelig revolusjonære arbeiderpartier. Vårt parti er det fjerde forsøket på å organisere et slikt parti i Norge.
Mye er forandret siden arbeiderbevegelsen første gang så dagens lys i Norge. Men ett er det samme: Det finnes klasser. Undertrykkelsen og utbyttingen av det arbeidende folket fortsetter, selv om formene skifter. Så lenge som det finnes klasseskiller er det også behov for et revolusjonært arbeiderparti i Norge. Partiets første mål er sosialismen - proletariatets diktatur. Vårt endelige mål er kommunismen, der all undertrykking og utbytting av mennesker, alle klasseskiller er forsvunnet."
Mange såg det kanskje først og fremst som ei markering mot NKP når landsmøtet erklærte at det nye "partiet vil aldri la seg diktere fra utlandet." Men formuleringa hadde like mykje brodd mot Arbeiderpartiet. Partisekretær Haakon Lie hadde jo i mange år eit minst like nært og underdanig forhold til sine føresette i USA-ambassaden som det leiinga i NKP hadde til den sovjetiske ambassaden litt lenger ute på Drammensveien.
AKP har vorti tillagt så mange slags oppfatningar, at det er god grunn til å gjengi det korte programkapitlet stiftingslandsmøtet vedtok om "Veien til sosialismen":
"Vi kommunister mener at det monopolkapitalistiske diktaturet ikke faller sammen av seg sjøl, eller gjennom fredelige sosiale reformer. Bare en sosialistisk revolusjon, der arbeiderklassen og andre breie lag av folket reiser seg for å styrte monopolkapitalens diktatur, kan gjøre slutt på utbyttinga og undertrykkelsen av folket.
Det finnes en lang rekke 'alternativer' til den sosialistiske revolusjonen og proletariatets diktatur, som alle har vist seg å føre på avveier. Vi skal kommentere noen av dem:
1) Den parlamentariske 'ministersosialismen'. Ikke noe sted i verden har parlamentariske valg innført sosialismen. Da DNA med Venstres hjelp dannet sin første regjering i 1928, tok det den norske monopolkapitalen 14 dager å få styrtet den. I Vest-Europa har sosialdemokratiets ledersjikt, som ivrigst har forfektet den parlamentariske 'overgang til sosialismen', tvert i mot utviklet seg til redskaper for monopolkapitalens undertrykking av arbeiderklassens kamp.
2. Ideen om at statseie under kapitalismen er det samme som samfunnseie eller folkeeie. Revisjonistene hevder at jo flere områder som legges under statsdrift, desto 'mer sosialisme' er det. Vi vil slå fast at statsdrift under kapitalismen aldri kan bli annet enn kapitalistisk drift, og at den moderne kapitalismen benytter seg av statsdriften.
3. Populistiske ideer om å styrte monopolkapitalens diktatur gjennom å opprette 'sosialistiske øyer' under kapitalismen er en småborgerlig flukt fra sosialismen - ikke en vei til den. Populismen i alle dens avskygninger benekter nødvendigheten av arbeiderklassens ledende rolle, undervurderer eller fornekter klassekampens betydning. Ulike former for samvirke, som mange populister kjemper for, kan være et nyttig kampmiddel for å verne folket mot monopolkapitalens angrep. Som strategisk linje for å oppnå sosialisme er imidlertid samvirkeideen ikke brukbar.
4. Ideen om at Norge kan gjøres sosialistisk ved invasjon. Ikke noe land - og særlig ikke de nye kapitalistiske diktaturene i Øst-Europa - kan innføre sosialismen i noe annet land. Den norske revolusjonen må være det norske folkets eget verk.
5. Terrorismen. Med et monopolborgerskap væpnet med alle moderne krigsmidler, gis det nødvendigvis ingen fullstendig fredelig overgang til sosialismen. Men terrorismen - smågruppers væpnete kamp 'på vegne av arbeiderklassen' - er ingen farbar vei. Den setter geværløpet foran politikken og setter massene som tilskuere til et fåtall 'helter'. Militært betyr det selvmord, politisk gir det reaksjonen påskudd til fascistiske overgrep.
Den norske sosialistiske revolusjonen trenger 'tre våpen' for å beseire monopolkapitalen, knuse dens diktatur:
- En enhetsfront av alle revolusjonære klasser, lag og grupper. Den norske revolusjonen må være massenes revolusjon. Dens klassegrunnlag er alliansen mellom den mest konsekvente klassen, arbeiderklassen og andre undertrykte og utbyttete lag av folket. Denne enhetsfronten vil ta ulike former og være basert på arbeidernes, bøndenes og fiskernes masseorganisasjoner, på ulike aksjonsenheter og tverrpolitiske bevegelser.
- En arbeiderklasse beredt til å forsvare revolusjonen og sosialismen med våpen i hånd. NATO, militærapparatet og politiet er i dag organisert og forberedt på å opprettholde monopolkapitalens diktatur med vold. Bare en hær organisert av arbeiderklassen vil kunne hindre at reaksjonen drukner revolusjonen i blod. Arbeiderklassen og folket har interesse av å løse sin historiske oppgave med fredelige midler. Men hvis en ikke er beredt og villig til å slå ned kontrarevolusjon og fascisme gjennom væpna kamp, vil ikke revolusjonen kunne seire. I dag er det ikke væpning som er den første oppgaven, men tålmodig arbeid for disse synspunktene i arbeiderklassen.
- Et revolusjonært kommunistisk parti som kan lede kampen er nødvendig for å kunne løse disse historiske oppgavene. På alle felter av politikken må det stå fram som massenes organiserte fortropp. Oppgaven er ikke å 'erstatte arbeiderklassens kamp med en 'avantgardes' virksomhet - men å utvikle en enhetlig sentralisert ledelse som arbeiderklassen slutter opp om som sin egen. Partiet må derfor ha dype røtter i arbeiderklassen, ha oppnådd tillit gjennom sin praksis og være i stand til å stå fram som 'spydodden' i kampen mot en mektig og sentraliserrt fiende. AKPs mål er å utvikle seg til en slik revolusjonær kampledelse. For at kampen ikke skal avspores, men føre fram til sosialismen, er det viktig at folket skiller mellom riktige og feilaktige linjer; avviser sosialdemokratisme, revisjonisme, sekterisme og eventyrpolitikk av alle slag. Kampen mot slike oppfatninger må derfor føres både i og utafor AKP(m-l)."
Det første landsmøtet i 1973 hadde eit godt grunnlag for å plassere AKP som "en del av en internasjonal bevegelse mot imperialisme og klasseundertrykking." På eit tidspunkt da få andre brukte slike ord, slo prinsipprogrammet fast at "det norske monopolborgerskapet er intimt knytta til til det imperialistiske verdenssystem og er sjøl imperialistisk, jfr. redernes spekulasjoner, Borregaard i Brasil osv." Partiet avviste teorien om at det er folka i dei imperialistiske landa som utbytter folka i den tredje verda: "Den kapitalen imperialistene investerer i disse landene for å utsuge folkene der, har den først sugd ut av folkene i sine egne land. For eksempel er den kapitalen som Viking-konsernet bruker til å utnytte det lave lønnsnivået til malayiske arbeidere, skaffet til veie gjennom å utbytte arbeiderne i Askim."
AKPs haldning til bruk av vald fortener ei nærare drøfting. Slutten av 60-åra og første del av 70-åra var ei vekstperiode for mange slags meir og mindre radikale politiske retningar. Blant anna i Tyskland og Italia voks det fram såkalla revolusjonære grupper som brukte individuell vald og terror. Blant radikal ungdom fanst det ein viss sympati for den "radikale" tyske brannstiftaren Andreas Baader og journalisten Ulrike Meinhof som i mai 1970 befridde han frå Tegel-fengslet i Vest-Berlin. Dei kalla seg Rote Armé-fraktion (RAF) og gjennomførte fleire attentat og drap i Tyskland. AKPs avvising av den slags, kombinert med den styrken partiet hadde i mange ungdomsmiljø, er sannsynlegvis årsaka til at slike grupperingar aldri klarte å skaffe seg avleggarar i Norge.
Finn Sjue, som på denne tida var både partisekretær og redaktør i Klassekampen, fortel at Jan-Carl Raspe frå Baader-Meinhof - gruppa let vere å ta kontakt med partileiinga i AKP da han i 1974 var på ein liten Norges-turné. Han oppsøkte raude miljø fleire stader på Austlandet. Ærendet hans var å opprette kontakt med norske grupper, blant anna for å få i gang felles våpentrening. Raspe feilvurderte publikummet sitt. Dei medlemmene av AKP han tok kontakt med, avviste invitasjonen hans og varsla partileiinga om kva slags besøk dei hadde fått. Jan-Carl Raspe var ein av dei tre tyske terroristane som vart funnen død i Stammheim-fengslet 18. oktober 1977, nokre få timar etter at den mislykka flykapringsaksjonen i Mogadishu var avslutta.
AKP tok avstand frå alt det dei tyske og italienske terroristgruppene stod for og kritiserte dei flykapringsaksjonane som palestinske organisasjonar gjennomførte. Vi støtta palestinarane si sak, men var på dette punktet usamde med dei i valet av kampmetoder. Samtidig var full støtte til dei indokinesiske folka sin frigjeringskrig eit av dei politiske spørsmåla som skilde AKP frå mange andre radikale i Norge. Når radikale sosialdemokratar sa "Fred i Vietnam nå", stilte ml-arane parolen "Seier for FNL".
"Folkene i Indokina frigjør seg. De bruker vold. Deres krig er rettferdig, men det er en krig. Frigjøringsfrontens kuler dreper. Til tross for dette støtter vi folkene i Indo-Kina. Vi mener også at vårt folk har samme rett til et nasjonalt selvforsvar. . . Det er hykleri å si at vi fordømmer den individuelle terrorismen på grunn av volden i seg selv. Det er lett å hykle på den måten. Men det er ikke riktig. Vold og vold er ikke alltid det samme.
Det er ikke 'helter' og 'genier' som former historien. Det er folket som er drivkraften. Den som - på vegne av 'venstre-kreftene' eller 'revolusjonen' - hevder at en individuell terror kan være nyttig i visse ekstreme tilfeller fordi den fungerer som en gnist, tar feil. Individuell terror kalles ikke individuell terror fordi terroren retter seg mot et individ (i store nasjonale frigjøringskriger og folkelige revolusjoner er det jo også individer som dør), men fordi den utføres individuelt.(...) Selv i den mest ekstreme situasjon er den individuelle terroren negativ fordi den passiviserer massene.(...) Det er i vurderingen av folket og heltene den store forskjellen mellom venstre- og høyresida viser seg. De menn og kvinner som forsvarer en individuell terror, står politisk til høyre blant andre heltedyrkere og overmenneskesvermere, uansett hvilke revolusjonære fraser de bruker." Dette innlegget frå Jan Myrdal i den svenske debatten midt på 1970-talet er eit bra uttrykk for den grunngivinga som AKP heile tida har hatt for å avvise individuell terror.
Terrorist-stemplet blir brukt og misbrukt, både i utlandet og i Norge. Det var ein reaksjonær terroraksjon da tyske Rote Armé-fraktion i oktober 1977 tok livet av Hanns-Martin Schleyer, presidenten i den vestyske arbeidsgivarorganisasjonen. Men da den kommunistiske sabotøren Asbjørn Sunde, kjend som "Osvald", i mars 1942 mottok ei liste med namna på eit 20-tals personar som politimannen Asbjørn Bryhn ønska å få likvidert, var dette ein del av ein rettferdig forsvarskrig mot den tyske okkupasjonen. Asbjørn Bryhn var med i ei motstandsgruppe i Oslo-politiet og samarbeidde med fleire grupper. Ein illegal dommar innafor motstandsrørsla hadde avsagt dødsdomane. Da Osvald-gruppa 21. august 1942 sprengde Statspolitiet sitt hovudkvarter i Henrik Ibsensgate 7, hadde Asbjørn Sunde sjølv nettopp avslutta eit anna, mislykka likvidasjonsoppdrag saman med politimannen Asbjørn Bryhn. Historikaren Lars Borgersrud skriv at Bryhn og Sunde saman hadde tatt på seg oppdraget med å ta livet av "statspolitilegen Hans Eng som var beryktet for sin fangehåndtering, og for deltakelse i henrettelser." Denne likvideringsaksjonen mislyktest, mens sprengingsaksjonen i Stapo-hovudkvarteret var vellykka og kosta livet til ein av dei mest forhatte torturistane. Ingen skal undrast over at den tids NTB karakteriserte dette som ei av dei mest "dyriske skjendselsgjerninger den kommunistiske terrorbanden har begått."
Også den borgarlege heimefrontleiinga mislikte slik aktiv motstandskamp. Statsminister Nygårdsvold appellerte like etter over London radio og ba "alle om å avholde seg fra individuelle aksjoner som ikke tjener noen fornuftig hensikt, men som vil føre til skjerpet terror fra quislinger og tyskere". Statsministeren valde sikkert orda sine med omtanke, men ordbruken hans var misvisande. Borgersrud peiker på at "sprengningen av Henrik Ibsens gate 7 var ingen individuell aksjon, men en etter norske forhold omfattende militær aksjon".
Og det tener den da nyutnemnde overvakingssjefen Asbjørn Bryhn til lita ære at han ikkje fortalde den verkelege samanhengen da overlege Johan Scharffenberg i avispolemikk to år etter krigen framstilte Asbjørn Sunde som ein terrorist som likte å ta liv. Sunde svara at det var "umulig ved en avispolemikk å klarlegge de motiver som lå til grunn for aksjonene, og jeg anser det derfor formålsløst på denne måte å prøve å renvaske mine drepte kamerater for anklagen om å være eventyrjegere og banditter". Asbjørn Bryhn var, ved sida av Jens Christian Hauge, ein av dei som kunne ha gitt eit sannferdig svar da Scharffenberg i eit krasst avisinnlegg spurde: "Hva ga Asbjørn Sunde rett til å handle på en gang som anklager, dommer og fullbyrder." Ingen av dei som kjende sanninga gjorde noko for å hjelpe Sunde mot dei usanne skuldingane. Hausten 1947 definerte dei kommunisten Asbjørn Sunde som fiende. Alt var lov i kampen for å bringe kommunistane i vanry.
Viss du, etter å ha lesi det utdraget eg siterte frå programmet, lurer på korfor eg ikkje har tatt med den setninga som seier at AKP går inn for væpna revolusjon, er svaret enkelt: Det finst inga slik setning, korkje i dette første eller i dei seinare partiprogramma. Trass dette har påstandane om AKPs programfesting av "væpna revolusjon" stadig vorti brukt som grunngiving blant anna for at dei hemmelege tenestene måtte kartlegge heile organisasjonen. Fylkesmann Kåre Willoch er berre ein av dei borgarlege logikarane som har gått til knusande åtak på dette ikkje-eksisterande punktet i partiprogrammet. "AKP(ml) hadde som kjent programfestet væpnet revolusjon. ... Det kan med andre ord ikke være tvil om at medlemskap innebar tilslutning til et ulovlig formål," sa den tidlegare statsministeren da han møtte til høyring i Stortingets kontrollkomite.
Også Lund-kommisjonen er einig i at "uttrykket 'væpna revolusjon' var ikke programfestet i de offisielle prinsipprogrammene og vedtektene". Men rett skal vere rett. Særleg i 1976-77 brukte nok både partileiar Pål Steigan og mange andre partitalsmenn uttrykket slik at det kunne høyrast ut som om partiet tenkte seg revolusjonen som eit militært felttog. For motstandarane våre vart det i alle fall lett å framstille det slik. I etterpåklokskapens klare lys er det lett å sjå at partileiinga fire år etter partistiftinga gjorde gav ein god del hjelp til dei som ønskte at folk skulle forbinde AKP med vilje til offensiv valdsbruk. RV si valavis frå 1977 melde at "RV er det eneste partiet som stiller til valg med væpna revolusjon og proletariatets diktatur på programmet". På denne tida hadde ikkje RV eigen organisasjon og eige landsmøte. Valavisa var sikkert klarert av partileinga i AKP, men denne formuleringa gjekk ut over partiprogrammet.
Dette er ikkje einaste tilfellet der meir og mindre autoriserte talspersonar marknadsfører politiske standpunkt som avvik frå det landsmøtevedtatte partiprogrammet. Den slags er vanleg i alle parti. For AKPs del har nok dette medverka til at mange har fått ei uriktig oppfatning av kva syn på den sosialistiske revolusjonen partiet har programfesta. I 1998, liksåvel som i 1973, er AKP for ein sosialistisk revolusjon, og ønskjer at den kan skje på fredeleg vis. Men partiet meiner all erfaring tyder på at borgarskapet vil slå tilbake med valdsmakt og at folket må vere budd på å forsvare sosialismen med våpenmakt og. Personleg er e meir sikker i dag enn i 1973 på at det er ei dødslinje å tru noko anna. Ingen erfaringar tyder på at Norge skal bli det historiske unntaket der kapitalistklassen i ein skjerpa situasjon ikkje bruker den valdsmakta dei rår over, viss dei ikkje klarer å sikre den kapitalistiske samfunnsordninga på anna vis.
Stiftingslandsmøtet vedtok eit særskilt sameprogram som omtaler "den norske statens undertrykkelse av det samiske folket som en skjendig forbrytelse gjort av norsk kolonialisme" og stiller opp sjølvråderett for det samiske folket som ei av dei første oppgåvene for den sosialistiske revolusjonen. Programmet tok til orde for at dette er muleg innafor ramma av den norske nasjonalstaten, men slo fast at det samiske folket også må ha retten til å opprette sin eigen stat, "enten det blir på den norske statens territorium, eller det blir ved en gjenforening med de tre andre delene av det samiske folket."
Kvinnene stod heilt frå starten av for større del av både tenkinga og den andre politiske aktiviteten i partiet enn det dei første partiprogramma gav inntrykk av. Det var eit initiativ frå kvinner i MLG, med støtte av eit sentralkomitevedtak i romjula 1971, som var bakgrunn for at Kvinnefronten vart danna eit års tid før stiftinga av AKP. Første setninga i kvinnedelen av 1973-programmet slår fast at "bare sosialismen kan avskaffe undertrykkelsen av kvinnene". Partiets andre landsmøte i 1976 plasserte kvinnespørsmålet under ymse-punktet i programmet. Dette punktet handla om "Anna underkuing i det kapitalistiske Noreg". Da landsmøtet vedtok dette, var mange av kvinnene i partiet alt godt i gang med førebuinga til demonstrasjonstoga på den internasjonale kvinnedagen 8. mars 1977. Det året gjekk over 9000 personar i 8. marstog i Oslo, med litt over halvparten i det toget som Kvinnefronten mobiliserte til.
Sjølv om kvinnene i partiet dreiv eit omfattande politisk nybrottsarbeid på mange felt, plasserte AKP seg - i allfall programmatisk - trygt i den mannsdominerte tradisjonen i den internasjonale kommunistrørsla. Programforfattarane såg verda med mannsbriller. Kvinnebriller var enno eit ukjent begrep.
Unge sosialdemokratar hadde fleirtalet i Det norske studentersamfund i Oslo midt på 1960-talet. Einar Førde var styreformann våren 1966. AUF-aren Arne Treholt minte om at Samfundet hadde hatt hatt eit sosialistisk styre i fem semester da han i november same år heldt valtalen for partifelle og formannskandidat Daniel Heradstveit. Tidleg i neste semester inviterte Heradstveit og styret hans til debatt over temaet "Sosialdemokratiets hegemoni, en saga blott?" Ein av hovudtalarane var den da 62 år gamle Haakon Lie. Dei kunne knapt funni ein innleiar som hadde betre føresetnader til å snakke om emnet. Etter politisk skolering hos amerikanske venner under krigen hadde han dei siste 22 åra vori partisekretær under - eller over - partiformann Einar Gerhardsen og nestformann Trygve Bratteli. Sistnemnde overtok formannsvervet i partiet etter Gerhardsen i 1965. Saman med Jens Christian Hauge hadde desse tre styrt Arbeiderpartiet og Norge i etterkrigstida. Og no - ein laurdagskveld i februar 1967 - skulle den mektige partisekretæren diskutere med dei radikale studentane.
Det vart så mykje medieoppstuss at Arbeiderbladet trykte manuskriptet til Haakon Lie nokre dagar etterpå. Det var ein gjennomgang av Arbeiderpartiet si historie og av dei sosialdemokratiske partia si aukande valoppslutning i dei nordiske landa. Han konkluderte med at kommunismen si tid var over og at framtida tilhøyrer sosialdemokratiet. Debatten fekk brei dekning i Oslo-avisene. Arve Solstad starta reportasjen sin i Dagbladet slik:
"Det var i de berømte 30-åra ... (latter) ... at Arbeiderpartiet tok opp kampen mot arbeidsløsheten og den grå fattigdommen ... (ubehersket latter brer seg over hele salen) ... Taleren: 'Jeg har aldri tidligere stått på denne talerstolen. Det er en merkelig form for humor som er i denne forsamlingen.'" Arve Solstad skreiv at møtet var ein skandale. Det var ikkje berre "rødegardister" frå Sosialistisk Folkeparti som håna partisekretæren. Ein del medlemmer frå AUF var og med: "I voldsomme demagogiske innlegg kastet den unge garde seg over ham og sa for åpen scene at han var et politisk fossil, at det var forstemmende å sitte i salen og høre hans utlegninger om 'galluppdemokratiet'. Vi fikk vite at han hadde kastet ut unge Arbeiderparti-medlemmer fra sitt kontor når de kom og spurte om hans mening om Vietnam."
Referatet i Arbeiderbladet gav og eit visst inntrykk av at partisekretæren hadde publikum i mot seg: "Debatten artet seg som et stormangrep mot Haakon Lie, spekket med usakligheter så det til tider nærmet seg det komiske, men også med en godt begrunnet kritikk i den grad taletida tillot det. ... Haakon Lie var skuffet over debatten og mente mange av deltakerne med hell kunne reise hjem og lese mer politisk historie og valgstatistikk. Han syntes også det var smått bevent med kultur i Studentersamfundet.
- I arbeiderklassen, blant kroppsarbeidere, som utgjør grunnstammen av Arbeiderpartiets velgere, er kultur mer utbredt enn hos dere som samfunnet har kostet på sin høyeste utdanning, mente Haakon Lie. For å si det mildt ble det antydning til uro i salen etter den replikken."
Begge avisreportasjane kunne gi lesaren inntrykk av at publikum tok avstand frå mykje av det Haakon Lie la fram og sto for. Paul Engstad jr. skreiv nokre dagar etter eit innlegg i Arbeiderbladet der han peika på at majoriteten av publikum var på Haakon Lie si side. Han sa frå at dei forstyrrande innslaga berre var noko som var planlagt på førehand av 40-50 medlemmer av Sosialistisk Folkeparti. Morgenbladet, som den gongen var redigert med sikker, mørkeblå penn av major Chr. Christensen, rykka dagen etter ut med ein leiaarartikkel til forsvar for sekretæren i Arbeiderpartiet: "Uansett hva Haakon Lie hadde sagt, ville dagens Mao-beundrende fanatikere på venstresiden ha ledd av han. For Haakon Lie - med alle sine åpenbare svakheter, som det ville være oss fjernt å underslå - er allikevel en god demokrat. Han står trygt som fjellet på det vestlige, demokratiske forsvarssamarbeidets grunn, han er også en av dem som kraftigst har avslørt all humbugen omkring venstre-radikalernes Vietnam-psykose. En slik mann er selvsagt et passende objekt for rødegardistenes hat."
På denne tida fanst det ein reell venstreopposisjon i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF). I eit intervju med Friheten i april 1967 avviser AUF-studenten Bernt Holtsmark at det er generasjonsskiljet som skaper konflikt mellom AUF og partileiinga: "En riktig vurdering tror jeg ligger i at lederne i arbeiderbevegelsen, faglig og politisk, har distansert seg fra sine medlemmers klasseinteresser. Jeg tror det etterhvert er blitt riktig å tale om en antagonisme mellom ledelsens og medlemmenes interesser." Eit par månader seinare inviterte Dagbladet til innbyrdes debatt mellom fire personar som alle vart presenterte som maoistar. Ein av dei var Tron Øgrim, medlem i ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti. Han forsvarte aksjonar som omfatta ruteknusing i den amerikanske ambassaden. Han samanlikna situasjonen no med det ein hadde i Europa 1937-38, da verda nærma seg katastrofen. "I dag nærmer vi oss den tredje verdenskrig mellom USA og Kina," sa Øgrim og meinte det var uansvarleg å ikkje ta alle verkemiddel i bruk: "Jeg vil si: Knus ruter i den amerikanske ambassade! Vekk opp de sløve og likegyldige!"
Dagbladet gjengav nokre av replikkane i ordskiftet mellom maoistane i SUF og AUF slik:
"Øgrim: Jeg er maoist, eller mer presist marxist-leninist. Jeg kan ikke akseptere AUF-ere som maoister. ...
Holtsmark: Men dere har ingen makt. Det er riktigere å arbeide innenfor et apparat som fagbevegelsen og Arbeiderpartiet.
Øgrim: Dere tror dere kan reformere Arbeiderpartiet. Jeg tror det er lettere å reformere statskirken enn Arbeiderpartiet.
Holtsmark: Ledelsen i Arbeiderpartiet og LO er papirtigre, fordi de fører en politikk som ikke er i samsvar med medlemmenes interesser."
Bernt Holtsmark, som døydde for nokre år sia, var ein av dei AUF-arane som ei tid etter dette ordskiftet braut med Arbeiderpartiet og vart med i den unge ml-rørsla. I 1973 vart han med og stifta Norges Kommunistiske Studentforbund (NKS). Men våren 1967 var det enda eit godt stykke fram før Raud Front vann fleirtal i studentsamfunna rundt omkring i landet, og det var enda lenger igjen før dei raude fekk nemneverdig oppslutning i val. Men pågangsmotet mangla ikkje, korkje i debatten i studentmiljøa eller i den store samfunnsdebatten. Etter at SUF(ml) oppfordra til boikott ved Stortingsvalet 1969, og valdeltakinga vart høg, men 1,6 prosent lågare enn den rekordhøge deltakinga i 1965-valet, såg SUF-leiinga at det gjekk riktig veg. Dei oppsummerte valresultatet slik i eit innlegg i Dagbladet: "Godt væpnet med marxismen-leninismen Mao Tse-tungs tenkning har grunnstammen i den nye arbeiderklassens revolusjonære kommunistiske parti fått sin første betydelige seier i kampen om det liberal-demokratiske politiske system."
Sjølv om den etterpåkloke kan seie at denne sjølvvurderinga av eigen valkampinnsats i 1969, var litt urealistisk, så hadde dei heller ikkje altfor god bakkekontakt dei SUF-kritikarane som i 1969 kjende seg sikre på at ml-rørsla var utan framtid. Etter brotet mellom SUF og SF på landsmøtet i 1969 skreiv Verdens Gang på leiarplass at "etter alt å dømme blir SUF aldri mer enn en samling av ungdom som med fanatisk glød forkynner revolusjonens evangelium - så lenge de greier å bevare troen."
Ved styrevalet i Det Norske Studentersamfund nokre månader etter SF-landsmøtet, fekk den konservative formannskandidaten, Halvor Stenstadvold om lag femti fleire stemmer enn kandidatstyret til Raud Front som hadde den tidlegare formannen i SUF(ml), Sigurd Allern som frontfigur. Eg kjenner ikkje Stenstadvold og aner heller ikkje korleis miljøet var i Studentersamfundet i 1969, men Pål Steigan har gitt ei lita skildring både av sigerherren og dei som tapte dette valmøtet: "Den seinere statssekretæren var en humørløs tørrpinn av den typen som alltid spurte om 'salen tillot at dirigenten kastet jakken'." Stenstadvold fiksa situasjonen dårleg da Raud Front-delen av forsamlinga drog i gong ein allsong, på melodien til "Sussebass":
Stenstadvold du er så søt
som en stor karamell
vi vil aldri miste deg,
men ha deg for oss selv.
I oktober 1969 skreiv Jan Otto Hauge, som i mange år var aktiv i AUF og seinare var journalist i Ny Tid, ein artikkel i Arbeiderbladet der han bl.a. gjorde narr av Morgenbladet fordi dei hadde tatt SUF(ml) på alvor. Hauge syntest SUF(ml) laga litt trøbbel for andre og meir seriøse aktørar, men oppsummerte med skarp og sikker penn at:
"Likevel er det ingen grunn til å regne SUF(ml) og det nye partiet som noen viktig politisk faktor i tida som kommer. Mye av den oppslutningen de allerede har fått, skyldes spalteplassen avisene har ofret dem. ... Ingen febrilsk aktivitet kan hindre SUF(ml) i å finne veien til den politiske kirkegård. Fasit av Tron Øgrims og SUF(ml)s hektiske aktivitet de siste åra blir at de i stor grad har hemmet arbeidet for mange viktigere saker på venstresida. Samtidig har de skaffet mellom 1500 og 2000 fine ungdommer grå stær på sitt politiske gangsyn, og mange av dem vil ha store tilpasningsvansker når SUF(ml) om ikke så lenge er passé. Det er jo også en innsats for revolusjonen."
Nokre veker etter at dette stod på trykk i Arbeiderbladet vann Raud Front styrevalet i Studentersamfundet i Oslo, med Carl-Erik Schultz som formann. For dei som var vane med det studentikose miljøet der konservative og sosialdemokratar først og fremst var gode, akademiske venner på veg mot ein trygg samfunnsposisjon, kjendest nok dette som reinaste kulturrevolusjonen. Raud Front tok til og med livet av Hans Majestet Grisen. Frå no av måtte dei finne på noko anna, dei som gledde seg til dei fuktige Grise-festane der det offisielle høgdepunktet kvart sjuande år var utdelinga av ordenen "Den gyldne gris" til meir eller mindre lovande akademikarspirer. Ordenen var oppkalla etter ein sparegris som Det norske studentersamfund fekk frå danske studentar i 1858. Grisefest-tradisjonen kom seinare. Men på 1960-talet var det sikker tradisjon med stor festivitas både rundt grisefestane og dei litt sjeldnare ordensutdelingane i tre ulike grader: Riddar, kommandør og storkors.
Pål Steigan skriv at det første Raud Front-styret starta eit felttog mot diverse lugubre høgrepolitikarar og forretningsfolk som i årevis hadde stelt med studentane sine pengar etter som dei sjølve tykte det var best. Eitt av eksempla på dette var eit konkursforetak med det spenstige namnet A/S Duell. Eigaren av dette selskapet, Haakon Nygaard, måtte tåle skarp kritikk fordi han selte selskapet til Studentersamfundet samtidig som han sjøl var formann i Økonomistyret der. Seinare vart same Nygaard funnen verdig til større samfunnsoppgåver og fekk ansvaret for å styre hundretals skattemillionar i Garantiinstituttet for skip og borerigger.
Dei konservative og dei raude snakka av og til litt forbi kvarande. - Vi skal ta rotta på deg, Syse, sa Per Gunnar Gabrielsen i ein debatt der han kritiserte seinare lagtingspresident, no nyleg avdøde, Jan Peder Syse. Høgremannen må ha vorti forvirra av slik vulgær tale. I alle fall svara han at "jeg skjønner ikke hva herr Gabrielsen mener med at han skal ta min rotte."
I Norge var det korkje studentopprør eller anna opprør i 1968, slik ein del veltilpassa 50-åringar no liker å fortelje barnebarna sine om. Men det voks etter kvart fram mykje kritikk både av undervisningsmetoder og fagopplegg på universiteta. Universitetsstrukturen var stivna og gammelmodig. Ein del av kritikken som vart reist, fekk støtte frå mange av dei tilsette og i nokre tilfelle frå universitetsleiinga. Raud Front kravde for eksempel at næringslivet eller staten ikkje skulle ha rett eller høve til å diktere innhaldet i studiane. Det verka nesten som journalisten vart skuffa over svara han fekk, da Vårt Land i februar 1969 intervjua daverande rektor ved Universitetet i Oslo, Hans Vogt om slike spørsmål, og tok utgangspunkt i dette kravet:
"Synes de dette er et berettiget krav?
- Ja, jeg mener det er en selvfølge.
(...)
- Har da Universitetet og dermed også studentene et etisk ansvar overfor samfunnet?
- Alle har et slikt etisk ansvar overfor sin gjerning og sitt studium.
(...)
- Studentene har reagert meget sterkt mot en effektivisering av studiene?
- Det er riktig. Jeg er også motstander av stramme tidsrammer."
Både rektor Vogt og enkelte talsmenn for departementet prøvde - i alle fall offentleg - å halde ein forsonande tone overfor dei studentkrava som gjaldt fagkritikk og pedagogiske forhold ved universiteta. Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin daverande plansjef Kjell Eide hadde ei framtidsretta vurderinga der han i grunnen forklarte at statsapparatet burde takka for dei opprørske forslaga og gjere dei til sin eigen politikk:
"For universitetspolitikken er det man kaller studentopprøret noe av det vesentligste som har skjedd etter krigen. Det er langt viktigere enn de motforestillinger vi kan ha overfor enkelte studenters ytringsformer og lettvinte forslag til løsninger." Eide var framtidsoptimist og meinte at "den viktigste politiske virkning av en reell radikalisering av studentene kommer til syne i neste generasjons ledersjikt, hvor vi vil få et langt sterkere innslag av nytenking blandt lederne enn hva som er tilfellet i dag."
I dei første åra på 1970-talet vann Raud Front fleirtal i dei fleste studentsamfunna. Viktige klassekampspørsmål vart sett på dagsordenen i studentdebatten. Raud Front tok parolen om å skape einskap mellom studentar og arbeidarar på alvor. Det var ikkje få gonger at litt skeptiske arbeidarar som var i streik, vart inviterte til møte i eit studentsamfunn. Pengeinnsamling til arbeidarar som var i streik og til internasjonalt solidaritetsarbeid, vart ei vanleg sak. Eit av høgdepunkta i den slags arbeid var nok solidaritetsmøtet for Jøtularbeidarane vinteren 1976. Da kunne innsamlingsansvarleg i Raud Front overlevere om lag 17.000 kroner til dei streikande etter at klubbformann Martin Lekøen hadde haldi ein sylskarp appell og siste plastbøtta med setlar og myntar var tald opp. Det var heller ikkje få representantar frå frigjeringsrørsler i den tredje verda som kom til Norge og kunne snakke til store forsamlingar av norsk ungdom fordi dei var invitert av eitt eller fleire studentsamfunn.
Dagens politiske redaktør i VG, Olav Versto, er ein av dei mange som har runda av eit innlegg i Studentersamfundet med den alvorlege sluttsatsen: "RAUD FRONT i DNS!" Det året var dei som sto til venstre for dei konservative, delt i to organisasjonar. Olav Versto og mange andre SV-arar i studentmiljøet sa nei til Grønt Gras og støtta Raud Front. VG-redaktøren er så visst ikkje einaste eksemplet på at studentradikalisme kan vere eit forbigåande fenomen. Den raude perioden i studentsamfunna stilna av på andre halvpart av 1970-talet.
"Av alle klasser som i dag står mot borgarskapet, er bare proletariatet en virkelig revolusjonær klasse. De øvrige klassene forfaller og går under med storindustrien, proletariatet er dens spesielle produkt." Mange fleire enn dei som gjekk på ml-studiesirkel kjenner desse orda frå Det kommunistiske partis manifest som Karl Marx og Friedrich Engels skreiv i 1848. Frå diskusjonar i Trondheim med ein av dei mest erfarne i det første partilaget eg var med i, hugsar eg ei spissformulering som handlar om noko av det same: Arbeidarklassen er den einaste klassen som har eigeninteresse av å få fram heile sanninga om alle dei samfunnsmessige årsakssamanhengane.
Det seier seg i grunnen sjølv at eit kommunistparti som ikkje er dominert av arbeidarar, før eller seinare vil bli noko anna enn det det gir seg ut for å vere.
- Her stiller man ingen krav. Her tar man det man får! Bente Løvaas fortel at dette var svaret ho fekk da ho på eit styremøte i Freiaklubben spurde formannen om dei ikkje burde ha diskutert lønnskrava før klubbformann hadde møte med direktøren. Det vart ikkje meir diskusjon i det klubbstyremøtet. Året var 1972. Bente Løvaas hadde arbeidd på bedrifta i drygt to år og var nyleg vald til nestleiar i klubben. Året etter vart ho vald inn i den først sentralkomiteen i AKP. Bente Løvaas var verken den første eller den einaste SUF-aren på arbeidsplassen. - Ellen Pedersen hadde begynt før meg. Ho var den personifiserte radikalaren her, seier Bente Løvaas. Ellen Pedersen gjorde frå 1975 ein pionerinnsats som den første - og i åtte år den einaste - RV-representanten i Oslo bystyre.
- Møt opp her i morgon tidleg. Det var det enkle svaret Bente Løvaas fekk, da ho ein septemberdag i 1970 spurde etter jobb på Freia. - Eg møtte opp til rett tid, og så vart eg her. I dag er ho konserntillitsvald og har dei siste åra stått midt i ein vanskeleg kamp mot den amerikanske industrigiganten Philip Morris som kjøpte opp Freia i 1993.
Det var om lag 1000 tilsette på Freia hausten 1970. Bente fortel at det første klubbmøtet ho var på, diskuterte eit forslag om å støtte streiken på Sporveien. - Vi var ikkje fleire enn at vi fekk plass rundt eitt av borda i kantina. Klubbformannen var den einaste som stemte mot støtte til sporveisstreiken. Mannen hennar arbeidde på Sporveien, men ho følgde partilina i Arbeiderpartiet utan å ta smålege private omsyn.
SUF-arane på Freia gav tidleg ut si eiga bedriftsavis. Frå tidleg på hausten 1971 kom den stensilerte "Det nytter å kjempe, Utgitt av marxist-leninister på Freia" ut ein gong i månaden. Eg trur innleiingsavsnittet i første nummeret er nokså representativt for mange titals liknande aviser som unge arbeidarar laga på bedrifter rundt omkring i landet og spreidde blant arbeidskameratane sine:
"Arbeidskamerater! De fleste av oss som jobber på Freia har dårlig grunnlønn og dårlige akkorder. Arbeidsforholdene for mange er harde. Det er stor misnøye rundt omkring på avdelingene. Likevel er det mange avdelinger som ikke holder gruppemøter for å diskutere problemene og hva som kan gjøres med dem, og klubbmøter holdes bare 2 - 3 ganger i året. Derfor har vi ikke oppnådd stort. Skal vi kunne rette på disse forholdene, er det nødvendig at vi blir enige om hva vi skal kreve og hvordan vi skal oppnå det. Men vi kan bare bli enige dersom vi diskuterer sakene åpent og kameratslig.
Vi er en del marxist-leninister, som gjennom denne avisa vil legge fram vårt syn på saker og ting her på Freia. Vi tar gjerne i mot innlegg og kritikk. Det er meningen at avisa skal komme ut regelmessig, og vi håper at vi på denne måten kan bidra til og være til nytte for diskusjonen rundt omkring på avdelingenes gruppemøter, slik at vi kan nå fram til enhet.
Arranger gruppemøter på avdelingene!
Flere klubbmøter!
Enhet kjennom diskusjon!
Det nytter å kjempe!"
Det var to artiklar til. Den eine argumenterte for å stille krav til lønnsoppgjeret neste år. Den andre hadde overskrifta "Hva vil vi marxistleninister". Her forklarte dei at det er nødvendig å danne "et skikkelig kommunistisk arbeiderparti". På siste sida var det ei annonse for "Klassekampen, marxist-leninistisk arbeideravis". Alt saman var skrivi - eller teikna - på svertestensil, ein framstillingsmåte som kravde både tid og flid.
Klubbstyret var den gongen ikkje glad for slikt sjølvbestalta informasjonsarbeid. Bente Løvaas fortel at dei spreidde dei første utgåvene av avisene ved å dytte dei inn i garderobeskapa. Den kampen AKP-arane reiste for demokrati i klubben, har sett spor. I dag gir Freia-klubben ut eiga avis. Ved tredje gongs forsøk vart det og fleirtal for å opprette ei eiga klubbkasse. Bente Løvaas understreker at det økonomiske sjølvstendet dette har gitt klubben, har vori viktig i kampen mot Philip Morris.
Ein stor del av dei som braut med SF i 1969 danna etter kvart MLG - Marxistleninistiske grupper. Målet var å skape eit nytt parti. Pål Steigan seier dei etter kvart kom fram til tre minimumskrav som måtte oppfyllast før dei kunne stifte partiet: "1. Et kommunistisk program bygd på en klasseanalyse av Norge. 2. En samling av alle marxist-leninister i en partibygende organisasjon og 3. En organisatorisk ryggrad i form av grunnorganisasjonar i industrien." Ein del av dei som braut med SF var industriarbeidarar. Mange fleire søkte seg jobb i industrien dei første par åra etter brotet med SF, det vil seie i 1969 og 1970.
Da partistiftarane møttest på Linderudkollen i 1973, kunne dei oppsummere at det fanst partilag av industriarbeidarar over heile landet. Tre av dei sju utsendingane på Vestfold-benken var litt eldre arbeidarar som hadde bakgrunn frå Sosialistisk Folkeparti og Norges kommunistiske parti. Men dei fleste partimedlemmene var ungdom i 20-åra. Dei som var industriarbeidarar, hadde kort fartstid i arbeidslivet og lite erfaring. Den rekrutteringa til partiet som kom av seg sjølv i åra etterpå, var slik at partilaga i industrien vart ein gradvis mindre del av partiet. Viss partiet berre tok i mot dei som melde seg inn sjølve, og ikkje blanda seg opp i kva planar dei hadde for eiga framtid, ville arbeidardelen av partiet berre bli mindre og mindre. For å snu på dette, gjennomførte partiet ei kampanje i 1975 og 1976 for å styrke arbeidarklassen si stilling i organisasjonen, og på sikt styrke partiet si stilling i arbeidarklassen. Alle partilag fekk diskusjons- og studiemateriale for å skolere medlemmene ideologisk. Samtidig vart partilaga utafor industrien oppfordra til å diskutere spørsmålet om nokon kunne tenkje seg å skifte jobb.
For fleire enn meg var dette noko nytt. Vi vart nøydde til å ta eigen teori på alvor. Det går godt an å ha ein politisk teori om at det er arbeidarklassen som skal lage revolusjon og at kommunistpartiet derfor må vere eit arbeidarparti. No vart oppgåva stilt nokså konkret: Det er vi - du og eg - som er med i partiet i dag, som skal forandre partiet slik at det kan fylle ei slik oppgåve. Vi måtte ta vår eigen teori på alvor, ikkje berre i ord, men i praksis og.
I partilaget mitt i sosialetaten i Oslo fekk dette eit litt pussig resultat. Ein ufaglært hadde kommi inn på sosialskolen og fått permisjon frå jobben sin i kommunen. No bestemte han seg for heller å satse på industrien og fekk raskt ja på ein jobbsøknad på ein liten mekanisk verkstad i Oslo. Rett før han skulle takke for seg på skolen kom det kontraordre frå øvste partihald. Formelt sett var det ingen ordre. Det var ei innstendig oppfordring om å takke nei til industrijobben og i staden bli på sosialskolen. Partileiinga hadde funni ut at det var bruk for å ha ein og annan kommunist der og. Eg var lagsformann og vart med på fleire møte med partiøvrigheta før vi gav oss. Dermed vart det ein kommunist mindre i Avdeling 1 av Jern og Metall.
Resultatet av denne kampanjen var todelt. Heile partiorganisasjonen gjennomførte diskusjonar om at det å vere arbeidarparti blant anna og nødvendigvis må bety at arbeidarklassen har makt i partiet. Desse diskusjonane førte til ei oppvurdering av det å vere arbeidar. For meg som hadde vaksi opp i ein lærarfamilie på landsbygda og var opplært til å sjå på Norge som eit klasselaust samfunn, var dette litt rart. På denne tida hadde eg ein funksjonærjobb sjølv. Diskusjonane førte til store forandringar i tenkinga mi. Eg vart klar over at namnet på partiet var alvorleg meint. Dernest førte diskusjonane til at ein del partimedlemmer skifta jobb. Det var etterspørsel etter arbeidskraft og lett å få jobb.
Det er ikkje vanskeleg å finne komiske utslag av denne kampanjen heller. Vi hadde det med å gjennomføre ein del saker litt vel kantete og i litt for stor grad. Egil Fossum, som seinare vart redaktør i Klassekampen, kan fortelje ei historie frå da han arbeidde som sjåfør for ein brødfabrikk i Bergen. Fossum var ferdig med universitetsutdanninga si for lenge sia da han vart med i ml-rørsla. Han hadde tatt magistergrad i statsvitskap i 1967 og arbeidde ei tid som fredsforskar. Etter at han flytta til Tromsø og hadde vori partileiar for AKP i den nordlegaste delen av landet, syntest han det var naturleg at proletariseringskampanjen fekk følgjer for han sjølv og.
- Eg hadde jo overtala andre til å søkje seg arbeid i industri eller transport. Fordi eg hadde små sjansar til å få arbeid i Tromsø, flytta vi til Bergen. Der vart eg kjøttskjerar ved Vestlandske Salgslag. Men akkorden der vart for hard for ein 38-åring med tynne universitetsfingrar. Dei unge arbeidskameratane mine parterte åtte kyr på ein dag. Eg klarte berre sju. Det gjekk mykje betre da eg fekk med jobb som sjåfør for brødfabrikken til Jørgensen. Det var ein jobb eg klarte bra. Ein dag eg parkerte brødbilen utafor Lido-hjørnet på Strandkaien, kom eg dit samtidig med brødbilen frå Martens. Ut av den kom det ein annan magister, ein gammal kjenning, Dag Johnsen som var magister i filosofi - Hegelekspert! Vi nikka profesjonelt til kvarandre, og så leverte dei to magistrane kvar sine brød og køyrde vidare til neste brødbutikk.
Egil Fossum var klubbformann på bedrifta ei kort stund inntil partisekretær Finn Sjue ein dag stod på døra og hadde ein ny jobb til han. Partileiinga ba Fossum overta som redaktør i Klassekampen.
- Eg følgde oppfordringa om å forlate Bergen og sjåførjobben for å bli redaktør. Men eg har alltid sett tilbake på denne tida med ei viss stolthet. Eg lærte ein del om korleis det er å vere arbeidar og fekk sjå og kjenne på kroppen kva arbeidsdisiplinen i industrien er for noko. Om eg skal bruke eit litt høgtideleg uttrykk, vil eg seie at dette er ein av dei få tinga i livet mitt som gjer at eg kan sjå meg tilbake og seie til meg sjølv at eg gjorde noko som var større enn meg sjølv.
I dag er mange av dei store industribedriftene borte: Nyland, Aker, Jøtul, ASEA Per Kure, Spigerverket, Myrens Verksted, for å nemne nokre få av dei nedlagde bedriftene berre i Oslo. AKP hadde vorti eit heilt anna parti utan kampanjen midt på 70-talet for å styrke arbeidarklassen sin plass i partiet. AKP var den einaste organisasjonen i Norge der det var ålreit å vere arbeidar. Mange av partiet sine kritikarar har aldri forstått dette.
Den snevre forståinga av kven som er arbeidarklassen, var nok den største mangelen med denne politiske kampanjen. Mykje hadde endra seg sia Marx og Engels skreiv Manifestet i 1848. Proletariatet omfatta så mange fleire enn dei som arbeidde i storindustrien. Ja, da AKP vart stifta, stod vi i starten av ei teknologisk og samfunnsmessige utvikling som førte til at industriarbeidarane etter kvart vart ein minkande del av arbeidarklassen i Norge. Tar vi Oslo som eksempel, så såg ikkje partileiinga midt på 70-talet at Ullevål Sjukehus var den bedrifta som hadde flest arbeidarar på lønningslistene. Dette må AKP betale dyrt for også på 90-talet.
Hadde vi vori litt meir framsynte midt på 70-talet, kan det hende at utbygginga av partiet ikkje hadde vorti så einsidig innretta på industridelen av arbeidarklassen. Arbeidarklassen har alltid vori meir enn industriarbeidarane, og midt på 70-talet var ein del av dei store industribedriftene i Norge alt dødsmerka av kapitalismens eiga utvikling.
Nokre av dei største fagforeiningane i Oslo var i kommunesektoren. Oslo Sykehuspersonales Forening og Sosiale Etaters Fagforening (SEF) hadde begge omkring 3000 medlemmer midt på 70-talet. Før eg flytta til Oslo i 1974 og organiserte meg i SEF sjølv, hadde eg lesi eit par artiklar i Klassekampen som var skrivi av studieleiaren i foreininga, Lillan Hoffmann.
Eg vart kjend med henne da eg omsider vart innkalla til første møte i det nye partilaget mitt i Oslo.
Representantskapet i Oslo distrikt av Norsk Kommuneforbund var ei av dei mange faglege forsamlingane der Arbeiderpartiet hadde full kontroll. Likevel skjedde det noko rart i 1973 da dei skulle velje utsendingar til landsmøtet. Lillan Hoffmann fortel at alle rekna med at dette skulle gå greitt, slik det brukte gjere. Valkomiteen hadde rett nok - utan alt for konkret grunngiving - redusert delegattalet frå tre til to for Sosiale Etaters Fagforening. Dei hadde hatt litt vanskeleg for å grunngi dette svært tydeleg, ettersom den nest største foreininga i Kommuneforbundet ikkje hadde vorti mindre sia siste landsmøte. Det kom eit benkeforslag der studieleiaren i SEF vart sett opp mot den pålitelege Arbeiderparti-kandidaten som valkomiteen gjekk inn for. Lillan fortel at det likevel ikkje var nokon nervøsitet å merke ved dirigentbordet. Dei rekna med at dette skulle gå greitt. Representantskapet var ein av dei sikraste heimebanane for Arbeiderpartiet.
Men da teljekorpset var ferdig med jobben sin, måtte dei telje både ein og to gonger ekstra før dei kunngjorde resultatet: Studieleiar Lillan Hoffmann frå Sosiale Etaters Fagforening er vald med 1 stemme meir enn han som var innstilt frå valkomiteen. Det gjekk eit lite sus gjennom forsamlinga. Dette var ikkje til å tru.
Eit slikt utfall av delegatvalet skulle vere umuleg. Når denne unge SUF-jenta frå Sosiale Etater fekk fleirtal, betydde det at ein god del av sosialdemokratane i forsamlinga hadde stemt på henne i staden for på valkomiteen sin kandidat.
Lillan Hoffmann var kontorist ved Velferdskontoret for trygdede, der Odd Gjesteby var ein meir enn allmektig sjef. På siste årsmøtet i foreininga hadde ho vorti vald inn i styret som studieleiar, også den gongen etter benkeforslag. Resultatet var at studiearbeidet kom i gang, både om Kommuneforbundets vedtekter og andre spørsmål. Og foreininga fekk ein studieleiar som skreiv artiklar om fagleg studiearbeid i Klassekampen.
Eg kan godt tenkje meg at ho var ein nokså typisk SUF-ar den gongen, i den grad nokon var det. Østkantjente som hadde fått seg kommunal kontorjobb, medlem først i SUF og seinare i AKP, politisk aktiv i mange samanhengar. Ho fortel at som småjente budde ho på Grønland, til mora flytta opp til Hovin, ikkje så langt unna der den første kunstisbanen vart bygd. 13. mai 1964 gjorde ho første politiske erfaringa med norsk politi. Ho var da ein av dei yngste blant dei femti personane som vart arrestert på tennisbanen på Madserud fordi dei sette seg ned på banen da Finn Dag Jagge skulle spele Davis Cup-kamp mot ein kvit sørafrikanar. Demonstrantane delte ut løpesetlar som opplyste at det var 5000 politiske fanger og 40 dødsdømte i den sørafrikanske raseskiljestaten.
Etter to år på realskolen på Sofienberg hadde ho i 1966 søkt seg over til Teisen. Der var det eit raudt og radikalt miljø i emning. For henne - som for mange andre - vart det mykje politisk aktivitet og kanskje litt mindre skole. - Til tider var eg bortimot fulltids aktivist på Solkom - Solidaritetskomiteen for Vietnam. Eit par år seinare måtte eg gå opp som privatist for å få tatt artium, seier ho.
I løpet av første året på Teisen vart ho leiar i det lokale SUF-laget som voks raskt frå 20-30 og opp til rundt 100 medlemmer. Det meste vart politisert på Teisen. Ikkje berre spørsmålet om ein var for eller mot den blodige amerikanske krigen mot Vietnams folk. Det var svære diskusjonar om kva slags musikk som skulle spelast i storefri. Bob Dylan- og Stonestilhengjarane mot dei som ville ha Beatles eller Cliff Richard. Den første fløya styrka seg etter Stones-konserten i Messehallen 24. juni 1965. Innimellom hjelpte Teisen-rektoren til med rekrutteringa til SUF. Han terga på seg ein svær kampanje da han nekta opptak for tre elevar fordi dei hadde langt hår. Den konflikten fekk gjenlyd langt utafor Teisen gymnas. To av dei tre langhåra gutane var med i SUF på førehand. Den tredje vart med seinare, godt oppmuntra av den vellykka kampanjen for å få omgjort rektor sitt standpunkt.
Politiet slo ofte hardt ned på antiamerikanske demonstrasjonar. I 1968 gjekk Oslopolitiet mange gonger til åtak på Vietnam-demonstrantar med hundar og køller. I april det året vart sekretæren i Solkom., Odd Erik Germundsson, putta i fengsel i 30 dagar på eit svært spinkelt grunnlag etter ein demonstrasjon. Programsekretær Rosa Seierstad i NRK vart arrestert og tiltalt for oppvigleri etter at ho skreiv og framførte eit dikt 1. mai til støtte for han som sat fengsla og oppfordra deltakarane i 1. maitoget til å ta ein "ulovleg" avstikkar bort til fengslet. Dei som var med i SUF frå før, hausta mykje erfaring i Solkom. Mange andre vart kjende med SUF gjennom Vietnam-arbeidet.
Det var nok innsatsen som styremedlem og studieleiar i SEF som gjorde at Lillan Hoffmann i 1973 vart vald til landsmøteutsending i Kommuneforbundet. Men sosialdemokratane i forbundsleiinga såg ikkje den unge og godt likte studieleiaren i det heile tatt. Dei såg berre at eit av medlemmene i det nystifta AKP hadde vorti landsmøtedelegat i Kommuneforbundet - på tvers av det opplegget valkomiteen hadde lagt.
Det nyttar ikkje å forstå intensiteten i striden som følgde rundt AKP sitt faglege arbeid i SEF, utan å sjå litt på korleis Arbeiderpartiet hadde makt i Oslo på denne tida. Hovudstaden er ikkje berre administrasjonsby. Titusenar arbeider med ulike former for tenesteyting, i skolen, på sjukeheimane, som heimehjelp eller heimesjukepleiar, på sjukehusa, i kollektivtransporten, i barnehage og barneparkane, for berre å nemne litt. Dei fleste på desse arbeidsplassane høyrer til arbeidarklassen. Da som no var dei fleste av arbeidarklassen i offentleg sektor organiserte i Kommuneforbundet.
På 60-talet hadde leiarsjiktet i Arbeiderpartiet vorti van med å ha makt i dei sosiale etatane gjennom eit firedelt apparat eller nettverk. For det første var Sosiale Etaters Partilag ein del av partiapparatet. For det andre hadde dei fagforeiningsapparatet i Kommuneforbundet. Arbeiderpartiet hadde bukta og alle endane, både i Sosiale Etater og i dei andre kommuneforbundsavdelingane. For det tredje hadde Arbeiderpartiet sine folk i folkevalde verv, i Sosialutvalet med mange underutval, i formannskap og i bystyre. For det fjerde satt det etter kvart mange partifolk i store og små sjefsstillingar i sosialadministrasjonen.
Dersom fire slike maktstrukturar - som kvar for seg er heilt legitime - veks saman til eitt, uformelt miljø som er stengt for innsyn, da får du ein maktkonsentrasjon som har fellestrekk med det gamle sovjetiske systemet. Den sovjetiske partileiinga laga tidleg ei liste over statsstillingar der partiet skulle avgjere tilsetjinga. Denne lista vart kalla nomenklatura. Den gode tanken var at partiet skulle sikre ein sosialistisk kontroll med byråkratiet. Men dei som tenkte den gode tanken, undervurderte dei sosiale kreftene og mekanismane som stod i motsetning til sosialismen. Nomenklatura-ordninga vart ein medverkande årsak til at det voks fram ein ny herskarklasse der det var uråd å sjå kor statsbyråkratiet slutta og partiet begynte. Byråkratiet fekk kontroll over partiet, eller rettare sagt: Den nye herskarklassen tok over makta både i statsbyråkratiet og partiet. Så seint som på 80-talet var det slik at partiet på alle nivå - frå sentralkomiteen og ned til distrikts- og bykomiteane - hadde sine lister over dei stillingane dei hadde rett til å utnemne. Nesten alle dei leiande og godt betalte stillingane i Sovjetunionen var nomenklatura-stillingar.
Toppsjiktet i Oslo Arbeidarparti hadde neppe ei slik liste. Dei hadde ikkje bruk for det heller. Dei hadde godt oversyn og god kontroll utan eit slikt formelt verkty. På eit tidspunkt først på 70-talet var "maktfordelinga" slik at Lasse Johannessen, ein av dei lojale avdelingssjefane hos den nær allmektige Odd Gjesteby ved Velferdskontoret for trygdede, var formann i Sosiale Etaters Partilag og samtidig formann i den største gruppa i fagforeininga. Ein annan svært lojal avdelingssjef, Thorleif Aarestrup, var formann i det tillitsmannsutvalet i fagforeininga som behandla tilsetjingssaker. Ein lojal - men hjelpeslaust usjølvstendig - partimedlem var formann i Sosiale Etaters Fagforening. Heilt i toppen av den administrative pyramiden sat ein fjerde partimedlem, Haakon Lanes, som kontorsjef og nestkommanderande hos Sosialrådmannen. Lanes overtok seinare formannsvervet i partilaget. Det var ikkje muleg å gjennomføre ei tilsetjing i ein av dei sosiale etatane utan at innstillingslista passerte gjennom hendene til ein eller fleire av desse karane.
Denne maktstrukturen kjende seg med god grunn utfordra da studieleiaren i SEF vart vald som landsmøtedelegat i 1973. Varsellysa blinka raskare da foreininga litt seinare sa opp det kollektive medlemskapet i Arbeiderpartiet. Noko nytt var i emning.
Årsmøtet i 1975 vart eit vendepunkt for Sosiale Etaters Fagforening. Foreininga fekk eit nytt styre med faglegpolitisk breidde. Her var det både partilause og medlemmer frå Arbeiderpartiet, SV og AKP. AKP-aren Lillan Hoffmann vart vald som leiar i kampvotering mot den sitjande formannen som ønskte seg ein toårsperiode til. Det var ikkje eit val mellom to parti, men eit val mellom to ulike måter å drive fagforeininga på. Lillan meiner mange stemte på henne fordi dei hadde erfaring for at foreiningsformannen var ein katastrofe som tillitsvald.
Lillan meiner at AKP la for lite vekt på å utvikle det jamne, daglegdagse fagforeiningsarbeidet. Ho synest partileiinga engasjerte seg for lite etter at årsmøtet hadde gitt eit bra resultat og meiner at ho og andre tillitsvalde vart sitjande for mykje aleine med ansvaret for korleis ein skulle skape ein ny arbeidsstil i foreininga. Den sosialdemokratiske tradisjonen var og er at dei tillitsvalde ordnar opp for medlemmer som ikkje behøver å gjere så mykje sjølve.
Oslo Arbeiderparti - og især dei som styrte Sosiale Etaters Partilag - kunne ikkje godta at fleirtalet valde ein AKP-ar og vraka ein sitjande fagforeiningsleiar frå Arbeiderpartiet. Den tapande Arbeidarparti-fraksjonen søkte hjelp hos forbundstoppane. I siste bandet av Kommuneforbundet si historie blir dette omtala som "en konflikt mellom en AKP(m-l) - dominert forening og den sentrale og lokale forbundsledelsen om hvem som skulle bestemme foreningens fagligpolitiske linje."
Foreiningsstyret i SEF meinte for eksempel at foreininga hadde rett til å bruke lovleg politisk streik som kampmiddel. Vedtektene i Kommuneforbundet inneheldt heller ikkje noko forbod mot dette eller noko krav om at slike aksjonar skulle vere klarert med distriktsstyre eller forbundsstyre. Hausten 1975 vedtok SEF-gruppa på Ungdomskontoret å gjennomføre ein politisk streik for å markere sitt syn på forslaget til kommunalt driftsbudsjett. Foreiningsstyret var lojale mot fleirtalet i den aktive foreiningsgruppa og nekta å følgje eit pålegg frå forbundstoppen om å forhindre at aksjonen vart gjennomført. For oss som var kjende med aktiviteten i foreininga verka det mest komisk da 10 medlemmer av Arbeiderpartiet i november 1975 sende brev til Forbundsstyret og påstod at "SEF har siste året vært styrt av en medlemsgruppe som til daglig ikke har kontakt med de store medlemsmassene i foreningen." I Kommuneforbundet si eiga historie er det ei anna skildring av situasjonen denne hausten: "For kommuneforbundets ledelse besto problemet først og fremst i å vinne kontroll med en forening som åpent og demonstrativt utfordret Arbeiderpartiets og forbundets politikk, og som gang på gang trosset forbundsstyrets vedtak." Forbundsstyret løyste problemet med å suspendere heile foreiningsstyret og opprette eit Administrasjonsutval til å styre foreininga. Dette siste vart underbygd med vage rykte som var spreidde om at det mangla pengar i foreiningskassa.
Foreiningsleiar Lillan Hoffmann visste ikkje noko om suspensjonen før ho ein sein kveld kom heim og fekk høyre at fleire journalistar hadde ringt og spurt etter henne. Dei ville høyre kva kommentar ho hadde til at ho no var suspendert frå Kommuneforbundet.
Ordet Administrasjonsutval hadde ingen god klang. Ryktespreiinga om at kontingentpengar var på avvegar gjorde det ikkje lettare for forbundstoppane. Kommuneforbundet sin historieskrivar peiker på at "utvalget måtte til slutt innrømme at det ikke fant økonomiske misligheter av noen art." Ein underskriftskampanje for å krevje nytt årsmøte fekk svær oppslutning. Arbeidsretten slo fast at den politiske streiken på Ungdomskontoret var lovleg. Administrasjonsutvalet måtte leggje vekk planane sine om å omorganisere foreininga og i staden innkalle nytt årsmøte. Det vart det største møtet i foreininga si historie. Det var skriftleg val til alle verv og to alternativ. Den eine lista var folk som ville fortsetje der det suspenderte styret slutta, mens alternativet var personar med medlemskap eller tett tilknyting til Sosiale Etaters Partilag i Arbeiderpartiet. Eg vart vald til ny foreiningsleiar med stemmetala 459 mot 300.
Sjølv om Arbeiderpartiet tapte årsmøtet, så hadde dei oppnådd ein del. Eit styre av erfarne tillitsvalde var suspenderte og kunne derfor ikkje veljast. Det var fleire grunnar til at det ikkje var lett å finne erfarne folk til å overta. Eg vil tru mange vegra seg fordi det var grunn til å frykte meir trøbbel, og det var dessutan begrensa kor mange som hadde erfaring. Valet av meg var eit eksempel på det. Eg var heilt utan fagforeiningserfaring bortsett frå eitt og eit halvt års medlemskap i SEF. På det første styremøtet viste det seg at eg ikkje ein gong visste korleis eg skulle setje opp ei sakliste til møtet og korleis protokollen skulle førast. Heldigvis var dei som hadde erfaring, av det tålmodige slaget og stilte opp i mange samanhengar der eg var for grønn.
Hausten 1976 bryggja det opp til strid om kor mange tilsette det skulle vere i barnehagane. SEF og Førskolelærarlaget samarbeidde og laga eit diskusjonsopplegg som vart spreidd i kvar einaste barnehage. Ja eller nei til gjennomføring av ein politisk streik for kravet om tre tilsette på kvar avdeling, var eit av spørsmåla i diskusjonsopplegget. Diskusjonane på kvar einaste arbeidsplass vart oppsummerte. Da dette var gjennomført, visste dei tillitsvalde i Førskolelærarlaget og SEF meir om stemninga på grunnplanet enn dei nokon gong hadde gjort. Dei to organisasjonane hadde solid støtte på mange hundre arbeidsplassar da dei - på kvart sitt medlemsmøte - vedtok å gjennomføre ein politisk streik. Ein slik aksjon har sjeldan vori grundigare og meir demokratisk førebudd.
Toppane i Kommuneforbundet og i Norsk Lærarlag godtok ikkje dette. Styret i Oslo Førskolelærarlag vart ekskludert frå Lærarlaget. I november gjorde forbundsstyret i Kommuneforbundet eit vedtak som betydde oppløysing av Sosiale Etaters Fagforening som forbundsavdeling. Vi som var styremedlemmer vart ekskludert. Forbundstoppen sende ein firemannsdelegasjon med sekretær Odd Strand i spissen for å overta kontoret og kaste ut oss som var tillitsvalde i foreininga. Eg gav berre frå meg nøklane til hovuddøra før vi gjekk, slik at det lovlege styret seinare kunne hente ut ein del av det vi måtte ha for å drive foreiningsarbeidet vidare. Medlemsmøte og eit ekstraordinært årsmøte nekta å godta oppløysing av foreininga og vedtok at vi skulle fortsetje som ei frittståande foreining til det igjen vart muleg å drive vanleg foreiningsaktivitet i Kommuneforbundet. Forbundstoppen fekk sannsynlegvis meir motbør enn dei rekna med og gjorde ikkje forsøk på å gjennomføre dei delane i forbundsstyrevedtaket som opna for å innsnevre vilkåra for medlemskap eller reglane for foreiningsaktivitet. Det vart ikkje foreiningsarbeid i kommuneforbundsregi før det i løpet av 1977 vart oppretta fire nye foreiningar. Den eine av dei fekk beholde SEF-namnet. Den frittståande foreininga vedtok å oppløyse seg sjølv etter at ein byrettsdom i 1978 gav oss medhald i at forbundsstyret hadde handla ulovleg.
Disponent Hansen ved A/S Jøtul trudde kanskje han spelte ut eit trumfkort da han 11. februar 1976 la ei underskriftsliste på bordet i Oslo forliksråd. Han ante ikkje at denne handlinga skulle utløyse ein kampvilje blant Jøtul-arbeidarane som nær skremte vatnet av forbunds- og LO-leiinga på Youngstorget, og tenkte nok minst av alt at han skulle medverke til hendingar som styrka AKP sitt omdømme.
Jøtulklubben hadde tatt ut forliksklage fordi dei meinte ein jugoslavisk arbeidar var usakleg oppsagt. Klubben hadde både forbundet og LOs juridiske kontor i ryggen.
Oppseiingsgrunnlaget var enkelt. Bedrifta meinte at arbeidaren hadde sagt "idiot" eller liknande mindre smigrande ord til ein formann. Arbeidaren nekta for å ha ordlagt seg slik. Klubben godtok uansett ikkje at den slags skulle vere oppseiingsgrunnlag og sto på at mannen ikkje hadde skjelt ut formannen. På fabrikkgolvet var det mange som meinte at om han no likevel hadde sagt det han vart skulda for, ja, da hadde han kanskje eit poeng.
Jøtulklubben hadde radikale tradisjonar. Dei hadde meir enn ein gong stilt harde lønnskrav og vist at dei kunne slåst mot eigarfamilien Gahr som sat på aksjane i A/S Jøtul. Disponent Hansen som møtte i forliksrådet denne februardagen, var ein omstridd person. Han hadde starta som ung arbeidar på golvet. Han var klubbformann før han skifta side og vart nestkommanderande hos direktøren. Mange arbeidarar hadde fått merke at han var hardhendt i behandlinga av folk. Hansen trudde nok han snudde saka til fordel for bedrifta da han drog opp lista med dei 23 namnetrekka. Øvst på arket sto det at dei som skreiv under, ikkje ville arbeide saman med den oppsagde. Slik prøvde disponenten nærmast å konstruere eit nytt og meir sakleg oppseiingsgrunnlag. Ein arbeidsgivar har jo ikkje noko val viss arbeidskameratane nektar å arbeide før ein bestemt person er fjerna ...
To av formennene på Jøtul hadde organisert innsamlinga av underskriftene. Dei hadde gått bak ryggen på dei tillitsvalde og berre spurt personar som dei trudde ville skrive under. Dei to hadde fått ein arbeidar til å hjelpe seg. Verken AKP-arane eller klubbstyret kjende til lista før disponenten la den fram i forliksrådet. Klubbstyret reagerte kontant. Dette var å gå bak ryggen på dei tillitsvalde for å hindre klubben i å opptre samla og solidarisk. Arbeidarane på støyperiet og i pussehuset i Enebakkveien sette seg straks dei fekk høyre om lista. Neste dag var fredag den 13. Da vart det ny sitt ned-aksjon frå klokka 13. No var også emaljeavdelinga og monteringsavdelinga på Grønvold med. Forslaget som kom frå ein av dei erfarne sosialdemokratane var klart og enkelt: Vi går ikkje tilbake til arbeidet før Hansen har bedt om orsaking. Einstemmig vedtatt.
Bedriftsleiinga nekta å forhandle med klubben. Arbeidarane hadde på si side tid til å vente. Dei sat både måndag og tirsdag i neste veke. Dei som ville, hadde god tid til å lese alvorlege åtvaringar i leiarartikkelen i Arbeiderbladet på andre aksjonsdagen:
"AKPs viktigste forsøk på å infiltrere massebevegelser har funnet sted i fagbevegelsen. Bevisst har AKP m-l-ere gått inn på bestemte arbeidsplasser for å skaffe seg fotfeste i fagbevegelsen. Ofte dreier det seg om studenter. Dette selvproletariserte småborgerskap innenfor arbeidernes egne organisasjonar har etter hvert avdekket seg selv, dels ved grov utskjelling av de fagorganisertes egne tillitsmenn og dels ved forsøk på å utnytte de minste episoder til å skape bråk og konflikt."
Distriktssekretær Harry Evjen i Jern og Metall oppfordra dei til å gå tilbake til jobb, for at forbundet skulle "komme i forhandlingsposisjon". Eit felles klubbmøte for alle avdelingane onsdag 18. februar avviste likevel med 116 mot 99 stemmer forslaget frå forbundet om å ta opp arbeidet i 12 timar. Situasjonen var heilt fastlåst framfor nytt klubbmøte neste dag: Anten å gå tilbake til arbeid utan å ha oppnådd noko, eller å trappe opp til full streik. Fleire alternativ var det ikkje. Før møtet vart det kjent at 23 klubbformenn i Oslo Jern og Metall hadde oppfordra forbundet til å bringe saka inn for Arbeidsretten. Bedriftsleiinga truga for sin del med at streik kunne føre til nedleggjing av ein del av bedrifta at 80 mann mista jobben.
Medlemmene i AKP-laget på Jøtul hadde hatt seks travle døgn da dei kom på det avgjerande klubbmøtet. Dei hadde studert Strassbourgertesane, som nyleg var trykt i nytt opplag på Oktober Forlag. Det er ei kommunistisk oppsummering frå mellomkrigstida om korleis streik og streikestøtte skal organiserast. Dei hadde diskutert korleis desse erfaringane kunne brukast på Jøtul. Og dei hadde diskutert kva krav som no burde stillast og korleis det gjekk an å få til ein brei streikekomite der alle miljøa og gruppene i arbeidsstokken var representerte. Nokre av dei hadde diskutert med Fagleg utval i partiet.
Marit Engh, som i dag er uførepensjonert, fortel at ho var den utvalde blant AKP-arane som fekk til oppgåve å setje fram det forslaget partilaget hadde diskutert seg fram til. - Eg var både stolt og spent da eg sto framfor om lag 300 garva jernarbeidarar og sette fram forslaget: Full streik! Dei fleste var menn. Vi var berre ni kvinner. Like etter at det var sagt, såg eg eit hav av hender som stemte for! Det var eit overveldande fleirtal. Eg merka ingen skepsis på grunn av at forslaget kom frå ei jente. Gutta tok stilling til saka. For meg og dei andre jentene fungerte dette som ei anerkjenning av oss jentene.
Krava var at den oppsagde skulle ha jobben tilbake og få lønn for tida han var oppsagd. Disponenten og dei to formennene med underskriftsinnsamlinga skulle vekk frå bedrifta. AKP-arane argumenterte for at alle måtte bu seg på ein langvarig konflikt. Dei meinte streiken måtte organiserast slik at den kunne vekse i styrke etter kvart som tida gjekk.
Klubbstyret gjekk til side og møtet valde ein brei streikekomite med Kjell Gjerseth som leiar. Streikekomiteen kunngjorde at "direktør Gahr har misoppfattet situasjonen. Det er ikke 80 mann, men 3 mann som skal ut av bedriften ..." Dei var på ingen måte smålåtne i den første pressemeldinga frå streikekomiteen: "Nå er det 300 arbeidere som dømmer 3 mann ut av bedriften. Og hvorfor skulle vi ikke det? Vi vil ikke lenger godta at det alltid er vi som skal bli dømt!"
Samansetjinga av streikekomiteen var prega av lærdommane i Strassbourgertesane: Alle grupper av arbeidsstokken må vere representerte. Fleire av framandarbeidarane og to av jentene vart valde inn i komiteen. Den eine av dei to, som hadde arbeidd sia ho var 16 år, kjende seg ikkje heilt igjen da ho på fjernsynet om kvelden fekk høyre at grunnen til at det vart streik var at arbeidsstokken var så sterkt prega av ungdom og framandarbeidarar. Sjølv om dei store redaksjonane produserte mykje hets, så var Jøtul-streiken populær ute blant folk. Det var lett å drive støttearbeid.
Dette var den første store arbeidskonflikten der fleire innvandrarar var med i streikekomiteen. Sjølv hugsar eg enno både smilet og handtrykket til ein av dei. Eit stykke ut i streiken lånte eg bort leiligheta til ein del streikande Jøtul-arbeidarar som skulle ha fest. Da eg kom heim utpå natta var Dawda Kah den første eg møtte, ein kølsvart kar på ca. to meter som rette fram handa og sa med eit strålande smil: "Jeg heter Svein Christiansen". Christiansen var leiar i Avdeling 1 av Jern og Metall og mildt sagt lite populær på Jøtul på denne tida.
Dawda Kah og dei andre innvandrarane, sette preg på utviklinga av konflikten, både i og utafor streikekomiteen. Marit Engh fortel om ein dag ho tok ein runde i bygatene saman med Dawda Kah. - Han, ein høg og beksvart afrikanar. Eg, ei lita og lys norsk jente. Vi høyrde ingen rasistiske kommentarar. Alle stader fekk vi positive tilrop om å stå på. Og bøttene våre vart fulle av myntar og hundrelappar.
Heismontørenes Fagforening - som sjølv var ute i ein hard streik året før - gav klar beskjed på første streikedagen at dei stilte kontoret sitt i Folkets Hus til rådighet for Streikekomiteen. Komiteen organiserte streikevakter både utafor støyperiet og pussehuset i Enebakkveien og på monteringa og emaljen på Grønvold. Det var streikemøte to gonger i veka. Kvar einaste dag var ein del av dei streikande ute for å samle inn pengar. Dei fekk jo ikkje fem øre frå klubbkassa eller frå forbundet. Ja, verre enn det. Titusentals kroner som vart sendt inn til Avdeling 1 av jern og Metall, vart haldne tilbake til etter streiken var slutt, sjølv om talsmenn for forbundet stadig gjentok at dei sto bak dei vedtatte krava!
Det vart dagar og netter med hardt arbeid, vanskelege diskusjonar og tett samhald og kameratskap. Aldri før hadde så mange Jøtul-arbeidarar hatt så mykje å gjere med kvarandre til alle tider av døgnet. Dei måtte stadig klare det umulege, og dei klarte det. Mange av dei vart politiske aktivistar for første gong, med eit aktivitetsnivå dei sjølve knapt hadde tenkt seg på førehand: Planlegging og gjennomføring av innsamlingsaksjonar, produksjon av løpesetlar og anna informasjon, organisering av streikemøte, reising land og strand rundt for å fortelje sanninga om kva streiken handla om. Jøtul-streiken forandra kulturen og miljøet, slik ein kvar streik gjer når arbeidet blir lagt opp slik at deltakarane får høve til både å styre streiken og utvikle seg.
Klassekampen trykte ikkje berre siste nytt og Jøtul-arbeidarane sitt syn på konflikten. Avisa hadde plass til streikepoesi og. Eit av dei utradisjonelle innslaga var dette diktet frå ein av lesarane som følgte med i det Aftenposten skreiv om streiken. Diktet kom på trykk utan tittel, men under eit stort fotografi av formannen i Oslo Jern og Metall, Svein Christiansen:
I
Vi har fått stemningsrapporter
fra forskjellige bedrifter i Oslo,
- og de har hittil vært sterke.
Folk ute
forstår den vanskelige situasjonen og gir sin støtte i saken,
og - kanskje økonomisk.
Men andre signaler i dag går ut på at når
så mange tillitsmenn med så meget av god erfaring
ikke blir hørt av arbeiderne,
så kan man ikke uten videre
godta det.II
Slik er det altså forskjellige oppfatninger.
Man har sympati med de streikende i sak,
men man kan ikke forstå
hvorfor ikke arbeiderne er villige til å følge de råd
så mange av tillitsmennene ved de forskjellige bedrifter i Oslo
har gitt dem.
Av den grunn er situasjonen blitt
veldig vanskelig.III
Vi har fortsatt sans
for kravene
De er rimelige i relasjon til det som har skjedd på Jøtul.
Men det vi ikke kan akseptere
er medlemmenes turnering av saken
De mange tillitsmennenes syn på dette er omtrent enstemmige.
Det er ingen nyanser i synet,IV
og vi ser ikke på det som har skjedd
som noe prestisjespørsmål for tillitsmennene
Dette at arbeiderne ikke har villet høre på
så mange tillitsmenn med så meget erfaring
gjør situasjonen
fortvilet .....
sier Svein Christiansen til Aftenposten.Jern og met.arbeider i Oslo
Streikemøtereferata viser at det stadig var konfrontasjonar mellom det sosialdemokratisk dominerte klubbstyret og streikekomiteen. Johan Petter Andresen, som 22 år seinare arbeider i Nordsjøen og er med i Fagleg Utval i AKP, fortel at ein av jugoslavane - som berre vart kalla "Tito" - var kort og krass når nokon frå klubbstyret kom med modererande motinnlegg mot streikekomiteen. "Tito" tok ordet, av og til utan å ha fått det, peika mot der klubbstyremedlemmene sat og slo fast: "Der sitter femtekolonnistene. De må ut."
Avisene skreiv side opp og ned om "AKP-streik". Dagbladet trykte eit svært bilete av formannen i streikekomiteen, Kjell Gjerseth, splitter naken. Biletet var tatt i ei badstu ein eller annan gong. Samtidig skreiv dei om at han i yngre dagar hadde vori innom Unge Høyre før han slutta seg til AKP. Unni Rustad, blant mange kjend som den fremste pådrivaren og organisatoren i antiporno-arbeidet, fortel at ho var nervøs da ho stilte på streikevakt den dagen Dagbladet hadde dette oppslaget. Ho stod saman med ein dansk arbeidskamerat utafor fabrikkporten i Enebakkveien da ein sjåfør stoppa, rulla ned ruta og vifta med Dagbladet. - Eg var redd for korleis dette skulle gå, seier Unni. Men den andre streikevakta avslutta diskusjonen med sjåføren på klingande dansk: "Har I noen gang sett en mann som går i badstu med klærne på?" Sjølv hugsar eg ein sjokkert Arbeiderblad-reportasje om at det vart gjennomført gruppediskusjonar etter at forbundssekretær Harry Evjen hadde orientert på eit streikemøte. Den slags var visst både respektlaust og på tvers av god fagforeiningsskikk. Om det for ein utanforståande kunne sjå demokratisk ut med gruppediskusjonar, så forstod eg no at det i alle fall ikkje var sosialdemokratisk. Møtereferata viser at forslaga om å ikkje ha diskusjon i grupper, vart reist gong på gong, og nedstemt med varierande fleirtal.
Det var både sant og usant at dette var ein AKP-streik. Det var ingen AKP-ar som sette fram forslaget om sitt-ned-aksjon heilt til Hansen ba om orsaking. Men da sitt-ned-aksjonen ikkje gav resultat, var det Marit Engh og dei andre AKP-arane som foreslo å trappe opp til full streik og vedta nye krav. Det var dette "AKP-forslaget" som fekk overveldande fleirtal, mot den forhandlingslinja som klubbstyret gjekk inn for. Men ingen som arbeidde på Jøtul var i tvil om at heile arbeidsstokken stod bak både krava og streikevedtaket. Eit vedtak var eit vedtak, og fleirtal var fleirtal.
Mange meinte det var galskap av 340 arbeidarar gå ut i streik på ubestemt tid, utan å ha forbundet i ryggen og attpåtil på eit krav om at bedriftseigaren skulle sparke disponenten sin! Eit så offensivt inngrep i styringsretten var ikkje akkurat kvardagskost. Korleis skulle den slags ende, i ein situasjon der klubbkasse og forbund nekta å stille opp økonomisk? Det var heller ingen tvil om at siger eller nederlag i Jøtul-streiken ville bety framgang eller nedtur for den klassekamplinja som AKP-arane argumenterte for, på Jøtul likesåvel som på andre arbeidsplassar.
Derfor var konflikten så mykje meir enn eit spontant opprør mot ein upopulær disponent. Streiken var eit varsel om at det var muleg å gå til kamp mot arbeidsgivarane heilt på tvers av det klamme klassesamarbeidet som var politisk og økonomisk eksistensgrunnlag til det sosialdemokratiske sjiktet av heiltidslønna tillitsvalde i forbundet og i Landsorganisasjonen. Det var i aller høgaste grad ein politisk streik, sjølv om streikekrava ytre sett var upolitiske å sjå til.
Streiken vara i fem veker. Det var ein hard kamp. Bedriftsleiinga brukte alle middel for å få arbeidarane tilbake til jobb. Dei fekk hjelp frå sosialdemokratane i Samorgstyret og i styret for Avdeling 1 av Jern og Metall. Etter to vekers streik sende styret i Oslo Faglige Samorganisasjon ut ei pressemelding der ordvalet seier mykje om kor vondt det sosialdemokratiske tillitsmannssjiktet hadde det akkurat da: "Vi er også gjort kjent med at utenforstående ekstremistorganisasjoner ledet av de herværende maoister har blandet seg inn i konflikten. Samorg finner det nødvendig å advare disse". Den gongen var det under verdigheta til styret i Oslo Samorg å nemne AKP med namn. Og dei kunne slett ikkje innrømme at ein del av arbeidarane på Jøtul var med i "utenforstående ekstremistorganisasjoner". Svein Christiansen, den mektige formannen i Avdeling 1, verka både forvirra og skuffa over at Jøtul-arbeidarane gjekk sine eigne vegar.
Streikemøtereferata viser at det er skarp linjekamp i kvart einaste møte. Medlemmer av det avgåtte klubbstyret stiller gong på gong avvikande forslag i forhold til streikekomiteen, men utan å gå mot dei krava som er grunnlaget for streiken. I referatet frå det sjette streikemøtet, kan vi blant anna lese at det var skarpe reaksjonar mot forbundssekretær Harry Evjen som ifølgje referatet deltok som gjest:
"En av våre utenlandske arbeidere var årsak til uro i salen. Dette har skjedd hver gang Harry Evjen er tilstede på møtene. Han føler øyensynlig sterk mistillit til Evjen og ropte ut at Evjen er Den trojanske hesten for Jøtul-arbeiderne. Forslag om at han blir utvist fra møtene om han ikke styrer temperamentet sitt. Det samme gjelder arbeidere som kommer beruset på streikemøtene." Referatet fortel ikkje kven som fremma forslaga eller om dei vart stemt over.
Bjørn Lunder frå Telefonsentralmontørenes forening var også invitert som gjest i dette streikemøtet. Han fortalde at dei hadde vori i same situasjon året før: "Videre sa han at det var viktig å gi oppgaver til alle som streiket - og at det ble sendt skriftlig informasjon til familiemedlemmer.(...) Han understreket betydningen av diskusjonsgrupper og at koner/ektemenn ble tatt med. På spørsmål fra salen om de hadde vært utsatt for hets slik som vi blir, svarte han at de hadde gjennomgått det samme - fra de samme kreftene. Og vi måtte passe opp for de indre fiendene, sa han - avvise alle som lager opposisjon - prøver å lage intriger, eller forsøker på andre måter å skape usikkerhet og splittelse mellom de streikende".
I dette streikemøtet kom usemja og linjekampen og til syne i avstemminga over eit brev til LO-apparatet: "Vi krever at Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, Avdeling 1 og Oslo Faglige Samorganisasjon nå avblåser alle utspill som fører til forvirring og splid omkring vår streik. Vi har gang på gang slått fast at vi står samlet bak kravene og streiken, på tvers av politiske skillelinjer. Nå må dette en gang for alle bli respektert. (...) Særlig vil vi oppfordre andre jernarbeidere om sympatiaksjoner".
Alt dette vart vedtatt med 75 mot 48 stemmer. Stemmetala fortel jo og at mange ikkje var til stades. Enda jamnare stemmetal vart det da den avgåtte klubbformannen, Martin Lekøen, foreslo at alle streikande skulle ha eit møte med avdelingsstyret og dei 23 klubbformennene i Oslo Jern og Metall. Streikekomiteen foreslo å utsetje realitetsbehandlinga av dette forslaget nokre dagar "og at komiteen gjør nærmere undersøkelser. Komiteens forslag ble vedtatt med 61 mot 50 stemmer". Her var det nære på at det avgåtte klubbstyret og leiinga i Avdeling 1 klarte å overta initiativet i streiken.
I streikemøtet 9. mars var det igjen nokså heftig ordskifte. Etter gruppediskusjonen "fulgte noen tildels aggressive innlegg fra salen. Møteleder ble beskyldt for å være arrogant og ensporet (...) Tilslutt hadde Dawda Kah et innlegg, hvor han henvendte seg til (det avgåtte) klubbstyret. Han sa blant anna: - Jeg er ikke norsk statsborger - og er ikke så godt inne i norsk politikk, men såpass forstår jeg at dere ikke viser solidaritet. Personlige ambisjoner hører ikke hjemme her. Det er farlig. Dere har aldri gjort noe for å bedre arbeidsforholdene på Jøtul. Det har dere hatt anledning til mange ganger. Nå har vi anledning til å gjøre forholdene bedre - så hvorfor er dere ikke med. Vi trenger folk med den erfaring dere har."
Dette møtet valde ein delegasjon til å møte Avdeling 1 og dei 23 klubbformennene "torsdag 11.3. kl. 13.00 slik at vi får vite om de støtter oss eller ikke". Delegasjonen fekk seg ei overrasking. Dei delegasjonsmedlemmene som var med i streikekomiteen, vart nekta å delta i møtet! Dei neste dagane vart hektiske og harde. Streiken begynte å gjere inntrykk på bedriftseigaren. Samtidig strevde ein del leiande sosialdemokratar hardt for å berge prestisjen til Avdeling 1 og undergrave streikekomiteen. Det var mykje som stod på spel. Ein ulovleg streik midt i hjartet av Oslo Jern og Metall, ein streik som attpåtil var "styrt" av politiske krefter som gode sosialdemokratar ikkje ein gong skulle nemne med sitt rette namn. Det var så uakseptabelt som det kunne bli.
Mot slutten av det som skulle bli den nest siste streikeveka, vart det avgjort at alle skulle stille opp på eit møte i regi av Avdeling 1 måndag 15. mars. Så skulle det vere streikemøte etterpå for å fatte vedtak om neste steg i streiken.
Spørsmålet om kor avstemminga skulle vere, var ikkje tom formalisme. Det handla om kven som skulle ha styringa vidare, styret i Avdeling 1 eller streikekomiteen. Resultatet vart eit slags både og. Om lag 100 av dei 260 frammøtte arbeidarane boikotta avstemminga, da avdelingsstyret køyrde sitt eige løp og gjennomførte avstemning i det første møtet over eit forslag om å gå på arbeid i eitt døgn. Streikemøtet seinare på dagen vedtok at alle skulle stille på jobb neste dag.
Tirsdag morgon kl.07.00 stempla dagskiftet inn på alle avdelingane. Dei tillitsvalde i Forbundet møtte arbeidsgivarsida for å forhandle. Forhandlingane vart avslutta i halvfiretida natt til onsdag, utan at partane kom til ei løysing. Mekaniske Verksteders Landsforbund (MVL) hadde lagt fram tilbod som kunne løyse enkelte spørsmål, men som ikkje gav svar på hovudkravet om at disponenten skulle vekk. Dermed vart det full streik igjen frå onsdag morgon. Dei neste dagane låg det opptrapping og dramatikk i lufta. Steinhardt press frå begge kantar. Både styret i Avdeling 1 av Jern og Metall og Fagleg Utval i AKP oppfordra no til ein times politisk sympatistreik måndag 22. mars, slik eit streikemøte hadde bedt om.
Gjennombrotet kom rett før helga, etter at varslet om sympatistreik var kjent. Streikeavis nr. 5 som vart utgitt laurdag 20. mars, inneheldt ein "viktig beskjed til alle streikende! Det er nå kommet klar beskjed om at Hansen har sagt opp fra Jøtul med øyeblikkelig virkning. Det er i dag sendt ut denne pressemelding fra streikekomiteen:
Det er en stor seier for de streikende arbeiderne på Jøtul at driftsbestyreren nå er fjernet fra bedriften. Dette sammen med tilbudet fra Mekaniske Verksteders Landsforbund 15. og 16. mars, vil bli lagt fram for de streikende på streikemøtet som innkalles 21. mars kl. 17.00 i Folkets Hus". Ei pressemelding etter dette møtet slår i tillegg fast at "den ene formannen har fratrådt sin stilling, den andre beklager sin handlemåte overfor klubben".
Det hadde røynt på. Linjekampen mellom sosialdemokratane og AKP-arane hadde vori krass gjennom heile konflikten. Men arbeidarane vart ikkje splitta. Bedriftseigar Gahr måtte gi seg. Krava vart innfridd. 340 jøtularbeidarar gjekk tilbake til jobb. Slitne var dei, men dei gjekk inn bedriftsporten med rak rygg, mange erfaringar rikare og saman med han som utløyste det heile med å ta igjen da han følte seg sjikanert av ein formann. Dette er "en av de sakligste, riktigste og mest demokratiske oppsigelser i norsk historie", sa Haralampie Belcovski på seiersmøtet i Folkets Hus 22. mars.
Jøtul-streiken markerte eit vasskilje i det antirasistiske arbeidet. Ein arbeidsstokk av over 20 nasjonalitetar hadde gått til samla streik fordi bedrifta brukte rotne triks for å bli kvitt ein av utlendingane. Utanlandske arbeidarar var ein del av streikeleiinga, og dei deltok skarpt og aktivt både i debatten på streikemøta og i den daglege drifta av streiken. Arbeidarane respekterte sine eigne fleirtalsvedtak i streikemøta og sto saman heilt til dei kunne innkassere ein fullstendig siger. Det vart samla inn nesten 900.000 kroner slik at arbeidarane og familiane klarte seg - utan streikebidrag frå forbundet. Ei av dei som hjelpte til med støttearbeidet var forfattaren Johanna Schwarz. 2. mars kunne vi på førstesida i Klassekampen lese hennar
Ofta gäller det kamp för rimlig lön -
Denna gång är det kamp mot förakt.
Men alltid är det en bitter strid
mot arbetsköparnas makt.
340 man är i strejk.
Vid grinden står folk på vakt.
340 man är i strejk.
Nu måste vi ge dem vårt stöd.
Känslor er bra - men det är inte nog
med appellar om kamp och glöd,
för ska de strejkanda hålla stand,
så behøver de daglig bröd.
Byråkraternas kassor är låsta.
De sitter och väntar på
att de kämpandes motstand ska knäckas av nöd.
Men så får det inte gå!
Kamrater, låt bidragen strömma inn!
Få se vem som knäcker oss då!
Og bidraga strøymde inn, slik poeten oppfordra til. Jøtul-streiken hadde vorti knekt viss det ikkje var for streikestøttekomiteane. Alle visste at det landsdekkjande nettet av streikestøttekomitear var AKPs verk, på godt eller vondt alt etter kva side ein såg det frå. Det første nummeret av Streikeavisa inneheldt ein støtteoversikt:
37 klubbar og fagforeiningar,
73 politiske lag og
102 streikestøttekomitear.
Seinare vart lista over støtteerklæringar og pengebidrag mykje lengre. Av dei drygt 885.000 kronene som kom inn til streikekomiteen sin konto, stod streikestøttekomiteane som avsendar for om lag 500.000 kroner. Fagforeiningsløyvingane var til samanlikning på 98.000 kroner. Arbeidsplassinnsamlingar av ulikt slag utgjorde 50.000 kroner. I tillegg kom løyvingar og innsamlingar frå politiske lag og enkeltpersonar. Det var store og små beløp frå alle kantar av landet, frå sør til aller lengst i nord. 8. mars kunne innsamlingsansvarleg notere seg at "Svalbardarbeidere" hadde betalt inn 710 kroner. Om lag 60.000 kroner kom frå foreiningar, komitear eller enkeltpersonar med tilknytning til Universitetet i Oslo. Nær ein tredjedel av dette beløpet vart samla inn på eitt enkelt solidaritetsmøte i Chateau Neuf! I tilleg var det store summar frå studentar ved dei andre universiteta og frå elevar over heile landet. Bidraga frå student- og elevmiljø utgjorde truleg ein større sum enn fagforeiningsløyvingane. Streikekassa var ikkje tom da det siste streikebidraget var utbetalt.
Klassekampen - som på denne tida kom ut to gonger i veka - gjorde meir enn å beskrive siste utviklinga i Jøtul-streiken. Avisa inneheldt alle opplysningar som var nødvendig for å organisere lokalt streikestøttearbeid. Jøtul-streiken prega førstesida og ein del av dei øvrige sidene i kvart einaste nummer av avisa gjennom heile konflikten. To gonger i veka fekk streikestøtteaktivistar over heile landet lese både siste nytt, streikekomiteen sin versjon av det som skjedde på Jøtul og andre kommentarar. Sigurd Allern som saman med dei andre i AKP sitt Faglege Utval jobba iherdig med å organisere støttearbeid, hadde god hjelp frå avisa.
Faglegpolitisk sekretær Kåre Myhrvold i Arbeiderpartiet hadde ei anna forklaring på korleis Jøtul-arbeidarane fekk inn så mykje pengar. "- Det er grunn til å anta at AKP(ml) får økonomisk støtte fra enkelte næringslivsgrupper", sa han da han rett etter Jøtul-streiken møtte kollegaer frå dei andre sosialdemokratiske partia i Norden til faglegpolitisk samråding på Fagerfjell. Da Aftenposten slo opp denne påstanden, og leita forgjeves i næringslivsorganisasjonane for å finne nokon som var samde med Myhrvold, forklarte han at dette var ein "intern konferanse" der toppfolk frå dei nordiske sosialdemokratiske parta "snakket fritt om de store summene streikekomiteer har operert med." Han nemnde blant anna Jøtul-streiken og streiken ved Norsk Hammerverk. Myhrvold slo fast for Aftenposten sine lesarar at "dette er et alvorlig problem for fagbevegelsen". Han slo fast at "skal vi komme uvesenet til livs (...) trenges mobilisering og handlekraft."
Den faglegpolitiske sekretæren sa ingenting om at hans eigne partifeller i Avdeling 1 hadde haldi tilbake innsamla streikestøtte heilt til streiken var slutt. Det var ikkje så få tusen kroner som vart bevilga eller innsamla til Jøtul-streiken og sende inn via Avdeling 1. Dei som styrte økonomien i Avdeling 1 sørga for at desse pengane ikkje kom fram til mottakarane mens dei hadde mest bruk for dei.
Etter Jøtul-streiken trappa leiinga i Arbeiderpartiet og LO opp den landsomfattande "fei dem ut"-kampanjen som alt var i gang. Det er naturleg å sjå på skjerpinga av denne kampanjen som Arbeiderpartiet sitt "svar" etter at dei hadde sett at AKP si linje fekk fleirtalstilslutning på ein stor industriarbeidsplass gjennom ein av dei lengste og hardaste streikane på fleire tiår.
I 1975 sette Arbeiderparti-leiinga i gang ei landsomfattande kampanje for å få AKP-arane vekk frå både faglege tillitsverv og arbeidsplassar, først og fremst i industrien, men ikkje berre der. Metodane var mangfaldige. Nøkkelpersonar i Arbeiderpartiet spelte ofte på lag med arbeidsgivarsida. Bedriftseigarar som ville bli kvitt arbeidarar som var aktive i klubb eller fagforeining, tok sjølvstendige initiativ og fekk ryggstøtte av den kampanjen som var sett i gang frå Youngstorget. Kampanjen gjekk over heile landet og sette preg på den faglegpolitiske kampen.
Mens eg var leiar i Sosiale Etaters Fagforening fekk eg eit eksempel på at kampanjen omfatta meir enn industrien. Ein vårdag 1976 ringde ein medlem av tillitsmannsutvalet som handterte tilsetjingar i Trondheim kommune til foreningskontoret. Han fortalde meg at han hadde lesi i avisene at vi hadde hatt ein del problem og bråk i foreininga vår. Eg skjønte på den vidare samtalen at han ikkje hadde fått med seg at eg var ein av dei han såg på som "bråkmakar" og at det var vi som hadde hatt solid fleirtal på siste årsmøtet. No hadde den tillitsvalde i Trondheim eit konkret spørsmål til meg. Han ville vite om ein person, som han gav meg namnet på, og som arbeidde på Uteseksjonen i Oslo, var ein av bråkmakarane. Vedkommande hadde søkt jobb i Trondheim kommune, og den tillitsvalde i Kommuneforbundet fann det naturleg å be ein fagforeningsleiar i Oslo gi opplysningar om søkjaren kunne mistenkjast for å vere AKP-ar. Oppringaren nemnde ikkje AKP med namn i samtalen, men det var ingen tvil om at det var det som var poenget. Sjølv har eg aldri møtt denne mannen som dreiv kommunistjakt i 1976, men eg las om han i avisene sist vinter da han og andre høgt gasjerte toppfolk i Kommuneforbundet var på kontingentbetalt tur til Japan saman med ektefeller.
Dei tre jentene som i oktober 1976 vart sparka frå firmaet Per Hestvik & co hadde fire partar mot seg: Bergen Bank, arbeidsgivaren, Arbeiderparti-avisa Rana Blad og LO-appparatet.
To av dei tre var medlemmer av Kvinnefronten. To av dei hadde protestert da ei ung ryddejente vart oppsagd tidlegare på hausten, og hadde samla underskrifter mot den vilkårlege måten Hestvik gjennomførte permitteringar på. Kvinnefronten skreiv eit innlegg til Rana Blad om forholda på bedrifta. Redaktøren trykte ikkje innlegget med ein gong, men gav først ein kopi til Per Hestvik. Bedriftseigaren reagerte kjapt. Han samla alle arbeidarane, las opp innlegget, kravde at det måtte bli slutt på uroa og og sa frå at alle skulle stemme over om innlegget skulle trykkast i Rana Blad. Avstemminga var berre eit tiltak for å byggje opp ei stemning i bedrifta. Redaktøren trykte innlegget heilt uavhengig av det "vedtaket" Hestvik fekk til.
Den dagen innlegget kjem på trykk, ringjer Bergen Bank til bedriftseigaren. Banken seier i frå at Hestvik har overtrekt kassakredittkontoen sin, og krev ei avklaring av den uroa som Kvinnefronten skaper rundt bedrifta. Disponent Per Hestvik orienterer den tillitsvalde på bedrifta om samtalen med banken. Ho hadde samtykke frå både banken og disponenten da ho tok opp utspelet frå banken i eit møte med dei tilsette og Bekledningsarbeiderforbundet, "for ytterligere å understreke de problemer man sto overfor". I tida mellom avstemminga og utspelet frå banken hadde sju-åtte av dei tilsette skrivi under på eit krav om oppseiing av dei tre. Etter at utspelet frå Bergen Bank vart kjent, og Hestvik truga med å legge ned alle dei 30 arbeidsplassane viss det ikkje vart slutt på "bråket", skreiv også dei andre under, slik at disponent Hestvik til slutt haddde 27 underskrifter.
Hestvik var effektiv i visse samanhengar, men ikkje så opptatt av formelle spelereglar. Han varsla den lokale Arbeiderparti-avisa om oppseiingane før han leverte oppseiingsbrevet til dei oppsagde. Dermed kom nyheta på trykk både i Rana Blad og i Arbeiderbladet før dei oppsagde hadde høyrt eit ord. Bekledningsarbeiderforbundet og LO nekta å stille opp for dei oppsagde.
Dagbladet omtalte denne saka under overskrifta: "Banken nektet videre kreditt. Kvinnefronterne i Mo i Rana skulle vekk". Avisas utsende rapporterte at "bankens utspill viser imidlertid at bedriften ville ha stått overfor alvorlige økonomiske problemer uavhengig av de ansattes reaksjon hvis de tre kvinnefronterne ikke var blitt oppsagt". Det var ein noko spesiell reportasje, som i første omgang vart lite kjend lokalt. Avispakkene med Dagbladet kom ikkje fram til Mo i Rana denne laurdagen. Men ein del ranaværingar kunne nokre dagar seinare lese eit opptrykk av reportasjen i Veien Fram, den stensilerte lokalavisa som Rana AKP(m-l) gav ut.
Kvinnefrontgrupper over heile landet dreiv eit svært støttearbeid. Mange valde side for dei oppsagde. Men SV-avisa Ny Tid såg annleis på saka: "De tre som har fått sparken, har i den siste tida utfolda tildels sterk aktivitet til støtte for seg sjøl. De burde vel gå litt stillere i dørene. Det er en gåte for oss at de har greid å stryke så til de grader i oppførsel at samtlige andre ansatte ved bedriften ønsker dem dit peppern gror. Bare det er nok til at en klart må se at denne saka har minst to sider".
Dei tre jentene på Hestvik & co var blant dei som ikkje fekk jobbane sine tilbake.
Det er mangt som blir styrt av tilfeldigheter. Ein fagleg tillitsvald SV-ar som ikkje klarte å stå opp til rett tid tirsdagen etter pinsehelga i 1977, er ein av dei som har betydd mykje i livet mitt. Eg kan takke forsovinga hans for at eg fekk meg jobb som verneassistent på ein av avrusingsstasjonane i Oslo.
Etter at sekretær Odd Strand og dei fire andre utsendingane frå forbundskontoret på seinhausten 1976 hadde okkupert og stengt av kontoret til Sosiale Etaters Fagforening, slik at styre og medlemmer ikkje kunne bruke det, var mi tid som heiltids tillitsvald slutt. For meg personleg var det ikkje verre enn at jobben min på husvilleherberget Krohgen stod ledig og venta. Krohgen var ein av dei arbeidsplassane der Arbeiderpartiet framleis hadde fullt grep i fagforeningsgruppa. No fekk dei lokale partifolka ei konkret oppgåve. Forbundstoppen sin aksjon mot foreininga og foreiningstyret skulle følgjast opp med aksjon frå grunnplanet. Fagforeiningsgruppa på Krohgen vart samankalla til møte med ei einaste sak på dagsordenen: Eit brev til etatsleiinga med krav om å fjerne Erling Folkvord, ikkje berre frå arbeidsplassen men vekk frå organisasjonsområdet til Gruppe 7. Det var godt oppmøte, drygt 20 til stades, men ingen livleg debatt. Vedtaket vart gjort mot ei stemme, det vil seie mi. Dei to aktive høgreekstremistane som arbeidde på herberget, likte dette vedtaket. Ein av dei, Kjell Blich Schreiner, hadde deltatt meir og mindre organisert i ulik nazi-samanheng i over 30 år og fortalde stolt - til dei som orka høyre på - om korleis han drap kommunistar i skyttergravene utafor Leningrad på 40-talet. Han vart seinare redaktør i Folk og Land, avisa til gammalnazistane. Men sjølv om ingen utanom meg uttalte seg mot vedtaket, fekk eg inntrykk av at det var fleire som var mindre glade, sjølv om dei stemte for. Vedtaket vart heller ikkje omtala i massemedia, bortsett frå ein gledesstrålande artikkel i Folk og Land.
Ein av medlemmene i Arbeiderpartilaget spurde ei tid etterpå om å få snakke nærare med meg om det som skjedde på jobben. Han takka ja til å bli med meg heim til middag. Det vil seie, han ville komme viss vi ikkje gjekk saman frå jobben. Ingen måtte få vite at han besøkte meg. Det vart fleire timars samtale og vi møttest meir enn ein gong. Han gav meg eit lite lysteleg innblikk i livet på grunnplanet i Arbeiderpartiet.
Utestenging frå jobb var ei politisk linje som Arbeiderpartiet hadde bestemt seg for å bruke. Den sentrale parolen frå Youngstorget vart mange stader gjennomført mykje meir direkte. På fleire bedrifter gjekk Arbeiderparti-tillitsvalde i spissen for klubbvedtak om at kommunistsympatisørar skulle rett ut porten, utan om og men. Dette skjedde blant anna på Elektisk Bureau i Asker. I mitt tilfelle gjorde dei ikkje anna enn å krevje ei omplassering - eit krav som etatsleiinga ikkje tok noko initiativ til å innfri.
Det var ikkje meg i mot å skifte jobb. Eg var sosialkurator i eitt og eit halvt år før eg vart vald til fagforeiningsleiar på heiltid. Eg trivdest godt på Krohgen da, men fann meg etter kvart mindre og mindre til rette som sosialkurator bak eit skrivebord. I bakhovudet hadde eg og ein god del av argumentasjonen frå partidiskusjonen om arbeidarklassen si rolle i partiet. Hadde eg ikkje i mars 1976 vorti tillitsvald på heiltid, hadde eg kanskje søkt meg ny jobb tidlegare. Når eg no vart stempla som uønskt av fagorganiserte arbeidskameratar som eg til dagleg hadde eit godt forhold til, vart det smått med trivselen og. For meg personleg vart det tungt å takle at alle som var på møtet, stemte for at eg skulle vekk. Det hende at eg var såpass utafor om morgonen at eg berre gjekk ut i telefonkiosken og ringde på jobben og sa at eg var sjuk, og så gjekk inn og la meg. Eg begynte å søkje på ledige stillingar som verneassistent, ein stillingstittel som forsvann eit drygt tiår seinare, etter verneassistentstreiken i 1988. I dag er vi miljøarbeidarar. Det skulle vise seg å ikkje vere så lett å få slik jobb. Da eg tidleg i 1977 møtte til samtale med styrar Roy Engebretsen på det kommunale hybelhuset i Edvard Stormsgate, fekk eg klart svar. Han var tidlegare arbeidskamerat frå Krohgen og ein mann med lang fartstid både i fagrørsla og Arbeiderpartiet. Roy sa det rett ut slik det var, nemleg at han og eg stod politisk så langt frå kvarandre i fagforeiningsarbeidet at eg ikkje høvde til å arbeide der han var sjef. Han var ein av dei Arbeiderparti-medlemmene som hadde stilt seg bak den vedtektsstridige opprettinga av ei konkurrerande fagforeining året før.
Det var ein trist beskjed å få, men det var i alle fall klar tale frå ein lojal sosialdemokrat som sette partiet si linje ut i livet, men som syntest han måtte gjere det på ein tydeleg og redeleg måte. Han dreiv ikkje med utanomsnakk. Eg fekk nei på fleire jobbsøknader, men dette var einaste tilfellet der ein av Arbeiderpartifolka sa rett ut kva det handla om.
Første arbeidsdagen etter pinse skulle det ena ein gong vere tilsetjingsmøte hos etatsjefen. Eg var spent som ein unge på julaftan. Ville eg no sleppe gjennom nålauget og få jobb som verneassistent på den nye avrusingsstasjonen som låg på andre sida Akerselva litt nedafor Krohgen? Det var ikkje mange kvalifiserte søkjarar, og ut frå vurdering av kommunal tenestetid skulle eg liggje best an. Da eg møtte til intervju med styrar og tillitsvalde, oppfatta eg ikkje noko som tyda på at dei ville unngå meg.
Tilsetjingsmøtet gjekk raskt unna, og da eg ringde til møtesekretæren litt over klokka halv ti, fekk eg vite at eg hadde fått ny jobb. Gjett om eg var glad over at eg kunne rydde skrivebordet for å avslutte ein kort og ikkje altfor vellykka karriere som sosialkurator. Men mindre enn ein halv time etterpå fekk eg besøk. Det var fagforeningsrepresentanten frå tilsetjingsmøtet som kom innom. Vi kjende kvarandre og hadde eit greitt forhold oss i mellom. No verka han brydd og lite fornøgd med seg sjølv. Han hadde litt vanskeleg for å få sagt det han skulle. Men meldinga var klar nok: - Du fekk nok dessverre ikkje den jobben heller, Erling. Han forklarte meg at fagforeiningsmedlemmene på Avrusingsstasjonen ikkje ville ha meg som arbeidskamerat. Grunnen var at eg var kommunist.
Han som sa dette var sosialist. Han var ein snill og redeleg kar og ein aktiv SV-medlem både i fagforeininga og i bydelspolitikken. Derfor spurde eg om han sjølv meinte at det å vere kommunist var grunn nok til ikkje å kunne få arbeide som verneassistent. Det meinte han ikkje. Han var motstandar av yrkesforbod og meinte både sosialistar og kommunistar skulle ha rett til jobb om dei var kvalifiserte. Men det var dette med medlemmene i fagforeininga, forklarte han. Når dei ikkje ville ha meg der, så måtte jo han som tillitsvald gjere som dei sa. Slik var dei demokratiske reglane i fagrørsla. Ein tillitsvald må gjere det medlemmene krev.
Eg syntest ikkje eg fekk noko godt svar da eg spurde om han var så prinsipplaus at han ville godta absolutt alt som medlemmene kravde. Han kunne heller ikkje forklare meg sikkert om det var eit fleirtal av medlemmene som stod bak det demokratiske kravet om å sleppe å få ein kommunist på arbeidsplassen. For meg vart dette ein interessant og litt oppmuntrande prat, nærmast eit slag nærstudium av den faglegpolitiske opportunismen hos ein snill, men prinsipplaus SV-ar som skylder på grunnplanet når han gjer knefall for den sosialdemokratiske partimakta. Mannen var synleg misnøgd med det standpunktet han forsvarte, og eg vart sitjande att med ei sterk kjensle av at det eigentleg var Arbeiderpartiet han var redd for å utfordre, og ikkje fagforeningsmedlemmene på Avrusingsstasjonen.
Lengre ut på dagen ringte han meg med ein ny beskjed. No var han - etter stemmeleiet å dømme - enda meir utilfreds. Han forklarte at eg kom nok til å få denne jobben likevel. Saka var, forklarte han, at han hadde forsovi seg på morran etter pinsehelga. Derfor fekk han berre levert ein skriftleg protest etter at eg var tilsett. Da han var innom hos meg på føremiddagen, hadde han vori heilt sikker på at den protesten vart godtatt. Men no hadde han fått beskjed om at etatsjef Halvor Midtbø avviste protesten, slik han hadde formelt høve til. Den tillitsvalde måtte nok ta fleire telefonar for å informere oppdragsgivarane sine, etter at han snakka med meg. Halvor Midtbø var ein av dei etatsjefane under sosialrådmannen som ikkje var medlem i Arbeiderpartiet.
Eit par månader etter begynte eg som treskiftarbeidar på Avrusingsstasjonen og merka ingenting til at fagforeiningsmedlemmene der ikkje ville ha ein kommunist som kollega. Mykje seinare fekk eg høyre litt om kva som var bakgrunnen. Ein som jobba nært styraren, fortalde meg at styraren hadde hatt eit svært sterkt ønske om å hindre at eg fekk jobb der. Ho hadde møtt forståing hos den lokale tillitsvalde. Det hadde aldri vori noko møte for å undersøkje kva fleirtalet av medlemmene i foreininga meinte. Den søkjaren dei ville ha i staden for meg, hadde eit vikariat på institusjonen. Han var elles ein mann med nesten fullført universitetsutdanning i filosofi og eit triveleg eksempel på at ein ikkje treng vere kommunist for å foretrekke eit liv som skiftarbeidar i staden for ein akademisk karriere. Det vart fleire ledige stillingar i løpet av sommaren, slik at det vart plass til oss begge.
Eg trur det er to hovudgrunnar til at AKP ikkje vart knekt av denne kampanjen som var styrt frå Youngstorget, på same måte som NKP vart i åra rundt 1950. Den eine grunnen er at vi på førehand såg på leiinga i Arbeiderpartiet som ein politisk fiende, som ein del av borgarskapet. Det var annleis for NKP som hadde sett på Arbeiderpartiet som ein nær alliert - og til og med diskutert partisamanslåing - to og eit halvt år før statsminister Einar Gerhardsen i februar 1948 heldt Kråkerøytalen der han lyste alle kommunistar i bann. Den andre årsaka er at det var eit godt indre samhald i AKP. Vi hjelpte kvarandre. Det var lett å få støtte når det bles som hardast. - Likevel er det ingen tvil om at mange personar fekk ein personleg knekk av dei åtaka dei vart utsette for. Og ein del plassar vart AKP kraftig svekka. Men sett under eitt, så hadde partiet såpass indre kvalitetar at "fei dem ut"-kampanjen i hovudsak vart mislykka.
Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund - til dagleg berre Jern og Metall - var første LO-forbundet som oppnådde ein slik styrke at dei tvinga bedriftseigarane til å skrive under ein landsomfattande tariffavtale. Dette historiske delmålet nådde dei i 1907. Når hovudtariffoppgjera vart gjennomført forbundvis på 70- og 80-talet, var det derfor forbundsformannen i Jern og Metall som først sette seg til forhandlingsbordet. Det han oppnådde, la ein mal for kva dei andre forbunda kunne få til. Etter omorganisering og forbundssamanslåing er det Fellesforbundet som har denne rolla i dag. Gjennom dei første 40 åra av etterkrigstida vart Osloforeininga, Avdeling 1 av Jern og Metall, sett på som den største og viktigaste fagforeininga i Norge. Det følgde prestisje med å ha sentrale verv i Avdeling 1. Tidleg på 70-talet, da det begynte å dukke opp AKP-arar både her og der, var Avdeling 1 ein sosialdemokratisk bastion, ei av dei kommandohøgdene i fagrørsla der Arbeiderpartiet alltid hadde full kontroll. Det var utenkjeleg at noko eller nokon kunne rokke ved denne naturens orden.
Dette må vere noko av forklaringa på dei paniske reaksjonane frå toppsjiktet på Youngstorget i etterkant av eit medlemsmøte i Avdeling 1 i april 1977. Etter sigeren i Jøtul-streiken året før var medlemsaktiviteten høgare enn på lenge i Oslo Jern og Metall. Det var etterkrigsrekord da omtrent eitt tusen av dei 17-18000 medlemmene møtte fram på årsmøtet våren 1977. Så mange som 250 stemte for ein kritikk av avdelingsstyret si handtering av Jøtul-streiken, og mindretalet var enda større da årsmøtet skulle seie ja eller nei til å løyve pengar til Arbeiderpartiet og SV. Ingen var likevel i tvil om at det Arbeidarpartidominerte foreningsstyret - med eit lite SV-innslag - hadde både fleirtal og full kontroll. Det var knapt eitt hundre som stemte på opposisjonen sine kandidatar ved val av nytt styre. Men på dette årsmøtet hadde toppsjiktet i avdelinga likevel møtt ein breiare og tyngre motstand enn vanleg. Det var meir opposisjon enn dei var glade for. Det låg noko i lufta.
På neste medlemsmøte skulle foreininga velje utsendingar til LO-kongressen. Da var styrkeforholdet endra. Fleirtalet på det godt besøkte medlemsmøtet 13. april vedtok å diskutere dei viktigaste sakene som skulle behandlast på LO-kongressen før dei valde utsendingar. Svært få vil vel reagere på ei sånn rekkjefølgje i dag. Diskutere først og stemme etterpå, er jo nokså demokratisk. Men styret i Avdeling 1 tenkte ikkje slik i 1977. Ingen av foreiningsstyret sine kongresskandidatar tok ordet i debatten. Og da det kom til avstemming, så stemte dei anten blankt eller i mot det vedtaket som fekk fleirtal. Etter dette ordskiftet valde møtet fem medlemmer av AKP i staden for dei fem klubbformennene som styret hadde tenkt å sende til LO-kongressen. Fleire av AKP-arane var sjølve overraska over utfallet. Partiet hadde lagt mindre vekt på dette møtet enn årsmøtet. Dei eg har snakka med, hadde ikkje venta seg eit klart fleirtal. Dei fem kongressdelegatane var Marit Engh og Kjell Gjerseth frå Jøtul, Harald Minken frå Standard Telefon og Kabelfabrikk, Brynjulf Mugaas frå Nyland og til slutt partileiar Pål Steigan som hadde permisjon frå Asea-Per Kure.
Dette høyrest ikkje ut til å vere særleg dramatisk. Seinare har det jo vori AKP- og RV-medlemmer på kvar einaste LO-kongress, og det som skjedde 13. april 1977 var jo ikkje noko anna enn at eit heilt vanleg fagforeiningsmøte diskuterte ei sak og så gjorde vedtak etterpå. Men våren 1977 var det annleis. Ei slik utfordring av Arbeiderparti-kontrollen i foreininga til jernarbeidarane i Oslo, det var ei symbolsak som handla om så mykje meir enn kven som vann eller tapte eit enkelt møte. Utfallet av møtet må derfor ha kommi som eit sjokk på både forbunds- og LO-leiinga. Etter at Arbeiderparti-toppen i lang tid hadde oppmuntra ei omfattande "fei dem ut"-kampanje for å få AKP-arane ut av tillitsverv og helst vekk frå viktige arbeidsplassar og, så viste dette uanstendige minipartiet seg å vere så frekk at dei vann fleirtal på eit delegatvalmøte i Avdeling 1!
Reaksjonane frå parti- og forbundstoppane i dei første dagane etterpå gir grunn til ettertanke for nokon kvar. Det var reaksjonar omtrent like sindige og saklege som det vi kan forvente om Oslo-biskopen opnar Aftenposten ein måndag morra og kan lese at siste menighetsmøte har valt inn berre muslimar i det nye menighetsrådet i Domkirkens menighet.
Programleiar Per Øyvind Heradstveit inviterte både klubbformann Kjell Fiskerud på Asea - Per Kure (ei tradisjonsrik Oslo-bedrift som vart nedlagt på 80-talet) og den nyvalde kongressdelegaten Pål Steigan til direktesend debatt i "På Sparket". Steigan arbeidde på denne fabrikken frå 1971 til ei stund etter at han i 1975 vart vald til partileiar i AKP. På spørsmål frå Heradstveit sa Kjell Fiskerud at han håpa vedtaket ville bli omstøytt. Han fortalde at det i løpet av dagen hadde vori ei rekkje møte på Youngstorget. Dei hadde blant anna diskutert om det var muleg å bruke den paragrafen i vedtektene som gir 25 prosent av medlemmene rett til å krevje nytt årsmøte.
Reint formelt var den utvegen meir enn tvilsam, ganske enkelt fordi det ikkje var snakk om eit årsmøtevedtak. Det kan og tenkjast at fleire av forbundstoppane vart i tvil om dei ville klare å mønstre 4 500 medlemmer bak eit krav om å gjere om eit lovleg medlemsmøtevedtak, berre fordi styret hadde lidd nederlag. Etter kvart som alvoret seig på dei, såg nok dei klokaste av det krenka toppsjiktet at dei ville utfordre grunnleggjande organisasjonsprinsipp viss dei skulle krevje nytt møte for å få vald dei kongressdelegatane som partitoppane på Youngstorget ville ha.
Kjell Fiskerud vart uklar da Heradstveit utfordra han på om det gjekk an "å omstøyte eit slikt vedtak som blei gjort i går". Først viste Fiskerud til vedtektsregelen om at det går an for 25 prosent av medlemmene å kreve nytt årsmøte, men så fortsette han nokså utydeleg: "Hvorvidt det kan brukes videre, det vil si i det hele tatt den formelle sida, den vil jo ha en del juridiske betenkeligheter osv.
Heradstveit: - Blir dei diskutert nå?
Fiskerud: - De blir diskutert, og jeg kan ikke svare . . .
Heradstveit: - På sentralt LO-hald?
Fiskerud: - Ja, men uansett det, så vil jo LO i alle fall være nødt til å ta hensyn til en annen ting, nemlig hvis det er avdelingens medlemmer i Oslo, 18.000, at de ikke vil ha, at de ikke mener at disse fem er verdige representanter, ja, så er det klart at det skal godt gjøres å hindre at det ikke blir omstøtt".
Ingen som såg TV-debatten var i tvil om at klubbformann Kjell Fiskerud meinte dei fem delegatane var svært uverdige. Men kanskje ein og annan fjernsynssjåar spurde seg sjølv korleis Fiskerud kunne vere så sikker på at dei andre 17 999 medlemmene var samde med han. 150 av dei hadde da trass alt vori på foreningsmøte og stemt for dei fem delegatane etter eit vanleg ordskifte? Fiskerud ville ikkje med eit einaste ord diskutere det faglegpolitiske innhaldet i vedtaket frå kvelden før. Men han var raus med karakteristikkar av den nokså talrike opposisjonen. Utan minste tvil eller eitt einaste unnatak slo han fast at møtefleirtalet på om lag 150 fagorganiserte "det var frelste AKP-ere hver eneste en". Og ikkje berre det: "Steigans folk, det er jo bortskjemte studenter, pappagutter, ja, de fleste av dem er enten direktørsønner eller liknende.(...) Det er folk som er helt fremmede og som kommer fra Blindern med akademisk utdannelse.(...) Saken er den at AKP har ingen innpass i norsk fagbevegelse. . ."
Og så fortalde han TV-sjåarane om klubbmøtet dagen derpå på sin eigen arbeidsplass: "Ja, vi har hatt klubbmøte på Asea-Per Kure, og der har vi, i likhet med på årsmøtet har vi sju AKP-ere. De går gjerne under betegnelsen de sju små dverger. De verken vokser eller minker. De er der trofaste, de tilhører menigheta til Steigan, og de var også de eneste som gikk i mot når vi i dag vil oversende til avdelingen et krav om at det blir holdt et nytt medlemsmøte og hvor man omstøter valget av disse fem som ikke er representative og som er uverdige representanter for Oslo-avdelingen".
Programleiar Heradstveit ville ha klart svar frå Pål Steigan: "Kva gjer så de viss dette verkeleg blir slik som det ser ut til å bli, nemleg at det er aksjonar i gang for å få omstøytt det heile, kva gjer de då?
Steigan: Ja, hvis nå pampene mot formodning skulle prøve å holde et nytt møte, så vil de oppleve det, at dersom de klarer å trumfe seg til et flertall, så vil opposisjonen mot dem bli større enn noen gang. Sånn at det de egentlig lager, er ris til egen bak. Og det er måten de alltid fungerer på. De tar reaksjonære standpunkt".
Steigan varsla at dersom Fiskerud fekk viljen sin og det vart innkalla eit nytt møte for å prøve å gjere om vala, da ville AKP "oppfordre alle progressive jernarbeidere som ønsker at kampen mot kombioppgjøret skal styrkes, at kampen mot den reaksjonære klassesamarbeidslinja til LO-ledelsen skal styrkes, til å slutte mannjamnt opp på det møtet og by pampene en motstand de aldri har sett".
Programleiaren sitt siste spørsmål til Kjell Fiskerud var kort og konsist: "Kva har LO då lært av dette, Fiskerud. For det er jo ganske fantastisk dette som skjedde i går kveld?
Fiskerud: Det er veldig vanskelig å si med en gang. Det er klart at for det første må det endres på vedtekter og slik at vi ikke kan bli tatt på senga på disse kuppoppleggene som til enhver tid nå kan regnes med. Dette må vi jo behandle innenfor organisasjonen. Det er et problem".
Steigan som fekk siste ordet, avslutta debatten med å "be de fagorganiserte merke seg at han truer med å gå inn for vedtektsendringer for å frata medlemsmøtene rett til å gjøre demokratiske avgjørelser".
Og vedtektsendringar har det vorti fleire gonger sia den gongen. Som oftast har endringane gitt dårlegare kår for grunnplansdemokratiet. Men før den neste kongressperioden i LO var slutt, vart ein av dei utskjelte "dvergene" vald til klubbleiar på Asea-Per Kure. Han hadde det vervet til bedrifta vart nedlagt, og var såvisst ikkje den einaste AKP-aren i klubbstyret.
Toppsjiktet på Youngstorget prøvde ikkje å få omgjort vedtaka frå medlemsmøtet i Oslo Jern og Metall. LO-sjefen sjølv, Tor Aspengren, erklærte i staden i eit avisintervju at han skulle lære dei fem delegatane frå Avdeling 1 folkeskikk. Heller ikkje folkeskikk-kurset vart heilt vellykka.
Marit Engh er etter alt å dømme den første som har sett fram forslag om 6-timars normalarbeidsdag på ein LO-kongress: "Forslaget til handlingsprogram som er lagt fram, garanterer ikke noen reell forbedring for arbeidsfolk, og står ikke for noen framgang for kvinnefrigjøringa" sa ho og foreslo at "LO-kongressen krever at Stortinget gjør vedtak om at den alminnelige arbeidstid blir satt ned til 7 timer pr. dag innen 1978, og på lengre sikt 6 timer pr. dag. Det må gis full kompensasjon for arbeidstidsforkortelsen. Arbeidstidsreduksjonen må utfylles med tilsvarende flere ansettelser." Etter 1977 har dette kravet vori debattema på kvar einaste ordinære LO-kongress.
Marit Engh fortel at ho hadde lova dei eldste arbeidskameratane på monterings- og emaljeavdelinga på Jøtul at ho skulle ta opp pensjonskrav, og i sær kravet om lågare pensjonsalder. - Da eg stod på talarstolen i Folkets Hus og konfronterte LO-formann Tor Aspengren med at han hadde sikra seg sjølv, men gjekk mot gutta på golvet, da reiste han seg rasande opp i salen og hadde nok mest lyst til å kaste meg ned av talarstolen. Men eg sette fram forslaget om lågare pensjonsalder og let meg ikkje forstyrre av Aspengren.
Også Pål Steigan kritiserte i tariffdebatten at Tor Aspengren ordna seg ein pensjonsalder på 60 år sjølv, og argumenterte for lågare pensjonsalder for alle i tråd med samrøystes landsmøtevedtak i Arbeidsmannsforbundet og Norsk Papirindustriarbeiderforbund: "Mange arbeidere når i dag ikke fram til pensjonsalderen på grunn av hardt, tungt og helsefarlig arbeid. La oss derfor stille oss bak kravet om redusert pensjonsalder. (...) Meddelegater, ikke godta LO-ledelsens kalde skulder mot de eldre arbeiderne og pensjonistene, la oss vedta disse krava i dag".
Aspengren svara på denne kritikken frå Engh og Steigan med eit innlegg der Kongressens eigen referent gjengir avslutninga slik: "Han ville til slutt si: 'Fader forlat dem thi de vet ikke hva de gjør.'" Fortsetjinga av møtereferatet viser at ikkje alle vart imponert over LO-formannen sin debattkunst:
"Odd Kapstad, Buskerud, sa til forretningsordenen at han syntes Aspengrens siste bemerkning passerte grensen for hva som kan sies i salen.
Tor Aspengren: - Jeg synes ikke det går an å gå opp på den måten. (Kapstad fra salen: Hvordan skal jeg gå opp da?)
Aspengren: - Du skulle helst sitte nede."
Det kan hende at det etter dette var fleire enn AKP-arane som tvilte på LO-formannen sin evne til å lære bort god folkeskikk til andre. I alle fall tok Øystein P. Olsen ordet og kravde at Aspengren skulle beklage at han "i sin vrede flåset med verdier". Da gjekk Tor Aspengren på talarstolen enda ein gong og sa kort og enkelt og arrogant at han ikkje skjønte kva han hadde å beklage. Den ellers svært lojale kongressalen møtte dette "svaret" med ei absolutt og talande taushet.
Tradisjonsrike Avdeling 1 er no ein del av Fellesforbundet sin organisasjon i Oslo. Medlemstalet har skrumpa i takt med industrinedleggjingane i Oslo og vedtektene er endra slik at det svært sjeldan er medlemsmøte. Den sosialdemokratiske fronten mot medlemmer frå AKP og RV er ikkje så skarp som for 20 år sida. Verktøymakar Boye Ullmann, klubbformannen på Norwesco, er i dag nestleiar i Avdeling 1. I Tor Aspengren sine velmaktsdagar hadde det vori utenkjeleg å velje ein aktivist frå RV- og AKP-miljøet til dette vervet.
"Nå er begeret fullt, sier to tillitskvinner". Ein oktoberdag i 1976 lyste denne overskrifta over fem spalter mot lesarane i Arbeider-Avisa i Trondheim. Både klubbformann og kasserar i bedriftsklubben ved Friogrill, den største fiskeforedlingsbedrifta i Trondheim, slo alarm. Avisa presenterte sjølve hovudpoenget på førstesida: "Vi tar avstand fra den forakt som disse gruppene viser overfor fagbevegelsens kvinner og menn. Det kaos som disse gruppene legger opp til, er å slå føttene under det fagbevegelsen har kjempet seg fram til, sier de to tillitskvinnene". Inne i avisa får lesarane vite litt meir: "Medbringende angivelig siste utgave av "Midtbyen streikestøttekomites" løpesedler, understreker de at de nå er lei av til stadighet å bli overdynget av slike løpesedler som fra ende til annen rakker ned på det fagbevegelsen står for".
Klubbformannen gir lesarane ei levande skildring av dei påkjenningane ho sjølv nettopp har vori utsett for: "I går morges ved 6.30-tida da vi kom på jobb, ble vi igjen møtt av en som sto og delte ut slike løpesedler utenfor bedriften. Ettersom Tiger-saken tok til i byretten i går, spurte jeg om løpeseddelen dreide seg om denne saken. Da det ble svart at den også gjorde det, avviste jeg å ta i mot den. Jeg synes retten skal få ta stilling til denne saken før andre begynner å prosedere".
Tiger-saka handla om at fleire jenter hadde fått sparken på konfeksjonsfabrikken Tiger. Bedrifta meinte at i alle fall ei av dei ikkje jobba raskt nok, men det var lett synleg at oppseingane var ein del av ei større kampanje for å sparke AKP-arar ut bedriftsporten.
Sjølv om klubbformannen på prinsippfast vis nekta å ta i mot løpesetelen, så var det mange andre som tok den med inn på jobben, las og diskuterte. Seinare på dagen hadde ho fått høyre frå nokre av kollegaene at løpesetelen "blant annet inneholdt grove beskyldninger" mot den forrige klubbformannen på bedrifta. Kva som var innhaldet i dette, det fekk ikkje lesarane i Arbeider-Avisa vite. Men klubbformannen gav klar beskjed om at påstandane "faller imidlertid på sin egen urimelighet og avslører at de som står bak løpeseddelen ikke vet hva de snakker om".
Ein kritisk lesar av Arbeider-Avisa kunne jo lure på korfor det da var noko å skrike så høgt om. Det beste ein kan gjere med påstandar som "faller på sin egen urimelighet", det er jo å la dei gjere nettopp det, utan meir oppstuss.
Forklaringa kom litt lenger ned i reportasjen: "Hittil har løpeseddelaktivistene stort sett stått utenfor bedriften ved arbeidstidas begynnelse om morgenene". Men i det siste hadde det tatt ei meir alvorleg vending: "Det er også gjort forsøk på å overøse bordene på spiserommet med denne hets-propagandaen mot fagbevegelsen. Dette vil for framtida ikke bli godtatt". Mot slutten av intervjuet slo dei to fast at det var mykje som stod på spel: "Vi vil bevisst motarbeide en politikk som legger opp til kaos, fordi vi av erfaring vet at det ikke tjener lønnstakernes interesser".
På denne tida var klubben på Friogrill solid dominert av eit Arbeiderparti-lojalt styre. Ein AKP-ar hadde rett nok begynt å arbeide der i 1975 og eit par til hadde fått jobb i 1976. Men dei kunne vel ikkje vere noko trugsmål? Reportasjen i Arbeider-Avisa inneheldt ikkje ei einaste konkret opplysning til lesarane om kva som var innhaldet i den faglegpolitiske usemja. Ja, det blir ikkje ein gong sagt at klubbformannen sitt problem er at ho for første gong har fått medlemmer som hevdar andre faglegpolitiske standpunkt enn det ho og Arbeiderpartiet står for. Det nærmaste ein kunne komme ei slik konkretisering, var utsagnet om at "grove beskyldninger" mot den forrige klubbformannen "faller på sin egen urimelighet". Når dette fekk så svært oppslag i Arbeider-Avisa, så måtte jo lesarane tru at noko forferdeleg var i gjære.
Arbeidarparti-kontrollen hadde vori så total på bedrifta at den tidlegare klubbformannen hadde tatt seg rett til å kalle inn klubbmedlemmer til samtale og spørje dei ut, blant anna om kva parti dei stemte på ved siste val. Etterfølgjaren i klubbformannsvervet, ho som kunngjorde at begeret var fullt, kalla også inn to av medlemmene sine til samtale. Ho såg ingen grunn til å spørje kva for eit parti dei stemte på. Ei av dei innkalte, AKP-aren Marion Palmer som hadde begynt å arbeide i bedrifta året før, skreiv ned litt av det som skjedde:
"To arbeidere blir innkalt på fagforeningskontoret av fagforeningens formann. Formannen, et styremedlem og noen av foreningens medlemmer sitter rundt bordet. Alle kaster blikk til hverandre idet de to innkalte åpner døra. De får beskjed om å ta plass. De ser usikkert på hverandre og setter seg. Stillhet. Formannen bryter tausheten. 'Nå har vi fått nok av dere to.' De andre rundt bordet nikker samtykkende. 'Det har vært så mye bråk og uro her på bedriften i det siste.' Fortsatt nikking rundt bordet. De to ser på hverandre. På bordet ligger siste nummer av Nå: 'Røde horder infiltrerer industrien.' Overskriften lyser mot dem."
Marion fortel at ho såg Oktober-heftet om Strassbourgertesane liggje på hylla under møtebordet. Det var tydelegvis fleire enn AKP-arane som hadde fatta interesse for Oktobers nyutgiving av det gamle heftet med kommunistiske erfaringar om organisering av streik og fagforeningskamp. Nå-artikkelen kunne fortelje at ikkje mindre enn 4000 raude ungdommar infiltrerte industrien. Eit av dei viktige kjenneteikna ved dei var - i følgje Nå - at dei var for fastlønn og mot akkord. Klubbformannen slo kategorisk fast: "Dokker er sånn. Vi har hørt det". Marion medgir at ho hadde eit poeng der. Begge dei to hadde argumentert for å fjerne akkordsystemet. Det var fleire enn dei to som syntest det var ekstra urettferdig med akkord ettersom det var maskinene som bestemte kor mykje som vart produsert. Ved maskinstopp mista dei automatisk bonus og fekk mindre lønn. For bedrifta var dette ei gunstig ordning.
Klubbformannen gjentok at det hadde vorti så mykje bråk på bedrifta etter at dei to begynte. Og så slo ho fast at det ikkje var lov å snakke om politikk. På spørsmål om kva det var lov å snakke om hadde ho klart svar: "Oppskrifter og fester". - Vi svara at vi syntest det burde vere same reglar for alle og sa at klubbformannen burde setje opp eit oppslag om kva det var lov å snakke om. Slike reglar burde gjelde for alle, og da måtte jo alle få beskjed. Viss det kom eit slik oppslag, så skulle vi bøye oss for det.
Det vart nok for vanskeleg å formulere ein skriftleg regel om at det ikkje var lov å diskutere politikk på ei bedrift der klubbstyret gjerne inviterte framståande politikarar frå Arbeiderpartiet til å tale eller orientere om politiske spørsmål, særleg i valår. Og det var jo ikkje det det handla om heller. Det var om å gjere å stanse kjeften på ein del unge jenter som ville ha demokrati i foreininga og bli kvitt akkordsystemet som bedrifta var så godt fornøgd med.
Denne episoden er symptomatisk for korleis klimaet var på enkelte kvinnearbeidsplassar for 20 år sia når Arbeiderparti-lojale tillitsvalde for første gong møtte ein synleg og hørbar opposisjon. Det møtet som klubbformannen på Friogrill kalla dei to inn til, var ikkje eit formelt møte med klubbstyret. Nei, det var eit reint mobbemøte der ho hadde invitert eit klubbstyremedlem og nokre få andre medlemmer som kunne hjelpe henne med å psyke ned to av dei ho ville knekke.
Kva slags "bråk" var det så Marion Palmer og nokre andre hadde stellt i stand i løpet av 1976, i tillegg til at dei var mot akkord og for fastlønn? Til årsmøtet på våren leverte Marion eit forslag om å kritisere den moderasjonslinja som LO hadde lagt opp for tariffoppgjeret. Det var to som stemte for forslaget. Ein av arbeidskameratane fortalde Marion at dette var første gongen det kom inn forslag til eit klubbmøte frå eit av medlemmene. "Er det rart at vi vart redde," sa ein annan ved eit seinare høve.
I august same året hadde Marion vori innkalla til direktøren. Årsaka var at det var delt ut løpesetlar på bedrifta som oppfordra til å delta i demonstrasjon mot den sovjetiske okkupasjonen av Tsjekkoslovakia. Direktøren verka ikkje særleg glad for situasjonen. Han forklarte at i dette tilfellet så var han i sak heilt einig i løpesetelteksten og einig med Marion. Men det hadde vorti uro på bedrifta av dette. Han hadde fått klager. Og så viste han fram eit oppslag frå Dagbladet om uro i industribedrifter. Oppslaget hadde inga tilknyting til Friogrill.
Det var ein steintøff periode for AKP-jentene på Friogrill. Innkallinga til klubbkontoret var ikkje det einaste mobbetiltaket. Ved samlebandet fekk ei av AKP-jentene som var gravid, høyre at ein arbeidskamerat syntest synd på ungen: "Du kjem til å få ein sånn mao-unge". Nyheta om at Oktoberbokhandelen i Tromsø var sprengt vart møtt med jubel ved fleire av kantineborda på Friogrill måndag 14. mars 1977. Praten gjekk livleg om kor flott det var at bokhandelen var øydelagd.
"Det som berga oss var at vi hadde ei syforeining saman med nokre andre på jobben. Det pusterommet berga helsa mi," seier Marion Palmer i dag. Syforeininga var to av AKP-arane og tre-fire andre jenter som møttest jamnt i den verste perioden.
Det var ein episode i kantina som sette ein stoppar for den verste mobbinga og personforfølgjinga. To nytilsette jenter hadde sett seg ved eit kantinebord der det sat to AKP-arar. Alle hadde faste plassar i kantina. Klubbformannen hadde innkalla dei to nytilsette og forklart dei at det ikkje ville gå dei bra viss dei sette seg ved eit bord der det sat AKP-arar. Da dei to likevel gjorde det, fekk dei tilbod om nytt bord.
Da sprakk det for Marit, den eine av dei to som sat ved bordet frå før. Utan at noko var planlagt reiste ho seg og gjekk fram og snakka til alle i kantina. Ho forlangte at det no måtte vere nok med denne mobbinga og personforfølgjinga. Det var så tøff handlemåte at det gjorde inntrykk. Den episoden sette ein stoppar for den mest offensive mobbinga.
Ei av dei første konkrete forbetringane på Friogrill var at foreininga i 1977 kunne avvikle årsmøtet i arbeidstida, med full lønn til alle. Sannsynlegvis var både bedriftsleiinga og foreiningsleiinga redde for at dårleg oppmøte på vanleg kveldstid skulle gjere det lettare for AKP-arane å få fleirtal. Arbeider-Avisa skriv, etter årsmøtet i 1977 der klubbformannen er attvald, at "for første gang i foreningens historie ble dette årsmøtet holdt i arbeidstida med full lønn til de ansatte". Før dette årsmøtet i Fryseriarbeidernes Forening, eksploderte ein voldsom konflikt på ei av nabobedriftene der dei organiserte arbeidarane var med i same forbund, men i Hermetikkarbeidernes forening.
25. november 1976 gjekk ni fagorganiserte ved fiskematfabrikken M. Hustad & co A/S i Trondheim til sitt ned-aksjon. Dei protesterte mot at ein ung arbeidar hadde vorti oppsagd mens han var sjukemeld. Dei meinte oppseiinga var usakleg. Etter nokre dagar vart aksjonen utvida til full streik og streikevakthald vart organisert. Bedriftseigaren svara med å seie opp dei som var i streik. Det vart ein hard konflikt der "alle" måtte velje side. Dei streikande var få, dei fleste var kvinner. Arbeidsforholda ved bedrifta var prega av at bedriftseigaren og sonen hans hadde for vane å gå fram på billegaste måte og elles gjere slik dei sjølve ville. Fram til 1975 var det svært få som var fagorganiserte. I produksjonslokalet var det målt 7 graders varme om vinteren. På dametoalettet heilt ned i 3 grader. Som følgje av kulda var underlivsplager vanleg blant dei kvinnelege arbeidarane. Hygienen var dårleg både i produksjons- og lagerlokala. Varer vart ofte køyrt ut til kundane i "sure", uvaska kasser. Det var vanleg at mus spaserte fritt omkring blant fiskematen og la igjen visittkort. Når arbeidarane kravde noko nytt, var det vanlege svaret: "I 20 år har det vært sånn, så det må an å greie seg nå også".
Dei streikande fekk brei støtte i starten. Applausen i kantina på Friogrill var spontan og kraftig da ein av Hustad-arbeidarane kom innom og fortalde at det var streik på nabobedrifta. - Endeleg skulle Hustad få smake ein medisin han forstod. 600 personar møtte fram til eit støttemøte dagen etter at dei streikande vart oppsagde. Det var mange år sia sist folk måtte stå nedover i trappeoppgangen i Folkets Hus fordi det ikkje var plass i Storsalen. For å forstå dette må ein vite litt om bedrifta. Hustad & co var berykta, og ikkje berre på grunn av elendige arbeidsforhold. Bedriftseigaren var landssvikdømt etter krigen for angiveri mot gode jøssingar og fordi han gav pengar til Nasjonal Samling. I tillegg var firmaet dømt for skattesvindel og svartebørs og ulovleg handel med tyskarane.
Forbunds- og LO-leiinga kom i klemme. Dei to unge jentene som var tillitsvalde og hadde gått i spissen for å få dei fleste fagorganisert, var AKP-arar. Den eine av dei, Astri Holm, vart seinare ein kjend og populær bystyrepolitikar for RV. Forbundssekretær Ruth Kolstad i NNN var svært positiv på eit tidleg stadium i konflikten. Ho karakteriserte Hustad som "NAFs problembarn" og brukte uttrykket at forbundet "har mye på han." Men straks det hardna til, endte forbunds- og LO-apparatet opp med at den sentralt styrte "fei-dem-ut"-kampanjen mot AKP var viktigare enn å forsvare dei fagorganiserte sine rettar mot ein kynisk småbedriftseigar.
I januar 1977 vedtok avdelingsstyret i Norsk Tjenestemannslag (NTL) ved Universitetet i Trondheim å suspendere sju medlemmer i eit gruppestyre fordi dei hadde skrivi under på eit opprop til støtte for Hustadarbeidarane. Grunnlaget for å suspendere dei sju var eit vedtak NTL-avdelinga hadde gjort året før om at "medlemmene i avdeling 108-6 kan ikke bruke avdelingens navn sammen med sitt eget på underskriftslister i saker som etter regelverket er stemplet som ulovlige. Overtredelse vil føre til suspensjon". Berre fem dagar etter dette skjedde i NTL, vedtok forbundsleiinga Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) å ekskludere dei to tillitskvinnene på Hustad, utan at styret i Hermetikkarbeidernes Forening ein gong var spurd om sitt syn. 14. februar vart dei andre fem som var i streik, ekskluderte frå sitt eige forbund. Samorgformann Ronald Kjevik i Trondheim gjekk hardt ut mot dei som var i streik, og kalla straks inn eit ekstraordinært styremøte for å støtte eksklusjonsvedtaket. - Trass brei støtte frå mange fagforeiningar var overmakta så massiv at dei streikande Hustad-arbeidarane vedtok å avblåse streiken 10. mars.
To av jentene på Friogrill leverte forslag til 1977-årsmøtet i Fryseriarbeidernes forening om støtte til Hustadarbeidarane. Foreiningsleiinga svara med å foreslå at årsmøtet skulle suspendere dei to fordi dei ville gi støtte til ulovlege aksjonar som forbundet og LO har tatt avstand frå. Dei hadde dessutan uttrykt mistillit til klubbformannen. Grunnen til denne mistilliten hadde ikkje med Hustadstreiken å gjere: Klubbformannen på Friogrill hadde vori med på å sparke ei jente i prøvetida, fordi ho var mistenkt for å vere AKP-ar.
Forslaget om støtte til Hustad-arbeidarane vart nedstemt på årsmøtet, men styret måtte gå med på behandle suspensjonssaka mot forslagstillarane på neste møte ettersom dei som var suspensjonstruga, hadde ein vedtektsfesta rett til å bli kjend med forslaget på førehand så dei kunne forsvare seg. Dei to hadde ikkje ant noko om suspensjonsforslaget før dei kom på årsmøtet. På neste medlemsmøte demonstrerte fagforeningsformannen - ho som hadde sagt til Arbeider-Avisa at "nå er begeret fullt" - på nytt ein suveren forakt for blant anna dei spelereglane som er å finne i Einar Gerhardsens bok Tillitsmannen. Før avstemminga om suspensjonane opplyste ho at det var ringt inn 14 stemmer frå ein annan arbeidsplass i Fryseriarbeidernes forening. Dei hadde ikkje høve til å gå på møte, ettersom dei var på jobb. Men alle 14 hadde stemt ja til suspensjon!
Etter at forslaget var lesi opp, gav møteleiaren ordet til dei som skulle suspenderast slik at dei fekk ordet for å forsvare seg. Dermed fekk dei forklare at dei kritiserte klubbformannen for at ho hadde gått saman med bedrifta om å seie opp ein av dei tilsette i prøvetida. Marion Palmer fortel at klubbformannen var kortfatta da møteleiaren spurde om ho hadde kommentarar til dei argumenta dei to la fram: "En gang må vi ta oppgjør med AKP. La oss gjøre det nå. Stem ja!" Marion spurte da korfor ho ikkje skulle suspenderast, ho støtta jo Hustad-arbeidarane ho og. Ho fekk klart svar: - Du har ikke levert forslag. Det er det som er forbudt. Ut over opplesinga av forslaget vart ikkje klubbmøtet orientert om kva slags vedtektsstridige handlingar dei to hadde gjort seg skyldige i.
Drygt to år etter dette medlemsmøtet vart Marion Palmer tillitsvald på etasjen, det vil seie på den avdelinga der ho sjølv arbeidde. I 1981 vart ho vald til klubbformann. Andre som var medlemmer eller sympatisørar av AKP vart valde til andre tillitsverv. Akkordlønnnssystemet var forlengst avvikla og erstatta med fastlønn. Men det var ikkje lett å få til ein møtestil der kven som helst kunne våge å ta ordet. Marion fortel at ho som klubbleiar og ordstyrar greip inn og kritiserte dei som brukte sukking og stønning som "kommentar" til klubbmøteinnlegg dei mislikte. Etter kvart var det det sånn at fleire kunne snakke og at folk torde å stemme etter overbevisning.
Første gong ei av jentene på Friogrill reiste kravet om 6-timarsdag, var det nedstemt med stort fleirtal. "Vil dokker ikkje jobbe i det hele tatt, dokker? E dokker her bare for å lage bråk?" var eit av svara ho fekk. Stort betre gjekk det ikkje første gongen ei av AKP-jentene prøvde å få til eit klubbvedtak mot porno. Men dei diskuterte vidare og mange skifta meining. Klubben gjorde vedtak mot pornografi. Og da forbundslandsmøtet i 1985 vedtok kravet om 6-timarsdag innan 1992, med full lønnskompensasjon, da var det ein av delegatane frå Frio-grill som var forslagsstillar og pådrivar.
Det finst slike eller liknande historier, frå bedrifter rundt omkring i heile landet. Mange - i og utafor AKP - har gjort erfaringar med at det nytter å bruke fagforeininga som kamporganisasjon. Demokratiske rettar i fagforeiningane er ikkje noko som lever vidare av seg sjølv. Fordi mange medlemmer og sympatisørar av AKP våga å ta kampen for ytringsfridom på arbeidsplassen og for vanlege demokratiske rettar i klubb og forening, vart takhøgda større mange stader. Slike rettar dør ut igjen viss dei ikkje blir brukt. Det er medlemmene sjølve som må bruke dei.
- Disse yrkesrevolusjonære må bort fra byen, ellers ødelegger de den. Den hovudtiltalte la ikkje skjul på dei politiske motiva sine da han omsider måtte møte i Lagmannsretten og svare for dynamittattentatet mot Oktoberbokhandelen i Tromsø natt til søndag 13. mars 1977. Fram til da var dette det alvorlegaste tilfellet av politisk begrunna valdsbruk i Norge etter 1945.
Hendingane før og etter sprenginga gir innblikk i korleis Riksadvokaten, politiet og pressa reagerte i ein lengre periode da nazisympatisørar trappa opp valdsbruken mot AKP. Dei starta med ruteknusing og hærverk og endte opp med eit forsøk på mordbrann der det var flaks som gjorde at liv ikkje gjekk tapt. Fordi AKP i Tromsø verken let seg knekke eller let seg freiste til slå tilbake med dei same metodane, er dette og eit lærestykkje om korleis ein kan bruke fredelege overbevisningsmetodar for å isolere nazi-aktivistar som har oppnådd ein viss grad av masseopplsutning. Eg har snakka med mange av dei som sto midt opp i dei dramatiske hendingane i Tromsø for drygt 20 år sia.
Den landsomfattande "fei dem ut"-kampanjen mot AKP fekk mange lokale utslag i 1976 og 1977. Inge Johansen, som var talsmann for AKP i Tromsø, seier at summen av hetsprega avisoppslag førte til at det var lovleg å "ta AKP". I den grad avisene etter kvart tok avstand frå den naziinzpirerte valdsbruken, prøvde dei å likestille AKP med dei som utførte den politiske valden. Erlend Rian, som seinare vart Høyre-ordførar i Ishavsbyen skreiv for eksempel på leiarplass i Tromsø at han "finner det høyst unaturlig å diskutere disse alvorlige spørsmål med mennesker som ikke er fascistene underlegne i manglende respekt for demokrati og lovlige institusjoner".
Oktober-bokhandelen vart utsett for hærverk av ulikt slag mange gonger det siste året før dynamittatentatet. Eit par dagar før 1. mai 1976 knuste to personar ruter og mala hakekors på husveggen. Personar som var i bokhandelen, såg gjerninsgmennene og peika dei ut for politiet på SAS-kafeen dagen etter. I bilen til den eine fann politiet måling av den typen som var brukt til hakekorsmålinga. Nokre dagar etter vart dei same to observerte da dei kasta ein boks måling utover butikkfasaden. Politiet la vekk begge sakene "etter bevisets stilling". Natt til 17. mai samla ein gjeng på 30-40 personar seg utafor Oktoberbutikken. Det låg an til bråk. Ein politipatrulje køyrde sakte forbi. Da den runda nærmaste gatehjørnet small den første steinen gjennom vindauget. To av dei som førte an, var Geir Tom Hansen og Lars Magne Larsen, som begge vart dømde for attentatet mot bokhandelen året etter. Hansen gjorde Hitler-helsing utafor bokhandelen før ein del av gjengen prøvde å trenge seg inn. Det vart ein del slåssing ettersom dei som var nattevakt i bokhandelen ikkje let dei komme inn. Nattevaktene i bokhandelen varsla politiet, men det kom ingen derfrå før ein av vaktene gjekk ned til politistasjonen og henta dei. På føremiddagen 17. mai var det ny ruteknusing. Dei som var i bokhandelen fekk tak i ein av gjerningsmennene og heldt tak i han til politiet kom. Politiet tok han med rundt hjørnet og sleppte han så ut av politibilen. Politiet la vekk sakene mot både dei fire som var melde for hærverk om natta og den eine som vart tatt på føremiddagen. Ingen i Oktober vart innkalla til å forklare seg før sakene vart lagde vekk.
Liknande episodar var det fleire gonger utover sommaren og hausten. AKP organiserte vakthald kvar einaste kveld og natt for å beskytte bokhandelen. I ein vaktrapport etter at enda eit nytt tilfelle av ruteknusing var meldt til politiet 25. oktober 1996 skriv ein av vaktene nokre ord om korleis gjerningsmennene hadde oppført seg: "Hele aksjonen kan være ei øving til en større aksjon, dynamitt - molotov-coctail.(...) Vi bør tenke på brannslokkingsutstyr som kan brukes av folk som er på utkikk dersom det blir forsøkt med molotov-coctail." I januar 1977 var Øyvind Lorentzen på besøk inne i bokhandelen. Han trekte kniv og sa at bokhandelen skulle bli sprengt til værs. Også dette vart meldt til politiet. Dagleg leiar i bokhandelen vart aldri innkalla til avhør.
Søndag kveld 20. februar 1977 vart sikringsboksen i portrommet utafor Oktoberbokhandelen sprengt med to 100 grams dynamittgubbar. Hadde dette utløyst brann i dei gamle, tørre tømmerveggene, ville dei to som budde i tredje etasje vori i livsfare. Wilfred Hemmingsen i Tromsø-politiet karakteriserte dette som "barnestreker fra 14-15-åringer".
Natt til søndag 13. mars i halv to-tida eksploderer så dynamittladninga som sprengjer eit stort hol i veggen og øydelegg inventaret i butikken. Smellen var så kraftig at den høyrdest over heile bykjerna. Frå resepsjonen på Grand Hotell vart det straks ringt til politiet. Folk stimla saman rundt bokhandelen. Ein person som gjekk ned til politistasjonen 250 meter unna, måtte identifisere seg med namn og adresse før politiet rykka ut. På grunnlag av samtalar med personer som kom til stades, laga AKP i Tromsø ei detaljert framstilling av det som skjedde vidare:
"Mens døde eller sårede kunne ligge inn i butikklokalene, måtte politiet hentes etter at det ikke førte fram å ringe. To politimenn i en folkevognbuss ankom omkring 10 minutter etter sprenginga.
Politiet nekter å gå inn i butikken for å se etter skadede fordi de "ikke hadde nøkkel". Vinduene var sprengt ut og sideveggen var et stort hull og et portrom var sprengt bort, mens politiet spurte etter nøkkel. Politiet ble bedt om å gå inn i butikken og se etter skadede personer. Folk som var kommet til stedet, opplyste om at det var vakter i butikken og at det helt sikkert bodde folk i 3. etg. Folk prøvde å komme seg inn, men ble hindra fra å gjøre dette av politiet. Først vel 15 minutter etter sprenginga gikk politiet inn i butikken.
Det var en ung gutt som var med inn, som forsikra seg om at det ikke lå noen bak disken eller inne på "kontoret". Politiet stoppa midt i butikken og prøvde å forhindre at andre gikk videre inn. Politiet måtte også overtales til å gå inn i 2. etg. hvor det også kunne ha befunnet seg folk.
De to som var nattevakt i butikken, er i live i dag, fordi de tilfeldigvis hadde forlatt lokalet omtrent 20 minutter før det smalt.
Nynazister og provokatører kom til åstedet før politiet og nære naboer. Allerede etter få minutter hadde 10-15 provokatører samla seg utenfor bokhandelen. Flere av disse kom med utrop til støtte for sprenginga: "Vi veit hva vi gjør! Vi hadde helst sett hjernemassen til kommunistene smørt opp etter veggene!" En av provokatørene fra 17. mai 1976 gikk forbi og sa: "Wir haben doch anderen Metoden." Geir Tom Hansen, den ene siktede, var også tilstede og var en av dem som politiet ble oppfordret til å ta navnet på eller anholde. (...) Politiet tok ikke navnet på noen av disse, men tok derimot navn på folk tilknytta Oktober Bokhandel før de gikk inn i butikken. Det viste seg seinere at ungdommer visste om sprenginga før det smalt, og utafor butikken om natta falt også kommentarer som: "Vi veit hvorfor vi gjorde det. Dere kommunister skulle vi gjerne sett ligge der.""
Tromsø-politiet hadde det ikkje travelt. Dei venta ni timar før dei sperra av området. Måndag skreiv ei av Oslo-avisene at kriminalteknikarane "kom ikke skikkelig i gang med sitt arbeid i går. De ble stoppet av mørket. De starter ikke opp før det blir fotolys i dag". Lokalkjende Tromsø-væringar meinte det var like godt dagslys og fotolys på søndag som på måndag og lurte på kva politiet skulle gjort viss attentatet hadde skjedd midt i desember, i mørketida. Forsvaret hadde forøvrig tilbydd å låne ut kraftige lyskastarar til politiet, men "av frykt for å ødelegge verdifullt bevismateriale, venter man på dagslys."
I Verdens Gang på måndagen kunne vi lese korleis Tromsø-politiet analyserte situasjonen: "Politiet arbeider foreløpig ut fra tre hovedteorier:
Dermed var ideen lansert om at kommunistane tente på sjølv, for øvrig same teori som vart brukt i forsøket på å få kommunisten Georgij Dimitrov dømt for Riksdagsbrannen i Tyskland i 1933. Liknande halvkveda viser vart refererte i fleire aviser. Harstad Tidende skreiv over fem spalter på førstesida det som Tromsøpolitiet inviterte til, men ikkje sa rett ut sjølv: "Har AKP(m-l)erne sprengt sin egen bokhandel i lufta?" Overskrifta slo og fast at det var "ikke spor av nazigrupper". Den siste setninga sto i sitat-teikn, for å understreke at det var ei politiutsegn.
Fire dagar etter attentatet følgde VG opp med ein misvisande reportasje under overskrifta "Oktober forberedt på attentat". Tromsø AKP hadde laga ein løpeseddel om attentatet og spreidde den i byen søndag ettermiddag frå klokka 15.00. Dette var før PC-ane og dei raske kopimaskinene si tid. Politiet hadde feilinformert VG om at løpeseddelen vart delt ut "noen minutter før 05.00 om morgenen" i "boligområder fem, seks kilometer utenfor Tromsø sentrum." VG kunne fortelje at "politiet har funnet ut at dette er teknisk mulig - men det krever en innsats og et apparat som ville gjort enhver dagsavis grønn av misnunnelse". VG informerte vidare om at "dette er bare en av mange baller Tromsøpolitiet har i luften under etterforskingen av Oktober-eksplosjonen." Så kunne jo lesarane tenkje det dei ville. Utan omsyn til kva slags røvarhistorier kjelder i politiet fortalde om det VG kalla "imponerende fart i AKP's løpeseddelmaskineri", så er det redaksjonen sitt ansvar at dei ikkje undersøkte når løpesetelen verkeleg vart spreidd.
Politiet hadde med andre ord raskt sett i gang fleire slags undersøkingar som var retta mot AKP, samtidig som dei verka uinteressert i å skrive ned namna på dei som applauderte attentatet, og samtidig som dei utsette dei tekniske undersøkingane. Søndag morgon kl. 09.00 vart to personar tekne av politiet og frakta til politistasjonen da dei prøvde å hengje opp ei veggavis som forklarte Oktober sitt syn på attentatet. Dei fekk ikkje gå frå politstasjonen før namn og adresse var notert. Politiet beslagla veggavisa. Seinare på søndagen vart ein person arrestert da han hengde opp ein plakat med teksten "Forby Norsk Front" ved bokhandelen.
Måndag ettermiddag sende politiet ut etterlysing av dei to personane som hadde vori på vakt i bokhandelen natt til søndag. Politiet ordla seg slik at fleire aviser slo stort opp at AKP "skjuler viktige vitner". Som det går fram av framstillinga her, hadde problemet heller vori omvendt, nemleg at politiet var uinteressert i å ta i mot opplysningar. Dei to vaktene meldte seg elles for politiet ved første høve da dei fekk vite at dei var etterlyst, dvs. kl. 08.00 tirsdag morgon, utan at dei hadde nemneverdig nytt å melde.
Ei veke etter attentatet vart dei to gjerningsmennene omsider arresterte. Det var neppe muleg å vente lenger. Det var no ei "offentlig hemmelighet" kven dei var. I tida som følgde medverka politiet til å framstille attentatet som ein "hevnaksjon" som AKP og Oktober nærmest var moralsk ansvarleg for.
AKP i Tromsø hevda at politiet "brukte" attentatet til å kartlegge miljøet rundt bokhandelen og partiet. Avisene trykte både påstanden og tilbakevisinga: "Politinspektøren tilbakeviste i går blankt at politiet skal ha drevet med kartlegging av personer med tilknytning til AKP(m-l)" Oktober skreiv til politimeister Terje Hals 17. mars og klaga over at "politiet har tømt postkassa til Klassekampens distribusjon som var hengt opp inne i butikken. Postkassa som var låst med hengelås, inneholdt beskjeder angående adresseendringer o.l. for Klassekampen-abonnenter." Politimeisteren svara - etter ei veke - at "da politiet kom til åstedet natt til 13.3.1977, lå postkassen henslengt i nedre side av portrommet. Postkassen var tom og ulåst." Denne påstanden vart hengande i lufta da Susanne Engel, dagleg leiar i Oktoberbokhandelen, svara at "undertegnede, sammen med en annen som var tilknyttet bokhandelen, var de første, som sammen med Anthonsen fra politiet, gikk helt inn i butikken etter eksplosjonen. Vi så da postkassen til Klassekampens distribusjon lå på golvet like ved disken inne i butikken. Vi har dessuten fotografier som er tatt på samme tidspunkt som viser dette ... Vi går ut fra at Deres påstand om at postkassa lå ute i portrommet bygger på en misforståelse. Det stemmer nemlig med observasjoner vi har gjort, at den vanlige postkassa som var festet på utsida av huset, lå som De beskriver."
Dette vart ståande påstand mot påstand i over 19 år, heilt til Lund-kommisjonen våren 1996 opplyste at det var AKP som hadde rett. Tromsø-politiet hadde til og med brukt lovstridige metodar for å skaffe seg namn på personar som hadde med bokhandelen å gjere: "Et klart tilfelle av ulovlig beslag skjedde under etterforskingen av sprengingen av Oktobers bokhandel i Tromsø den 20. mars 1977. I forbindelse med at politiet gjennomgikk bokhandelen etter eksplosjonen, fant man postkvitteringer og flere lister med navn på personer som hadde kjøpt bøker, eller som var abonnenter på publikasjoner som ble forhandlet gjennom bokhandelen. Overvåkingspolitiet sikret seg disse dokumentene. Opplysningene ble registrert på sak." Det siste betyr at opplysningane frå postkassa til Klassekampens distribusjon og dei andre personopplysningane politiet fann i ruinane etter attentatet, vart skrivi ned og lagt i personmappene hos Overvakingspolitiet.
Tromsø-politiet brukte altså dei første dagane etter attentatet til å finkjemme butikklokalet for å finne flest muleg namn på personar som kjøpte bøker eller abonnerte på raude aviser og tidsskrift. Verken politimeister Terje Hals eller dei som utførte det lovstridige beslagleggings- og registreringsarbeidet har vorti straffa for desse lovbrota.
Tromsø-politiet si jakt på AKP dei første døgna etter attentatet var likevel ikkje utan komiske innslag. Partitalsmann Inge Johansen hadde i mange år haldi så høg profil i byen at det var fleire enn Overvakinga sine folk på kammeret som visste kven han var. Men det betydde ikkje at dei alltid visste kor han var. Politiaktiviteten var høg. Politimesteren utelukka ikkje at AKP hadde sprengt bokhandelen sjølv. Ein sein kveldstime opplever politiet noko som er retteleg skummelt. Da ein politipatrulje treffer på bilen til Inge Johansen - ein Opel Kadett - reagerer sjåføren lynraskt. Han prøver å stikke av. Politifolka oppfattar situasjonen. Her er det ein kar som har noe å skjule. Begge sjåførane gjer sitt beste, og sjølv om kadetten er gammal, må politifolka gi tapt. Kadetten blir borte for dei, kanskje fordi sjåføren er meir lokalkjent enn sjåføren i politibilen. Eller enda verre, kanskje det er fordi AKP-aren er spesialtrent for å kunne stikke av frå politiet?
Men Tromsø er ein liten by. Inge Johansen stod oppført både i folkeregisteret og telefonkatalogen i tillegg til den mappa Overvakingspolitiet hadde på han. Han møtte kjapt opp hos politiet, tilsynelatande utan frykt, da han først fekk vite at dei ville ha ei forklaring frå han.
Eit av ei første spørsmåla gjaldt kva slags bil han hadde.
- Eg køyrer rundt i ein blå Datsun, sa Johansen.
- Sit du her og lyg? Politietterforskaren var oppriktig forundra, la opplysningane frå bilregisteret på bordet og konfronterte Johansen med at bilen hans var ein Opel kadett av forholdsvis edel årgang.
Inge Johansen stod på sitt. Han hadde nyleg kjøpt seg ny bil. Den gamle kadetten hadde han lånt bort til ein arbeidskamerat. Og no køyrde han rundt i ein blå Datsun.
Politimannen innsåg snart at samanhengen var såre enkel. Ein av Inge sine arbeidskameratar i Norbetong var utan bil, etter ein kollisjonsskade. Ettersom Inge og kona hadde kjøpt seg ny bil og skulle vrake den gamle, så lånte dei bort Kadetten så lenge kameraten til Inge hadde bruk for den. Da denne karen ein sein nattetime oppdaga at han hadde ein politibil etter seg, vart han redd for teknisk kontroll og trøbbel. Bilen var mildt sagt ikkje i forskriftsmessig stand. Han brukte all sin lokalkunnskap og kløkt, rista av seg politipatruljen, gøymde bort bilen og gjekk heim og la seg. Inge på si side var utanbys og var lykkeleg uvitande om at han var involvert i ei dramatisk biljakt. På denne tida køyrde han trailer for Norbetong. Firmaet hadde fått eit stort byggjeoppdrag i Kaperdalen på Senja. Inge var opptatt med å frakte gravemaskiner til byggjeplassen der. Dette var før mobiltelefonen var allemannseige.
Politietterforskaren forstod at han burde ha sjekka bilregisteret litt grundigare. Tilvant kjønnsrolletenking hadde spela han eit puss. Han hadde tatt for gitt at det er mannen i huset som står i bilregisteret.
Inge Johansen seier at AKP hadde ei open haldning og samarbeidde med politiet - sjølv om dette ikkje var så lett å få til. Han synest folka frå Kripos gjorde ein rimeleg proff jobb, når dei først kom i gang, mens det lokale politiet i stor grad sysla med politisk kartlegging. AKP -arane nekta å svare på alle spørsmål som kunne brukast til å kartlegge eller nøste opp organisasjonen. Politietterforskarane fekk ikkje svar når dei stilte spørsmål som ikkje kunne føre dei nærmare oppklaring av attentatet:
- Kven var du saman med da?
- Kven snakka du med seinare på kvelden?
- Kven andre var det som var innom bokhandelen den dagen?
Stemninga var ofte krass og amper både i og utafor avhørsrommet. Eit avhør av ein av naboane til bokhandelen utvikla seg slik:
"Forhøreren: Har du tillitsverv i AKP(m-l)
Vitnet (rister på hodet og ser oppgitt på forhøreren): Nei
Forhøreren: (skriver ned) V-i-t-n-e-t s-y-m-p-a-t-i-s-e-r-e-r m-e-d A-K-P ... skal jeg skrive i Tromsø, Norge eller?
Vitnet: Det har jeg aldri sagt, det har ingenting med saken å gjøre".
Inge Johansen var av dei som opplevde politiavhør som han meinte gjekk for langt: - Av og til prøvde dei å bryske seg og true. Da eg bad dei om å få status som mistenkt og å få advokat, trekte dei seg.
AKP i Tromsø tok situasjonen på alvor, både praktisk, politisk og juridisk. Dei rådførte seg med advokatar om korleis dei skulle gå fram i dei nye situasjonane som oppstod, slik at dei ikkje skulle la seg presse til å avsløre eigen organisasjon og slik at dei samtidig ikkje skulle gjere noko som kunne skade etterforskinga av bombeattentatet.
Det var riksadvokat Lauritz J. Dorenfeldt som tok ut tiltalen etter mordbrannparagrafen. Tiltalen vart utforma slik - og statsadvokat Groth tedde seg slik i retten - at dei to tiltalte knapt kunne unngå å bli frikjende for mordbrann. Advokat Einar Stueland som følgde rettsforhandlingane, kommenterte den avgjerande innsnevringa av tiltalen og gjennomføringa av saka slik:
"Det vart sagt slik at statsadvokaten hadde fire ess, han nytta berre det dårlegaste av dei, og spela det som om det var ein kløver to." Advokat Stueland sikta til at fire kategoriar menneske var i livsfare ved sprenginga: For det første nattevaktene i bokhandelen, for det andre forbipasserande på gata, for det tredje folk som budde i nabolaget og til sist dei som sov i 3. etasje. Ein plankebit frå eksplosjonen vart f.eks. funni i ei barneseng i eit hus på andre sida gata. Den natta sov ungen tilfeldigvis i ei anna seng. Riksadvokat Dorenfeldt bestemte at tiltalen berre skulle omfatte livsfare for dei to i tredje etasje. Da hjelpte det lite at fleire av vitna prøvde å avgi forklaring om korleis nattevaktene i bokhandelen, naboar og forbipasserande var i livsfare. Kvar gong det skjedde, kunne forsvarar Olav Hestenes protestere og vise til at dei forklarte seg om forhold som ikkje var med i tiltalen. Hestenes var, juridisk sett, på trygg grunn. Vitna var nokså oppgitte. Advokat Stueland seier at "viktigaste hinderet for dom var tiltalebeslutninga - dernest kjem sakføringa til statsadvokat Groth som ikkje gav lagretten nokon sjanse til å dømme dei to for det Groth sjølv tiltalte dei for". Stueland sin konklusjon var at "landet si høgste påtalemakt aktivt verjar, forsvarar og oppmuntrar nazistiske og fascistiske provokatørar. Kravet frå arbeidarklassen og alle progressive og demokratiske krefter i ei sak som denne må vere at borgarskapet tek hand om og straffar sitt eige avskum. Her har det motsette vori tilfelle."
- Vi gjorde nok nokre feil i løpet av denne perioden, og det skulle da også berre mangle, seier Inge Johansen 20 år etterpå. Han er godt fornøgd med at AKP-arane aldri la seg flate når dei vart utsett for fysiske angrep. - Vi var ikkje pasifistar. Viss nokon slo, så slo vi igjen, seier Johansen. Han meiner at dei sette seg i respekt hos motstandarane ved at dei i denne vanskelege perioden aldri gjekk inn i rolla som lidande martyrar. Samtidig såg dei at nødvendig sjølvforsvar ikkje var anna enn nødverge og at det slett ikkje var egna til å vinne fleirtalet i det fiendtlege ungdomsmiljøet over på rett side. Det fanst enkeltpersonar i dette ungdomsmiljøet som sympatiserte med nynazistane. Bruk av nazisymbol og sieg-heil-helsinga frå attentatmannen var tydeleg teikn på det. Men dette var unntaka. Dei aller fleste var vanlege ungdommar, som vart meir eller mindre tiltrekte av eit actionprega miljø. Og pressehetsen mot AKP fekk nedslag i dette miljøet. Det var legitimt "å ta AKP". AKP-arane såg at dei ikkje fekk noka hjelp hos politiet og at Riksadvokaten gjorde det han kunne for å hjelpe attentatmennene. Det einaste som kunne nytte var å gå inn i dette lærjakke-miljøet sjølv og diskutere med dei. Fire-fem av partimedlemmene la ned eit stort arbeid frå mars 1977 og utover. Partiet bestemte at to av jentene skulle begynne å vanke på Rio Bravo, ei bule der høgreaktivistar hadde eit nokså stort ungdomsmiljø rundt seg. Jentene prøvde å få i gang diskusjon om dei problema ungdommane stod oppe i, diskusjon om kva slags tiltak dei hadde bruk for. Målet var å isolere nazisympatisørar og valdsmenn og vinne dei fleste i lærjakke- og mc-miljøet over på riktig side. Diskusjon om att og om att. Det var ikkje enkelt. Men dei gav seg ikkje, sjølv om dei den første tida vart både hundsa og gjort narr av. Ein episode 2.september 1977 viser kor vanskeleg det var. Antifascistisk komite hadde varsla ein demonstrasjon mot Øyvind Lorentsen, ein kjend nazisympatisør som forøvrig vart dømt for knivstikking i Bodø. I ein diskusjon som utviklar seg til krangel på Rio Bravo er det ein ungdom, som sjølv hadde stukki ein person med kniv 13. mars og skori opp dekka på bilen til ein AKP-ar, som går i mellom og hindrar at Lorentsen slår ei av jentene. Episoden var tøff for dei som var midt oppe i det. Men hendinga viste også at diskusjonane førte til forandring. Enkeltpersonar skifta syn og tok standpunkt mot dei nazisympatisørane som hadde dominbert miljøet. Dette var eit av dei første teikna på at dei som sprengte bokhandelen tok til å miste grepet på det ungdomsmiljøet dei hadde rundt seg.
Det tålmodige arbeidet gav resultat etter kvart. Mens raude demonstrasjonar i mai 1976 hadde vorti møtt av ungdommar med jernstenger og andre slagvåpen, var flaggborgen i det raude 1.mai-toget i 1978 erstatta av ei gruppe motorsyklistar. Lærjakkeungdommen stilte opp saman med AKP i kampen for å få lærfabrikken som ungdomshus.
Dei personane som sprengde Oktoberbokhandelen, var framleis i byen, både dei to som vart tatt og dei to som var sjåførar for gjerningsmennene attentatnatta. Det fanst enkelte nazisympatisørar. Men dei hadde ikkje lenger masseoppslutning. Dei vart isolerte av det oppsøkjande diskusjonsarbeidet som vart drivi, særleg av fire-fem AKP-arar.
Forfattarar som var partimedlemmer eller sympatiserte med AKP skreiv mange av dei skjønnlitterære bøkene som vart mest lesne og diskuterte frå tidleg på 70-talet og ei tid utover. Ein del borgarlege kritikarar har vanskeleg for å tilgi det. Fleire av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i 90-åras Norge har kortare eller lengre tid bak seg som partimedlemmer.
Enkelte har prøvd å redusere innsatsen til både forfattarar og andre kunstnarar ved å hevde at kunsten dei skapte både var dogmatisk og var resultat av direktiv og detaljstyring frå partileiinga. Eg tar styrken i denne kritikken som eit teikn på kor store krefter kunstnarane er i stand til å utløyse når dei når fram til dei inste kjenslene i folks liv. I 1975 skreiv Dag Solstad eit svar på slik kritikk:
"De snakker om dogmatisk kunst, om den mekaniske parolen om partidiktning, og problemer med å skape god kunst ut fra en fastlagt politisk analyse. De nekter å innse, ja de nekter til og med å berøre spørsmålet om det ikke er de sjøl som er dogmatiske, om det ikke er de sjøl som hyller kunst laga ut fra en fastlagt politisk analyse. De nekter å ta opp hvorvidt det ikke er småborgerskapets kunst som er laga ut fra en fastlåst politisk analyse. For hva skal man kalle en kunst som er laga ut fra en virkelighetsoppfatning hvor det ikke finnes grunnleggende klassemotsetninger, hvor det ikke finnes folk som er esla til å knuse sine undertrykkere, en kunst som er laga ut fra en virkelighetsoppfatning som bygger på at dette her er evige, ja mine følelser er de eneste mulige, sånn er det etc. etc.? Det virker komisk at folk som hyller kunst skapt ut fra en slik virkelighetsoppfatning, anklager kommunister for å skrive ut i fra en fastlagt virkelighetsoppfatning. Hvor sjølmotsigende er det ikke å beskylde oss som slåss for at folket skal reise seg for med våpen i hånd å knuse herskernes stat, for å ha ei fastlagt politisk analyse! Vi som i alt vi gjør, skriver om at folket skal ha en helt annen framtid enn den virkeligheten vi lever i i dag. Hvor meningsløst er det ikke å beskylde oss for å ha en fastlagt politisk analyse, vi som veit at skal vi nå folk med kunsten vår, må vi skrive så det rører djupest ved det som skal bli deres framtid, og på en slik måte at de vil reise seg og slåss for denne framtida. Hvem har satt seg dristigere mål enn oss! Hvor sjølmotsigende er det ikke å beskylde oss for dogmatisme, vi som er villige til å stille spørsmål ved alt vi har skapt til denne dag, vi som veit vi ikke kan bygge på de erfaringene vi gjør fra vår egen sosiale basis som forfattere uten tilknytning til produksjonen, som er nødt til å famle oss fram, lytte, lære og forstå, og er tvunget til å gjøre helt andre erfaringer enn dem vi kan bruke for å skape praktfull kunst for det intellektuelle småborgerskapet."
Tre distriktshøgskolestudentar gjennomførte i 1993 ei intervjuundersøking for å finne ut om det var slik at AKP styrte forfattarane. Dei avgrensa seg til den skjønnlitterære produksjonen på Oktober forlag i ti år og starta ut med ein hypotese om at "sentralkomiteen i AKP(m-l) dirigerte innholdet i skjønnlitterære bøker på Oktober forlag og bestemte hva som skulle utgis i perioden 1970-80.". Dei fann ikkje belegg for påstanden om slik styring frå partitoppen: "Flere av forfatterne vi har snakket med, hevder at deres eget ønske om å formidle det de trodde på den gangen, altså marxist-leninismen, var den eneste formen for sensur de hadde blitt utsatt for. Toril Brekke forteller at Pål Steigan, den gangen medlem av Forlagsutvalget, anbefalte henne å dempe den politiske propagandaen i romanen Jenny har fått sparken, da han leste gjennom manuset til boka. Hans begrunnelse hadde vært at man ikke burde presse politisk bevissthet ned i halsen på leseren. Brekke fulgte ikke denne anbefalingen, og boka ble gitt ut i sin opprinnelige form. Dette eksemplet vitner om at forfatterne ikke var pålagt å følge rådene fra partiautoriteter, men at selvsensur var en viktigere faktor i forhold til hvordan en bok skulle bli. Det forteller også at selv den "riktige" politiske gløden kunne bli litt for dominerende i litterær form. Brekkes iver etter å formidle sin politiske overbevisning til tross for at hun møtte negativ respons på dette, kan ses på som et resultat av frivillig innordning".
Dei mangfaldige kritikarane av ml-litteraturen har lagt lite vekt på at Oktober forlag, på same måte som leiinga i AKP på 70-talet, var eit mannsdominert foretak. Eg veit ikkje om det kan henge i hop med at det var menn som dominerte i dei andre forlaga og. Dei tre DH-studentane har eit eksempel som viser kor inderleg inngrodd mannsdominansen var, og at det var skilnad på å vere mannleg og kvinneleg forfattar på Oktober forlag:
"Toril Brekke, som var den første kvinnelige forfatteren på Oktober, forteller om en episode som kanskje kan illustrere hvordan forholdet var mellom mannlige og kvinnelige forfattere: Hun hadde ved en anledning vært ute med de mest framstående mannlige Oktober-forfatterne på en restaurant i Oslo, og praten hadde gått - blant mennene - om de forestående bokutgivelsene deres. Alle skulle reise bort for å fullføre sine romaner uforstyrret. Brekke, som også hadde en bok hun skulle hatt ferdig, men som ikke kunne reise fra barna sine for å få gjort det, kom med denne innvendingen: - Hva med meg da? Det fulgte en litt skamfull stillhet, før mennene ga seg til å diskutere hvem av konene deres som kanskje kunne passe Torils barn mens hun realiserte seg selv ..."
Kanskje dette er ei vel så viktig side å sjå på og lære av, som den gjentatte sutringa over at kunst og litteratur var styrt av sentralkomiteen? Dei tre studentane skriv at dette er eit ømtåleleg tema der det er vanskeleg å skaffe fram sikker dokumentasjon. "Men fordi inntrykket av at kvinnelige og mannlige forfattere/medarbeidere har hatt ulik posisjon i kraft av sitt kjønn, er så entydig, skal det være nevnt".
Før Klassekampen var det ingen som hadde klart å starte ny dagsavis i etterkrigs-Norge. Ideen om ei landsdekkande dagsavis er delvis inspirert frå erfaringane i det førrevolusjonære Russland. Men Pål Steigan seier at den konkrete ideen om ei norsk avis, vart bygd på meir aktuelle publikasjonar: "Avisa Klassekampen blei planlagt på samvirkelagskafeen på Hovin.(...) Inspirasjonen til hva slags avis vi skulle ha, var henta fra Gnistan i Sverige, l'Humanité Nouvelle i Frankrike og La Voix du peuple i Belgia. Dette var høsten 1968.(...) De redaksjonelle retningslinjene, planen for lay-out og distribusjon blei alt sammen diskutert over patentsmørbrødene på samvirkelagskafeen." Den første utgåva, trykt i A-3 format på stivt og glatt offset-papir vart bydd fram til sal våren 1969.
Dei første åra vart månadsavisa Klassekampen trykt på ein Solna arkoffset-maskin hos Duplotrykk i Fyrstikkalleen. Trykkeriet låg i tredje etasje i ei bygning utan heis. Første hovudoppslaget handla om moderne lønnssystem som er lagt opp slikt at dei splittar arbeidarane. Overgangen til vekeavis i 1973 kravde heilt anna trykketeknikk. I nesten fire år vart avisa derfor trykt på rotasjonspressa hos Samhold-Trykk på Gjøvik. Dette var før det gjekk an å sende ferdigredigerte avissider trådlaust frå redaksjon til trykkeri. Tidsfristane i redaksjonen måtte innrettast slik at dei høvde med rutetabellen til NSB. Når arbeidet i redaksjonen var avslutta, måtte pakken med dei ferdige sidene leverast på jernbanestasjonen for å bli frakta til trykkeriet.
Valkampanjen i 1975 vart - på same vis som det meste partiet dreiv på med - finansiert med innsamling. Landsrådet i RV oppsummerte etter valet at valkampen "har helt og fullt bygd på det revolusjonære prinsippet om sjølvberging", viste til tidlegare vedtak om ei utgiftsramme på 300.000 kroner "samt at alt overskudd av innsamlinga skulle gå til rotasjonstrykkeri for den revolusjonære bevegelsen." I løpet av om lag fem månader kom innsamlinga godt over 1,2 millionar, og ettersom valkamputgiftene ikkje vart større enn dei skulle vere, så vart det nesten 1 million til rotasjonskampanjen. Landsrådet meinte dette blant anna var resultat av ei "sterk politisk forståelse for sjølbergingslinja". Rotasjonskampanjen, som gjekk over fleire år, gjorde det muleg for A/S Duplotrykk å kjøpe inn eige rotasjonstrykkeri i god tid før Klassekampen vart dagsavis våren 1977. Utan både gratisarbeid og pengegåver verdt millionsummar hadde det korkje vorti rotasjonspresse eller dagsavis.
Dei svære pengesummane var bygde opp av småbeløp frå enkeltpersonar. Både på sommarleirar og i grunnorganisasjonane vart det drivi nokså konkrete diskusjonar om kor mykje kvar enkelt person kunne bidra med. 50 kroner her, 250 kroner der, tilsaman vart det svære summar. Einaste unnataket eg hugsar, er ein velståande givar som fleire gonger sende inn både 10.000 og 50.000 kroner under psevdonymet Østen E. R. Rød. Denne herr Rød var ikkje meir anonym enn at han vart intervjua i Klassekampen. Han hadde god økonomi, sympatiserte med dei raude og kunne gi bort såpass store pengesummar. Overvakingspolitiet som med stor iver avlytta telefonen i redaksjonen og registrerte det dei var god for av både postgiroinnbetalingar og KK-abonnentar, hadde neppe store problem med å finne ut kven han var, viss dei brydde seg om det.
Likevel brukte Overvakingspolitiet i nokre tilfelle pengegåvene frå herr Rød som grunn for å setje i verk telefonavlytting, fordi dette tyda på at AKP vart delvis finansiert frå utlandet! Dei fekk ein byrettsdomar til å tru på at "Østen E. R. Rød" var eit sannsynleg dekknamn for ei underavdeling av den kinesiske statskassa, viss domaren i det heile brydde seg om anna enn å setje godkjendstemplet sitt på saka.
I tråd med ideen om sjølvberging har AKP sagt nei takk til alle tilbod om pengehjelp frå utlandet. Pål Steigan fortel at SUF-utsendingar på ein ungdomskongress i Bulgaria i 1967 fekk eit vennleg tilbod frå ein russar: "Enn om vi betalte nokre av rekningane for dykk?" Åtte år seinare var det ein av toppleiarane i det kinesiske partiet - ein av den såkalla firarbanden - som på vennleg vis forklarte gjester frå det norske partiet at "det er muleg for oss å gje dykk økonomisk støtte." Eit politbyråmedlem i det albanske Arbeidets Parti kom med tilbod av same typen. "Dette gjorde det albanske og det kinesiske partiet overfor fleire av klientpartia sine. Av og til brukte dei den gamle Moskva-modellen med å betale abonnementsprisen for eksempel for 4.000 aviser," seier Steigan. "Vi ønskte ikkje å vere klientar til nokon og sa alltid nei. Vi har sett at parti i andre land vart korrumpert av dette. Dei klarte ikkje å ta sjølstendige standpunkt fordi det ville kutte den pengestraumen dei var avhengige av."
Det var fleire enn tillitsvalde i SUF og seinare AKP som på 60- og 70-talet og seinare enn det, hadde omgang med meir eller mindre sosialistiske diplomatar i Norge. Det kan derfor verke litt merkeleg at personar i andre organisasjonar ikkje har tatt i mot liknande tilbod om økonomisk hjelp til det politiske arbeidet sitt. Kan det tenkjast at dette fenomenet er ein slags parallell til det som vart avdekka da Tilsynsutvalet i Oslo bystyre gjennomførte ei rundspørjing hos alle bystyremedlemmene i hovudstaden tidleg på 1990-talet? Målet var å avdekke forsøk på korrupsjon og finne ut om det var nokon av politikarane som hadde fått tilbod om gåver eller liknande som motyting eller takk for hjelpa for politisk innsats. Eitt av spørsmåla handla om sprit. Det viste seg at det berre var to av bystyremedlemmene som nokon gong hadde fått slike tilbod om gratis alkoholvarer, nemleg Bernt Bull frå Arbeiderpartiet og eg. Vi er politisk usamde om mangt, men vi er begge organiserte fråhaldsfolk.
Mottak av sprit er forøvrig det eine unnataket tidlegare partileiar Pål Steigan nemner når det gjeld støtte frå utlandet. Det hende i den tida AKP streva for å samle inn pengar til å trykke dagsavis på eige trykkeri: "Vi fekk eit par rundar med smuglarsprit frå nordkoreanarane. Dei hadde eit fingradert system, med fem flasker Black Label til meg som var partileiar, fire flasker til Sigurd Allern, osv. Vi samla saman alle flaskene og lodda dei ut til inntekt for rotasjonskampanjen."
Dersom partileiinga hadde høyrt på profesjonelle rådgivarar våren 1976, så hadde dagsavisa Klassekampen aldri sett dagens lys. Ganske enkelt fordi forholdet mellom investeringsbehov, produksjonskostnad og sannsynleg opplag var sånn at det ikkje skulle vere muleg å lage ei slik avis, utan å ha store annonseinntekter eller ein rik onkel. Sannsynlegvis hadde dei ikkje slike rådgivarar. Og om dei hadde det, så høyrde dei ikkje på slike råd. Da daverande redaksjonssekretær Alf Skjeseth var på heimveg frå Albania i juni 1976 fekk han på flyplassen i Tirana overlevert nyaste nummer av Klassekampen som da kom ut to gonger i veka. Der kunne han lese at partileiinga hadde bestemt at redaksjonen der han arbeidde, skulle produsere dagsavis frå 1. april neste år. Tidfestinga - for ikkje å seie realismen i timeplanen - hadde så langt han visste, ikkje vori diskutert i redaksjonen.
Å lage dagsavis krev eit finstemt samarbeid innbyrdes mellom menneske og mellom menneska og dei maskinene som trengst. Når sjølve avisprosjektet var ei dagleg utfordring av kapitalismens økonomiske lover, stilte det enda større krav til personane. Det hjelpte sjølvsagt at investeringane vart finansierte med innsamla midlar. Det var ikkje berre slik at lønningane var lågare og arbeidspresset hardare enn i andre avisbedrifter. Det skulle også sparast på alt. Avisproduksjon er meir enn journalistarbeid. Journalistane, fotografane og resten av staben i redaksjonen er mest synlege, men dei er berre det eine hjulet på vogna. Klassekampen hadde forsvunni mange gonger, hadde det ikkje vori både for ein bitteliten - og for dei fleste heilt usynleg - stab i administrasjonen og for dei som har stelt med den tekniske produksjonen. Det fjerde hjulet på vogna er dei som både driv laussal, abonnentverving, innsamlingar og anna økonomisk støttearbeid og dessutan gir avisa tusentals tips kvart einaste år. Dei første åra med dagsavis hadde vi dessutan budombering av dagsavisa på dugnad mange stader. Den som trur at Klassekampen er berre journalistarbeid, har fått med seg berre den mest synlege delen av det menneskelege maskineriet der alle delane - om enn ikkje enkeltpersonane - er uunnverlege. Det hadde vorti formidable tal om alt dette gratisarbeidet vart omrekna til kroner og marknadsverdi. Ein del av det kan knapt verdsetjast i kroner i det heile tatt. Ingen andre aviser kan vise til noko som liknar det unike samspelet mellom redaksjon og avislesarar som ser og høyrer for Klassekampen, på arbeidsplassar, i foreiningar og masseorganisasjonar på alle område av samfunnslivet. Mang ein statsråd eller administrerande direktør ville fått seg ein alvorleg støkk om han visste kven det var som hadde sørga for at eit bestemt tips hadde hamna hos Klassekampen.
Indre strid i Klassekampens redaksjon er ikkje noko nytt. Det er heller ikkje nytt at slike konfliktar er vanskeleg å handtere. Ein desembermorgon i 1984 hadde eit fleirtal av journalistane bestemt seg for å gå til streik. Intern misnøye hadde bygd seg opp over lang tid. Det handla mellom anna om personal- og tilsetjingsspørsmål. Kritikken var retta både mot redaktør Sigurd Allern og partileiinga i AKP. Redaktøren si avgjerd i ei konkret tilsetjingssak var dråpen som fekk begeret til å flyte over. Vurdert som aksjon var dette dårlege greier, særleg når ein veit at mange av aksjonistane var medlemmer av eit parti som hadde ord på seg for å vere eit streikeparti. Aksjonsideen hadde aldri vorti drøfta på møte i Journalistklubben. Det fall mange bitre ord denne dagen - og dagane etterpå - mellom dei to partane i konflikten. Men aksjonistane var samtidig displinerte. Det var ein hemmeleg streik, i den forstand at aksjonistane sjølve ikkje ønskte medieoppstyr, i alle fall ikkje i første omgang.
Tilfeldighetene ville at streiken fall på den dagen da redaksjonen for Tidens Fylde - morosida i Klassekampen - skulle ha 5-årsjubileum. Titelen på denne sida - TF - var inspirert av internbladet i AKP, Tjen Folket. På TF-sida - som vart innstifta ved ein førjulssamankomst på restaurant Casino i 1979 - var ingenting hellig, bortsett frå den faste arbeidslunsjen med kong Olav ein gong i veka. På sitt beste var TF-sida prega av ein befriande sjølvironi. Ein av medarbeidarane i TF-redaksjonen, som hadde slutta i Klassekampen lenge før 5-årsdagen, var invitert til ein enkel, men verdig jubileumsseremoni på eit knøttlite møterom bak sentralbordet. Han arbeidde i ei anna og dermed konkurrerande avis. Da han kom til jubileumsarrangementet til avtalt tid, møtte samtlege medlemmer av TF-redaksjonen opp, som om ingenting var skjedd. Både dei som streika og dei som var i arbeid, sette seg ned rundt bordet der det vart skåla både for TFs fem første år og for dei fem neste, med det verdige alvoret som situasjonen kravde. Da arrangementet var slutt, gjekk nokre tilbake til arbeid, andre til streik. Gjesten utafrå gjekk tilbake til redaksjonen sin, utan å ane kva for ei nyhet han hadde gått glipp av.
Første medieomtale av streiken kom i Ny Tid ein del tid seinare. For mange var det ein bitter konflikt. Ein del av journalistane slutta i avisa året etter. I november 1985 tok Ny Tid fram krigstypene og slo fast på første side at "nåværende og tidligere medlemmer av redaksjonen frykter at dette kan bety slutten for avisa som et kritisk journalistisk prosjekt." Avisa refererte eit vedtak frå partileiinga i AKP som slo fast at "den stormen som har reist seg mot redaktøren, skyldes i hovedsak at han har kjempet for sentralkomiteens linje i de konfliktene som har vært i avisa." Men Ingolf Håkon Teigene, som skreiv om saka i Ny Tid og i dag er journalist i Dagsrevyen, opplyste og at "Allern unngår imidlertid ikke en mild kritikk" blant anna fordi han "har vist liten evne til å motta kritikk og at han har vært for lite flink til å drive kaderpolitikk."
I Dagbladet var det ein tidlegare Klassekampen-journalist som på habilt og innsiktsfullt vis skreiv om konflikten på den gamle arbeidsplassen sin. Han siterte eit brev to av dei tidlegare kollegaene hans hadde sendt til leiinga i AKP: "Partiledelsen og redaktøren har gått inn i en politisk psykose." Når eg ikkje har spurt korkje daverande redaktør Sigurd Allern eller daverande partileiar Kjersti Ericsson korleis dei opplevde slik diagnostisering, er det fordi eg trur dette nær 13 år gamle oppslaget i Dagbladet fortel mest om korleis borgarlege media bruker einkvar konflikt i Klassekampen til å gå til frenetiske åtak på både avisa og AKP. Dagbladet var ikkje nådig den gongen: "Stridens kjerne er motstanden i redaksjonen mot avisas enerådige redaktør, Sigurd Allern.(...) Klassekampens redaksjon er nå på det nærmeste ribbet for kvalifiserte journalister."
Klassekampen har heilt frå før dagsavisa si tid prestert journalistiske bragder som større redaksjonar misunte avisa. 17. august 1976 trykte avisa ein reportasje frå Klassekampens utsende medarbeidar, Kapp Heer, Svalbard. Makteliten i Norge mislikte det som kom på trykk. Det var resultat av eit langvarig samarbeid mellom redaksjonen og Klassekampens venner på Svalbard. Jon Michelet som tidligare hadde vori lenge på Svalbard som journalist for Nordlys, var der på nytt hausten 1975 for å lage reportasjar til Klassekampen om arbeidsfolks liv og arbeid. Han merka at Sovjet var til stades, og begynte å stille seg spørsmål om det sovjetiske engasjementet på Svalbard også hadde ei militær side.
Den sovjetiske konsulen Netsjajev svarte tvert nei, da Michelet neste sommar ønskte å besøke Barentsburg, den største sovjetiske gruvebyen på Svalbard. Ettersom det var i strid med AKP si linje å ta eit nei for nei, og i sær når nei-et kom frå ein sovjetisk konsul, måtte Michelet finne seg ein annan og meir diskret framgangsmåte. Han vart hyra som mannskap på frakteskuta til Per Johnson. - Eg lova å banke rust i nokre veker, viss Per kunne setje meg i land ved Kapp Lajla, eit par døgns gange frå Kapp Heer, seier Michelet. Dei første han trefte da han gjekk i land, var to russarar, ein gruvearbeidar og ein geolog. Etter å ha overnatta i hytta på Kapp Lajla saman med dei, la han i veg mot Hollenderdalen. Etter teltovernatting der gjekk turen vidare opp Nordhallet mot Kapp Heer.
Michelet seier han følte seg som han var sleppt ned i fallskjerm langt bort i Vladivostok, da han var ferdig med den dryge stigninga og kikka over åsryggen. I Klassekampen skildra han det synet som møtte han da han fekk overblikk over militærbasen der blant anna beltevogner og fem svære sovjetiske helikopter sto parkert: "Vi har sett noen militærleire i løpet av livet. Det eneste som manglet her var gjerdet rundt, samt uniformerte vakter. Hva i himmelens navn gjør en når en ankommer et slikt sted? Trasker inn og sier 'morn, jeg kommer fra Klassekampen og vil gjerne se åssen det står til'? ... Teoretisk sett befant vi oss som norsk statsborger på norsk territorium og kunne gå rett inn. Men denne teorien ble nokså bleik i forhold til praksis. Praksis viste klart og tydelig at her kunne vi si farvel til Norge. Dette var Sovjet, Bresjnevs fascistiske diktatur sin utpost mot nord."
Reportasjen understreka at poenget ikkje var om Sovjet hadde plassert handvåpen og maskingevær på Kapp Heer: "Poenget er at her har Sovjet i stillhet bygd opp alt de trenger for å utføre den viktigste militære operasjonen de med sikkerhet vil utføre på Svalbard i en krigssituasjon. Denne operasjonen er følgende: Å innta Svalbard Lufthavn ved et kupparta angrep luftvegen, å nedkjempe all norsk motstand der og dermed sikre sosialimperialismen en av de beste og viktigste flyplassene i hele Arktis."
Da Michelet var ferdig å fotografere, gjømte han filmen i termosen, sette ny film i kameraet og gjekk ein omveg til Barentsburg. Dei russiske arbeidarane som var i gang med å byggje ein solid, asfaltert veg frå Barentsburg og ut til Kapp Heer, hadde ingenting i mot å bli fotograferte av ein norsk turist eller fangstmann. Fotturen tilbake til Longyearbyen tok tre-fire døgn.
Fotoreportasjen frå Kapp Heer-basen var vanskeleg å avvise. Ein kunne like det eller ikkje, men avisa påviste at Sovjet hadde gjort alt klart for det tilfellet at Moskva skulle få bruk for å overta den norske flyplassen i Longyearbyen. Rullebanen er på 2.200 meter. Klassekampen kunne fortelje at dei siste 200 metrane er bygde etter sovjetisk ønske, "for å ta ned spesielt tunge Tupolev-maskiner", som det vart sagt frå sovjetiske representantar. "I klarspråk betyr dette at russerne ønsket en plass som kan ta i mot strategiske bombefly," skreiv Klassekampen.
Det vart stort oppstuss - og mange dementi. Konsulent Hans Olav Østgaard i Justisdepartementet forklarte at Klassekampen berre for med tøv og tull. Til Morgenbladet sa konsulent Østgaard at "det er ingen fare for at Sovjet foretar noen utbygning på Svalbard som norske myndigheter ikke har oversikt over. På helikopterbasen Kapp Heer bygger russerne nu hangar, kaserne for mannskapene og verksteder. Både Luftfartsdirektoratet og sysselmannen har nylig inspisert disse anleggene". Kunne det da vere noko å mase om? Østgaard var jo så påliteleg at ei Arbeidarparti-regjering seinare gjorde han til overvakingssjef. Sysselmann Leif Eldring, som hadde inspisert, vart nokre år seinare departementsråd i Justisdepartementet med overordna ansvar for blant anna Overvakingspolitiet sitt arbeid med å kartleggje og registrere AKP. Alt var som det skulle vere på Svalbard i 1976. Sovjet gjorde ingenting som var i strid med Svalbard-traktaten, hevda alle som uttalte seg på vegner av Arbeiderparti-regjeringa til Oddvar Nordli.
På denne tida hadde dei hemmelege tenestene viktigare oppgåver enn sovjetisk militæroppbygging å ta seg av på Svalbard. Overvakingspolitiet har den dag i dag ei særskild mappe som inneheld materiale om AKP sine aktivitetar på Svalbard frå 1975 og fram til 1980. Lund-kommisjonen rapporterer på diskret og diplomatisk vis at mappa "bærer preg av at overvåkingstjenesten/sysselmannen ønsket å ha oversikt over AKP(m-l)s virksomhet på Svalbard, herunder hvilke personer som var tilknyttet partiet. Stor oppmerksomhet ble rettet mot noe som man anså som etableringen av et nytt venstreekstremistisk miljø i 1975-76 og utviklingen av dette." Frisørsalongen på Svalbard - der den deltidstilsette frisøren i 1975 spelte musikk frå Fria Proteatern for ventande kundar - er nok ein del av det miljøet som overvakarane brukte mykje tid og krefter på. Når den indre fienden hadde så høg prioritet er det kanskje ikkje så rart at "overvåkingstjenesten/sysselmannen" ikkje la merke til den sovjetiske militærbasen.
Det norske dementiet frå 1976 er merkeleg på fleire måtar. Var norske styresmakter verkeleg så desorienterte som den regjeringslojale konsulent Østgaard gav uttrykk for? Det kan godt hende at lydige Østgaard ikkje såg eller høyrde anna enn det Arbeidarpartiregjeringa ønskte han skulle sjå og høyre. Men den same regjeringa rådde også over ei etterretningsteneste, ei teneste som samarbeidde nært blant anna med amerikanske kollegaer. Svalbard var eit svært følsomt - og offisielt demilitarisert - område midt mellom dei to supermaktene sine styrkekonsentrasjonar. Kan det i det heile tatt tenkjast at vestleg etterretning ikkje var kjend med den sovjetiske Kapp Heer-basen? Eller var regjeringa sitt poeng at folket ikkje måtte få vite det styresmaktene sjølve var godt kjent med, nemleg at Sovjet hadde gjort dei nødvendige fysiske førebuingane til militære operasjonar frå norsk område?
Svaret på dette spørsmålet ligg kanskje enda eit stykke fram i tid. Men 19 år etter at denne Klassekampen-reportasjen og regjeringa sine dementi prega massemedia, fekk den norske ambassaden i Kiev besøk av ein 53 år gammal løytnant. Han hadde tenestgjort i den sovjetiske Nordflåten si etterretningsteneste og vori fast stasjonert på Kapp Heer frå 1986 til 1989. No i 1995, etter at Sovjetunionen for lenge sia var oppløyst, ville ukrainaren Vitalij Khalaman lette samvitet sitt.
Han hadde mykje å fortelje. Jobben hans hadde vori å handplukke folk til jobb på Svalbard. Det var den militære bakgrunnen til kvar enkelt - og ikkje eventuell gruveerfaring - som avgjorde kven som vart plukka ut. Det var akkurat slik Klassekampen skreiv i 1976: "Bare de uniformerte soldatene mangler". Soldatane - som til dagleg var gruvearbeidarar - var organisert slik at dei på kort tid kunne danne to militære avdelingar som skulle rykke fram mot Longyearbyen. "Hvis det brøt ut krig, skulle den ene bataljonen stenge av veien mellom Longyearbyen og flyplassen. En annen skulle overta kontrollen over flyplassen", fortalde løytnant Khalaman, da han stilte opp til NRK-intervju ei tid etter ambassadebesøket. Han fortalde vidare at dei to avdelingane med gruvearbeidar-soldatar berre skulle halde flyplassen til eit av Nordflåten sine fly kom til Svalbard med spesialstyrkar. "Nordflåtens strategiske fly skulle så bruke flyplassen i Longyearbyen som base for aksjoner i Arktis, målene kunne være både amerikanske ubåter og konvoier."
Slik var det snirklete, men høgst offisielle militære namnet på den sovjetiske Kapp Heer-basen. Dekknamnet som vart brukt, var "Arktikugol geologiske ekspedisjon." Arktikugol betyr det arktiske hjørnet. Løytnant Khalaman fortalde at basen vart oppretta og gradvis utstyrt med våpen, forkledde militære mannskap, helikopter og køyrety etter at den norske flyplassen vart opna i 1974.
Ein kan kanskje sjå ein slags historisk ironi i at NRK sende dette intervjuet med løytnant Khalaman tre dagar etter at Hans Olav Østgaard måtte forlate stillinga som Overvakingssjef, fordi han hadde sett i gang spionetterforsking mot Berge Furre like etter at Lund-kommisjonen vart oppretta. Eit anna særtrekk ved NRK-reportasjen er at medarbeidarane i statskanalen ikkje nemnde med eit einaste ord at det løytnant Khalaman fortalde, det var ikkje noko anna enn ei stadfesting - ord for ord - av ein reportasje i Klassekampen 17. august 1976. Namnet på basen, det var faktisk det einaste som Klassekampens medarbeidar ikkje hadde fått med i reportasjen som skildra det synet som møtte han da han kikka over åskammen og ned på den sovjetiske militærbasen.
AKP og Klassekampen såg på det daverande Sovjet som ein ny type imperialistmakt. Avisa skreiv mykje om korleis sosialimperialismen strekte ut både dei økonomiske og militære fangarmane sine på ulike kontinent. Den konkrete påvisinga av den sovjetiske militærbasen på Svalbard var ein del av dette. På Svalbard var Klassekampen så tidleg ute at avisa kunne fortelje detaljert om den sovjetiske militærbasen kort tid etter at den var ferdig utrusta. No veit vi i ettertid at Sovjetimperiet braut saman, dels på grunn av indre motsetningar og dels på grunn av ytre motstand, ikkje minst Solidarnosc-opprøret i Polen og den militære innsatsen til frigjeringsstyrkane i Afghanistan. Fordi det gjekk slik, gjennomførte dei to sovjetiske bataljonane i Barentsburg og Pyramiden aldri det militære åtaket som var planlagt mot Longyearbyen. Men dette fritar likevel ikkje regjeringa Nordli for ansvar. Regjeringa svikta nasjonale interesser i 1976.
Tips frå partimedlemmer så vel som andre lesarar, la eit grunnlag for at Klassekampen kunne drive med gravande journalistikk lenge før dette vart eit vanleg omgrep blant pressefolk. Avsløringa av korleis Overvakingspolitiet i 1979 avlytta telefonen til Peder Martin Lysestøl var ei anna journalistisk bragd, som aldri hadde vorti noko av om avisa berre hadde forlita seg på den arbeidskrafta som fanst i den redaksjonelle staben. Lysestøl, som den gongen var formann for AKP i Sør-Trøndelag og som i dag er fylkestingspolitikar for RV, hadde i fleire år hatt tett kontakt med palestinske organisasjonar. Han vart for alvor kjend med den palestinske frigjeringsrørsla da han kom til Kairo som student i 1968. Den gongen var Kairo på mange måtar eit senter - eller ein fristad - for frigjeringsrørsler i Afrika og Midt-Austen. Mange av dei hadde kontor på Zamalik - ei øy i Nilen. På Zamalik vart Lysestøl kjend med PLO. Etter han kom heim til Norge, var han ein av pådrivarane som oppretta Palestinakomiteen i 1970 og dreiv fram det solidaritetsarbeidet med palestinarane som seinare har fått brei tilslutning. Om nokon ønskte å kartlegge kontaktane mellom den revolusjonære rørsla i Norge og palestinske organisasjonar, så var Lysestøl ein av dei det kunne vere lurt å begynne med. Viss nokon skulle ønske å "ta" dei palestinarane som dreiv internasjonalt informasjons- og kontaktarbeid, da kunne det vere naturleg å starte kartlegginga med å finne ut kven Lysestøl hadde kontakt med.
I juni 1979 merka Lysestøl at det vart meir trøbbel med privattelefonen hans enn vanleg. Han gjekk den formelle vegen og tok kontakt med både politi og televerk. Begge stader fekk han melding om at ingen feil eller noko uregelmessig vart funni, men nokre av dei som stelte med feilsøking i Televerket sa at det var "noko rart" med telefonen hans som dei ikkje fann forklaring på. Lysestøl fortel at han da gjekk vidare og spurde telemontør Per Hernes om råd. Det tok ikkje lang tid før Hernes fann årsaka. På den lokale sentralen var det festa to ekstra leidningar til den koplinga som gjaldt privatnummeret til Peder Martin Lysestøl. Da dette var konstatert, jobba både Lysestøl og medhjelparane hans grundig vidare med saka. Dei tok kontakt med advokat Geir Hovland og med Klassekampen. Redaksjonen sende ein journalist til Trondheim, advokaten gav råd om den formelle framgangsmåten. Telemontør Hernes samrådde seg med kollegaer, slik at det var mange som sjølve hadde sett og høyrt det som gjekk føre seg.
Reportasjen kom ikkje i Klassekampen før alt dette førearbeidet var gjort. Førstesidebiletet 8. desember 1979 var eit bevis som aldri før hadde stått på trykk: "Bildet til venstre viser sentralen som abonnent Peder Martin Lysestøl er tilkoblet. Til hans telefon er det klart og tydelig koblet inn to par røde og to par hvite ledninger, mens de øvrige bare har en hver." Klassekampen følgde dei to irregulære ledningane frå den lokale sentralen og fram til Trondheim Politikammer. Det var ikkje muleg å gjendrive dei fotografiske bevisa som avisa bretta ut, saman med dei øvrige detaljane i saka. Igjen hadde Klassekampen avdekka noko av det som folket ikkje skal vite. Lysestøl gjekk til søksmål for å få vite korfor politiet avlytta telefonen hans. Det viste seg fånyttes å "gå rettens veg". Staten, dvs. regjeringa, nekta av omsyn til "rikets sikkerhet" å leggje fram dokumentasjon på om det var gitt rettsleg samtykke til avlytting. Likeeins la regjeringa ned forbod mot at televerkstilsette møtte som vitne i retten.
Samspelet mellom avisredaksjonen og partiaktvistane i Trondheim gjorde Lysestøl-saka til ei av dei mest langdryge politisk kampanjane våre. Mange - både fagforeiningar og enkeltpersonar - har stilt seg bak kravet om å få sanninga på bordet. Utgiftene til å føre rettssaker vart dels dekka ved innsamla midlar og dels over Lysestøl si innbuforsikring i Samvirke!
Alle justisministrane frå Andreas Cappelen i 1979 til Aud-Inger Aure i 1998 har på nytt og på nytt vorti konfronterte med denne saka. I nær 20 år har skiftande regjeringar skjult sanninga bakom dei ekstra telefonledningane som Klassekampen avslørte. Først da Andreas Cappelen møtte til Lund-høyring i Kontrollkomiteen i januar 1997 letta han for første gong litt på sløret. Han sa at Lysestøl ikkje var "en person som drev alminnelig politisk virksomhet", og at telefonen hans vart avlytta fordi "man hadde fått kjennskap til at vedkommende oppholdt seg i en leir i Libanon, hvor man ble opplært i sabotasje og terrorhandlinger." Eit år seinare, og etter at Stortinget delvis hadde slutta seg til eit RV-framlegg om at Lysestøl skulle få vite sanninga om si eiga sak, skreiv justisdepartementet brev til Lysestøl om at han skulle få delvis innsyn i saka. Da politimeisteren i Trondheim hadde brukt tre månader på å sortere ut dei dokumenta Lysestøl framleis ikkje skal få sjå, fekk han utlevert kopi av nokre få dokument. Dei viser mellom anna at Oslo byrett godkjende avlytting av privattelefonen til Peder Martin Lysestøl så tidleg som 30. august 1971, det vil seie kort tid etter at Palestinakomiteen vart stifta. Politiet argumenterte med at han var medlem i Palestinakomiteen og hadde "forbindelse med representanter for Den palestinske frigjøringsbevelsen "Al Fatah" som også bruker flykapringer som middel for å nå sine mål." I rettsboka står det at "dommeren hadde til stede sakens dokumenter ifølge fortegnelse". Men til og med denne "fortegnelsen" er mellom dei dokumenta som Lysestøl framleis blir nekta kopi av.
Dei journalistiske bragdene som tidleg vart ein del av Klassekampen sitt varemerke, kunne ikkje endre på dei økonomiske realitetane som partileiinga så suverent såg vekk frå da dei vedtok å lage dagsavis. Mens omlegginga til dagsavis gjekk for fullt, programfesta AKP hausten 1976 eit prinsippielt syn på alle former for statsstøtte. På denne tida var partiet opptatt med å rette opp det som på internspråket vart kalla eit politisk høgreavvik. No vart rattet vridd så kraftig mot venstre at ein glømte å orientere seg etter det økonomiske terrenget: "AKP(m-l) (...) avviser kvart tilbod om stønad frå staten eller andre organ for monopolborgarskapet. Slik stønad er 'kuler med sukkertrekk' som skal gjere partiet korrupt og omvandla det til ein narkotikaslave, som berre kan frelsa livet når det får 'sprøyter' frå klassefienden." Denne linja vart sett så konsekvent ut i livet at avisa sa nei takk til å trykke statsannonsar og til å ta i mot produksjonstilskott frå staten. I partilaget mitt var dei fleste, slik eg var, einige i denne linja. Men ein kritikar gav seg ikkje. Han stod fast på at det var meiningslaust å ikkje ta i mot dei statlege inntektene det var muleg å få, for å finansiere avisa. Han hadde dessutan lite tru på at det nytta å drive avisa heilt utan statlege inntekter. Vi klarte ikkje å overtyde han om at han tok feil.
Avisdrifta møtte veggen i 1978. Konkursen var rett rundt hjørnet. Eit voldsomt krafttak for å samle inn pengar kombinert med eit nytt standpunkt til statsstøtte, gjorde det muleg å halde skuta flytande. Da den siste innsamlingsetappen var nesten i mål, kunngjorde avisa sjølv i november 1979 at "Dagsavisa er berget!" Vi kunne lese at "det er Pål Steigan og Sigurd Allern som forteller den gode nyheten", etter at sentralkomiteen hadde gjort vedtak. På spørsmål frå den anonyme journalisten om det "er klassestatens annonser som har berget oss?", svarte redaktør Sigurd Allern at "når det gjelder statsstøtten, så er det blant anna et spørsmål om å se økonomiske realiteter i øynene. Med dagens portotakster, avgifter og skatter, trur jeg dagsavisdrift uten statsstøtte er like umulig som et jordbruk uten melkesubsidier."
Journalisten spurde kvifor dei ikkje hadde forstått dette før. "Fordi det ikke var gjort grundige nok undersøkelser og fordi statsstøttespørsmålet ble diskutert på en dogmatisk måte. Det ble vurderte som et reint politisk holdningsspørsmål, uten omsyn til økonomiske forhold. Partiledelsen gikk i spisen for ei sånn linje og vil gjøre opp for det," svara partileiar Pål Steigan.
Den eine fritenkjaren i partilaget mitt hadde mange meiningsfeller. Til dei som hadde kritisert at Klassekampen året før hadde stansa ein debatt om statsannonsar, sa redakør Allern at "de har rett i kritikken. Det ville tjent Klassekampen og vært mer demokratisk at diskusjonen fritt hadde fortsatt."
Partisekretæren frå den tida, Sverre Knutsen, som melde seg ut av AKP i 1982, har eit polemisk poeng når han lenge etterpå oppsummerer at "partiet hadde nå blitt en korrupt narkotikaslave som frelsa livet med sprøyter frå staten, alt i følge sitt eget program." Men følgjene hadde vorti vesentleg verre om ikkje partiet i 1979 hadde innsett at delar av 1976-programmet var på kollisjonskurs med den verkelege verda. Partiprogrammet vart endra, både på dette og fleire andre punkt året etter.
Saman med den økonomiske kjempedugnaden i 1978-79 førte dette til at Klassekampen-vogna kunne rulle vidare på dei fire hjula som alle er like nødvendige.
Sentralkomiteen i AKP var ein mandig affære etter landsmøtet i 1976. Sverre Knutsen, som var partisekretær da, har skildra si eiga oppfatning av "ledelsen" som han var ein del av, i ei bok som er skriven omkring 1990: "På SUF(ml)s landsmøte i 1969 var den gruppa utkrystallisert som kom til å utgjøre kjernen i ml-bevegelsens ledelse gjennom hele 1970-tallet: Tron Øgrim, Pål Steigan, Sigurd Allern, Sverre Knutsen og noen få til". Han oppsummerer at dette var "ei stabil ledelsesgruppe som utvikla seg og holdt seg intakt i nærmere 12 år". Det limet som heldt denne gruppa i hop, det "var ideologi og forpliktelsene overfor PARTIET. Medlemmene av ledelsen var alle grepet av en dyptgående visjon om et nytt samfunn, et Kina i Norge. Alt annet ble underordnet dette" Enkelte av dei som syntest det var vanskeleg å bli høyrt når dei hadde avvikande synspunkt, gav denne indre kjerna oppnamnet Diamantgjengen.
Ein diamant er, så vidt eg veit, ei nokså statisk og konfliktlaus affære. Den første partileiinga i AKP var ikkje slik, men dei unge mennene på toppen heldt mange usemjer for seg sjølve, og i alle fall internt i sentralkomiteen. I 1975 gjennomførte AKP eit uvanleg leiarskifte. Alle partiavdelingar over heile landet vart oppsøkt av ein utsending som las opp ei melding frå sentralkomiteen om at Pål Steigan hadde overtatt vervet som partileiar etter Sigurd Allern. Alle lag vart informert før leiarskiftet vart gjort kjent utafor partiet. Slik eg hugsar det, var det ei melding om eit samrøystes vedtak i sentralkomiteen, og eg hugsar at ho som var leiar i partilaget mitt, oppsummerte dette som eit eksempel på at sentralkomiteen vår verkeleg var prega av einskap og kameratsleg semje.
Det kan sjølvsagt hende at eg hugsar feil, eller at eg den gongen såg så opp til partileiinga at eg høyrde enda meir semje enn det som vart sagt. Eg vart i alle fall overraska da Pål Steigan ti år seinare, skreiv at han ikkje berre hadde vori uvillig til å ta over leiarvervet etter Sigurd Allern: "Jeg var aldri noen tilhenger av formannsskiftet. Jeg stemte mot mitt eget kandidatur i sentralkomiteen, skjønt Frøya og Athene skal vite at mitt eget forslag ikke var bedre. (Jeg stemte for Sverre Knutsen!)" Steigan la vekt på at formannsskiftet førte til at han måtte gi opp ein industrijobb han likte godt, og at han ikkje lenger kunne konsentrere seg om å byggje opp opposisjonen i Oslo Jern og Metall.
Eg har snakka med dei fleste av dei som vart kalla "Diamantgjengen", for å prøve å få tak på kva dette handla om, utan å bli så mykje klokare på ein del av dei indre konfliktane i partileiinga den gongen. For den som er litt vaken for nyansar og undertonar, er det no på 1990-talet lett å merke at det framleis er gamle, uløyste motsetningar og konfliktar av meir personleg art mellom enkelte av desse mennene. Dette kranglar dei vidare om, same kva som eigentleg er det ytre debattemaet. Eg synest det er eit pussig fenomen som kanskje er av meir psykologisk enn politisk karakter. Samtidig synest eg hovudsaka er at dei verkeleg fortener honnør for at dei handterte usemjene seg i mellom på 1970-talet på ein slik måte at det ikkje utvikla seg til splitting av partiet.
Så vidt eg skjønner, var det Tron Øgrim som først reiste intern kritikk i partileiinga mot det han meinte var ei politisk høgreutvikling i tida etter partistiftinga. Samtidig vart det USA-inspirerte kuppet i Chile i september 1973 ei dramatisk understreking av at det ikkje nytter å innføre sosialisme berre med å satse på parlamentariske reformar. Øgrim var ein ideologisk pådrivar for å utvikle den politiske kritikken som heile sentralkomiteen etter kvart slutta seg til. På våren 1975 gjorde sentralkomiteen omsider eit omfattande vedtak som vart samla i eit hefte med titelen Teser om høyreavviket. Steigan har seinare karakterisert dette dokumentet som partileiinga si mistillitserklæring til seg sjølv. Det hadde vori stor grad av semje om det meste av det som no vart kritisert. "Tesene" vart trykt i eit lite opplag og berre spreidd til medlemmer i sentrale utval og distriktsstyremedlemmer. Ei forkorta utgåve - der ein del av dei verste og mest floskelprega utvekstene sikkert var luka vekk - vart seinare spreidd til alle partimedlemmene.
Proletariseringskampanjen var eit av dei store, og etter mitt syn vellykka tiltaka for å rette opp politiske høgrefeil og knytte partiet nærare til arbeidarklassen. Samtidig finst det mange eksempel på at fraseradikalisme følgde i spora av tesene om høgreavviket.
Av dei som daverande partisekretær Sverre Knutsen namngir som medlemmer av "ledelsen" på 1970-talet, er det i dag berre Pål Steigan og Finn Sjue som er medlemmer i AKP. I samband med partiet sin 25-årsdag sa Sigurd Allern til Klassekampen at han ikkje ville uttale seg til nokon i samband med jubileet.
Heile den "ledelsen" som Knutsen i ettertid omtalar slik, vart attvald på landsmøtet i 1976 som og vedtektsfesta at sentralkomiteen "skal velges blant partiets mest politisk framskredne, pålitelige og erfarne medlemmer. For å sike at sentralkomiteens medlemmer holder mål, skal de vurderes grundig i partiorganisasjonene før valg." Ordlyden sikrar at ingen kan gjere karriere i partiet utan at landsmøtet blir kjent med korleis dei andre i partilaget ser på den aktuelle kandidaten. Konklusjonen vart - etter alle vurderingane - at berre ei av kvinnene i AKP hadde så høgt politisk nivå i 1976 at ho burde vere med i sentralkomiteen. Det var ikkje plass til - eller bruk for - dei som hadde drivi eit omfattande arbeid i og rundt det første kvinneutvalet i partiet.
Til gjengjeld var det flust med jenter som hadde store politiske oppgåver i den daglege drifta av partiet. Den gruppa som stelte med teknisk tilrettelegging og praktisk gjennomføring av møta i sentralkomiteen, var og dominert av damer. I tillegg til at dei dreiv omfattande utoverretta arbeid i Kvinnefronten og i mange andre samanhengar, hadde kvinnene ansvaret for det meste av det tidkrevjande, men usynlege organisasjonsarbeidet. Interne meldingar og beskjedar - som det var mykje av på den tida - vart personleg overleverte. Du måtte prøve på nytt litt seinare på kvelden viss ingen av dei tre eller fem du skulle levere post til, var heime. Kom du til stengt dør da og, måtte du ta ein ny runde neste dag. Å sitje på møte og vedta eit direktiv til partiet var eit heilt anna slag politisk arbeid enn å sørge for at papirbunken nådde fram til kvart einaste partilag, utan bruk av postverket. Eg tviler ikkje på at alle arbeidde hardt, men den kjønnsmessige arbeidsdelinga i partiet vart på andre halvdel av 70-talet så patriarkalsk og tradisjonell at det var til å grine over. Kor mange som grein veit eg ikkje, men vi fekk etter kvart merke at mange kvinner tørka eventuelle tårer og bestemte seg for å forandre partiet.
Mange partimedlemmer arbeidde aktivt i homseorganisasjonane. Dei fekk eit anna svar enn dei venta seg, da dei ba om at partiet skulle seie klårt frå om synet på homofile sin kamp. Sentralkomiteen vedtok samrøystes å sende eit utkast til "Fråsegn" om saka ut til debatt i partiet. Fråsegna gav full støtte til homofile sin kamp mot alle former for diskriminering, det vere seg i arbeidslivet, på bustadmarknaden eller i andre samanhengar. Men hovudpoenget var at homofili er eit seksuelt avvik, ein slags menneskeleg skavank som er resultat av den allsidige undertrykkinga under kapitalismen. Når menneska blir frigjort under framtidas sosialisme, så vil denne skavanken bli borte nærmast av seg sjølv. I tillegg gav fråsegna full støtte til den behandlinga homofile fekk i Albania og Kina på den tida, det vil seie støtte til ei beinhard undertrykking. Skifta du ut dei raude frasene, så likna det du hadde igjen, nokså mykje på det kristne fundamentalistar står for i dag. Dei meiner jo at det er den eller det onde som har invadert den homofile og at stakkaren kan bli normal igjen med Guds hjelp.
Det måtte bli bråk. Homsene i AKP såg ikkje fram til den forma for frigjerande sosialisme som sentralkomiteen skisserte. AKP mista mange flotte kameratar i den politiske kampen som følgde. Men dei fleste heldt stand og tok opp kampen mot sentralkomiteen sitt syn. Etter mykje slit vann dei fram. Partilandsmøtet i 1980 tok avstand frå fråsegna. Homsane hadde både vunni fram i AKP og vist for alle andre i partiet at dette var muleg sjølv om dei i starten hadde heile sentralkomiteen mot seg. Seinare vart RV det første partiet som stilte til val med eit program som likestiller homofilt og heterofilt samliv og derfor blant anna seier at homofile skal ha rett til adopsjon.
Men ingen skal undrast på at politiske fiendar av AKP brukte "fråsegna" for alt den var verd - og meir enn det - for å sverte AKP, også lenge etter 1980-landdsmøtet.
Året etter at AKP vart stifta spelte svenske Hoola Bandoolas band inn ei plate med visa Vem är det som bromsar ...?. Dei song om mannen som "har et revolutionärt merke som är så stort at när han går ut på sta'n, så syns han inte bakom det".
Det skulle gå mange år før kvinner fekk makt og innpass sånn at dei kunne styre dei viktige avgjerdene i AKP. Partiet som gav seg sjølv eigenerklæring på at det var "av ny type", var sørgjeleg tradisjonelt på dette feltet. Mannsdominansen som er så godt innvevd i alle slags kjønnsnøytrale foreiningsvedtekter og organisasatoriske spelereglar elles i samfunnet, den fanst i fullt monn i AKP. Denne mannen først-tenkinga var ein del av den usynlege "kulturarven" som partimedlemmene hadde med seg inn i partiet, sjølv om vi kom frå svært så ulike miljø. Kjersti Ericsson sette seinare namn på det med å snakke om den endelause rekka av "systematiske tilfeldigheter" som alltid slo ut til fordel for mannen. "Resultatet av utallige enkelthendelser blir ei linje - ei linje som presser kvinnesakene ut og vekk."
Men det fanst motstand og innvendingar. Det var ikkje alle som fann seg til rette med at i alle fall delar av AKP midt på 70-talet la stor vekt på å byggje på familien som kampenhet for arbeidarklassen og for den revolusjonære rørsla. Som nemnt var den sentrale partileiinga på denne tida berre menn. Ein del kvinner meinte nok med seg sjølv at parola om "familien som kampenhet" ikkje var stort anna enn gammalt mannfolksnakk i ei ny og raud innpakning. Det var kvinnene som måtte ta rolla som bakkemannskap, i AKP like så vel som i resten av kongeriket.
Før 1980-landsmøtet stilte ein del kvinner parolen at husarbeidet skal delast 50/50 mellom menn og kvinner. Dei meinte at AKP burde programfeste at partimedlemmene skulle gjennomføre dette i sine eigne liv. Motstanden mot dette framlegget var massiv, frå partimenn med såkalla høgt politisk nivå. Enkelte av dei argumenterte i fullt alvor med at ein del menn har så viktige politiske oppgåver at det ut frå ei politisk vurdering er rett at mannen slepp å ta halvdelen av det private arbeidet!
Ei programfesting av lik fordeling av det private hus- og omsorgsarbeidet ville sikkert hatt avgrensa verdi. Det ville jo for eksempel vere lite å hente i første omgang for alle husstandane med berre ein vaksen. Men hovudpoenget er jo at dei kvinnene som reiste parolen, dei stilte krav om at dei mannlege partimedlemmene skulle gjennomføre i praksis litt av den likestillinga dei forsvarte med ord. Dei kvinnene som reiste dette kravet første gongen, dei tapte kampen om å få inn eit eige punkt i partiprogrammet. Men dei vann den politiske debatten. Ein mann som gjentar argumentet frå den gongen om at han må sleppe unna sin halvpart av husarbeidet fordi han skal forske eller diskutere politikk, ligg nokså dårleg an. Men det er framleis mange menn som smyg seg unna det private arbeidet utan å argumentere.
Siri Jensen meiner at det viktige ikkje er at kvinner og menn skal ta 50 prosent av husarbeidet. Det som er viktig et at kvinnene ikkje skal gjere meir enn halvparten. Det gjer ingenting om menn tar ein større del. Maktforholdet mellom kvinner og menn er slik at ein "frivillig" avtale om at kvinna i forholdet skal gjere meir, er høgst tvilsam, mens ein avtale om at menn skal gjere meir enn halvparten godt kan vere frivillig avtalt.
Menns ønske om makt og kontroll over kvinner i AKP er vel ikkje så ulikt andre menns ønske om akkurat det same utafor partiet. I eit av partidistrikta vart kjernefamilie-parolen midt på 70-talet brukt nokså grovt til å kontrollere kvinnelege partimedlemmer. I forma handla det om å bekjempe ei påstått feilaktig politisk linje i synet på familien. Nokre av dei mannlege kjernefamilie-kameratane hadde funni ut at enkelte av dei ugifte jentene hadde eit seksualliv som ikkje høvde i hop med kjernefamiliemodellen. Ein del damer meinte at dei - likså vel som mannfolka - hadde rett til eit seksualliv sjølv om dei ikkje var gifte eller sambuarar. Kva syn du hadde på kjernefamilien vart eit nytt punkt i kadervuderingane før styreval og liknande. Av ein eller annan grunn la dei størst vekt på dette når det var kvinner som skulle veljast til tillitsverv. Ei jente vart - i fullt alvor - kritisert fordi ho ikkje ville etablere eit fast forhold. Ei anna fekk kritikk fordi ho hadde bryti ut av eit forhold. På eit distriktsårsmøte kom det så langt at valkomiteen i plenum gjorde eit poeng av at ei av dei kvinnelege kandidatane til eit tillitsverv hadde hatt eit seksuelt forhold til ein gift mann. Sistnemnde, som forøvrig også var partimedlem, fekk sjølvsagt forbli anonym. Det har jo - heilt sia Adams tid - vori vanleg at kvinnene får skylda i slike samanhengar. Eg har ikkje høyrt om tilsvarande partiorganisatorisk behandling av mannlege kommunistar sitt seksualliv. Det sette ein støkk i mange at eit partiforum kunne behandle jenter på ein sånn måte.
Desse episodane var eit lokalt fenomen. Partileiinga markerte fleire gonger at dei meinte partiet ikkje skulle gjere seg til ein slags overdommar i slike samanhengar.
Omtrent samtidig som AKP hadde andre landsmøtet sitt i 1976, endte fraksjonskampane i Kinas kommunistiske parti med arrestasjonen av Firarbanden. Nærmest over natta vart dei kinesiske leiarane som AKP hadde hatt eit godt forhold til, støytte ut i det ytste politiske mørkret. Kongressen i det Albanske partiet gjorde same haust politiske vedtak som førte til politisk brot med kinesarane. Desse hendingane skapte nødvendigvis trøbbel for dei som drømte om eit "Kina i Norge". På kort sikt vart det trøbbel fordi det opplagt er ulogisk å gjennomføre ei politisk omvurdering av den politikken som for eksempel firarbanden i det kinesiske kommunistpartiet stod for, berre fordi ein annan fraksjon hadde vunni fram. På lengre sikt vart det trøbbel både fordi dei kreftene som vann fram i det kinesiske partiet la grunnlaget for gjeninnføring av kapitalismen og fordi det ikkje lenger nytta å glatte over usemjene mellom partia i Kina og Albania.
Viss "Kina i Norge"-visjonen hadde vori det viktigaste drivstoffet, eller det viktigaste "limet" i partiet, for å låne Sverre Knutsen sitt uttrykk, ja da hadde heile rørsla smuldra opp på dette tidspunktet. Det gjekk den vegen med fleire av dei andre marxist-leninistiske partia i Vesteuropa. Eg trur neppe mitt eige partilag var så veldig spesielt. I 1975 og 1976 stod vi midt oppe i ein kamp for å forsvare faglegpolitiske rettar i den nest største foreininga i Kommuneforbundet, Sosiale Etaters Fagforening. Dette var ein langvarig politisk nærkamp med både toppsjiktet og sersjantsjiktet i Arbeiderpartiet. Dette skapte samhald og gav oss norsk erfaring. Fleire i partilaget var misnøgde eller usamde med partileiinga om eitt og anna, men vi fortsette no med vårt, uavhengig om vi fekk godt eller dårleg eller ikkje noko svar i det heile tatt på kritikk vi sende til partitoppen.
Om det var den eine eller den andre grupperinga som vann fraksjonskampane i Kina og i Albania, så førte den daglege klassekampen på heimebane til at vi vart knytte saman med arbeids- og fagforeiningskameratar langt utafor RV og AKP i eit arbeid som var heilnorsk: Ein liten offensiv for å frigjere ei fagforeining frå Arbeiderpartiet sitt grep slik at foreininga igjen kunne bli eit verkty for medlemmene.
Den økonomiske gigantomanien førte, som alt nemnt, til ei krise som i 1978 nesten tok knekken på Klasssekampen som dagsavis. Partileiinga stilte store krav til medlemmene da dei internt lanserte ein redningsaksjon for avisa. For å bruke eit av Dag Solstad sine uttrykk, så var det "et urovekkende høyt beløp" som måtte samlast inn. Men det lyktest. I løpet av fire år - frå januar 1976 til utgangen av 1979 vart det samla inn 11,6 millionar kroner til ulike føremål. Om ein reknar om dette til kroneverdiane i dag, tilsvarar det meir enn 7 millionar kroner i året. Desse fire åra omfattar siste del av innsamlingane til rotasjonstrykkeri, det store krafttaket for å unngå konkurs i 1978 og innsamlingar til andre føremål.
Industriarbeidar Bente Løvaas, som var med i den første sentralkomiteen frå 1973-76, var ei av dei som arbeidde med interne organisasjonsoppgåver i mange år etterpå. Ho seier forøvrig i dag, i fullt alvor, at ho eigentleg ikkje hadde politisk nivå til å vere med i den første sentralkomiteen heller! Ho meiner ho vart vald fordi ho var både kvinne og arbeidar. Det var ikkje politisk uenighet som gjorde at ho melde seg ut først på 80-talet. Ho har haldi fram med omfattande faglegpolitisk arbeid og var ei av dei som stilte opp for RV i 1997-valkampen. Men ho syntest medlemskapen i AKP kravde for mykje slit som gav lite personleg og politisk utbyte tilbake: - Om morran måtte eg tenkje gjennom: Kva skal eg ordne før eg går på jobb, kva skal eg få gjort i den første pausa og kva kan eg ta i den andre pausa. Og så måtte eg skilje ut dei tinga som eg måtte ta meg av på ettermiddagen og dei eg skulle ta på sein kveldstid.
Det var fleire som hadde det slik. Dei fortsette å vere politiske aktivistar sjølv om dei ikkje lenger var medlemmer i AKP. Eg har bedt dagens partileiar i AKP, Jorun Gulbrandsen, svare på kva som var det verkelege innhaldet i det politiske kodeordet "høgt politisk nivå" som var ein gjengangar i internt partiordskifte for 15 - 20 år sia.
- Eg trur høgt politisk nivå for det første betydde å vere mann. Og så måtte du vere så sikker på deg sjøl at det var synleg utapå. I ein diskusjon om historiske erfaringer frå eldre tider måtte du ikkje stille spørsmål som: 'Hadde dei senger å sove i?'. Du burde heller seie for eksempel at 'på den 14. partikongressen vart det gjort eit vedtak som dreiv partiet i retning Martov'. Og så var det sjeldan at du sto på stand og delte ut løpesetlar. Dei som hadde høgt politisk nivå hadde sjeldan tid til det, seier Jorun Gulbrandsen.
Partimedlemmene sitt jamne strev rundt om i den norske kvardagen gav næring til heilt andre framtidsidear enn visjonen om eit "Kina i Norge". SUF-medlemmene sin innsats saman med tusenvis andre ungdommar i FNL-gruppene som frå 1966 dreiv solidaritetsarbeid mot USAs krig i Vietnam, var meir konkret og handfast enn høgttravande snakk om Kina. Handlingar har større vekt enn ord. Partimedlemmene sitt arbeid i hundretals fagforeiningar og andre masseorganisasjonar utover 70-talet handla om å forandre Norge. Samtidig vart vi sjølve og tankane våre forandra av erfaringane vi gjorde. Sosial praksis gir sterkare fundament for eigne idear enn det ein oppnår med snakk. Utan den etter kvart nokså allsidige innsatsen i norsk klassekamp, hadde denne rørsla berre vorti ei døgnflue, som eit slags fjernt bølgjeskvulp mot norske fjæresteinar - nærmast ei politisk etterdønning - frå den kulturrevolusjonære stormen som prega Kina på 60-talet. Samtidig var det ei styrke med partiet vårt at AKP - i det rike nord - trekte lærdommar frå millionar av fattigbønder i Kina.
Det finst fornøyelege eller tragikomiske historier om beundringa for Kina. Ein kjenning som kom heim frå studietur til Kina i 1973 fortalde blant anna om arbeidarar som arbeidde utan hørselvern på ein kinesisk fabrikk der støynivået var heilt jævli. Omvisaren hadde forklart at dei ikkje fekk hørselsskader fordi dei var politisk mobilisert mot den slags.
Sverre Knutsen skildrar mange år etterpå korleis tilstanden var i rørsla etter at han sjølv trekte seg frå Sentralkomiteen i juni 1982 og melde seg ut av partiet litt seinare: "Medlemmene var i total forvirring, og stadig flere meldte seg ut i det stille. SKs magiske grep var forsvunnet. Sannhetsministeriets dager var talte". Den litt sjølvhøgtidelege framstillingsmåten seier sannsynlegvis litt om korleis verda og partiet såg ut for ein av dei som i 12 år meinte han hadde haldi eit "magisk grep" om det heile. Eg har spurt 12-15 personar om dei hugsar ei hending i juni 1982 som skapte total forvirring blant medlemmene i AKP. Nokre av dei spurde er ikkje med i partiet i dag. Spørsmålet mitt har skapt ei viss forvirring, men ingen har hatt "riktig" svar. Og når eg fortel at det var da partisekretær Knutsen melde seg ut av partiet, så ser det ikkje ut til at dei eg har snakka med, hugsar dette som ei viktig hending. Marion Palmer, som vart vald inn i sentralkomiteen i 1984, meiner å minnast at ho vart litt letta.
For meg verkar det som Sverre Knutsen skildrar ein politisk tenkjemåte som han sjøl var ein del av og der kartet i visse - men slett ikkje dei fleste - samanhengar var viktigare enn terrenget. Dette atterhaldet er viktig. Samtidig som partileiinga gjorde viktige feil, stod dei midt oppe i politiske kampar der detaljkunnskap om det norske politiske terrenget var ein av grunnane til at vi lyktest. Eg synest i dag at partileiinga presterte politiske saltomortalar på andre halvpart av 1970-talet rundt fraksjonskampane i det kinesiske partiet. Men det var dei same kameratane som stod i spissen for ein skarp klassekamppraksis i Norge. Eg trur ikkje Pål Steigan tok for hardt i da han i 1985 sa at "AKP har hatt fingrene borti 95 prosent av de streikene som har vært gjennomført i Norge i godt over et tiår." Det var den delen av innsatsen vi merka mest til nedover i partiet. Det gjorde sitt til at forsøka på å henge med i dei kinesiske kuvendingane gjorde mindre skade. Men i visse samanhengar trur eg likevel det viktigaste vart å tilegne seg - eller i alle fall stå for - ei "korrekt" teoretisk forståing av marxistisk lære. Den som ikkje hadde "høgt nivå" på slike spørsmål, kunne sist på 70-talet ikkje vere med i sentralkomiteen.
Den revolusjonære rørsla døydde ikkje ut på grunn av Firarbandens fall i Kina og brotet mellom dei kinesiske og albanske partia. AKP hadde unngått å bli klientparti til eit av dei statsberande partia. Fire år etter det tidspunktet da Sverre Knutsen meiner den totale forvirringa tok over der det før hadde vori eit "magisk grep", kom debattboka Kvinnekamp. Vi eier morgendagen!. Åtte AKP-kvinner skildra status på ulike politiske felt. Partileiar Kjersti Ericsson avslutta forordet slik:
"Vi tilhører den generasjonen som strømma ut i yrkeslivet på 70-tallet, som skapte den nye kvinnebevegelsen, som nedkjempa forbudet mot kvinnelig deltaking i Holmenkollstafetten. Det er blitt et hesblesende innimellom-liv. Vi står med et bein i det gamle og et bein i det nye, og holder på å spjæres på midten. Hvis en våger å kjenne etter, er det egentlig uutholdelig å stå slik. Tanken på å ta et skritt tilbake er enda verre. Da er det bare en mulighet: Å fortsette framover. Ja, det er reint ut sagt til å bli kommunist av. Det har vi blitt. Denne boka forsøker å forklare hvorfor. Mange flere burde bli kommunister. For det er det eneste som hjelper i lengden".
AKP-arane oppnådde store resultat også i dei åra rundt 1980 som var prega av indre politisk krise i partiet. Overvakingspolitiet skriv i årsmeldinga si for 1982 at "AKP(m-l) har økt sin innflytelse i fagbevegelsen, antall tillitsmenn med AKP-tilknytning er mangedoblet". I neste årsmeldinga kan vi lese at det har vorti enda fleire AKP-arar i det faglege tillitsmannsapparatet..
Dette bekymra dei som styrer Norge. Arbeiderpartiet sin 1. mai-talar i Førde i 1982 gav klar beskjed om at han var alvorleg bekymra. Han slo fast at Arbeiderpartiet no måtte opprette sine eigne valde organ innafor Førde faglege samorganisasjon. Det var nødvendig dersom Arbeiderpartiet skulle få den makta i Samorg som han meinte dei hadde rett til.
Lokalavisa Firda rapporterte at det var bra oppslutning om Samorg sitt 1. maitog i Førde det året. "Mellom 150 og 170 menneske slutta seg til toget gjennom sentrum i middagstida - trass i kald og sur vind." Hovudparolen var "Fagorganiserte - til kamp mot arbeidsløyse og lønnsnedslag". Etterpå heldt klubbleiaren på Friogrill i Trondheim, Marion Palmer, tale på torget. Samorg hadde med 19 mot 4 røyster valt henne som hovudtalar. Dei fire stemte for miljøkonsulent Børre Pettersen i LO. Men usemja var ikkje større enn at samorgrepresentanten frå Jern og Metall som foreslo Pettersen, sa til Palmer etterpå at han syntest ho heldt ein god tale for dagen. Om kvelden var det fest i Førdehuset. Gjesdal Ungdomslag si framsyning av "Jølstrafloraen" vart ein stor suksess. Henning Rivedal kåserte om arbeidarkulturen og Marion Palmer fortalde frå arbeidsplassen sin, og om korleis det var å vere kvinneleg klubbformann. Om lag 150 menneske var med på festprogrammet før kvelden vart avslutta med dans ved Nøkken og Skjærgårdsgutta, for til saman 650 betalande.
Så langt skulle ein tru at alt var såre vel. Dei fleste utom den harde kjerna i Arbeiderpartiet var godt nøgde med dagen. Arbeiderpartiet boikotta Samorg-toget og laga til sitt eige arrangement på Eldresentret. Dei hadde invitert ein av bygdas store søner til å halde tale for dagen. Han var kjend både som bedriftsleiar og politikar. Det er uvisst kor mange som høyrde på disponenten ved Førde-avdelinga til A/S Nebb, Kjell Opseth, da han gjekk på talarstolen. Det kunne vere heilt tilfeldig, men det kunne og vere vennleg diskresjon som gjorde at ingen av lokalavisene nemnde kor mange som var til stades på Arbeidarparti-møtet som vart innleia med at ein liten, trufast flokk bar partilaget sin fane fremst i eit "tog frå Firda Billag til Røde Kors-bygget". Kjell Opseth, som var formann i Sogn og Fjordane Arbeidarparti og som nettopp hadde vorti stortingsrepresentant, snakka til dei frammøtte om massearbeidsløysa og om at faren for krig hadde kommi nærmare. Og så kom han grundig inn på korfor Arbeiderpartiet boikotta Samorg-toget og korleis dei burde møte slike problem i framtida.
Tilhøyrarane fekk vite at dei sosialdemokratiske partia og landsorganisasjonane i Norden valde å markere dagen under parolen "Fred og arbeid". Opseth gjekk ikkje nærare inn på kven som hadde hatt stemmerett ved dette politiske vegvalet. Han slo berre fast at "denne parolen var ikkje med i Samorganisasjonen sitt tog i Førde i dag. Dette, meir enn noko anna, klårgjer kva krefter vi let styre eller ha makta i Førde og Omland Faglege Samorganisasjon. Den ekstreme, egoistiske grupperinga som representerer om lag ein halv prosent av veljarane i landet, er meir interessert i å skape kaos, og dermed arbeidstilhøve for sitt arbeid."
Han levna i det heile tatt lite ære til den lokale Samorganisasjonen: "Når Samorg som er ein overbygning for LO sine fagforeiningar, for det første ikkje kan nytte den hovudparolen som LO i dei nordiske landa har tilrådd, og for det andre avviser LO sin miljøkonsulent Børre Pettersen, då er det grunn til å stoppe opp og tenkje seg om, sa Opseth".
Han slo fast at det var heilt riktig at Førde Arbeidarparti markerte 1.mai-dagen med eit eige arrangement. Og så kom den faglegpolitiske rettleiinga om korleis Arbeiderpartiet skulle arbeide når dei no var hamna i ei uønskt rolle som opposisjon: "No må dette fylgjast opp ved at alle Arbeidarparti-sympatisørar i Førde og Omland faglege Samorganisasjon dannar eiga gruppe og vel gruppestyre. På denne måten kan ein utøve den makt ein har i dette viktige fora. Dette er det einaste språk AKP-medlemene forstår", sa stortingsrepresentant Kjell Opseth. "For ettertida må det vere samarbeid i samarbeidet si ånd og ikkje samarbeid på AKP (m-l) sine premissar som vert lagt til grunn for feiringa".
LO sette ikkje i verk disiplinære forføyningar på grunn av denne oppfordringa til å byggje opp eit partistyre innafor representantskapen i Samorg. Kan det tenkjast ein annan reaksjon om partileiar Pål Steigan hadde haldi ein liknande 1.mai-tale på ein av dei stadene der AKP slutta opp om eit anna arrangement fordi partiet var politisk usamd med fleirtalet i samorganisasjonen?
1980-talet vart prega av at staten - på vegner av kapitalistklassen - både lanserte ein langsiktig plan for å avvikle mykje av den råvarebaserte industrien og gjennomførte storstila tiltak for å "forklare" befolkninga at det ikkje går an å bruke dei svære statsinntektene frå Nordsjøen til å dekke viktige behov innan helse-, sosial- eller skolevesen. Planane for omstilling av industrien vart lagt fram i innstillinga frå Buvikutvalet i 1983. Buvik peika ut 104 såkalla einsidige industrisamfunn. Det typiske var at hjørnesteinsbedriftene leverte produkt med låg bearbeidingsgrad og at både industrien og lokalsamfunnet var bygd opp rundt ein lokal ressurs, anten det no var vasskraft, malm eller fisk.
Den norske råvareproduksjonen låg an til å bli meir og meir ulønnsam samanlikna med tilsvarande produksjon i den tredje verda, ettersom det ikkje var muleg å senke lønningane i Norge ned til for eksempel indonesisk nivå. Buvikutvalet sin resept var omstilling til framtidige vekstbransjar. Eit av verkemidla var å gi opp målsettinga frå gjenoppbyggingsperioden etter krigen om allsidig og spreidd industriutbygging. Buvik gravla samtidig den gamle ideen at eit industriprosjekt kan vere samfunnsøkonomisk lønnsamt sjølv om det går med tap, sett ut frå ei snever bedriftsøkonomisk vurdering. No var det reine marknadsøkonomiske prinsipp som skulle gjelde. Kapitalismens brutale grunnlov er at kapitalen skal investerast der avkastninga er størst. Det kan vere rett å leggje ned ei lønnsam bedrift viss anna kapitalplassering gir større forteneste til kapitalisten. Ein av leiarane i Elkem gav klar beskjed til Per-Gunnar Skotåm som var leiar for Distriktsorganisasjonen for bergverka i Nord-Norge: "Hvorfor investere 100 millioner i Bremanger Smelteverk med 10 prosent fortjeneste pr. år når en kan få 13 prosent i banken."
RV gjorde kampen mot den planlagde avviklinga av lokalsamfunn til ei hovudsak i valkampen 1983. I åra som følgde vart det organisert breie forsvarsaksjonar i mange lokalsamfunn. Lokalpolitikarar og faglege tillitsvalde i RV og AKP gjorde ein svær innsats mange stader, saman med eit bredt spekter av sambygdingar som ikkje godtok at marknadskreftene skal styre alt. Dei som lyktest best var partifellene våre i Odda, der heile lokalsamfunnet gjennom fleire år vart mobilisert i aksjonen Leve Tyssedal. Kravet frå lokalsamfunnet var bygging av eit nytt aluminiumsverk. Det fekk dei ikkje. Etter ein langvarig og komplisert politisk kamp vart resultatet eit stortingsvedtak om å byggje nytt ilmenittverk. Utan den svære mobiliseringa av lokalsamfunnet hadde dei ikkje fått det heller. Den trykte oppsummeringa av Leve Tyssedal-aksjonen er eit lærestykke og ei oppskriftbok om korleis ein kan samle eit lokalsamfunn til politisk sjølvforsvar mot stat og storkapital.
På dei fleste einsidige stadene vart det kraftig nedtrapping av talet på arbeidsplassar, og nokre stader vart dei aktuelle bedriftene utradert, slik som Horten Verft og Sulitjelma Bergverk. Ein av dei som stod midt oppe i dette, gruvearbeidar Per-Gunnar Skotåm, som i mange år var leiar i Sulitjelma faglege samorganisasjon, meiner vi må trekke lærdom av at partiorganisasjonen til AKP smuldra heilt vekk fleire stader der lokalsamfunnet tapte slike kampar. Han meiner vi var unnvikande i å seie rett ut kor vanskelege framtidsutsiktene var: "Mange tillitsvalgte så at en på lenger sikt var nødt til å tape så lenge det ikke ble radikale systemendringer i Norge. Så lenge reine markedsøkonomiske betraktninger skulle være styrende i industripolitikken ville råvareprodusenter i Norge nødvendigvis gå under i konkurransen. Likevel var en forsiktig med å propagandere det av frykt for at kampkrafta i øyeblikket skulle bli svakere hvis det uansett ville bli et nederlag på lenger sikt." Skotåm meiner at dei revolusjonære sin manglande evne til å kombinere det kortsiktige og det langsiktige politiske perspektivet førte til at desillusjoneringa vart forsterka etter nederlaget på fleire nederlagsdømte industristader. Han meiner at kampen fleire stader vart ført på eit grunnlag av illusjonar om det systemet og den samfunnsordenen vi lever under.
Dette er ein av dei feila hos oss sjølve som vi må finne ut av, viss vi ikkje skal gjenta dei rundt neste sving: "Å trenge inn i årsakene til at revolusjonære ikke evna å gi et grensesprengende perspektiv til de kampene som opplagt hadde de mulighetene i seg, er den største utfordringa vi revolusjonære står overfor i de kampene som vi bare står på terskelen til! Hvis revolusjonære bidrar til å spre illusjoner om det kapitalistiske systemets karakter og mulighetene av en kapitalisme framover med et humant ansikt, vil det bokstavelig talt kunne bidra til å lede arbeiderklassen til slaktebenken."
Denne utfordringa vil møte oss dagleg i det neste tiåret. Det er kapitalismens nådelause krav om fri flyt til høgast muleg profitt som er drivkrafta når tidlegare statsforetak med samfunnsmessige mål - slik som NSB, Telenor og Posten - blir omdanna, når den norske vasskrafta blir innlemma i den europeiske kraftmarknaden og dei store private bedriftene, som Norsk Hydro, truger med å flytte ut av landet viss dei ikkje får like gode skattemessige vilkår som dei kan oppnå utanlands.
Siri Jensen, bokbindarassistenten som var kvinneansvarleg i AKP frå 1984 til 1988 og partileiar i dei fire neste åra, fortel at Kvinneutvalet i partiet arrangerte eit par helgeseminar om politisk økonomi først på 80-talet. Dei siste åra har Siri vori leiar i fagleg utval og har arbeidd som kontorfullmektig. Deltakarane på helgeseminara diskuterte familien, arbeidskraftas verdi, husarbeidet si rolle i økonomien og liknande spørsmål Fram til da var det alltid menn som var autoritetar i spørsmål om politisk økonomi. Etter dette var det ei gruppe som laga eit kursopplegg som fekk namnet Kapitalen for kvinner. Jorun Gulbrandsen var kursleiar på mange kurs og samlingar der dei studerte Karl Marx sine skrifter med siktemål å finne ut korleis den kapitalistiske økonomien slår ut annleis for kvinner enn for menn. Dei diskuterte korfor det er slik at kvinner gjennomsnittleg tener mindre enn menn. Kva var årsaka til at alle som var gift stod bokført på ektemannen sitt namn på likingskontoret? - Det at vi studerte aleine - utan mennene - var veldig bra, seier Jorun Gulbrandsen. Vi slapp å ha nokon rundt oss som visste betre. Vi kunne bruke dei felles erfaringane våre til å stille spørsmål og finne svar.
Dette skapte eit nytt debattklima og ein ny debattstil. Enda viktigare var det at kvinnene samla opp og systematiserte ny kunnskap. Dei brukte marxistisk teori til å undersøkje dei formene for økonomisk utbytting som dei sjølve hadde konkret erfaring med i dagens Norge. Gro Hagemann spelte ei viktig rolle i desse studiane som skapte ein del av grunnlaget for kvinneopprøret i AKP. Kvinneopprøret var tufta på at AKP-jentene heile tida deltok i den daglege klassekampen, både i Kvinnefronten og på anna vis. Dei måtte tilføre partiet både kvinnebevissthet og kunnskap om dei kvinnepolitiske krava.
- Kvinnene i AKP treng eit sjølvtillitskurs. Dette var Kjersti Ericssons konklusjon i ein diskusjon om korleis kvinnene skulle styrke stillinga si i partiet. Året var 1983. Året etter vart Kjersti Ericsson vald til partileiar. Dette valet fekk mest å seie for AKP sjølv, men det er også verdt å nemne at dette var første gongen eit kommunistisk parti valde ei kvinne til å vere partileiar. Samtidig slo partilandsmøtet fast at det skal vere minst 50 prosent kvinner i sentralkomite og distriktsstyre, og ein ny regel kom inn i partivedtektene: "Kvinnemishandling er uforenlig med medlemskap i partiet." Kjersti Ericsson fortel at ein kvinneleg sandinist i Nicaragua var mållaus av begeistring da ho fekk høyre om dette i 1986. Ho hadde sjølv skilt seg frå ein partikamerat som mishandla henne.
Liv Finstad og Anne Tiedemann som fekk oppgåva med å lage sjølvtillitskurset, hadde i 1984 ferdig eit kursopplegg som var noko verkeleg nytt. - Dette kurset vart til som svar på eit skrikande behov hos kvinner i AKP som var lei av å bli overhøyrt og oversett og ikkje bli tatt på alvor, seier Inger Johanne Magnus og Berit Hammerø som i 1998 er AKP sine bøllekursarrangørar. Eit bøllekurs med inntil 20 deltakarar går over tre dagar, frå fredag ettermiddag til søndag. Dei fortel at det første prøvekurset vart avvikla i 1984. Så vart det fire kurs i 1984, dobbelt så mange i 1985. I åra som følgde tok det heilt av.
Da Liv Finstad i 1991 la fram resultatet av ei spørjeundersøking ho og Cecilie Høigard hadde gjort blant eit utval av kursdeltakarane, kunne ho oppsummere at "siden starten i 1984 har mer enn 10.000 kvinner deltatt på 'bøllekurs'." Det var ikkje berre omfanget som gav eintydig beskjed om at kurset trefte noko som kvinner hadde bruk for: "Den positive reaksjonen er overveldende. Alle unntatt én vil anbefale andre kvinner å delta på bøllekurs. Alle som i årenes løp har gjort bøllekursbevegelsen mulig, har sannelig skutt en gullfugl!" I ein dryg femårsperiode var det gjennomsnittleg rundt 100 slike helgekurs i året.
Kjersti Ericsson trekte fram utviklinga av desse kursa som ei vellykka erfaring, da ho mot slutten av fireårsperioden gjorde opp status for arbeidet sitt som partileiar. Ho likte ikkje at ho så ofte måtte setje idear nokså detaljert ut i livet sjølv. Ho ville helst at andre skulle setje seg i sving og stole på seg sjølv, og syntest bøllekurset var eit eksempel på korleis det kan fungere: "Jeg fikk ideen til bøllekurset, og satte i gang Liv. Siden er det blitt en svær bevegelse uten at jeg har løfta en finger. Jeg fikk ideen til bøllekurs for skolejenter, og Ann Helen tente på den; og så rulla det av seg sjøl." Ein kan godt seie at bøllekursa vart ei politiske rørsle som lever sitt eige liv, både i Raud Ungdom og i og rundt AKP. Tilsaman er det om lag 100 kvinner som er utdanna som bøllekursleiarar.
Eit bøllekurs er noko heilt anna enn dei leiar- og sjølvutviklingskursa som er populære i næringslivet. - Kurset blir ei felles erfaring. Vi skaper eit kvinnekollektiv og ny kvinnebevissthet gjennom kurset, seier Inger Johanne og Berit. - Vi legg forholda til rette, byggjer på deltakarane sine eigne erfaringar. Vi har ei ramme som deltakarane må fylle sjølve. Det å gjere ting saman gir oss større lærdom enn å sitje og høyre på kloke ord. Det nytter ikkje å lytte til trenaren. Du må ut på banen og sveitte litt sjølv. Det er ikkje kursleiarane som skal vise kor flinke dei er. Dei skal leie kurset slik at alle - og kvar enkelt - kan vekse og bli store. Gjennom å sjå på andre ser kvar deltakar også sin eigen styrke og sine eigne kvalitetar.
- Vi skaper kvinnebevissthet gjennom å oppsummere erfaringar frå deltakarane sine liv. Det er ei felles erfaring å ikkje bli høyrt, det er ikkje ein personleg skavank. Tilsvarande oppsummerer vi korleis kvar enkelt har møtt mannlege hersketeknikkar og ulike former for undertrykking. Du trur det er deg det er noko gærnt med når mannen din skjeller deg ut eller du bli trakassert på jobben. Og så viser det seg at andre har same slags eller liknande erfaring. Det er eit sprang over til ei ny forståing når vi oppdagar korleis vi ned til minste detalj er opplærte til å fylle ulike roller.
- Vi satsar på at kvinner skal lære seg å møte hersketeknikkar dei er utsette for til dagleg. Men kursa skal og tene til å byggje opp nye kvinnekollektiv, i AKP, i Kvinnefronten, i fagforeininga eller velforeininga. Kursa trekker og opp eit framtidsperspektiv i kampen for kvinnefrigjering som peiker ut over det kapitalismen. Vi kan og skal slåst for sjølvtillit og likestilling. Men full kvinnefrigjering er ikkje muleg utan ei samfunnsomvelting. Bøllekurs er derfor både eit kortsiktig tiltak og ein del av den langsiktige strategien, seier Inger Johanne Magnus.
Bøllekursarbeidet er ein kjempesuksess. Det er AKPs gave til kvinnene. Men det har ikkje vori så lett å få armslag til å jobbe med det. - Vi som arbeidde med å lage opplæringskurs for bølleleiarane, gjorde dette på sia av andre oppgåver i partilaget, fortel Berit. - Det vart liksom ikkje godtatt som så viktig at det kunne vere den politiske hovudoppgåva vi skulle stelle med.
AKP arrangerer bøllekurs i samarbeid med Studieforbundet Ny Verden, og kundelista er mangfaldig. Det har vori kurs i mange fagforeiningar, for stoffmisbrukarar som vil snu på livet sitt, på Kvinnefengslet, i Blindeforbundet og Husmorforbundet, for berre å nemne nokre få. Heile kurspakka er omsett til samisk og kurset er og gjennomført på engelsk. Det første engelskspråklege kurset vart arrangert for tillitsvalde frå dei fleste studentunionane i Europa.
Talet på bøllekurs gjekk kraftig ned frå tidleg på 90-talet. For å snu denne tendensen vart det laga ei eiga avis som kontaktorgan for bøllekursaktivistane. Gyda Glup kom ut første gong sommaren 1991. - No har det begynt å røre på seg igjen, seier Berit Hammerø og Inger Johanne Magnus. 2.000 kvinner har vori med på bøllekurs i AKP-regi i åra 1992-96. Raud Ungdom sine kurs for jenter har hatt 600 deltakarar i same perioden. Ved inngangen til 1998 er det tilgangen på kursleiarar som er problemet.
Siri Jensen, er ikkje sikker på når ho første gongen høyrde uttrykket kvinneopprør brukt om det kvinnepolitiske oppsvinget i AKP. Frå starten på 80-talet dreiv kvinnene i partiet mange slags politisk nybrottsarbeid. Dei erobra nye saksområde og fekk etter kvart gjennomslag for at kvinnepolitikken er ein viktig del av partiet sitt grunnlag på alle felt. Det vart slutt på å definere kvinnepolitikk som eit lite område på sida av det andre partiarbeidet.
Dei som frå 1982 var med i Kvinnefronten sitt utval for kvinner og arbeid, dreiv fram debatten om 6-timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon, eit krav som har vori tema på kvar einaste LO-kongress sia Marit Engh sette det kravet på kongressen sin dagsorden i 1977. Før partilandsmøtet i 1984 vart det gjennomført ei kvinneundersøking i AKP. Alle kvinnelege medlemmer skulle svare på kva slags oppgåver dei hadde, korleis dei brukte tid og krefter, osv. Den undersøkinga viste til overmål at det var mange kvinner i AKP som hadde vori med lenge og hadde allsidig politisk erfaring, sjølv om det var menn som var mest synlege på vegner av partiet. Undersøkinga gjorde at både kvinnene og kvinneundertrykkinga i partiet vart synlege, for dei som ville sjå.
Siri Jensen meiner at kvinner i andre organisasjonar kan lære mykje av dei erfaringane kvinner har gjort i AKP: "Kvinneundertrykking i partiet var lenge eit tabuområde, og kvinner som reiste det ble oversett og dels mistenkeliggjort. Det var et viktig skritt da mange jenter sammen begynte å slå fast at det fantes kvinneundertrykking, slik at det var mulig å snakke om det." Ho meiner f.eks. LO framleis er på det stadiet at det sjeldan blir sagt rett ut at det finst kvinneundertrykking i LO.
Sjølv om LO-toppen på 90-talet har plukka opp nokre fine ord om kvinnelønn, understreka Siri Jensen på eit kvinnekurs i Lærarlaget i 1995 at det framleis er grunn til å spissformulere det som preger LO-leiinga og mykje av kulturen i fagrørsla:
"Det finnes ikke kvinner i fagbevegelsen, bare medlemmer, lønnstakere, lavtlønte, osv. Fordi det ikke snakkes om kvinner, blir både kvinnene og deres styrker og problemer usynliggjort. Mange kvinnedominerte forbund har arvet dette. Men det er nødvendig å snakke om kvinner, bryte kjønnsnøytraliteten, ellers er det bildet av den mannlige arbeider som får dominere. Samtidig har det alltid vært sterke kvinner som har slåss innafor fagbevegelsen.
- Kvinnene er et problem, de jobber ikke for pengene (er den på vei ut nå?), årsaken til lavtlønna er at de finner seg i så mye, de kommer ikke på møtene. Spesielt er de som jobber deltid et problem. Problemet er ikke at kvinner i vårt samfunn pålegges ansvar som gjør at deltid blir nødvendig.
- Kvinnesak er en rød klut. LO er for likestilling og for kjønnskvotering både av menn og kvinner, men bruker knapt ordet kvinneundertrykking.
- Kvinnelige tillitsvalgte skal helst være som menn - det er et sterkt press i retning av kjønnsnøytralitet og alle 'de store spørsmåla' der kjønn ikke har noen plass. Dette fører ofte til at kvinneaktivister som kommer inn i fagbevegelsen ikke får plassert sine erfaringer og sin kunnskap, de tilhører en annen verden."
Siri seier at Kvinneutvalet som var eit slags senter for kvinneopprøret i AKP, jobba på to frontar samtidig. Poenget var at partiet skulle bli eit betre politisk verkty for arbeidsfolk. For å få til det, var det heilt nødvendig å gjere noko med kvinneundertrykkinga i partiet. Både kvinnene og kvinnepolitikken måtte få større plass, både i partiet og i marxismen. Dei gjekk til åtak på mannsdominansen både innafrå og utafrå. Samtidig som dei jobba med å forandre partiet frå innsida, la dei mykje krefter i å organisere den breie kampen for 6-timarsdag, kampen mot porno osv. "AKPs mål er jo at arbeidsfolk skal forandre verden og gjøre revolusjon. Mange kvinner i bevegelse bak kvinnekrav ville derfor være det sterkeste argumentet for at AKP må ta kvinnekampen alvorlig", seier ho i ei oppsummering av kvinneopprøret. "Dette kan også kalles å vise styrke, eller å jobbe innad utfra en sterk posisjon i den eksterne kampen. Eller det kan kalles å forandre organisasjonen gjennom å forandre verden."
Mange kvinner vart med i eit langsiktig arbeid for å utveksle erfaring og informasjon og skape felles forståing og felles bevissthet på tvers av bransje- og organisasjonsgrenser. På ein dagskonferanse i 1982 møttest 20-30 jenter frå blant anna Jøtul, Freia og arbeidsplassar i offentleg sektor. Magnhild Folkvord, som arbeidde på Jøtul, seier det var så store skilnader frå bransje til bransje at det var som dei dreiv faglegpolitisk arbeid i kvar si verd.
I 1986 såg vi den første spirene til Kvinnenes tariffaksjon. Kjersti Ericsson hadde ideen. Ho laga eit utkast til opprop og så var det andre som førte arbeidet vidare. For første gong vart det laga eit fagleg opprop med ein kvinnepolitisk argumentasjon for å stemme nei ved tariffoppgjeret. Året etter var Kvinnenes tariffaksjon ein sjølvbestalta komite som prega debatten rundt tariffoppgjeret. Seinare har dette vaksi vidare. Kvinnelønn har vorti eit begrep dei fleste kjenner, og mange foreiningar og forbund har slutta seg til kampen for å få kvinnelønna opp.
- Med omgrepet 'kvinnelønn' trefte vi noko som mange kjende seg igjen i. Handel og kontor og hjelpepleiarane var mellom dei forbunda som raskast tok poenget med at også kvinner skal ha ei lønn å leve av, seier Siri Jensen.
Ho skreiv i 1988 eit hefte med titelen Kvinneorganisering - På tvers. Der oppsummerer ho erfaringane så langt, og understrekar at det trengst både kvinneorganisering og fagorganisering, både kvinnebevissthet og fagforeiningsbevissthet. Det går ikkje an å utløyse den krafta som finst i kvinnekampen i arbeidarklassen viss ein ikkje tar vare på begge sider. - Det finst ingen ferdig organisasjon i dag som har plass til kvinnene som heile menneske. Vi arrangerte hundrevis av små møte der kvinner frå ulike yrke møttest for å setje saman erfaringane sine - på tvers.
Dette langvarige arbeidet betydde mykje for å utvikle kvinnebevisstheta. Seks år etter På tvers-heftet, møttest om lag 200 deltakarar frå fleire titals fag- og kvinneorganisasjoner frå heile landet til den først Kvinner på tvers-konferansen. Framvoksteren av Kvinner på tvers-rørsla er eit kollektivt politisk skaparverk. No er dei sentrale årlege Kvinner på tvers- konferansane ein tradisjon. Det er liknande lokale tiltak fleire stader. Men dei deltakarane i denne langvarige prosessen som eg har snakka med, seier at dette ikkje hadde vorti noko av utan den tålmodige innsatsen til den kvinnepolitiske strategen Siri Jensen.
Kjersti Ericsson stod for ein annan leiarstil enn det som hadde vori vanleg fram til ho i 1984 tok over styringa av AKP-skuta. Ho braut med mange forestillingar om korleis ein partileiar skal vere og oppmuntra mange - både kvinner og menn - til å ta på seg nye og utfordrande oppgåver. Ho sa ifrå til dei andre i sentralkomiteen at det var ein del oppgåver ho ikkje hadde lyst til å drive på med, slik som å "uttale meg i hytt og pine om ting jeg helst vil slippe å mene noe om, og som interesserer meg mitt i ryggen (eks. om hovedflyplassen skal være Fornebu eller Gardermoen)" eller å "være partihusmor som til sjuende og sist er ansvarlig for, og må prøve å sope opp all møkka som blir liggende i krokene." Ho er stolt av at ho på slutten av fireårsperioden sin som partileiar torde å sette opp ei skryteliste av dei tinga ho syntest at ho hadde gjort riktig bra og leggje fram den lista for dei andre i sentralkomiteen.
For meg verkar det som Kjersti sette ein slags ny standard for partikultur. Ho har ein evne til å sjå fleire sider hos andre partimedlemmer. Når eg spør henne om korleis ho og andre kvinner heldt ut med den mannsdominansen som prega partiet sist på 70-talet, trekker Kjersti fram alt det bra arbeidet som desse mannfolka utretta, samtidig som ho forklarer korleis kvinnenettverk og kvinnesamhald vart utvikla.
I 1987 gav Kjersti Ericsson ut Søstre, kamerater! Denne boka er det viktigaste norske bidraget til utviklinga av den internasjonale kommunistiske rørsla. I forordet rettar Kjersti ein takk ikkje berre til kameratane på partikontoret, som har gitt henne permisjon frå dei daglege oppgåvene slik at ho kunne skrive denne boka, men og til mange andre: "Denne boka er egentlig skrevet av mange flere enn meg. Den er et produkt av de diskusjonene som er blitt ført i det kvinnepolitiske miljøet i og rundt AKP(m-l) gjennom flere år."
I dag finst den engelske utgåva av denne boka spreidd over heile kloden, i revolusjonære parti, blant geriljasoldatar og kvinneaktivistar. Utdrag av boka blir trykt i raude aviser og tidsskrift. Redaksjonen i indiske Women's Voice, som i 1995 trykte kapitlet om familien, peiker på at kvinnenes situasjon i dei store indiske byane har slåande likskap med det som Kjersti Ericsson skildrar: "Familieinstitusjonen er knuten der mange av trådene løper sammen. Familien spiller en nøkkelrolle i å opprettholde kvinneundertrykkinga. Dette betyr ikke at vi bare kan 'avskaffe' familien, så er vi kvitt hele elendigheten. Men familien 'organiserer' de kvinneundertrykkende mekanismene i samfunnet, og skjuler dem under ideologien om et frivillig kjærlighetsfellesskap."
Kjersti systematiserte også den kvinneundertrykkinga som er innebygd i partiet sin eigen teori og praksis:
"Også innafor partiet dukker imidlertid kvinneundertrykkinga opp. På en måte er dette et alvorligere problem i partiet enn alle andre steder. Ikke fordi undertrykkinga er verre, men fordi den gjør større skade.
Kvinnene har vært, og er fortsatt usynliggjort. Kunnskap og teorier om samfunnet: historie, økonomi, sosiologi, psykologi er først og fremst sammenfatning av mannfolkas liv og forhold. Politisk teori (og dermed politisk praksis) blir sjølsagt også prega av dette. For de herskendes vitenskap og de herskendes politikk er ikke dette noe problem. Når kvinnene usynliggjøres, legitimeres kvinneundertrykkinga som er nødvendig for at dette samfunnet skal bestå. Men for revolusjonære og kommunister er usynliggjøringa av kvinnene et problem, fordi det betyr at de herskendes verdensbilde sniker seg inn i teorien og politikken vår. Marxismen skal være en kritisk og frigjørende teori, som retter seg mot all undertrykking og har revolusjonær sprengkraft. Men hvis den ikke ser kvinnene, så kan den komme til å legitimere viktige sider ved kvinneundertrykkinga. Dermed svekkes den som kritisk teori og blir ikke det redskapet halve menneskeheten (og til sjuende og sist hele menneskeheten) trenger for å frigjøre seg.
(...)
Vi kvinner i AKP(m-l) er nok litt uenige om hva slags holdning vi skal ha til de mannlige kameratene. Sjøl mener jeg at vi skal behandle dem, nettopp som kamerater. Vi må være skarpe når det trengs og ikke vakle på det vi vil ha gjennomført. Og vi må sjøl være klar over det veldige omfanget og djubden i kvinneundertrykkinga, og være årvåkne overfor nye tilsløringer og hersketeknikker som erstatter gamle, avdanka metoder. Men jeg tror at mannfolk, i likhet med alle andre, lærer like mye av å få anerkjennelse for det riktige de gjør, som av å få kjeft for det gærne de gjør. Mitt syn er at de fleste mannfolk i AKP(m-l) ærlig og oppriktig ønsker å stille seg på kvinnekampens side. Da bør vi også gi dem anerkjennelse når de tar skritt framover, ikke bare kjefte fordi det er et godt stykke igjen. Og det er ikke uten videre sånn at kvinner vet alt som er verd å vite om hvordan dette samfunnets kjønnsystem skal bekjempes. Vi kjenner f.eks. ikke mannsrollen innafra. Mannfolks kunnskap og erfaringer trengs også. Da må det herske en atmosfære som gjør det mulig for disse erfaringene å komme fram."
Eit drygt tiår er gått sia dette vart skrivi. Ei av svakhetene våre er at få mannfolk enda har tatt den utfordringa det er å beskrive mannsrolla innafrå for at både kvinner og menn skal bli betre i stand til å bekjempe kjønnsystemet i samfunnet.
Sterke politiske krefter var samla i gymnastikksalen og dei andre lokala på Tåsen skole da 800 deltakarar møtte fram til den tre dagar lange Kvinnekonferansen som AKP arrangerte hausten 1986. Kjersti Ericsson skreiv året etter at denne konferansen "rykket posisjonene våre fram mer enn hundre diskusjoner kunne gjort."
Eit lite sideblikk til Overvakingspolitiet sitt arbeid, kan gi ein peikepinn om at det fanst menn utafor partiet og som ikkje heilt evna å oppfatte at AKP-kvinnene hadde vind i segla på denne tida. Eit halvår etter kvinnekonferansen møttest alle politiinspektørane i Overvakingspolitiet for å utveksle erfaringar med overvakinga av AKP og for å leggje nye planer. Konklusjonen blir at dei skal fortsetje å overvake og registrere AKP-aktivitet også i åra som kjem. Men dei skal redusere ambisjonsnivået litt. Dei er nemleg samde om at AKP er mindre farlege enn før fordi "det er en klar forgubbing av ledersjiktet, med dårlig tilgang av nye ledere ..." På dette tidspunktet var Kjersti Ericsson partileiar. Siri Jensen og Jorun Gulbrandsen var blant medlemmene i arbeidsutvalet. Evelyn Dyb var partisekretær.
I oppsummeringa av kvinneopprøret i AKP peiker Siri Jensen på at "kvinner i ledelsen er samtidig både i posisjon og i opposisjon. Det er vanskelig å være i opposisjon til en organisasjon en sjøl leder, og det er nettopp det som er kvinnebevisste kvinnelige lederes dilemma. Uten et særegent kvinnearbeid som får tid og rom og som jobber i forhold til kvinnebevegelsen, er det umulig ... Bøllekursene understreker at det er viktig at kvinner går inn i lederposisjoner i flokk." Ho peiker på at "det er viktig å ha kvinnepolitiske saker en vil kjøre fram, både for å bruke makta og som et grunnlag for å prøve å vinne menna politisk."
Det gav seg sjølv at AKP måtte bli eit antiimperialistisk parti. Det var ungdommane i SUF som på slutten av 1960-talet gjeninnførte sjølve ordet imperialisme i det norske politiske ordskiftet. Mange av oss møtte ml-rørsla gjennom solidaritetsarbeidet for den vietnamesiske frigjeringskampen. Når mange humanistar og fredsvenner - som meg sjølv - ikkje syntest ein kunne gå lenger enn å reise parolen "Fred i Vietnam nå", svara SUF med "Seier for FNL!" og hevda at parolen om "fred nå" betydde å godta at USA-imperialismen kunne bli ståande i Vietnam etter ei våpenkvile. SUF og seinare AKP tok parti for dei som førte forsvars- og frigjeringskrig mot imperialistiske angriparar. Ein del av dei som fordømte den amerikanske krigen i Indo-Kina, kunne ikkje følgje oss der. Dei meinte sjølve krigshandlingane var problemet, ikkje den imperialismen som var årsak til krigen. Liknande problemstillingar dukkar opp på nytt kvar gong eit folk reiser seg for å kaste imperialistiske inntrengjarar på dør og skaffe seg rom til å utvikle landet ut frå eige føresetnader og behov.
Her skal eg stort sett avgrense meg til å seie litt om solidaritetsarbeidet med palestinarane. Støtte til palestinarane sin frigjeringskamp, var ved sida av kritikken av Sovjet som imperialistland, kanskje det AKP-standpunktet som frå starten av verka mest provoserande i det etablerte Norge.
Initiativet til å opprette Palestinakomiteen tidleg på hausten 1970 var ei logisk vidareføring av det landsmøtevedtaket SUF gjorde om Midtausten i 1967. Finn Sjue, som kjende litt av Israel frå innsida etter kibbutzbesøk på 60-talet, vart den første leiaren. Fleire av dei som vart palestinaaktivistar hadde israelsk kibbutz-erfaring.
Norge var eit av dei landa der regjeringa hadde aller tettast band til sionistrørsla i Israel. Etter Odd Karstein Tveit sitt dokumentararbeid Alt for Israel, veit vi mellom anna korleis Trygve Lie misbrukte stillinga si som generalsekretær i FN til å hjelpe sionistorganisasjonane på slutten av 1940-talet. Første juledag 1969 var det igjen ein nordmann som hjelpte Israel, da direktør Martin Siem i Akergruppa gav ei hjelpande hand til den israelske aksjonen for å kapre fem franskbygde kanonbåtar på hamna i Cherbourgh og føre dei til Israel.
Forløparen til Palestinakomiteen var ei lita Arbeidsgruppe for fritt Palestina. Finn Sjue fortel at han og Peder Martin Lysestøl gjorde avtale å komme i gang med dette arbeidet da dei treftest under eit solidaritetsmøte for dei streikande Kiruna-arbeidarane i Universitetsaulaen i Oslo i 1970. Ein handfull eldsjeler drog arbeidet i gang utover våren og sommaren. Som ein del av førebuinga til danninga av Palestinakomiteen, reiste Sjue til Libanon i august. Han vart overraska over kor lett han fekk kontakt med leiinga i Al fatah. Eit større intervju han laga med Abu Lutuf, sentralkomitemedlem og "utanriksministeren" i Al fatah vart lagt merke til da det kom på trykk i septembernummeret av månadsavisa Klassekampen. I intervjuet markerte Abu Lutuf seg skarpt mot den sovjetiske utanrikspolitikken: "Når Pravda kaller oss "ekstremister" og liknende, svarer vi at det er mye bedre å være ekstremister enn å være forræder av verdens revolusjonære bevegelse".
Månaden etter reiste Trond Linstad til Beirut på eige initiativ. Han var lege og oppsøkte hovudkvarteret til Palestinske Raude Halvmåne. Han spurde om dei kunne gjere bruk av den medisinske kunnskapen hans. Dette var midt under Svart September - da kong Hussein av Jordan sette inn hæren sin mot palestinske geriljasoldatar. For Linstad vart dette starten på eit ni månader langt opphald blant palestinarane. Storparten av tida arbeidde han i Jordan, dels i flyktningeleirar, dels i landsbyane. Arbeidet fekk ein dramatisk slutt da dei palestinarane han arbeidde saman med i juni 1971, vart omringa av styrkane til Kong Hussein like ved Jordan-elva. Linstad vart arrestert og utvist frå Jordan.
På forsommaren 1976 kom det igjen meldingar om kraftig opptrapping av dei israelskstøtta militære åtaka på palestinarane i Libanon. Falangisthæren til major Haddad starta i juni ei blodig beleiring av flyktningeleiren Tel al Zaatar i Beirut. Karin Linstad snakka da frampå til mannen sin, Trond, om at det kunne vere på tide at han på nytt reiste nedover for å gi ei handsrekning. Etter litt diskusjon dei i mellom, skreiv Trond Linstad eit brev til Finn Sjue som på sin kant drøfta ideen med den øvrige partileiinga i AKP. Dei meinte tida var inne til å starte opp ein nye type solidaritetsarbeid for den palestinske frigjeringsrørsla.
Da Sjue og Linstad etterpå hadde den første praten på grasplena like ved Klassekampen-redaksjonen i Øvregate på Grünerløkka, diskuterte dei korleis dei kunne få til eit organisert opplegg med å sende norske helsepersonell til innsats på palestinsk side. Dei brukte ikkje lang tid på å setje ord og tanke om i praktisk solidaritetsarbeid. Hjelpepleiar Elbjørg Holte, som i dag er ein av dei mange veteranane i Palestina-arbeidet, fortel at ho fekk besøk av Trond Linstad klokka eitt om natta. Han lurte på om ho ville vere med til Libanon for å starte opp helsearbeid for PLO. Helseteam-ideen fenga i Palestinakomiteen. Aktivistane gjekk rundt til venner og kjende for å samle inn pengar slik at Linstad og Holte i august kunne reise til Beirut som Palestinakomiteens aller første helseteam. Dei hadde god drahjelp av Klassekampen som hjelpte til med å spreie kjennskap til innsamlingskampanja. Hjelpebehovet var stort. Falangisthæren hadde 12. august gjennomført ei blodig erobring av flyktningeleiren Tel al-Zaatar.
"Det er viktig nå å markere klar og åpen støtte til palestinerne og de nasjonale kreftene. Det er ikke nok å snakke om krisehjelp til ei nødlidende befolkning, slik blant anna 'Palestinafronten' gjør," sa Trond Linstad til Klassekampen rett før avreisa i august 1976. Eldbjørg Holte understreka at Tel al-Zaatar vil leve vidare som symbol: "Tel al-Zaatar har vist palestinernes vilje til å føre kampen videre, og deres besluttsomhet på aldri å gi opp. Og målet for den rettferdige kampen er et demokratisk Palestina for alle som vil bo der."
Det var ei omstendeleg - og risikabel - reise dei to la ut på. Det var krigstilstand i Libanon. Både flyplassen og hamna i Beirut var stengt. Israel hadde nyleg torpedert og senka fleire farty med våpen og forsyningar til PLO og til dei libanesiske patriotiske styrkane. Eldbjørg og Trond haika til København, fordi flybillettane var billegare der. Så flaug dei med Iraqi Airlines til Bagdad. Der måtte dei vente tre veker før dei kom vidare. Neste etappe gjekk til Kairo. Der fekk dei transport til Alexandria med militære lastebilar, saman med 200 palestinska soldatar som var på veg til Libanon for å slutte seg til PLO. Eldbjørg fortel at palestinarane verka nokså skeptiske i starten. Dei trudde dei to europearane berre var to til av den typen journalistar som skulle lage nyhetsoppslag i vestleg presse. - Stemninga snudde da vi under ein stopp på vegen mot Alexandria forklarte dei at vi var helsearbeidarar, og at vi var med fordi ein del folk i Norge hadde samla inn pengar for at vi skulle arbeide til støtte for PLO. Dei hadde ikkje høyrt om den slags tidlegare.
Frå Alexandria fekk dei fire dagars båttransport til Saida, saman med dei 200 palestinske soldatane. Israelske krigsskip stansa skipet mens dei var i internasjonalt farvatn. Stemninga var spent. Under dekk låg dei palestinske soldatane klare til kamp. Etter lang tid med venting og uvisse bestemte den israelske fartysjefen seg for å ikkje borde skipet. Dei gjekk heller ikkje til åtak på anna vis. Da båten la til kai i Saida, vart dei to norske passasjerane straks transportert til Beirut der dr. Fathi Arafat tok i mot dei på hovudkontoret til Palestinske Raude Halvmåne. Saman med han tok dei fatt på å planleggje korleis først dei to og seinare andre helsearbeidarar frå Norge kunne vere til nytte for den palestinske frigjeringskampen.
Helseteamarbeidet har sia den gongen vori ein berebjelke i arbeidet til Palestinakomiteen. I løpet av dei drygt 21 åra som har gått, har norsk helsepersonell nesten alltid vori på plass i Libanon. I den første tida var det mange stader vanskeleg å få permisjon frå fast stilling i Norge. Enkelte opplevde til og med at arbeidsgivar brukte ferielova (!) for å lage innvendingar da dei ville bruke ferien til helseteamarbeid. Dette endra seg. I dag finn du knapt ein større norsk helseinstitusjon som ikkje har innvilga permisjon til eigne tilsette som har tatt eitt eller fleire tre månaders oppdrag i Helseteam for PLO.
Sjølv gløymer eg ikkje det Turid Samulsen, sjukepleiar og arbeidskamerat på ein av avrusingsstasjonane i Oslo, fortalde meg på ei av dei første nattevaktene vi arbeidde i lag etter ho hadde kommi heim etter eit lengre opphald i Beirut. Ho fortalde på ein slik måte om kvardagslivet i leirane Sabra og Shatilla at eg syntest eg såg menneska der. Ho fortalde om motstandsviljen og om korleis dei israelskfinansierte styrkane gjekk fram i september 1982. Ho arbeidde på ein klinikk ved Acca-sjukehuset og budde sjølv i Shatilla da falangiststyrkane rykka inn. For å kunne drive skadebehandling så lenge som muleg, flytta dei utstyret ned i kjellaren. Falangistsoldatane skaut rundt seg da dei storma inn i sjukestua. Dei valdtok og drap ei sytten år gammal palestinsk jente Turid jobba i lag med. Ho var sjukepleiarstudent frå Tripoli. Da soldatane førte dei andre vekk frå sjukehuset, tok dei den palestinske legen vekk frå Turid og dei andre. Dei såg han aldri igjen etter at han vart ført rundt eit hushjørne, og dei fann ikkje ut kva falangistane gjorde med han.
Synne Holan, som har vori med i arbeidet i alle år og sjølv har budd eit par år i Egypt, seier at den medisinske sida av arbeidet ikkje er viktigast. - Det er mange som har fått medisinsk hjelp og berga livet. Eitt israelsk fly kan likevel med eitt einaste bomberaid rasere og øydeleggje det som 17 helseteam har bygd opp. Men den moralske betydninga av innsatsen går det ikkje an å utslette med flyåtak og terror. Det betyr mykje at norske helsearbeidarar av ulike slag bryr seg så mykje om palestinarane sin kvardag og kamp at dei reiser nedover for å gjere noko. Mange palestinarar kjenner nokon som har vori i kontakt med helseteama våre. Dette skaper venskapsband og styrker kampmoralen på palestinsk side. Ho understrekar og kor viktig dette er for å byggje opinionen i Norge. Alle som har vori med i eit helseteam er augevitne til det som skjer, augevitne til den palestinske frigjeringskampen og til den israelske krigføringa. I dag er det tusentals slike augevitne som kan fortelje arbeidskameratar og venner i Norge om det dei har sett.
Synne Holan fortel og at helseteamarbeidet og dei kontaktane det gav inn i palestinske miljø, var ein av føresetnadene for at ein viss Terje Rød-Larsen kom i gang med arbeidet han har utført i seinare år. Solidaritetsarbeidarane hadde god kontakt med den norske Kairo-ambassaden. Dette resulterte blant anna i det første møtet mellom Rød-Larsen og ein representant for palestinske Raude Halvmåne. I den første fasen av arbeidet sitt trekte Rød-Larsen og medarbeidarane hans store vekslar på den good-willen for nordmenn som helseteama hadde skapt på palestinsk side.
Dei siste åra har Synne Holan ofte fått eit medfølande svar når ho helser på ein ukjend palestinar og fortel at ho er frå Oslo: "Er du frå Oslo? Stakkars! Eg visste ikkje det var ein by. Eg trudde berre det var ein dårleg avtale."
Det er dei mange kvardagsheltane som er helseteamarbeidet. Arbeidet i Norge har vorti drivi av aktivistar som har spreidd informasjon, stått på stand, samla inn pengar og organisert det støtteapparatet som må vere der. Innsamlingsaksjonen Palestina Solidaritet - med fire bidrag i året - har no rulla og gått i 21 år. Dei som har reist til Libanon har til dels tatt stor personleg risiko. Det har vori dramatiske og farlege situasjonar, men dei eg har møtt, snakkar lite om den sida av saka. Dels er dei mest opptatt av palestinarane si sak, dels er det opplevingar som det kostar mykje å snakke om. Helsepersonell frå alle landsdelar og mange yrke har stilt og stiller seg sjølv og fagkunnskapen sin til rådighet. Det er ikkje andre enn Overvakingspolitiet som har prøvd å føre statistikk over kor mange av dei som er medlemmer eller sympatisørar av RV eller AKP. Når einkvan tar på seg å skrive historia om helseteamarbeidet frå den septemberdagen i 1976 da skipet med det første helseteamet slapp unna israelsk bording utafor Saida og til i dag, får vi ein brei dokumentasjon på kor sterke og allsidige soldaritetsband som er skapt mellom palestinarar og nordmenn.
Fritt Palestina - bladet til Palestinakomiteen - intervjua i 1982 Viggo Karlsen som hadde arbeidd ved klinikken i flyktningeleiren Bourj el Shamali i Sør-Libanon. Denne leiren hadde 5-6.000 innbyggjarar da klinikken vart oppretta, eit lokalsamfunn omtrent like stort som Vadsø eller Risør. Utan noko slags varsel på førehand starta Israel eit voldsomt bombardement måndag 7. juni. Dei seks i det norske kriseteamet - to sjukepleiarar, lege, fysioterapeut, ambulansesjåfør og ergoterapeut - måtte gå i dekning i tilfluktsromet. Det første, intense flyåtaket med samhengande bombing vara i to timar. Tilfluktsromet gav vern mot artilleriåtak, men det var ikkje bygd for å tåle eit bombetreff.
Da dei neste morgon kom ut av tilfluktsrommet, "trodde de et øyeblikk de var havna i en annen verden. De eneste levende skikkelsene som var å se, så ut som en slags romvesener på noen avsvidde grasmarker et stykke borte. Det var israelske soldater i beskyttelsesdrakter. Beskyttelse mot hva? Hva slags våpen er det Israel bruker, som gjør det nødvendig å utstyre 'opprenskingsstyrkene' med beskyttelsesdrakter når de settes inn etter et bombeangrep? ..."
Etter forhandlingar med ein israelsk offiser, fekk dei lov å køyre inn i flyktningeleiren. Det var ingen levande å sjå, utom eit fastbundi esel som hadde vorti både blind og døv av skadene. Dei gjekk til eit tilfluktsrom. Dei visste at ein palestinsk lege hadde frakta nokre pasientar dit: "Det var stummende mørke og vi kom blendet av sollyset utenfor. Det var stille som i grava. Vi følte oss fram blant livløse kropper. Ved døra fant vi endelig en som rørte seg. Deretter fant vi to til i live og skjønte at det måtte være flere. Vi fikk de tre første med oss ut, og kjørte dem ned på klinikken." Da dei skulle hente dei siste av dei som levde, fekk dei "ordre av de israelske soldatene om å gå i klinikkens tilfluktsrom. Vi måtte etterlate de sårede i klinikkens fysioterapirom. Mens den israelske hæren dreiv et artilleriangrep mot et eller annet mål de hadde funnet seg, hørte vi de sårede skrike." Etter at angrepet var over, fekk dei eskorte til Røde Kors-stasjonen utafor Tyre, 2-3 kilometer unna. "Overalt hvor vi kom til, spurte vi seinere etter overlevende fra Bourj el Shamali. Men ingen visste om noen."
Da helseteamarbeidet starta i 1976, var det første gong etter borgarkrigen i Spania at ein norsk organisasjon sette i gang storstila hjelpearbeid med eige personell for å yte hjelp til eit folk som var i krig for si eiga frigjering. Palestinakomiteen valde side, på tilsvarande vis som dei norske frivillige som reiste til Spania for å slåst i dei internasjonale brigadane mot Franco-fascismen. Norsk politi prøvde etter evne å hindre norsk ungdom i å melde seg til antifascistisk krigsinnsats i Spania, blant anna med ein razzia 22. januar 1938 i redaksjonen til den daverande avisa Klassekampen. Politiet leita etter bevis på at avisredaksjonen dreiv verving av frivillige til kampen mot Franco. Dei som kom heim igjen, vart behandla som kriminelle av styresmaktene.
Palestinakomiteen har berre rekruttert helsepersonell. Men grunnlaget for hjelpearbeidet har heile tida vori klar politisk støtte til ein rettferdig frigjeringskamp. Og norsk politi har reagert på omtrent same måte som da norske frivillige med livet som innsats reiste for å slåst mot fascismen i Spania. Ettersom helseteamarbeidarane ikkje har deltatt i krigshandlingar, har det ikkje vori muleg å straffe dei med dei paragrafane som vart brukt mot Spania-kjemparane. Likevel har Overvakingspolitiet behandla dei som kriminelle. Dei har samla personlege og politiske opplysningar om aktivistane i Palestinakomiteen, og "selt" dette materialet til Mossad, den israelske etterretningstenesta som kvart år sender nye drapskommandoar på oppdrag både heime og ute. Norsk overvakingspoliti har hatt og har eit tettare og meir omfattande samarbeid med Mossad enn dei nokon gong hadde med Francos politi. Dette handlar ikkje berre om "å bli registrert", det som tidlegare statsminister Harlem Brundtland meinte ingen har vondt av.
Overvakarane har og drivi med psykisk terrorisering av Palestina-aktivistar. Ein slik episode midt på 1970-talet var retta mot eit ungt ektepar i Oslo. Dei hadde ein unge på seks månader. Begge ektefellene var aktive i Palestinakomiteen. Ein kveld ho kom heim og låste seg inn, sat det ein ukjend mann midt i stua. Det var mørkt i romet til ho slo på lyset. Ho vart først redd, men spurde så kven han var og kva han ville. Han nekta å svara på det, men hadde elles mykje på hjartet. Den ubedne gjesten stilte mange spørsmål, og fortalde sjølv så mykje at han beviste at han var godt informert om Palestinakomiteen. Av utsjånad var han heilt alminneleg, ingen påfallande trekk. Han var pent kledd og ho syntest ansiktstrekka kunne minne litt om daverande LO-formann Tor Aspengren. I løpet av samtalen kom mannen med trugsmål både mot henne sjølv, mannen og mot den seks månader gamle ungen.
- Det må vere uansvarleg å drive med slikt arbeid når ein har ein så liten unge, sa han. Ho som fann denne ubedne gjesten i stua, såg på dette som eit forsøk på å skremme medlemmene i Palestinakomiteen frå å drive solidaritetsarbeid. Ho vart redd, men korkje ho eller mannen let seg skremme til passivitet. Dei tok i staden hendinga som eit teikn på at sionistane vurderte det arbeidet dei dreiv, som så viktig at dei let ein agent avsløre seg for å skremme dei. Dei tok dette agentbesøket som eit bevis på at dei ikkje arbeidde til fånyttes, og som ein inspirasjon til å fortsetje solidaritetsarbeidet. Episoden er ikkje eineståande.
AKP var ueinig i FN-vedtaket om å stasjonere ein FN-styrke i Sør-Libanon frå 1978. Partiet meinte det var stor fare for at FN kom til å støtte Israel. Da vedtaket likevel var eit faktum, og det var klart at norske soldatar skulle sendast dit, oppfordra AKP både medlemmer og sympatisørar til å melde seg til teneste. Boye Ullmann og Trond Linstad reiste ved påsketider i 1978 ut til militærleiren der den første norske FN-styrken var samla til trening og opplæring. Dei delte ut informasjonsmateriell frå Palestinakomiteen til soldatane heilt til eit par offiserar greip inn. Da soldatane kom til Beirut, vart den same løpesetelen delt ut der, med tekst på både norsk og arabisk slik at den og var leseleg for palestinske og libanesiske tilskodarar. PLO hadde hjelp til med omsetjinga. Norske FN-soldatar har seinare meir enn ein gong vorti møtt av parolar med norsk tekst tvers over vegen når dei har vori under transport frå Beirut gjennom "Fatah-land" og til FN-området lengst sør i Libanon.
Finn Sjue fortel at AKP meinte det var viktig både å drive politisk arbeid blant dei norske soldatane og å få førstehands kunnskap om kva som skjedde. Han var sjølv med på ei skoleringssamling for den første "AKP-kontingenten" som reiste på FN-teneste i Libanon.
Ein laurdag i november 1997 trefte eg ein tidlegare FN-soldat på Tøyen i Oslo. Eg selte Klassekampen. Han var ein av dei mange i den endelause postkontorkøen og takka ja til dagens avis. Han hadde ikkje lesi avisa på mange år, men fortalde at Klassekampen skilde seg klårt frå dei andre avisene da han var i Libanon på FN-teneste i 1980. - Klassekampen var jo den einaste avisa som skreiv sanninga om det som skjedde i Libanon, sa han.
På 70-talet var den norske imperialismen knapt kommen ut av startgropa. Dette har endra seg dramatisk gjennom 80- og 90-åra. Da statsminister Gro Harlem Brundtland gjekk av i oktober 1996, understreka NHO-president Diderik Schnitler at norske kapitalistar "er henne stor takk skyldig." Han understreka "den rollen hun har spilt som internasjonal døråpner for norsk næringsliv". Direktør Cato Halsaa i telekommunikasjonsselskapet Nera gjekk enda lenger. Han hadde i løpet av eitt år hatt nytte av Harlem Brundtlands deltaking på tre av firmaet sine markeringar, i Singapore, Shanghai og Hanoi: "Hun har vært en fenomenal døråpner for oss. Vi har fått bedre kontakter og bedre fremdrift på noen av de prosjektene vi holder på med." Da statsråd Jens Stoltenberg hausten 1996 opna Norway House i Baku, hovudstaden i Aserbadsjan, skildra han norske imperialistplaner svært direkte i eit Dagsrevy-intervju med Olav Gran-Olsson: "Hvis det går bra her, så betyr det at en del av de pengene vi skal ha inn i statskassa etter århundreskiftet til å betale for folketrygden og barnehagene og sykehusene, de skal komme fra Det kaspiske hav. Det er litt underlig å tenke på, men slik er det."
Da finanskomiteen i Stortinget like etter behandla statsbudsjettet for 1997, vart RV ståande aleine med det synet at "oljerikdommen under Kaspihavet tilhører folket i Aserbadsjan. Norge må gjerne bidra til utviklinga av oljesektoren der, men det skal skje på likeverdig vis. Aserbadsjans oljepenger skal brukes i Aserbadsjan, på sammme måte som Norge sjøl ikke bør tappe ut oljeressursene i Nordsjøen raskere enn det som er forenlig med å bruke inntektene i Norge."
Regjeringsskiftet etter valet i 1997 har ikkje endra denne politikken. Oljefondet skal investerast i utlandet og der avkastninga er størst og sikrast. Statlege aksjekjøp i utlandet for om lag 1 milliard kroner kvar veke, det er ein av hjørnesteinane i den økonomiske politikken til Bondevik-regjeringa i 1998. Bondevik er heilt samd med tidlegare statsminister Jagland om å plassere investeringane i land som har ei godt utvikla finanslovgiving. Det betyr ei lovgiving som gjer at faren er liten for at norske og andre utanlandske investorar skal bli utsette for nasjonalisering eller andre inngrep som reduserer profitten. Dei som styrer utanlandsinvesteringane for Bondevikregjeringa meiner børskrakket i Asia ved årsskiftet 1997-98 auker sjansen for å hente store gevinstar. "Når det er turbulente tider er det gode kjøpsmuligheter," seier Knut Kjær i Norges Bank. Han styrer dei statlege aksjekjøpa med fullmakt frå statsminister Kjell Magne Bondevik (Krf) og finansminister Gudmund Restad (Sp). I dag er Norge eit fullt utvikla imperialistland der kapitaleksporten veks frå år til år. Staten er sjølv den største imperialistiske aktøren.
Imperialisme er ikkje berre økonomisk utbytting. Den har alltid hatt ei militær side og. Ingenting tyder på at 90-åras norske imperialisme vil bryte det mønsteret. Daverande statsråd Jens Stoltenberg var såvidt innom denne problemstillinga da han i september 1996 sende Dagsrevy-helsingar heim frå Baku: "Her er ikke risikoen om det er olje. Her er risikoen om man kan få produsert og få transportert oljen på en forsvarlig måte ut. Og det er krevende fordi det er en del av verden der man ikke har den samme stabilitet som vi har i Nordsjøen."
Det kan bli svært krevjande. Da den den tyrkiske statsministeren Tancu Ciller var på besøk i Europaparlamentet i 1995 fortalde ho at: "Vi planlegg ei olje- og gassrørleidning frå Kaspihavet, gjennom Tyrkia til Middelhavet. Dette har og vori USA sin offisielle politikk. Den oljeleidninga vil utvide oljeforsyninga i verda og gjere Europa mindre avhengig av dei eksisterande oljekjeldene." Dette betyr å byggje ei rørleidning gjennom tyrkisk del av Kurdistan for å kunne frakte "norsk" olje fram til den kjøpekraftige marknaden. Statoil har vori ein pådrivar for å velje denne traseen. Avgjerda blir tatt i løpet av 1998.
Da den tyrkiske utanriksministeren Ismail Cem besøkte den norske kollegaen sin i mai 1998, snakka han varmt om korleis norskeigde bedrifter kan få enda fleire entreprenøroppdrag i Tyrkia samtidig som han ba om støtte til rørleidningstraseen gjennom Tyrkia. Etter samtalane kunngjorde utanriksminister Vollebæk at den norske regjeringa ikkje har noko standpunkt i saka og at trasevalet "bør avgjøres etter kommersielle kriterier og overlates til oljeselskapene". Det var rein desinformasjon når dei fleste norske avisene framstilte dette som at den tyrkiske utanriksministeren reiste tomhendt heim. Både utanriksminister Vollebæk og dei journalistane som kjenner saka, veit utmerka godt at det ligg eit klart og tydeleg standpunkt i meldinga om at avgjerda "overlates til oljeselskapene". Toppleiinga i AIOC - det oljekonsortiet i Aserbadsjan der Statoil eig om lag 8 prosent - har alt tatt standpunkt: Viss det er nødvendig å byggje ei sørleg rørleidning for å få fart på oljeutvinninga under Kaspihavet, da skal den leggjast gjennom Tyrkia. Utanriksminister Vollebæk og resten av Bondevikregjeringa vil ha i pose og sekk: Både størst muleg Statoil-profitt frå Kaspihavet og ein stille allianse med generalane i Ankara utan å bli stilt til ansvar for dette generalregimet sin krig mot kurdarane.
Norge var med da Vesten gjennom Golfkrigen i 1991 statuerte eit eksempel på korleis det går viss nokon vågar å utfordre den nye økonomiske verdsordenen. Det var ein krig for å sikre USA sin kontroll med oljekjeldene. Å sende Kystvaktskipet K/V Andenes med det norske orlogsflagget til krigsområdet, var først og fremst ei politisk, ikkje ei militær markering: Frå no av er også vesle Norge villig til å gå med i krigen når ein imperialistisk storebror ber om det. På den måten var Norge med både da USA - med FN-flagget som reklameplakat - prøvde ut uranhaldige våpentypar mot irakarane og da USA 26. og 27. februar 1991 braut artikkel 3 i Genevekonvensjonen av 1949 og massakrerte irakiske soldatar som hadde avslutta krigen og var på veg mot Bagdad. "Sjølv i Vietnam såg eg ingenting som dette", sa major Bob Nugent, ein av dei amerikanske etterretningsoffiserane i Kuwait. Tidlegare utanriksminister i USA, Ramsey Clark, var ein av dei som engasjerte seg sterkt for å informere verda om det som hende. Ein av medarbeidarane hans omtalar krigshandlingane dei to-tre siste februardagane slik: "Denne einsidige nedslaktinga, dette rasistiske massemordet på arabarar, gjekk føre seg medan pressetalsmann Marlin Fitzwater i Det kvite Hus lova at USA og koalisjonspartnarane ikkje ville gå til åtak på irakiske styrkar som var på veg ut av Kuwait. Dette er utan tvil eit av dei mest avskyelege krigsbrotsverka i nyare historie." Desse massakrane råka både sivile og dei irakiske troppane som var på tilbaketog, i samsvar med ordre frå Bagdad. USA braut artikkel 3 i Genevekonvensjonen av 1949, da dei amerikanske flygarane tømte bombelast etter bombelast, heilt til det ikkje var noko som rørte seg på dei to motorvegane frå Kuwait mot Bagdad. Amerikanske militære sa etterpå at dette var "som å skyte fisk i ei bøtte". På innlandsvegen var det 450 som likevel overlevde. På kystvegen var det ikkje eitt einaste menneske som kom levande frå det. Alt dette hende etter at Saddam Hussein hadde erklært at Irak ville respektere FN-resolusjon nr. 660 og hadde gitt ordre om tilbaketrekking.
Ramsey Clark sine medarbeidarar seier at dei amerikanske bombetokta mot dei som var på desse to motorvegane, tok fleire titusen liv i løpet av to dagar. Ramsey Clark brukte uttrykket "organisert masseslakt" etter å ha undersøkt massakreringa av irakarar dei siste februardagane i 1991 etter at Irak hadde avslutta krigen. Han kritiserte og at "FN - en antatt fredsskapende institusjon har latt seg korrumpere til å bli en styrke for krig- og krigsforbrytelser." Han sikta her til at USA brukte fleire titals milliardar dollar for å få andre statar til å skifte standpunkt. "Det er snakk om en systematisk bestikkelse for å framtvinge FN-landenes bifall av denne krigen", sa mannen som tidlegare hadde styrt utanrikspolitikken i USA, til Klassekampen.
I Norge var Klassekampen einaste avisa som kritiserte den amerikanske krigføringa. Aftenposten kommenterte krigsavslutninga på leiarplass, tre dagar etter at den siste bombelasten var tømt ned over "Dødens motorveg". Leiarskribenten var tilfreds med at "Norge medvirket, riktignok med støtte, men allikevel med norske mannskaper nær krigssonen". Aftenposten slår fast at "vi har grunn til å takke Georg Bush for hans fasthet og besluttsomhet, og de mange som deltok i kampen for freden ... Kuwaitkrigen har vist at med FN som sentrum, har vi et fellesskap med vilje og evne til å reagere mot overgrep og tyranni. Det skal vi takke for, og det gir håp."
Eg trur ikkje leiarskribenten i Aftenposten kunne ha kommentert eit av dei største krigsbrotsverka i moderne tid med slike ord, viss ikkje ho eller han var så grundig innprenta at arabarar ikkje er menneske slik som oss.
Dei norske partia - utanom RV og AKP - støtta det amerikanske FN-felttoget som vart avslutta på denne måten. Saman med med mange innvandrarar og ein del organisasjonar, mobiliserte RV og AKP til politiske protestdemonstrasjonar mot den amerikanske krigen. Ein episode etter ein av dei lovlege demonstrasjonane fortel sitt om engasjementet i Oslo-politiet. Ein sivilkledd politimann hoppa ut av ein politibil og gjekk til åtak på ein palestinar - forøvrig med norsk statsborgarskap - som gjekk roleg på fortauet, på veg heimover. Politimannen sparka slik at mannen brekte eine leggen. Politimannen fekk først ei bot på 3.000 kroner, men vart seinare frikjend i retten.
Ebba Wergeland, ein av dei Palestina-aktivistane som aldri gir seg, var på besøk i Jordan på denne tida. Da var det ikkje lett for henne som var europear å komme i prat med kvinnene ho møtte, og som i hovudsak var flyktningar. Dei fleste var palestinarar, men mange var og frå Saudi Arabia og Kuwait. Ho fortel at ho fekk opna for samtale med dei da ho fortalde om kystkrisa i Nord-Norge akkurat da, og samanlikna drakampen om retten til fisken i havet med retten til olja i Midtausten. Da gjaldt det same spørsmålet: Kven skal ha rett til å hauste rikdommen, dei som lever der og treng den for å leve, eller dei som har makt i verda? Stemninga snudde og dei kom på talefot med kvarandre. Heime i Norge møtte ho general og tidlegare forsvarssjef Fredrik Bull Hansen til debatt om Gulfkrigen. - Da han snakka om at eg tilhøyrde den vesle sekta som var motstandar av det vestlege felttoget, visste eg at det eigentleg var han som høyrde til ei lita sekt, som rett nok har stor makt. Eg var ikkje i tvil om at AKP og Palestinakomiteen stod på trygg grunn saman med fleirtalet av verdas befolkning, seier Ebba Wergeland.
Mens statsminister Kjell Magne Bondevik i februar 1998 budde seg på norsk deltaking i ein ny amerikansk krig mot Irak, reiste Ebba Wergeland og sjukepleiar Anna Mørseth til Bagdad. Palestinakomiteen ville sørge for at det var norske augnevitne til stades om det vart krig. Til Klassekampen - einaste norske avisa som var i Bagdad da - sa dei at oppgåva var todelt: Dei skulle undersøkje om det var aktuelt å sende helseteam til Irak. Og "vi er her også for å presse den norske regjeringa til å ta et anstendig standpunkt mot krig og sanksjoner".
I desember 1994 var eg i Ankara saman med tre andre stortingsrepresentantar under avslutninga av rettssaka mot Leyla Zana og andre kurdiske parlamentarikarar. Dagen før dommen fall var førstesidene på fleire tyrkiske aviser prega av eit stort fargebilete frå eit NATO-toppmøte i Tyskland: Ein smilande statsminister Gro Harlem Brundtland omfavnar nesten den tyrkiske kollegaen sin, Tancu Ciller.
Den norske alliansen med det tyrkiske militærregimet fekk fastare form to år seinare. 19. september 1996 tok ein skvadron F-16 fly av frå Ørlandet med kurs for ein flybase i den kurdiske delen av Tyrkia. For første gong etter 1945 skulle norske flygarar trene på offensiv krigføring i utlandet. Den nye "out-of-area"-strategien, som Stortinget har slutta seg til, betyr at Norge er villig til å føre krig kor som helst i verda viss det er nødvendig for å forsvare norske eller allierte interesser.
RV oppfordra forsvarsminister Kosmo til å kalle heim flystyrken før krigsøvinga starta. Regjeringa gjorde det stikk motsette og skreiv under ein avtale som forpliktar Norge til å sende den same flystyrken til å føre krig på alvor frå flybasen nær Diyarbakir dersom NATO finn ut at det er nødvendig. Regjeringa klarte å halde denne avtalen om framtidig krigsinnsats hemmeleg i eit drygt år, til VG avslørte det heile i november 1997. Millionbyen Diyarbakir er den uoffisielle kurdiske hovudstaden. Det er berre få minutts flytid frå flybasen ved Diyarbakir og til den planlagde oljerørtraseen der det er meininga å frakte den "norske" olja frå Kaspihavet.
Med den noverande takten i utanlandsinvesteringane og med den nye, imperialistiske militærstrategien Stortinget har vedtatt, er det sannsynlegvis eit spørsmål om tid før norske soldatar blir sende til utlandet for å drepe og døy for eit eller anna norsk, USA-styrt eller EU-dominert imperialistprosjekt.
Samtidig som norsk imperialisme er i rask vekst, har staten utvikla ein bistandspolitikk som med stort hell har eti seg inn på arbeidsfeltet til solidaritetsorganisasjonane. Det er ikkje lenger lett å sjå kor solidariteten sluttar og den statsdirigerte bistanden startar. Det blir viktigare enn nokon gong å ta eit klart standpunkt: Er det bistand frå den imperialistiske staten eller antiimperialistisk solidaritetsarbeid som dei utbytta landa i den tredje verda kan ha nytte av?
Eugene Black, president i Verdsbanken på 50-talet, snakka tydeleg om "bistand" og kor viktig den er for "markedet":
"Våre utenlandske bistandsprogrammer representerer en distinkt fordel for amerikansk forretningsliv. De tre viktigste fordelene er:
- 1. Bistand skaper et vesentlig og umiddelbart marked for amerikanske varer og tjenester.
- 2. Bistand stimulerer utviklinga av nye markeder i utlandet for amerikanske selskaper.
- 3. Bistand orienterer nasjonaløkonomiene i utlandet mot et fritt privat næringsliv der amerikanske firmaer kan vokse."
Den norske regjeringa bruker foreløpig ikkje så ærlege og kyniske uttrykksmåtar.
NGO har vorti ei internasjonal forkorting. Bokstavane står for Non Governmental Organization, altså ein organisasjon som ikkje er drivi av regjeringa eller staten. Frå dei imperialistiske kommandosentralane blant anna i Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og FN blir milliardbeløp i dag kanalisert inn i fattiglanda gjennom NGO-ane. Ei slik kanalisering av bistanden gir eit visst inntrykk av humanisme og sjølvstende.
Nokre av dei største NGO-ane i Norge er Norsk Folkehjelp, Flyktningerådet og Røde Kors. Ein del av fattiglanda blir i dag til dels styrt gjennom NGO-ane fordi det er dei som har pengane og makta. Dette NGO-veldet bryt ned dei lokale politiske partia og dei folkelege organisasjonane. Hans Husum nemner at Bengal før var eit radikalt kraftsenter i Asia. Men i dag er kvar tredje familie i Bangladesh avhengig av å vere på god fot med kvite NGO-direktørar viss dei skal oppretthalde sitt eige utkomme. Husum seier at NGO-systemet er ein hersketeknikk som blir systematisk brukt frå det rike Nord.
Dei solidaritetsorganisasjonane som vart starta på 70-talet - ofte med med AKP og sympatisørar blant initiativtakarne - bygde på likeverd og gjensidighet. Organisasjonane tok stilling for nasjonal og folkeleg motstand. Her heime var poenget å vinne politisk støtte for den kampen folket i Vietnam, Eritrea eller Palestina førte mot ein overgripar. Vi dreiv ikkje bistand, veldedighet eller nødhjelp til dei som leid naud, men valde side og gav støtte til stolte folk som førte rettferdig kamp for å slå seg fri. Vi såg ein samanheng mellom kampen mot det kapitalistiske systemet i Norge og andre folks kamp mot imperialistiske angriparar. Ei svekking av den gryande norske imperialismen ville svekke verdsimperialismen. Om eit folk eller ein nasjon vann ein siger, slik som da USA vart kasta ut av Vietnam i 1975, såg vi det som ein framgang for alle folks kamp mot det verdsomfattande imperialistiske systemet. Solidaritetsorganisasjonane stilte også politiske krav til den norske regjeringa om at den skulle velje side.
Denne gjensidighetstankegangen finst ikkje i den statsstyrte bistanden. Bistandsarbeidet er ikkje likeverdig. Den eine parten er givar. Den andre må ta i mot på dei vilkåra som givaren fastset. Bistandspolitikken er - om den blir gjennomført i NGO-regi eller direkte av staten sjølv - ei forlenging av utanrikspolitikken. Staten har bruk for ein ny type "solidaritetskomitear" som ikkje stiller politiske krav til den norske regjeringa og som ikkje driv antiimperialistisk informasjonsarbeid i Norge. Kreftene skal heller brukast til å drive bistandsprosjekt som er godkjende og betalte av den same staten som er storinvestor på dei utanlandske aksjebørsane. Staten prøver å kanalisere ærleg solidaritetsengasjement inn i ein aktivitet som tener til å oppretthalde det imperialistiske systemet. Ebba Wergeland samanliknar med veldedighet i sosialpolitikken og seier at bistand er å yte "hjelp" etter suppekjøkkenmodellen: - Dei fattige får suppe, men blir nekta det dei eigentleg treng, den same retten som dei rike har, til å halde suppeausa sjølv.
Per-Gunnar Skotåm, i dag sentralstyremedlem i AKP med mange solidaritetsoppdrag bak seg blant anna i Eritrea og Afghanistan, karakteriserer bistandsarbeidet slik: "Målet er ikke lenger å oppheve undertrykkinga i verden, men å gjøre det beste ut av det gjennom såkalt alternativ bistand, ikke anti-imperialistisk solidaritet. Målestokken er å gjøre en bedre jobb en Verdensbanken og FN-systemet, noe som ikke er så vanskelig."
Skotåm meiner at neste hundreårs kamp for ein verkeleg antiimperialisme kjem til å bli hardare enn den vi har opplevd i Norge i dette hundreåret. Høgtlønna - og velmeinande - bistandsarbeidarar blir imperialismen sine fotsoldatar rundt om i den tredje verda. Dei fattige landa må fri seg frå dette bistandsaristokratiet som ein del av kampen mot imperialismen.
Dei imperialistiske landa driv med bistand fordi dei vil "kjøpe" og oppretthalde eit samarbeidsvillig borgarskap i dei avhengige landa. Dei treng marionettar eller stråmenn. Sjølve bistandsbegrepet er resultat av eit utbyttingsforhold. Per-Gunnar Skotåm seier han vil erstatte sjølve bistandsbegrepet med proletarisk internasjonalisme og internasjonal solidaritet. Solidaritetsbegrepet er bygd på likeverd og at begge sider har felles interesser i å slåst mot ein felles fiende. "Bistand" tar utgangspunkt i ulikhet, svakhet og liding.
"Landsbyuniversitetet" er den nyaste vidareutviklinga av solidaritetsarbeid med utgangspunkt i Norge. Dette er ikkje starta opp etter partiinitiativ frå AKP eller RV. Men dei internasjonalistane som sia 1995 utdannar helsepersonell i Angola, Kampuchea, Burma og Kurdistan har bakgrunnen sin frå helseteamarbeidet blant anna i Libanon og Afghanistan. Eg har bedt Hans Husum, som er lege og busett i Indre Billefjord, fortelje kva "Landsbyuniversitetet" er og korleis det heile starta.
- Eg voks opp med alt det sjøfolk fortalde om kuliar, arabarar og andre "der ute". Norge og den kvite mann som erobra verdshava. Heile fortida vår sia nordmenn dreiv slavehandel saman med danskane, lærer oss å skilje mellom oss og "dei der ute". Dette rasistiske verdssynet blir brutalt rivi sund og knust når du sit i eit tilfluktsrom i Beirut saman med armenske flyktningar, palestinarar og libanesarar. Du er livredd, pisser på deg, mens bombene eksploderer - og du ser at armenaren og palestinaren er akkurat like redd. Da skjønner du at vi er like. Etter dette får 17. mai- og fredspristalane ein hul klang. Du får snudd opp ned på alle dei politiske og ideologiske førestillingane du har om dei "der ute". Du ser at alt snakk om solidaritet blir berre prat og papir, viss ikkje dette kolonialistiske verdsbiletet blir bryti ned.
- I 1982 fekk eg sjå litt av bistandsimperialismen og det humanistiske hjelpehykleriet på nært hald. Beirut var beleira. Røde Kors reklamerte heime i Norge med sikre garantiar om at hjelpa kom fram dit den skulle. Vi møtte eit fransk reportasjeteam som viste oss noko anna. Røde Kors-sendingane kom trygt fram til Damaskus. På vegen derfrå til Beirut vart dei ofte stoppa i israelske check-points og omdirigerte til Jounie, falangisthæren sitt hovudkvarter.
- I juli 1982 gjekk sjukehusa i Vest-Beirut tomme for utstyr. Vi oppsøkte generalsekretær Odd Grann i Røde Kors. Vi ba om å få eit komplett feltsjukehus som vi sjølve kunne rigge opp i Vest-Beirut. Han var forsåvidt positiv til å utvide innsatsen i Beirut, men Røde Kors måtte sjølv ha hand om transporten heilt fram. Vi avviste dette og sa at vi ville ordne transporten frå Damaskus sjølve, fordi vi ikkje stolte på Røde Kors sitt opplegg. Vi viste han dokumentasjon på at den norske hjelpa ikkje kom fram. Då tok Grann fram rekvisisjonsblokka og sa vi berre kunne dra opp på Norsk Medisinaldepot og hente eit ferdigpakka feltsjukehus. Det var verdt noko sånt som 800.000 kroner den gongen og kom trygt fram med hjelp av kontaktar som ikkje vart stansa i israelske checkpoints.
- Da eg var ferdig med arbeidet i Beirut i 1982, skreiv eg ein kronikk om dette dobbeltspelet som eg hadde sett på nært hald. Eg fann inga avis som ville trykke den. Året etter var eg på helseteamoppdrag i Tripoli. Palestinarane var fordrivi frå Beirut. Eg møtte igjen fleire av dei sjukepleiarane og soldatane vi jobba i lag med i Beirut. Dei hadde slåst heile tida, mens vi hadde vori heime under trygge forhold. Eg skjønte at vi ikkje berre kunne fortsetje på denne måten, med å drive krigskirurgi og skadebehandling i nokre månader, men utan å få til ein gjensisidig læreprosess med dei som er der heile tida. Under dette opphaldet hos dei omringa palestinarane i Tripoli forstod eg at vi måtte komme eit steg vidare, finne nye samarbeidsmåtar.
- Frå 1985, i den sentrale delen av Afghanistan gjekk vi nye vegar. Sjukepleiar Eirin Strøm og eg, som begge arbeidde for Afghanistankomiteen, begynte å drive opplæring av afghanarar i samarbeid med mujahedin-rørsla. Samtidig sette vi i system det vi kunne lære av dei. Dei hadde ein heilt annan tradisjon for å mobilisere omsorg rundt den skadde pasienten. Det sjuke mennesket er ikkje aleine der, slik som hos oss. Denne dialektiske tilnærminga til medisinsk behandling - å bruke både våre metodar og den tradisjonelle, meir omsorgsprega tilnærmingsmåten - lærte vi av palestinarane og afghanarane.
- Framme i fronten under den tre år lange beleiringa av Jalalabad frå 1989 til 1992 begynte landsbyuniversitetet å ta form. Da eg i periodar var heime i Norge, begynte eg å lage teikningar som viste kva som skulle gjerast med ulike slag skadar. Og så prøvde eg ut korleis dette verka når eg var tilbake i Jalalabad. Etter åtte års arbeid vart desse tekstane og 1400 teikningar samla mellom to permar.
Resultatet vart War Surgery. Field Manual, ei felthandbok i krigskirurgi som Husum har laga saman med Erik Fosse og Swee Chai Ang. I verdssamanheng er dette eit eineståande verk. Boka er skriven for dei som må behandle kompliserte mineskadar og andre krigssskadar der det ikkje finst lege. Første utgåva vart i 1995 trykt og utgitt i Malaysia av Third World Network. Mange av dei som driv dette forlaget voks opp med foreldre som var aktive deltakarar i det malaysiske revolusjonsforsøket som regimet klarte å knuse på 1970-talet. Storparten av førsteopplaget på 3.000 er spreidd på alle kontinent. Denne boka blir i dag sett på som eit internasjonalt standardverk om behandling av krigsskader.
I samarbeid med New Peoples Army (NPA) på Fillipinene og under den antifascistiske kampen mot SLORC-regimet i Burma vart "Landsbyuniversitetet" sett i system. I Burma vart det kalla "Jungeluniversitetet". Dei etablerte tre-vekers universitet i baseområda i jungelen i samarbeid med Karenfolkets frigjeringshær og den burmesiske studentgeriljaen. Hans Husum og Mads Gilbert vart "universitetsdirektørar". Dei beste helsearbeidarane frå seks av motstandsrørslene vart trena opp i avanserte, moderne metodar for skadebehandling. Mellom kvart tre vekers semester var det ein seks månaders praksisperiode der gruppa med "bondekirurgar" arbeidde med å berge liv og lemmer på dei som var krigs- og mineofre frå kampen mot SLORC. Saman med dei burmesiske bondekirurgane utvikla Husum og Gilbert "Burmasekken", ein bærbar 23 kilo tung einmannsklinikk. Mads Gilbert seier at ein som er ferdig utlært ved "jungeluniversitetet" og har med seg denne utstyrsryggsekken, kan yte avansert, primær skadebehandling og gi tilnærma same hjelp som eit lite feltsjukehus. No er ei ny lærebok på trappene. I samarbeid med bondestudentar frå Kurdistan og Kambodsja er Handbok i mineskadehandtering snart i trykken.
Hans Husum meiner dette er anti-imperialisme i praksis, god internasjonalisme slik vi såg den i Spania i 1938. - Fattigbonden i Sør står i dag under eit enormt press, av mineokkupasjon, FN-regisserte okkupasjonskrigar, bistandsimperialisme, El Ninjo-katastrofar og politiske åtak gjennom NGO-systemet. Sør kan overleve dersom fattigbonden klarer å halde stand. Det er han som har den kunnskapen som trengst, det er han som må slåst. Hvis han - eller ho - hamnar som storbytiggar, da er kampen slutt. Det tette samarbeidet vårt med landsbyfolket og med radikale intellektuelle i Sør hjelper landsbyen til å stå i mot presset. Dette gir både dei og oss sjølvtillit til å fortsetje og stå i mot.
Hans Husum seier at "Landsbyuniversitet" ikkje kunne vorti noko av utan dei erfaringane han og mange andre gjorde i helseteamarbeid i Libanon og Afghanistan på 70- og 80-talet. - F-16-åtaka i Beirut og MIG-åtaka ved Jalalabad braut ned det innlærte rasistsynet på oss der heime og dei der ute, sier han. - Men eg synest AKP har svikta når det gjeld å finne nye vegar og metodar på grunnlag av desse erfaringane. Partiet har ikkje vori ein tenketank for å utvikle dette solidaritetsarbeidet vidare. Partiet har heller ikkje vori ein aktiv pådrivar i å avsløre bistandsimperialismen og NGO-taktikken, slik vi blant anna møtte den gjennom Røde-kors-reklamen for hjelpesendingar som i 1982 hamna hos falangisthæren i Libanon.
- Den politiske ideen med "Landsbyuniversitetet" er å lage eit nettverk av aktivistar: Vi gamle frå Nord saman med dei beste, handplukka folka blant fattigbøndene og helsearbeidarane i motstandshæren. Dei plukkar sjølv ut dei som skal få opplæring, slik at dei igjen kan utdanne lokale førstehjelparar og "overlevingskjeder". I Burma har studentane frå "Landsbyuniversitetet" lært opp 1 200 førstehjelparar, og dei har sjølv sålangt gjennomført vellykka behandling av over 350 alvorlege mine- og krigsskader, og det med ei svært låg dødelighet på under 20 prosent. Dei 20 kurdiske studentane i Nord-Irak har til no gitt førstehjelpopplæring til 1 550 landsbybuarar, medan studentane våre i Angola og Kambodsja er i full gang med å spreie dei nye ferdighetene og kunnskapen til landsbybefolkninga. Det genuine samarbeidet mellom dei og oss aukar fattigbondebefolkninga si motstandskraft. Dermed blir dei og betre i stand til forsvare seg mot imperialismen. Vi hamnar på feil side viss vi ikkje stiller opp på parti med fattigbonden, seier Hans Husum.
Det blir skapt nye solidaritetsprosjekt på fleire felt på 1990-talet og, samtidig som staten prøver å styrke det politiske grepet gjennom "bistand". Sia mars 1996 har Palestinakomiteen drivi eit solidaritetsprosjekt i flyktningeleiren Bourj el Baranjeh i Beirut. Dei samarbeider med ein palestinsk kvinneorganisasjon som driv barnehagar, litt ungdomsarbeid og noko arbeid blant eldre. Dette er bygd opp på same grunnsynet som dei første helseteama: Solidaritetsarbeidarar med ulik yrkesbakgrunn tar på seg tremånaders ulønna oppdrag der dei får dekka utgiftene sine til reise, opphald og litt lommepengar. Akkurat no vil palestinarane gjerne ha utdanna fysioterapeutar og lærarar på besøk. Etter Oslo-avtalen har FN (les:USA) "gløymt" at dei i 1951 høgtideleg tok på seg ansvaret for arbeid, skole og helsehjelp til flyktningane frå den nye sioniststaten.
Derfor har slike FN-tenester vorti borte. Men hovudsaka er at dei som reiser, skal dele kvardagen med palestinarane i leiren og lære mens dei er der, slik at dei kan bruke denne kunnskapen i solidaritetsarbeidet når dei kjem tilbake. Organisasjonen dei samarbeider med, er ikkje ute etter arbeidskraft, men vil at nordmenn skal lære om palestinarane sin situasjon i Libanon.
Kommunestyrearbeidet i RV starta med valkampen 1975. RV stilte lister i 14 kommunar og vart innvald fire stader. Sentralkomitemedlem i AKP, sjukepleiar Synne Holan tok plass som den første RV-aren blant dei folkevalde i Tromsø. I Trondheim fekk høgskolelektor Otto Bjelland plass i bystyret, mens snekkar og sentralkomitemedlem Vidar Våde var den som tok opp igjen dei raude tradisjonane i Odda kommunestyre. I Oslo vart bokbindarassistent Ellen Pedersen den første - og i åtte år den einaste - RV-aren i bystyret.
Eg har ofte fått ros - til meg sjølv eller andre RV-politikarar - fordi vi har sett oss grundig inn i ei sak som kommunestyre eller Storting skal fatte vedtak om. Dei som gir sånn ros, har lagt merke til at vi sjeldan driv med tåkeprat eller snakkar tull. Og sant nok, viss nokon laga ei gjennsnittsutrekning av kor grundig folkevalde set seg inn i sakene dei er med og avgjer, så vil fritidspolitikarane i RV slå ut mange av dei profesjonelle, dei som har gjort politikken til levebrød. Men alle parti har politikarar som set seg grundig inn i sakene. Hovudskiljet mellom oss og dei andre ligg ikkje på det planet. Det er heller ikkje sånn at RV-politikarane er betre menneske eller har høgare moral enn dei andre. Dei politiske dydsmønstra finn du andre stader.
Vi både bruker og forsvarar dei demokratiske rettane som folk har. RV bruker kvart høve til å reise små og store saker i kommunestyre eller utval og komitear. Men vi ser samtidig at dei folkevalde organa er klasseinstrument som er der for å administrere den kapitalistiske utbyttinga. Kommunestyret og ordføraren skal halde folket i ro. Vi har lært oss å ta omsyn til at det er slik, nokså uavhengig av dei personlege eigenskapane hos for eksempel ordføraren. Nokre av dei liker å ha denne rolla, andre misliker den og ønskjer seg langt meir politisk og økonomisk makt. Fordi vi har dette synet på det apparatet som kommunale byråkratar og politikarar er ein del av, ser vi at vi må mobilisere folks eigen styrke viss det skal bli resultat. Korridordiplomati med andre parti hjelper fint lite, viss det ikkje er bygd opp eit folkeleg press som dei andre må ta omsyn til.
I løpet av 80- og 90-åra har kommunalpolitikarar flest fått høgare godtgjering og ordførarane har fått kraftig lønnsauke. Dei har ikkje fått dette først og fremst fordi dei treng meir tid til å lese papirbunkar som er tjukkare enn dei var på 70-talet. Det handlar om å skape avstand frå politikarane til det folket som har vald dei. Det er lettare for stat og borgarskap å få ordføraren til å vere politisk vaktmeister og visargut for regjeringa dersom han eller hos har ein viss sosial avstand mellom seg sjølv og veljarane. I dei store byane har det vori slik i fleire generasjonar. Dei andre kommunane har no kommi etter, i ulike grad og ulikt tempo, men med staten og Kommunenes Sentralforbund som ivrige pådrivarar.
Ein ordførar, om han er aldri så sakleg og populær, vil ved dei fleste korsvegar til sjuande og sist ende opp som "regjeringsadvokat". Ikkje fordi ho eller han ønskjer det slik, men fordi lova krev det. Det er "ulovleg" å bryte dei "rammene" som er diktert frå regjering og Storting. Når RV-politikarane er meir medieomtala enn valoppslutninga skulle tilseie, er det fordi vi jobbar på lag med dei som blir nøydde til å organisere seg og slåst. Ikkje fordi dei så gjerne vil det, men fordi statens og kommunens politikk gjer at dei sjølve må velje mellom å bli overkøyrde eller setje seg til motverge. Slik har det vori sia 1975 da dei fire første RV-representantane entra den kommunale talarstolen. Dei gjorde eit pionerarbeid som fleire hundre seinare har følgt opp. Det er klassestandpunktet vårt, den analysen vi har av kommune og stat og det synet vi har på folk og folks eigen styrke, som er viktigaste skiljet i forhold til dei andre partia. Det er dette som gjer at folkelege forsvarsaksjonar får ein annan styrke og større sjanse til å lykkast når dei blir organisert i samarbeid med RV. I dei drygt 20 åra vi har arbeid i folkevalde organ, har vi prøvd å utvikle nye arbeidsformer som høver i hop med denne analysen. Den politiske sprengkrafta ligg jo i det at vi er både på innsida og utsida av borgarskapet sitt maktapparat og at vi - i alle fall på vårt beste - tar med oss all informasjon og kunnskap som vi kan hente frå innsida og stiller den til rådighet for dei som er på utsida. Det er ikkje alle ordførarar og rådmenn som er like glade for den utvidinga av det politiske metodespektret som RV har ført med seg.
Ei "lita" sak frå Vågan kommune kan stå som eksempel på den typiske RV-måten å jobbe på i kommunalpolitikken. Saka var så lita at den ikkje skulle stått på kommunestyret si sakliste i det heile tatt, viss det ikkje hadde vori for ein handfull damer i Storfjell Sanitetsforening og det samarbeidet dei utvikla med RV i og utafor kommunestyret. Folket i Storfjell ville ha veg. Arbeiderpartiet og makta forøvrig hadde bestemt at det ikkje skulle bu folk i Storfjell. Da var det ikkje bruk for veg heller. Det måtte bli konflikt og kamp, når bygdefolket gjorde bruk av RV sin analyse av statens og kommunens maktapparat og nekta å godta at det er makta som rår.
Vi er i Kabelvåg i Lofoten 25. august 1995. Det er snart kommuneval. Samferdsleminister Kjell Opseth har samla vegsjefane frå alle fylka til møte. Statsråden har og takka ja til å møte ein delegasjon frå Storfjell. Dei har ei vegsak dei vil drøfte. Ein statsråd på førvalsbesøk seier ikkje nei til ein slik samtale. Først hadde dei bedt ordføraren å ordne ein avtale med Opseth, men han ville ikkje. Han hadde ikkje tid heller. Derfor hadde dei ordna det sjølv. Mens Gjertrud Hansen og Kirsti Sommerseth sit og ventar utafor møtelokalet saman med Gunnar Aarstein, RV-aktivist og leiar i Austre Vågan Innbyggerforening, kjem ordførar Steinar Molvik gåande gjennom korridoren. Dei undrast om han kanskje har fått betre tid og vil vere med lell? Gunnar Aarstein går bort til ordføraren og seier frå at no er det berre ein halvtime til dei skal treffe statsråd Opseth, og dei ønskjer verkeleg at ordføraren skal bli med. Det hjelper ikkje kor mykje han argumenterer. Svaret er eit høglydt og utvetydig nei frå ein ordførar som blir meir og meir irritert. Og ikkje berre det. Da han ser at det er fleire journalistar saman med dei tre, seier han lågt, men innstendig:
"Gunnar, nå må du passe deg litt. Ta med deg de damene og reis hjem. Det går ikke an å møte en statsråd på denne måten. Opseth kan bli sint på deg, Gunnar." Og så forsvinn han i høgt tempo bortover korridoren, raud i toppen.
Gunnar og "de damene" følgde ikkje det rådet. Dei følgjer som regel ikkje gode råd frå "regjeringsavdokaten" i Vågan. Rett før dei hadde avtale med statsråden dukka ordføraren opp igjen. No var han smørblid. Som den mest naturlege ting i verda stilte han seg opp med det breidaste smilet sitt, tett inntil partifelle Kjell Opseth da pressefotografane tok fram kamera. Det vart eit fint fargebilete i Lofotposten.
Den som vil vite korfor ein Arbeidarparti-ordførar oppfører seg så besynderleg - til og med på offentleg stad - rett før eit kommuneval, må studere historia om kampen for Storfjellvegen. Eller sjå den franske fjernsynsfilmen La route des fjords som skildrar den årelange kampen for veg til bygda som skulle leggjast ned. Produsenten Philippe Boucher har foreløpig selt filmen sin til TV-selskap i Canada, Finland, Frankrike, Italia og Tyskland. Storfjellingane sin kamp mot den nye sentraliseringsbølga på 90-talet er snart betre kjend i utlandet enn i Norge.
"Når kommuen ikke vil hjelpe oss, så får vi ta saken i egne hender! Sånn tenkte innbyggerne i Storfjell, og dermed gikk de igang. Omsider skal denne utposten lengst øst i Vågan kommune, etter seksti år med brutte løfter fra det offentlige, få skikkelig veiforbindelse til Holand. Den opparbeides av bygdefolket selv, med hakke, spett og spade." Slik rapporterte Lofotposten 11.november 1989, frå starten av det veg-prosjektet som innerst inne ingen trudde var muleg.
Før jul i 1991 fekk leiaren av Austre Vågan Innbyggerforening, RV-aktivisten Gunnar Aarstein, telefon frå Kirsti Sommerseth, leiaren i Sanitetsforeninga i Storfjell. Vegbyggarane trengte hjelp. Slik starta det samarbeidet som skulle vise at RV si masselinje framleis er liv laga.
Under budsjetthandsaminga i desember året etter vedtok kommunestyret å auke løyvinga til sysselsettingstiltak med 100.000 kroner. Dette var oppfølging av eit vedtak RV hadde fått igjennom tidligare det året. Vedtaket seier m.a. at "Sysselsettingstiltaket veg til Storfjell peker seg ut som et interessant tiltak". Med dette som grunngjeving søkte Storfjell Sanitetsforening om å få utbetalt dei 100.000 kronene til "sysselsettingstiltaket veg til Storfjell". Arbeidskontoret hadde alt godkjent prosjektet. Sanitetsforeninga fekk aldri svar frå kommunen. Seinare fekk dei vite at pengane var brukte til viktigare tiltak i kommunesenteret.
Betre gjekk det ikkje med tilbodet frå den lokale laksenæringa om ei gåve på 100.000 kroner til bygging av vegen, eller med fylkesvegsjefen sitt tilbod til kommuen om 2,5 millionar, eller tilbodet frå innbyggarane i Storfjell om å ruste opp gammel-vegen i bygda sjølv, eller med tilbodet frå tre entreprenørar om å prosjektere vegen gratis for kommunen. Det kom ingen reaksjon frå Vågan kommune på nokre av desse initiativa, som var skaffa fram av RV og bygdefolket.
Det er "Forskjell på fattig og Rica", konstaterte Lofotposten, då formannskapet heilt plutseleg innstilte på å bruke 4 millionar på bru til ei hotelltomt for Rica: "Befolkningen i Storfjell har bedt om vei i hundre år. -Ta det med ro, sier makteliten i Svolvær. Rica-kongen Jan Rivelsrud ba om hotelltomt for to måneder siden. Hva skjer? Byråkratiet fyller tanken med flybensin og oppviser et tempo og en besluttsomhet man ellers bare finner når SAS bestemmer seg for å skifte direktør."
Lenge var grunngjevinga for ikkje å gjere noko med veg til Storfjell at kommunen ikkje hadde kapasitet til å lage reguleringsplan. Da bygdefolket ville hjelpe kommunen med dette og, sa eit samrøystes bygningsråd tvert nei. Grunngjevinga var at dei i alle fall ville bli nøydd til å avvise planen fordi det ikkje fanst økonomisk kartverk over den delen av kommunen. Vågan kommune hadde få år tidligare sagt til Statens Kartverk at det ikkje hadde hast med å lage slike kart, fordi kommunen ikkje hadde planer om aktivitet i området!
Ordførar Steinar Molvik såg det som si oppgåve å forklare at det var feil å byggje veg til Storfjell, ei bygd der det bur 14 menneske. Kort tid før statsrådsbesøket i august 1995 sa han rett ut til Klassekampen at "det vil være en gal prioritering av våre knappe midler" om kommunen skulle "bygge en vei til åtte millioner kroner for at 10-12 mennesker skal få fastlandsforbindelse... Og vi bruker heller ikke penger på å utarbeide en reguleringsplan i et område der vi ikke har planer om aktivitet." Dette var ei presis samanfatning av Arbeiderpartiet si politiske linje i saka, men var lite egna til å samle dei lokale veljarane rundt regjeringspartiet. Sjeldan har ein reportasje i Klassekampen fått så mange lesarar i Vågan. Lofotposten trykte fleire lesarkommentarar frå folk som var "mildest talt forbannet" fordi orføraren "harselerer med oss som kaster krefter inn i arbeidet for å få vei til Storfjell."
Etter slike avsløringar, nær sagt kvar månad over år i lokalavisa, var det lite igjen av trua på at det lokale demokratiet kunne gje folket i Storfjell ei rettferdig behandling. Folk kravde handling. Mange likte at bygdefolket tok saka i eigne hender. Fredag 6. august 1993 kalla Austre Vågan Innbyggerforening inn til "Offisiell anleggstart på veg til Storfjell". Utan reguleringsplan, men med velsigning frå grunneigarane, starta dei arbeidet med sprengstoff og innleigde maskinar. Frå no av var det 14 storfjellingar som styrte spelet. Ordføraren, rådmannen og alle partigruppene i kommunestyret vart sjølvsagt invitert - og kom. "Et taktisk sjumilsteg i retning Storfjell," skreiv Lofotposten, som konstaterte at "ildsjel og veigründer Gunnar Aarstein tuslet rundt i gresset på Holand med dagens bredeste glis". "Nøyaktig klokken 16:50 smalt det. 30 kilo dynamitt sendte seks tonn med nordlandsk gråstein rett til himmels på Holand. Veien til Storfjell i Austre Vågan var begynt." Det formelt sett private og ulovlege anlegget for veg til Storfjell var med dette opna - av ordførar Steinar Molvik, i påsyn av rådmannen og heile formannskapet, pressa, og NRK.
Litt seinare melde Lofotposten at storfjellingane tok nye arbeidsmetoder i bruk: "Kunne du tenke deg å gi litt dynamitt til damene i Storfjell? I så fall må du ta med deg sprengstoffet ned på Torget i Svolvær. Storfjell Sanitetsforening starter nå en folkeaksjon for å få veiforbindelse med resten av verden. Imens jobber veisluskene for fullt i Austre Vågan. Storfjell er nå 100 meter nærmere sivilisasjonen. Det er nå 18 dager siden Austre Vågan innbyggerforening tok dynamitten i egne hender og startet veibygging til Storfjell"
Om enkelte i Rådhuset trudde at dynamittinnsamlinga var eit eindags mediejippo, så vart dei skuffa. Lofotposten hadde snart nye meldingar: "I forrige uke samlet damene i Storfjell inn 700 kroner på gata i Svolvær. (...) Hadde Alfred Nobel ankommet Svolvær i forrige uke antar vi at den svenske kjemikeren hadde stoppet opp på fortauet like ved rådhuset. Et frelsesarmeliknende opptog omkranset av dynamittkasser, samler inn penger, spiller gitar og synger trestemt av full hals. (...) - Dette er krig og damene vil ha vei, sier Gunnar Aarstein, for anledningen gitarist, men ellers leder i Austre Vågan innbyggerforening. . . Og like ovenfor de sprengningskåte damene står SV med det som må være årets mest uklare valgkampslagord. 'Få Norge ut av RUNDKJØRINGEN'. Budskapet går neppe hjem i Austre Vågan. For uten vei, ingen rundkjøring. (...) Dynamittaksjonen fortsetter også neste uke"
Damene var ikkje høgmælte, men dei vann sympati fordi dei var målbevisste. Dei gjennomførte det dei hadde sagt dei skulle gjere, og dei tok aldri eit nei for eit nei. Ein bedriftseigar overleverte 100 kilo dynamitt av utmerka kvalitet. "Det er kanskje lett å overse oss, å glemme hva vi jobber med," sa Kirsti Sommerseth til Lofotposten. "Men ved siste rapport fra banken fremgikk det at en anonym hadde sendt oss 40.000 kroner, med påskriften: 'En som vil at dere får vei'." 200 meter vegtrase vart grovplanert i løpet av seinsommaren 1993. Kvar torsdag laga bygdefolket kaffetilstelning til dei som jobba på anlegget.
Anleggsstarten i 1993 vart eit gjennombrot. No begynte folk å tru på at prosjektet var gjennomførbart, at det var muleg å få til det som politikarane sa nei til. Dei bygde jo veg i Storfjell, sjølv om politikarane sa dei ikkje skulle! RV-gruppa arbeidde målbevisst for å få til alliansar med flest muleg i dei andre partia. "Foreløpig er det kun RV som går helhjertet inn for vei. Men etter det Lofotposten erfarer er deler av SV, Kr.F. og Høyre på gli". Slik stod saka utpå hausten 1993.
Hausten 94 slo Unionen til - i kvar ein flik av landet, sjøl om folkefleirtalet sa nei 28. november. Den nyss vedtatte EØS-avtalen (som ikkje skulle gjelde landbruksnæringa) sa i direktivs form at det ikkje lenger var lov å slakte dyr heime på garden. Dette var kroken på døra for husdyrhaldet i veglause bygder. Utan veg - ingen slaktebil. Alf Johansen, sauebonde i Storfjell, søkte Næringsmiddeltilsynet om dispensasjon. Blankt avslag. Saka kom i Lofotposten og i Klassekampen. "EØS-forbudet ga ikke bonden noe valg," sa herradsagronomen, avbilda bak den statlege skrytebrosjyra "Bygdeutvikling - valget er ditt". Dagen etter hadde ho statssekretæren til Gunhild Øyangen på tråden: Staten ville ikkje vite av at ein funksjonær i offentleg teneste uttala seg om EØS-avtalen!
På initiativ frå RV, vart no representantane på Stortinget sin Nordlandsbenk kontakta av partifellene i Vågan. I mangel av eigen Nordlandsrepresentant, måtte RV ta kontakt med meg som var innvald frå hovudstaden. Meldinga var klar: Hadde Stortinget godtatt EØS-direktivet, måtte Stortinget og sørge for at slaktebilen kom fram. Eg var den einaste som tok opp saka. Slik fekk samferdsleminister Kjell Opseth spørsmålet om å dekke ein tredel av kostnadene for veg til Storfjell. Statsråden måtte tenkje lenge over den saka - heilt til rett før kommunevalet i 1995.
I februar 1995 satsa vegtilhengjarane på å få til eit positivt vedtak i kommunestyret. Før møtet hadde gruppeleiaren i Høyre sagt til Gunnar Aarstein at ho for sin del var einig i at kommunen burde finansiere ein del av Storfjellvegen. Samtidig var det klart at det var delte meiningar i fleire parti enn Høyre. I kommunestyremøtet delte Gunnar Aarstein ut eit brev "til politikerne i Vågan kommune" frå leiarane i 11 av dei 12 foreiningane i Austre Vågan. Alle var med, frå Menighetsrådet via Musikkforeninga til Skyttarlaget. Dei slo fast at "spørsmålet om internkommunikasjon (er) et være eller ikke være" for denne delen av kommunen og ba politikarane om å "ikke la denne anledningen gå fra seg". Den einaste som ikkje hadde skrivi under var leiaren i Ungdomslaget Snetind, Hilmar Madsen. Han var kommunestyremedlem for Arbeiderpartiet. Det låg dramatikk i lufta da ordførar Steinar Molvik kalla saman parti-gruppa til fraksjonsmøte før avstemminga. Han ba partifellene instendig at dei måtte stemme mot forslaget frå RV om å setje av kommunale pengar til Storfjellvegen. Ein av dei som var på fraksjonsmøtet fortel at ordføraren svingte partipisken hardare enn vanleg. Han orienterte partiet om at han hadde ein underhandsavtale med gruppeleiaren i Høyre om at ho skulle sikre at det vart nei-fleirtal. Dette verka rart ettersom Høyre-leiaren i debatten argumenterte for Storfjellvegen. Det var så vidt båten bar. Stemmetala måtte reknast fleire gonger. Ordførar Molvik brukte dobbeltstemmen sin for å få til nei-fleirtal. Fire representantar - med RV i spissen - gjekk frå møtet i protest.
Nokre dagar etterpå kalla styret i Ungdomlaget Snetind inn til ekstraordinært årsmøte. Dei ville ikkje ha ein leiar som brukte plassen sin i kommunestyret til å undergrave bygda sine interesser.
Saka om Storfjellvegen kunne ha vori avslutta her - viss dei som ville ha veg, hadde bøygd seg for det som vanlegvis blir kalla "lovleg fatta vedtak". Men det gjekk ikkje mange vekene før ordførar Molvik igjen hadde Anny Kristiansen frå Storfjell på tråden. "Til tross for den ene skuffelsen etter den andre, Storfjellbefolkningen gir seg ikke. De vil ha vei. Og nå tilbyr de ordfører Steinar Molvik og Vågan kommune et rentefritt lån på 1,35 millioner kroner i tillegg til tidligere pengegaver. Forutsetningen er at pengene benyttes til å bygge vei frem til den isolerte Vågan-bygda". Da ho ba om å få møte formannskapet undrast ordføraren på om det ikkje kunne vere like greitt "med et møte på mitt kontor". Anny syntest ikkje det, og meinte det var naturleg å møte opp i formannskapet ettersom ærendet var å tilby kommunen eit rentefritt millionlån. Det var vel ikkje så ofte kommunen fekk slike tilbod? Motvillig måtte ordføraren ønskje tre vegforkjemparar frå Storfjell velkomne til møtet i formannskapet.
Skal vi tru førstesidebiletet i Lofotposten dagen etter, så var det ein audmjuk ordførar som rette fram handa for å seie takk da han tok i mot lånetilsagnet frå ein stram og bestemt delegasjonsleiar.
Internt i Arbeiderpartiet må bølgjene ha gått svært høgt etter at ordføraren brukte partipisk og dobbeltstemme for å få det på sitt vis. I alle fall tok han etter få dagar telefonkontakt med Gunnar Aarstein og foreslo at dei to saman skulle oppsøke statsråd Opseth og fylkesvegsjef Løvmo for å be om pengar til Storfjellvegen. Denne avtalen vart ordføraren pressa til å offentleggjere allereie i neste kommunestyremøtet, då Hans Josefsen, Kristeleg Folkeparti spurde om kva tid saka om veg til Storfjell kom opp til ny behandling. "Og da vil jeg måtte ty til å si at jeg har et samlet kommunestyre med meg på at dette vil vi gå inn for... Dere må stole på Gunnar og Steinar," sa ordførar Molvik til eit måpande kommunestyre.
Gunnar Aarstein gjorde fleire forsiktige forsøk på å avtale tidspunkt for å reise til vegsjefen i Nordland, Arne Løvmo. Da dette ikkje nytta, møtte Gunnar opp på ordførarkontoret. Ettersom ordføraren hadde det så travelt, sa Gunnar han kunne avtale eit møte med Løvmo, berre han fikk vite kva dagar Molvik hadde ledig plass i avtaleboka. Ordføreren hadde ikkje lyst til det heller.
-Da blir eg nøydd til å spørre deg i kommunestyret, om det er slik at ordføraren ikkje har til hensikt å gjennomføre avtalen med Gunnar Aarstein om ei reise "i samferdselkretser", slik du sjølv sa i siste møtet.
-I så fall er alt vårt samarbeide slutt! ropte Molvik frå plassen sin bak skrivepulten. Det blir ikke noen reise til Opseth! Det blir ingen Storfjellvei!
-Det same kan det for så vidt vere, svara Gunnar, mens han pakka saman papira sine og gjekk mot døra. - Du har i grunnen ikkje gjort ein skit for Storfjellvegen til no.
-Vent litt, sa Molvik. - Selvfølgelig skal du få se min avtalebok. Var det bare det du kom for? Dagen etter var avtalen med vegsjefen i Nordland i hamn.
1. august 1995 starta Storfjell Sanitetsforening opp anleggsarbeidet igjen, utan å vente på vedtak. Dei siste vekene før valet kom det både ei løyving frå fylket og ei frå statsråd Opseth. Lofotposten gjorde nokre dagar før valet eit heilhjarta forsøk på å framstille ordføraren som Storfjellvegens redningsmann. Reportasjen var sikkert meint å hjelpe Arbeiderpartiet, men tvetydigheta vart synleg når avisa gav ordførar Molvik ros fordi han "tok opp hansken tross at alle odds var mot, inklusive han sjøl og kommunestyret i Vågan". Sjølv om alt folket fekk vite at "ordfører Steinar Molvik og fylkesordførerkandidat Oddny Bang ønsket en positiv avgjørelse før valget", sørga veljarane for at timeglasset rann ut for Steinar Molvik som heiltidspolitikar. 5. oktober 1995 gjorde kommunestyret det endelege vedtaket om veg til Storfjell. Hilmar Madsen (Ap) som mista leiarvervet i Ungdomslaget Snetind på den førre Storfjellrunden i kommunestyret, var den einaste som stemte i mot. Han var i det minste konsekvent.
Under den endelege og offisielle anleggsstarten 27. september 1996 var det igjen kvinnene i Storfjell som tok siste stikk. Entreprenør Malvin Nilsen hadde ikkje fått alt utstyret sitt på plass og måtte "ty til sanitetskvinnene for å få dynamitt til åpningssalva, som ordfører Harald E. Hansen fikk æra av å fyre av". Storfjell sanitetsforening hadde framleis både dynamitt og kampvilje på lager. Frå august 1998 er vegen til Storfjell open for almen ferdsel.
Sigeren var inga tilfeldighet, men eit resultat av systematisk og målretta arbeid gjennom mange år. Bygdefolket hadde ikkje vunni utan samarbeidet med RV. Samtidig ville RV ha vore lite til nytte viss partiet hadde tedd seg slik som politiske parti vanlegvis gjer. Gunnar Aarstein oppsummerer RV-måten å drive kommunalpolitisk arbeid på slik:
- Er det noko denne saka viser, så er det at det er ein daudfødd strategi å satse på å overtyde ordføraren eller fleirtalet av kommunestyret. Vi måtte vinne folkesjela først. Vi var førebudde på at når det ikkje lenger nytta å oversjå oss, ville motparten forsøke alle middel for å isolere oss - eller roe oss ned med godsnakk og hemmelege avtalar.
- Vi vann til slutt, fordi vi heldt ut, og fordi vi viste at kampen for veg til Storfjell hadde moment i seg som mange undertrykte kjende igjen. Vi greide derfor å inspirere til støtte i ein slik grad at kravet om veg til Storfjell vart reist frå heile kommunen.
- Eg trur at alle slike saker er ein flik av kampen om makta i samfunnet: Kven er det som skal avgjere utviklinga? Vi har vist at folket kan vinne. Eigentleg burde vi takke tidlegare ordførar Molvik fordi han hjelpte til å lære opp mange nye klassekjemparar.
- Historia om Storfjellvegen er som det kinesiske eventyret om den dumme gamle mannen som trudde han kunne grave vekk fjellet som skugga for sola. Akkurat som i eventyret, klarte bygdefolket, som starta med hakke og spett i 1989, ved hjelp av RV og folkesjela i Norge, å vinne kampen om veg til Storfjell, seier Gunnar Aarstein.
Når 14 innbyggjarar, som i utgangspunktet berre har seg sjølv og to kommunestyrerepresentantar på si side, kan vinne ein slik siger, kva er det ikkje da muleg å få til viss ein slik måte å drive politisk arbeid på spreier seg? I Vågan handlar det om å forsvare lokalsamfunn og kultur mot avfolking og sentralisering. Andre stader er det andre saker.
RV i kommunestyret betyr nye muligheter for dei som er på utsida av rådhus og møterom. Men endringane har vorti merkbare på innsida og. Etter eit bystyremøte i Trondheim vinka formannskapssekretæren vararepresentant Marion Palmer frå RV bort til seg: "Det skal du bare vite, at det har skjedd store forandringer her i bystyret etter at RV kom inn i bildet. Det var bare det jeg ville si."
Samanbrotet i Sovjetunionen, i dei austeuropeiske diktatura og massakren i området rundt Tien An Men-plassen i Beijing, fall i tid saman med at det kommunalpolitiske arbeidet i RV hadde utvikla seg så langt at ein i alle fall nokre stader kunne snakke om at det eksisterte to parti. Eg vil tru at den som skal analysere debatten og ordskifta i og rundt AKP og RV omkring 1990, vil oppdage at det både handlar om viktig ideologisk usemje og om at mange som dreiv lokalt kommunalpolitisk arbeid, syntest AKP tok dette for lite alvorleg. Mi oppfatning er i alle fall at så ulike problemstillingar gjekk om kvarandre.
Da AKP vart danna i 1973 var SV enda ikkje etablert som parti. Bokstavane sto for Sosialistisk Valgforbund. Det første AKP-landsmøtet gav sentralkomiteen i oppdrag "å forhandle om valgsamarbeid med andre partier, grupper og enkeltpersoner. Hensikten må være å forsvare folkets nei til EEC, å gi progressive et klart alternativ til DNA/LO-ledelsen. Hvis det går i orden, vil det svare til det sterke behov for enhet som finnes ute i folket. Vi er villige til å gå inn i en slik front dersom den virkelig er egnet til å mobilisere mye folk mot monopolene og utenlandsk imperialisme". Landsmøtet kravde at eit slikt samarbeid ved stortingsvalet i 1973 ikkje skulle "være noen rein partiallianse, den må trekke med tillitsmenn fra fagbevegelsen, bonde- og fiskeriorganisasjoner, kvinneorganisasjoner osv". Dessutan måtte kvart parti ha rett til å drive sjølvstendig opplysningsarbeid i valkampen.
Hadde denne invitasjonen til valsamarbeid lyktest, ville AKP drivi stortingsvalkamp i 1973 innafor ein politisk brei og organisatorisk nokså laus front av sjølvstendige parti og partilause grupper og personar. Leiinga i SV sa nei til dette. Enkeltpersonar innafor SV hadde nok litt ulikt syn. I nokre fylke var det stemning både i AKP og SV for eit slikt valsamarbeid. Når svaret vart eit eintydig og udiskutabelt nei, var nok hovudgrunnen at ein slik valfront raskt ville komme i konflikt med planen om å omdanne Sosialistisk Valgforbund til Sosialistisk Venstreparti. Eit ja frå SV-leiinga den gongen, kunne nok og ha skapt konfliktar i arbeidet med å byggje ut AKP.
AKP fekk dessutan eit formelt startproblem før den første valkampen. Kommunalminister Aune nekta å godkjenne Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) som partinamn i samband med val. Han meinte det var fare for forveksling med Norges Kommunistiske Parti (NKP). Partileiinga søkte da om å få bruke partinamnet Rød Valgallianse som overskrift på vallister og inviterte partilause til å delta i arbeidet ned listestilling og valkamp. I dei fem første åra eksisterte RV berre som ein valkamporganisasjon som AKP tok initiativ til i starten av kvart valår. Partileiaren i AKP var også leiar i RV. Etter denne femårsperioden har det skjedd ei gradvis skilsmisse mellom AKP og RV. Det enklaste som kan seiast om det, er at det i denne - som i mange andre skilsmisser - ikkje er nokon gitt å gi ei framstilling av det personlege og politiske innhaldet i prosessen utan at nokon av dei involverte føler seg tråkka på. Å gi ei sakleg korrekt framstilling av dei mange ulike konfliktpunkta, vil vere svært krevjande. Sikkert er det i alle fall at dei lokale variasjonane var svært store. Eg skal derfor ikkje prøve på det, men eg synest det no etterpå er gledeleg å sjå at "partane" praktiserer eit omfattande og fruktbart utanomekteskapeleg samliv no når dei meste av skilsmissesåra har grodd.
Skal eg likevel gi eit overflatisk, ytre riss av delingsprosessen, utan å gå inn på innhaldet, må det bli slik: Første landsmøtet i RV vart innkalla i mai 1979 etter initiativ frå AKP. Hilde Haugsgjerd, som i dag er journalist i Dagbladet, vart vald til leiar. Finn Sjue vart vald som leiar i 1981, samtidig som han var nestleiar i AKP. Jahn Arne Olsen, som nyleg hadde flytta frå Tromsø til Oslo, vart RV-leiar på landsmøtet i 1983. I dag er han redaktør i Finnmark Dagblad. Aksel Nærstad som tok over leiarvervet i 1987, hadde denne posisjonen heilt til 1995, det vil seie til det første landsmøtet etter RV kom inn på Stortinget.
Ut gjennom 1980-talet skjedde det ei gradvis utvikling som svekka dei formelle banda mellom leiinga i AKP og dei som var aktive i RV samtidig som det politiske arbeidet i kommunestyre og fylkesting fekk større omfang og tyngd. Tempoet i denne utviklinga varierte frå kommune til kommune, men eit gjengangarproblem var - og er - at det i stor grad er dei same personane som er politiske aktive i begge organisasjonane. Samtidig trur eg mange som tok ansvar for å drive kommunestyrearbeidet syntest at partileiinga i AKP la for lite vekt på dette arbeidsfeltet ut over 80-talet. Det var ingen av arbeidsutvalsmedlemmene i AKP som sjølve hadde deltatt i kommunestyrearbeid.
Sett frå AKP sin synsvinkel var det slik at RV i starten berre var ei av fleire mulege former for valfront. Det var i og for seg ikkje utenkjeleg at AKP kunne sjå seg tent med ein annan valtaktikk i ein annan politisk situasjon. Stortingsvalet 1989 er eit eksempel på at både AKP og RV la inn alle krefter på å organisere ein valfront med namnet Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet (FMS). Når det gjaldt pengar og makt, var statsstøtte - og andre rettar som følgde med å vere eit registrert parti ved val - både formelt og reelt AKP sin eigedom så lenge RV berre var eit anna namn på AKP sitt valarbeid. Etter kvart som sjølvstendig RV-arbeid voks fram ein del stader, var ikkje dette på noko vis sjølvsagt, i alle fall ikkje for dei som anten ikkje var med i AKP eller var ueinig med leiinga i AKP. Delingsprosessen vart formelt fullført med landsmøtevedtak i AKP i 1990 og i RV i 1991. Etter dette er AKP og RV to politiske parti som begge er bygd på individuell medlemskap.
På RV-landsmøtet i 1995 vart Jørn Magdahl vald til partileiar. Han var ein av dei som melde seg ut av AKP like etter 1990, men den uenigheta som låg til grunn for det, var ikkje til hinder for at han ønska å leggje inn alle krefter i revolusjonært arbeid i RV. Magdahl var forøvrig ein av dei som om lag 20 år tidlegare var med på å stifte Norges kommunistiske studentforbund. Da landsmøtet i 1997 valde den 23 år gamle studenten Aslak Sira Myhre til partileiar, fekk RV for første gong ein leiar som aldri har vori medlem korkje av AKP eller Raud Ungdom. Samtidig vart fleire på omtrent same alder valde inn i landsstyret.
AKP har både før og etter at delinga var fullført, drivi alt valarbeidet sitt gjennom å drive valkamp for RV. Medlemstalet i RV har variert - litt over eller litt under 1 500. AKP oppgir ikkje medlemstal. Nokså uavhengig av denne formelle delingsprosessen er partiprogramma svært like, og det er i dag ikkje lett å trekke ei delelinje mellom RV og AKP, verken når det gjeld politiske standpunkt eller det politiske arbeid dei to partia driv.
RV sin innsats i kommunestyra er hovudgrunnen til at korrupsjon i dag er eit norsk begrep og ikkje eit "framandord" som berre kan brukast om samfunnsmessige misforhold som finst sør for København.
Borgarlege politikarar som sjølve er årsak til urett og overgrep, står gjerne fram etterpå og er sjokkert, men sjølvvsagt heilt utan ansvar. Når det så blir ei viss "opprydding", går dei store skurkane fri, mens nokre av dei små medansvarlege må stå til rette. Høyre-politikaren Hans Svelland i Oslo var arkitekt for eit slikt opplegg etter at bladet Hverdag og RV i 1982 avslørte systematiske og omfattande lovbrot ved Sosialsentralen, Norges største sosialkontor. Noko liknande skjedde da det som vart kalla "Oslo-korrupsjonen" vart rulla opp frå hausten 1989 og eit par år framover. Nokre personar vart dømde, men dei store gjekk fri. Eit lite eksempel: Dei kommunale nøkkelpersonane som er årsak til at blikkenslagar Arild Holtet i Moss gjekk konkurs, er framleis ustraffa. Korrupte, kommunale nøkkelpersonar straffa småbedriftseigaren økonomisk fordi han nekta å smøre dei.
Eg har opplevd berre ei korrupsjonssak der utfallet vart omvendt. Med det meiner eg at den øvste ansvarlege måtte gå, mens dei som hadde vori nyttige brikker i spelet hans, fekk beholde jobbane sine. Den saka kan stå som eit eksempel på RV og AKP sitt mest vellykka arbeid med slike saker.
Den kommunale ambulansesjefen i Oslo fekk sparken i mars 1992. Han hadde vori heiltidspolitikar for Arbeiderpartiet og var ein mann med svært gode kontaktar blant dei som hadde makt og posisjon i Kommuneforbundet (NKF). Sjølv om fleire av verva låg nokre år tilbake i tid, så var nettverket hans intakt. På 80-talet var han sjølve personifiseringa av det faglegpolitiske samarbeidet mellom Arbeiderpartiet og Kommuneforbundet i hovudstaden. Det var han som representerte Arbeiderpartiet i politisk tunge forhandlingar med den sentrale Høyre-politikaren Hans Svelland om korleis ein skulle få dei fagorganiserte til å godta den nye byrådsordninga.
Fordi namnet hans er uviktig, omtalar eg han berre som ambulansesjefen. Det høver bra, ettersom han hadde for vane å omtale seg sjølv på den måten, både muntleg og skriftleg. Vi som arbeidde med denne saka i AKP og RV klarte for ein gongs skyld å bryte det vanlege mønsteret hos Rådhuseliten, eit mønster som seier at dei små skal svi mens dei store går fri. For fleire enn meg vart det ei god prøve på om partiet er brukbart i nærkamp med dei aller verste sidene av pampevesenet i Arbeiderpartiet.
Fordi eg frå 1988 arbeidde i same kommunale etat som ambulansesjefen og dessutan kjende han frå fleire års arbeid i bystyret og litt aktivitet i Kommuneforbundet, var eg dels politisk augevitne og dels deltakar. Ambulansesjefen hadde eit omfattande parti- og faglegpolitisk nettverk til å beskytte seg og hadde dessutan - gjennom irregulær pengebruk i den avdelinga han hadde budsjettansvar for - skaffa seg full kontroll med fagforeiningsgruppa til sjåførane.
Det var ei administrativ tilfeldighet som gjorde at ein stor del av rusomsorgen i Oslo, der eg arbeider, ambulansetenesta og Legevakta frå 1988 vart samla i den nye Akuttetaten. Etaten vart oppløyst igjen etter ein del år - slik det ofte skjer når Rådhuspolitikarar synest det viktigaste er å vise styringsevne. Men fordi etaten var meint å ha lengre levetid, oppretta Kommuneforbundet den nye Akuttetatens personalforening. I ein viss forstand var det to ulike organisasjonskulturar som møttest på det første årsmøtet. Leiarvalet vart ein svært jamn affære, der Stein Asthøy som kom frå rusomsorgen og hadde vori leiar for interimsstyret, trekte det lengste strået. Det var eit par stemmer som skilde mellom han og ein av ambulansesjåførane. Asthøy hadde vori tillitsvald i Kommuneforbundet sia midt på 70-talet og hadde blant anna erfaring som leiar av den ni veker lange og ulovlege verneassistentstreiken våren 1988.
For ambulansesjefen var dette eit avgjerande årsmøte. For første gong hadde han ein fagforeiningsmotpart som sto heilt utafor og heilt uavhengig av ambulansesjefen sitt eige personlege og økonomiske nettverk. Utpå våren 1991 begynte eg å ane kor viktig det var. Det som snart vart ein svær konflikt, begynte nokså ordinært, på ein sånn måte at det etterpå er litt vanskeleg å tenkje tilbake og finne ut korleis det starta.
Foreiningsstyret hadde tidleg på året i 1991 fått ei sak frå to av sjåførane. Dei hadde arbeidd lenge, den eine i åtte år, men var ikkje fast tilsette. No ville ambulansesjefen kvitte seg med dei. Omtrent samtidig fekk eg ein del opplysningar om at ambulansesjefen var innblanda i økonomiske misligheter. Fleire personar kontakta meg fordi eg var bystyremedlem for RV. Vi begynte å sjå konturane av det som låg skjult bakom ambulansesjefen sin maktposisjon.
Eit av dei minste tipsa gjaldt ambulansetenesta sin "kommandobil". Det vi trudde var bilen til ambulansesjefen, var ikkje ein privatbil i det heile tatt. Han var sannsynlegvis inspirert av ordninga i politiet og brannvesenet da han fann på dette bilopplegget. Skilnaden er at mens politi og brannvesen treng eit slikt køyrety under store utrykningar og skriv KOMMANDOBIL med store bokstavar på begge sider av bilen, så heldt ambulansesjefen seg med ein bil som var påfallande sivil. Han fjerna til og med dei to små merka med byvåpenet frå bildørene. Han førte ikkje køyrebok heller, av ein prinsippiell årsak som han seinare aldri var i stand til å gjere greie for. "Kommandobilen" var altså berre eit påfunn og hadde aldri nokon praktisk funksjon i ambulansetenesta, korkje til dagleg eller ved større katatsrofeutrykningar.
Alvorlegare var det at han hadde brukt posisjonen sin i Interessekontoret til å ta opp "lån" for over ein halv million kroner. Ingen hadde lov å låne meir enn 30.000 kroner. For å "betale tilbake" ein del av lånet tok han i løpet av første halvår 1991 ut 272 775 kroner i køyregodtgjering frå Interessekontoret. Han var den første styreleiaren som kravde og fekk slik godtgjering. Det var heller ikkje hyggeleg å få høyre at han hadde tatt ut lønn frå Interessekontoret samtidig som han var sjukemeldt og mottok sjukelønn frå den kommunale pensjonskassa.
Dette - og ein del andre forhold - var likevel å rekne for småtteri samanlikna med ei svart betalingsordning som var oppretta mellom ambulansepersonalet og Begravelsesbyråenes Forening. Ordninga var slik at ambulansetenesta utførte transportoppdrag for begravelsesbyråa. Når ein person døydde utanfor byråa si opningstid, henta ambulansetenesta den døde og frakta liket til Krohgstøtten kapell ved Legevakta. Å sjå til var dette ei ordning der ambulansetenesta utførte arbeid for private firma, arbeid som stort sett ikkje var ambulanseoppdrag. Byråa fekk ei lita rekning for kvar transport frå rekneskapskontoret ved Ullevål sjukehus. Men i tillegg var det bak mål laga til eit detaljert, svart oppgjerssystem. Kvart einaste gravferdsbyrå som var med på ordninga, betalte ein svart stykkpris for slike oppdrag. Byråa syntest det var greitt ettersom den samla prisen likevel var låg og dei slapp å ha eige personale i arbeid på kveldstid og i helgene.
Denne pengestrømmen finansierte ambulansesjefens kontroll med alt og alle. Poenget med denne ordninga var ikkje personleg vinning, men at sjefen hadde noko på alle. Ein stor del av pengane vart brukt til innkjøp som skulle ha vori dekka av kommunen som arbeidsgivar: TV og møblar på kvileromet, utstyr til trimrom, kjøp av sko til sjåførane. Ein annan del vart brukt til å finansiere turar til Polen som og omfatta formidling av humanitær hjelp til barneheimsungar. Så var det gratislotteri blant sjåførane ein eller to gonger i året. Vinnaren fekk ei valfri reise til rundt ti tusen kroner. Og til sist var det eit lite - nærmast symbolsk - kontantbeløp til kvar enkelt. Dette kontantbeløpet var nokre hundrelappar i året, men det var nok til at den som tok i mot det, visste at no var også han trekt inn i den irregulære ordninga. Ein som prøvde å nekte å ta i mot, fekk klar beskjed frå ambulansesjefen at denne ordninga var for alle.
Hadde ambulansetenesta skrivi ei reell rekning for alle kostnader ved kvart transportoppdrag, måtte byråa ha betalt andre summar. Internkontrollen i Rådhuset konkluderte seinare med at "begravelsesbyråene forsettlig og i vinnings hensikt har misbrukt den enkelte pårørendes uvitenhet om begravelsesomkostninger ved å fakturere den pårørende for samme tjeneste to ganger." Sanninga er at kommunen og kravde betaling for tenester som i ein del tilfelle skulle ha vori gratis. Det skjedde f.eks. når ein person som var død i ei ulykke, vart transportert først til legevakta og så trilla over til kapellet der eit gravferdsbyrå overtok neste dag. Dei økonomiske fordelane som nådde fram til kvar sjåfør var i alle tilfelle små, med unnatak av dei få som vann reiselotteria. Økonomisk sett var det altså ei ordning der ein kommunal småsjef sørga for å gi milde gåver til diverse private firma.
Internt i ambulansetenesta handla det om noko heilt anna. Ambulansesjefen brukte likpengane til å veve kvar einaste sjåfør inn i eit urregulært økonomisk system som var så sinnrikt ordna at ingen sto heilt utafor. Dette var den store - men usynlege - dramatikken ved det første leiarvalet i Akuttetatens Personalforening. Foreininga fekk ein leiar som sto utafor ordninga, ein fagforeiningsleiar som ambulansesjefen ikkje hadde taket på. Seinare fekk vi vite at det var kasseraren i fagforeiningsgruppa til sjåførane som hadde ført rekneskapen for kva dei svarte pengane vart brukte til. Årsrekneskapen vart rutinemessig makulert kort tid etter at fagforeningsgruppa hadde hatt årsmøte.
Da vi våren og sommaren 1991 smått om senn fekk oversyn over hovudtrekka i dette, skjønte vi at vi at det var korrupsjon av det aller trasigaste slaget: Han som stod bakom og skaffa seg kontroll, hadde klart å underminere sjølvstendigheta til ein del av fagforeininga. Samtidig var han ein mann med gode kontaktar hos dei som verkeleg har makt. Han hadde vori kommunal heiltidspolitikar for Arbeiderpartiet i to periodar, hadde vori med i forbundsstyret og var framleis nært knytt til leiarsjiktet i Kommuneforbundet. Sjølv fortalde han, når det passa seg slik, at han var på vennskapeleg talefot med statsministeren. Det gjorde inntrykk, når han reint tilfeldig kom til å nemne at han berre brukte å seie "Hei Gro, det er Olaf," når han slo på tråden til henne.
Fagforeininga fekk merke den faglege delen av ambulansesjefen sitt nettverk. På eit stadium i saka til dei to sjåførane som hadde falli i unåde, greip direktøren i Akuttetaten inn og gav skriftleg pålegg til ambulansesjefen om å ta dei to inn i ordinært arbeid igjen. Foreiningsleiaren, Stein Asthøy, fortel at han møtte Bjørgulf Froyn, den valde leiaren i Kommuneforbundet sitt distriktsstyre like etter at dette pålegget var gitt. Ettersom dei møttest i korridoren utafor kontoret til direktøren i Akuttetaten, og Froyn aldri hadde vori på besøk på foreiningskontoret inviterte Asthøy han inn på ein kopp kaffe og ein foreiningsprat i etasjen over. Men dessverre, Froyn forklarte at han ikkje hadde tid, og det var berre heilt tilfeldig at han var innom her som snarast.
Dagen etter fekk foreiningsleiaren beskjed frå direktøren at ho ikkje vil følgje opp det pålegget ho hadde gitt til ambulansesjefen om å ta dei to sjåførane inn i ordinær teneste. Grunnen ho oppgav var enkel. Ho ville ikkje ha trøbbel med Kommuneforbundet. Bjørgulf Froyns besøk er neppe protokollført nokon stad. Det som er dokumentert, er at det ikkje fekk noko slags konsekvens når ambulansesjefen saboterte det pålegget direktøren hadde gitt han. Og ho som var direktør da, syntest det var greiare å komme på kant med foreininga som støtta dei to sjåførane enn å få trøbbel med den mektige Bjørgulf Froyn. Froyn har dei siste åra vori leiar for Nordens Faglege Samorganisasjon.
Da Akuttetaten vart oppretta, hadde nokre av medlemmene i AKP laga ei enkel klasseanalyse av etaten. Derfor visste vi ein god del om korleis etaten var organisert, kor mange som høyrde til i dei ulike småsjefssjikta, kor mange som var i underordna jobbar osv. Denne bakgrunnskunnskapen var god ballast når vi no skulle prøve å analysere kva slags problem eller rotenskap det eigentleg var vi hadde fått i fanget. Partimedlemmer diskuterte også med mange andre. Vi var derfor ikkje i tvil om at det var mange - også blant dei ambulansesjefen hadde taket på - som ønska seg ei opprydding.
Etter å ha brukt mykje tid på å skilje fakta frå det som var laust snakk eller desinformasjon, var utfordringa å finne ein høveleg framgangsmåte eller taktikk for å få til opprydding. Vi konkluderte med at det var ambulansesjefen som var problemet, sjølve rota til det meste av anna trøbbel. Det var utan tvil fleire som hjelpte til å oppretthalde ukulturen, men vi meinte at dei gjorde det fordi dei var fanga i nettverket hans. Eit klokt hovud blant oss meinte at det var på tide at ambulansesjefen sjølv måtte stå personleg til ansvar for dei feila han sjølv hadde gjort og gjorde, i staden for å skyve andre framfor seg. Så var spørsmålet korleis ein skulle få retta søkjelyset på ambulansesjefen sine feil, på ein sånn måte at hans eige ansvar vart så synleg for alle at han ikkje lenger kunne gjømme seg bak sine eigne underordna.
Dette verka ikkje heilt enkelt. Han var den hovudansvarlege og den verkelege organisatoren, men det var også eit faktum at ordninga med godtgjering for likkjøringa vart oppretta før hans tid. Korleis skulle ein få på bordet at han hadde brukt og utvikla denne gamle ordninga for å byggje opp sin eigen maktposisjon?
Skal eg seie det litt sjølvhøgtideleg, så var AKP si partiinterne analyse, før det braka laust, omtrent sånn: Sjåførane vil sjølve få betre arbeidsforhold og vil ha stor fordel av opprydding og av å bli kvitt ambulansesjefen, sjølv om ingen kan eller vil seie det offentleg. Det er derfor viktig å motarbeide alle forsøk på å framstille det som om "alle" er like medskyldige i det som er gærnt, og at ingen er hovudansvarleg. Dei øvrige som er meir eller innblanda, har vorti trekt inn i det systemet ambulansesjefen har laga seg for å sikre seg sjølv. Dette handlar mest om makt og kontroll til ein korrupt sjef, dei personlege økonomiske fordelane er små i samanlikning, med unnatak for triksinga hans i Interessekontoret. Fleire har nok gjort ting som det er grunn til å kritisere, men ingenting av dette er av tilnærma same kategori som det ambulansesjefen har gjort. Med eit slikt utgangspunkt tok vi fatt på arbeidet. Om berre ambulansesjefen vart fjerna, rekna vi med at dei mange som mislikte ordningane hans, ville klare å rydde opp i det andre.
Vi diskuterte og om det var muleg å komme så langt at toppsjiktet i kommunen - som ambulansesjefen inntil nyleg var ein del av - vart tvinga til å rydde opp i det verkelege problemet i staden for å legge skylda på dei som var nedst. "Oppryddinga" etter korrupsjon i boligetaten og vedlikeholdsetaten hadde jo vist til fulle at eliten i Rådhuset konsentrerte seg om å ta dei små og la dei store gå fri. Fordi vi for all del ville unngå å bli medansvarlege for ei liknande kvasiopprydding i ambulansetenesta, konkluderte vi med at Rådhuseliten var ein del av problemet, mens vi såg på sjåførane som ein del av løysinga.
Situasjonen var vanskeleg, men i foreininga var det to sjåførar som hadde falli i unåde og som trengte hjelp frå pålitelege tillitsvalde. Det var ikkje muleg å sjå vekk og late som ingenting. Den som gjorde det, ville ende opp som ufrivillig beskyttar av korrupsjonen.
Vi meinte det beste var om nokon sette søkjelyset på det som berre ambulansesjefen var ansvarleg for eller hadde hatt fordel av. Dei første mediemeldingane om uregelmessigheter rundt ambulansesjefen kom i Østlandssendinga 3. og 4. desember 1991. Østlandssendinga tok berre opp dei sakene som gjaldt økonomisk rot i Interessekontoret, der ambulansesjefen blant anna hadde tatt opp regelstridige lån. Blant tilsette i etaten var dette nyheter som retta kritisk søkelys mot ambulansesjefen på grunn av eit tillitsverv han hadde utafor jobben sin. I den grad det vart stilt spørsmål, så måtte han svare sjølv. Her kunne han ikkje skyve sjåførgruppa framfor seg.
Første motreaksjonen hans var merkeleg, men viste og at han meinte seg å vere utsett for ei slags samansverjing. Han sende ut ei kort pressemelding 5. desember: "Bystyremedlem (navnet på ambulansesjefen) anmelder journalist Erik Hollie, direktør Ulf Stockinger og bystyremedlem Erling Folkvord (...) med begjæring om tiltale, straff og erstatning." Eg skulle straffast for å ha drivi med "løgn, privat etterforsking og personforfølgelse", mens journalist Hollie i Østlandssendinga skulle stå til rette for "løgn, personforfølgelse og misbruk av sin stilling." Det same gjaldt direktør Stockinger ved Aker Sjukehus som var leiar av kontrollkomiteen i Interessekontoret. Ambulansesjefen fekk ikkje fleire allierte etter dette utspelet. Det er ikkje så lurt å melde ein gravande journalist til politiet for å ha misbrukt stillinga si, når du ikkje kan dokumentere feil i det journalisten har gravd opp.
Da Klassekampen litt seinare skreiv om den irregulære bruken av "kommandobilen", vart ambulansesjefens heilt personlege del av mislighetene i Interessekontoret direkte knytta til uryddigheter i ambulanseavdelinga. Han hadde nemleg innkassert køyregodtgjering frå Interessekontoret for køyring i ein periode da han ikkje disponerte anna køyrety enn den "kommandobilen" som kommunen betalte drifta av.
Til ein viss grad vart det mi oppgåve å vere bindeledd mellom redaksjonen i Klassekampen og dei som stod midt opp i sakskomplekset. Dette var ikkje alltid like problemfritt. Eg hugsar ein gong at ein av dei tilsette i etaten - under sterk tvil - hadde gått med på å snakke grundig med ein journalist frå Klassekampen. Vedkommande sa ja fordi han stolte på leiaren i foreininga, som igjen kjende meg som ordna avtalen med journalisten. Det møtet gjekk ikkje bra. Journalisten fekk høyre ein god del ting som han meinte var "godt stoff", men som den tilsette sa ikkje måtte komme på trykk i første omgang. Viss det vart trykt neste dag, ville det gjere stor skade. Journalisten stod på sitt. Her var det ei "sak", og han var berre journalist. Fagforeiningsleiaren som var med på samtalen, spurde om det hadde vorti på same måte i Klassekampen som i VG, nemleg at avisa "hjelper deg, enten du vil eller ikkje". Han ringde meg etter møtet, nokså oppgitt og forbanna, ettersom eg hadde gått god for at ein journalist frå Klassekampen heilt sikkert ville skjønne at han måtte tenke langsiktig og at det var ein del forhold han fekk vite om, som han ikkje kunne brette ut i avisa med ein gong. Den tilsette som hadde stolt på oss, følte seg lurt opp i stry. - Dette problemet var heldigvis løyst i løpet av kort tid. Nyhetsredaktør Paul Bjerke tok poenget da eg ringde og fortalde korleis intervjuobjektet følte seg behandla. Reportasjen som kom på trykk neste dag var heilt grei. Da var det fleire som pusta letta ut.
Ambulansesjefen sine partifeller i Rådhuset måtte ta affære da Klassekampen bretta ut bilsaka. Byrådet bestemte seg for å leige inn eit konsulentfirma til å gjennomgå alle sider ved økonomiske og administrative forhold i etaten. Rapporten som konsulentfirmaet la på bordet 2. mars inneheldt svært skarp kritikk av ambulansesjefen og måten han styrte ambulansetenesta på, men det såg ikkje ut til at dette var nok til at han måtte gå.
Vi vurderte det slik at tida var inne til å offentleggjere likpenge-saka. Klassekampen hadde gravd grundig i materien rundt gravferdsbyråa. Byråd Gro Balas fekk eit langt brev frå RVs gruppeleiar i bystyret kvelden før den første reportasjen om likpengane kom på trykk.
Dei neste vekene vart meir dramatiske enn godt var. Ambulansesjefen og tre sjåførar vart øyeblikkeleg suspenderte. Dei tre hadde til ulike tider hatt vervet som gruppekasserar og hadde dermed vori med og administrert fordelinga av likpengane. Det vart steinharde konfrontasjonar i Rådhuset og på eit medlemsmøte i foreininga. Ambulansesjefen satsa alt på eitt kort, nemleg at dette var heilt ukjent for han, og at det dermed var sjåførane sjølve som hadde drivi med desse likpengane bak ryggen hans. Etter knapt 24 timar vart suspensjonen av dei tre sjåførane oppheva. Ambulansesjefen kom aldri tilbake på jobb igjen.
På det beste fekk vi til eit godt samspel mellom Klassekampen, bystyregruppa, partimedlemmer og sympatisørar som arbeidde i Akuttetaten og andre personar som var direkte berørt. Utan eit sånt samspel hadde det ikkje vorti opprydding. Utan eit sånt samspel er det umuleg å vere arbeidarparti. Skal ein ta parolen "ten folket" på alvor, så må ein jobbe slik. Og så må ein ha eit diskusjonsklima som gjer at alle får komme til orde.
Eg hugsar ein diskusjon med andre partimedlemmer i den perioden da dramatikken var på det verste, og utfallet enda var heilt usikkert. Vi møttest i stua hos meg for å snakke om det som var skjedd dei siste dagane. Vi var svært ueinige oss i mellom. Enda verre vart det da eg viste dei andre eit avisinnlegg eg hadde skrivi, og som skulle komme på trykk i Dagbladet dagen etter. Eg syntest det var eit riktigt bra innlegg, som sa klart ifrå om kva denne saka handla om. Dei andre meinte innlegget ville gjere stor skade om det kom på trykk. Dei kritiserte at eg hadde gått vekk frå den analysen vi hadde vori einige om, og at eg ordla meg slik at det ville bli enkelt for ambulansesjefen "å samle troppane". Eg hadde skrivi slik at eg ikkje fekk fram rolla hans som hovudansvarleg for uvesenet.
Etter kvart måtte eg - litt motvillig - innsjå at dei andre sannsynlegvis hadde rett. I alle fall hadde eg ingen argument som gjorde inntrykk på dei. Eg vart pent nøydd til å ringe redaksjonen og be om å få stoppa det innlegget som eg sjølv var så godt fornøgd med. Heldigvis var den avissida enda ikkje gått i trykken. Vi var ein nervøs gjeng som skilde lag den kvelden. Eg var nedfor og lei meg. Det gjekk ei stund før eg fekk til å sjå det frå den andre sida, nemleg at ein alvorleg politisk tabbe vart forhindra fordi eg hadde partikameratar som tenkte klårare enn meg sjølv og brydde seg om å hjelpe til med å rette opp ein feil eg hadde gjort.
Ein av dei som var på dette møtet, og som var skarpast i kritikken mot meg, framhever i dag den innbyrdes stilen og diskusjonsklimaet vårt som ein styrke. - Ingen spørsmål var "dumme". Kvar enkelt sine innvendingar vart diskuterte og vurderte. Denne diskusjonsstilen berga oss frå mange feilskjær og skapte dessutan eit godt samhald.
Likkjøringssaka vart sjølvsagt ei sensasjonsaffære for tabloidavisene i nokre dagar. Men det lyktest i stor grad å få fram vår eiga analyse av saka: At dette var eit korrupt nettverk bygd opp av og omkring ein av Arbeiderparti-pampane i kommunen.
Byrettsdommen viser at også ambulansesjefen sine partifeller i byrådet ba kommuneadvokaten argumentere ut frå denne analysen: "Det er fra kommunens side understreket at saken ikke er en prosess mot ambulansesjåførene, men en avskjedssak mot ambulansesjefen. Det er ikke de ansatte som her skal stå til rette, men ambulansesjefen som leder av avdelingen og som privatperson".
Ein av dei sjåførane som hadde arbeidd lenge og kjende godt til ambulansesjefen sine ulike ordningar, gav fleire viktige bidrag til oppryddinga. Han beviste at sjåførane var ein del av løysinga og ikkje ein del av problemet. Da avskilssaka til ambulansesjefen kom opp i byretten, bestemte han seg for å seie ifrå offentleg om korleis den verkelege samanhengen var. Da Klassekampen trykte eit stort intervju med han, skapte det ei ny utvikling i rettssaka. Sjåføren plukka ambulansesjefen sine veit ikkje-forklaringar i småbitar, ned til aller minste detalj. Sjåføren vart innkalla som vitne i neste rettsmøte, måndag 9. november 1992.
Byretten pulveriserte truverdigheta til ambulansesjefen som melde denne sjåføren til politiet for falsk forklaring: "Det står enhver fritt å inngi en politianmeldelse. Ambulansesjefen har under hovedforhandlingen dokumentert politianmeldelse av Erik Hollie, Erling Folkvord og Ulf Stockinger for blant anna løgn og personforfølgelse.(...) Ambulansesjefens anmeldelser kan ikke tillegges vekt ved rettens vurdering av den anmeldtes troverdighet". Retten har "funnet det hevet over all rimelig tvil at ambulansesjefen var kjent med ordningen", dvs. den svarte betalinga for likkjøring.
Da denne byrettsdommen låg på bordet, hadde det gått drygt eitt og eit halvt år sia dei første tipsa kom til RV si bystyregruppe. Det hadde vori halvanna år med meir dramatikk enn godt var. Den hovudansvarlege var den einaste som måtte gå. Dei to han hadde peika ut som syndebukkar, var no tilsette i faste stillingar. Det var tøffe tak for mange andre i ein kort periode, og innimellom tvilte fleire av oss på om det ville gå bra. Men vi fekk rett i at sjåførgruppa var ein del av løysinga og ikkje ein del av problemet. Det var nok å fjerne han som var sjølve korrupsjonsårsaka. Ambulansesjefen har forøvrig ikkje gitt opp. Trass i fleire kostbare nederlag i rettsapparatet, skal han ha ei ny side av saka prøvd for retten i løpet av 1998. Han vil prøve å bevise at han - i saka med den irregulære betalinga frå gravferdsbyråa -ikkje gjorde stort anna enn å vidareføre ei ordning som andre og høgare instansar i kommunen hadde sett eit godkjendstempel på før han sjølv vart ambulansesjef.
Sjølv om aller siste ord enda ikkje er sagt, synest eg denne denne saka i dag står seg godt som eit eksempel på korrupsjonsopprydding etter AKP/RV - oppskrift.
"Eg meiner det er aldeles ubegripeleg at det er mogleg for ei gruppe som Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistane) i ein kommune som vår - ein gammal inngrodd sosialistkommune - ved eit kommuneval å få 122 røyster, og ikkje bli representert, men like fullt opptre som om dei hadde alle løysingar i si hand. (...) Eg ser det som litt av ei ulukke at desse menneska har vori i stand til å dominere som dei har gjort.(...) Etter mi oppfatning burde ikkje ein einaste AKP-ar, kor dyktig han enn måtte vere, få høve til å bli tilsett i det offentlege korkje her eller der."
Arbeidarparti-ordførar Alf Øverli i Rana kommune la ikkje fingrane i mellom da han i eit intervju med Dag og Tid hausten 1975 la fram si løysing på AKP-problemet. Han ville nekte AKP-arane jobb i det offentlege på reint partipolitisk grunnlag: "Eg kan ikkje sjå at vi er tente med folk som nyttar slike verkemidler. Dei er meir til unytte enn til gagn. Dei skapar uro på mange arbeidsplassar." Det var ikkje hans sak å stenge oss ute frå private bedrifter, sa han. "Men ikkje skjønar eg at nokon arbeidsgivar vil ha dei. Dei er utvekster på samfunnet."
Statseigde Norsk Jernverk var ein del av "det offentlege", sjølve flaggskipet i industrireisinga etter andre verdskrigen. Jernverket var - og skulle vere - ein sosialdemokratisk bastion både industripolitisk og partipolitisk.
Atle Hiller var ein av dei AKP-arane som likevel fekk seg arbeid på Norsk Jernverk ved årsskiftet 1975/76. Det kom så mykje snø at bedrifta måtte ta inn over hundre nye arbeidarar midtvinters for å avvikle nødvendig snømåking. Første arbeidsdag for Atle var 2. januar 1976 og etter vanlege rutiner den gongen ville han ha lovas vern mot usakleg oppseiing etter tre månader. Andre partifeller hadde arbeidd i bedrifta sia slutten av 60-åra. Atle fekk sparken i mars, nokre dagar før det var gått tre månader. Han meinte oppseiinga var usakleg. - Trur du ikkje dette kan ha noko å gjere med at du er AKP-ar, var svaret han fekk da han ba om hjelp på klubbkontoret. Han gjekk ut bedriftsporten utan å protestere. Sjølv meiner han i ettertid at dette var feil. - Vi hadde ei uklar linje på å slåst offentleg den gongen, seier han.
Personalsjef Bjarne Tangen, som kom frå Sydvaranger til Mo sist på 60-talet, gav klar beskjed da Atle søkte på nytt: - Med di tilknyting til AKP er det garantert at du aldri får jobb her. I Sydvaranger hadde Tangen samarbeidd med både Arbeiderpartiet og Overvakingspolitiet. Ein "tidligere ledende ansatt ved A/S Sydvaranger" forklarte til Lund-kommisjonen at "forslaget om ansettelsen kom fra sentralt partihold" den gongen personalsjef Tangen vart tilsett i A/S Sydvaranger. "Sannsynligvis hadde Parelius Mentzen tatt det opp med administrerende direktør". Mentzen var nestleiar i LO. Lund-kommisjonen konkluderte med at Overvakingspolitiet dreiv eit lovstridig samarbeid med personalsjefen i A/S Sydvaranger "for å hindre tilsetting av kommunister i sin alminnelighet og motvirke deres innflytelse i den lokale fagforening eller bedriftsklubben". Kommisjonen skriv at "overvåkingstjenesten rettsstridig har engasjert seg i den faglige kamp på arbeidsplassen". Dette var den skolen personalsjef Tangen hadde gått, før han kom til Jernverket.
Dei neste sju åra gjorde Atle erfaringar som tyda på at personalsjefen ikkje hadde glømt gamle kunster. Når det var ledige jobbar på Jernverket, fekk Atle klart svar på Arbeidskontoret: - Du er kvalifisert, men dei vil ikkje ha deg, så det har ingen hensikt å sende deg dit. Etter konkurs i bedrifta der han arbeidde, vart Atle gåande arbeidslaus frå september 1982.
Rundt AKP sitt 10-års-jubileum i februar 1983 var han framleis utan jobb og tok ein grundig diskusjon med partifeller. - Du får lære av Lech Walesa. Det er betre å døy ståande enn å leve på kne, var det ein som sa. Den polske fagforeningsleiaren var nyleg sett fri etter 11 månaders internering. Fagrørsla Solidarnosc var framleis forboden. Ingen visste da at den grasrotorganiseringa som starta på fagforeiningskontoret til skipselektrikarane i Gdansk, skulle velte Warzawapakta før eit tiår var gått.
Atle bestemte seg for å "lære av Walesa" og vere litt meir offensiv. Da bedrifta skulle ta inn 21 nye arbeidarar på Profilverket, gjekk han opp til Bjørnar Jakobsen på personalkontoret, tidlegare nestleiar i klubben. Atle avslutta samtalen med ei klar melding: - Får eg ikkje jobb på 14 dagar, blir det pressekjør.
- Jakobsen sa til meg at dette var det dummaste eg kunne gjere. Men han ba meg komme tilbake, fortel Atle. Etter ei veke kom det tilbod om ein jobb som Atle ikkje var kvalifisert til. Han takka nei, og stod på sitt: Ein jobb i produksjonen som han var kvalifisert til å utføre. Han minte om at det var nokre få dagar igjen av tovekersfristen. 8. mars kom personalsekretær Jakobsen på heimebesøk. Atle kunne få jobb, i produksjonen på Profilverket. Det var berre å møte opp.
Når arbeidskameratar snakka frampå om faglege tillitsverv, sa han dei første åra nei fordi han hadde såpass store oppgåver internt i AKP. Etter å ha vori i arbeid i tre-fire år vart han vald inn som medlem i klubbstyret. På klubbårsmøtet i 1990 vart han så vald til leiar i klubben etter eit benkeforslag. Det var ni stemmer som skilde dei to kandidatane.
På denne tida var det store lønnsskilnader på Jernverket. Arbeiderpartiet hadde først og fremst fotfeste i vedlikehaldsavdelinga. Timelønna der var 18-20 kroner høgare enn i produksjonen. Atle meiner det var eit blanda grunnlag for at at han vart vald: Misnøye med at klubben ikkje tok alvorleg på krava frå skiftarabeidarane i produksjon, irritasjon over Arbeiderpartiet sin partimisbruk av makta i klubben og at mange visste kva Atle sto for. Seinare vart han attvald kvart år, i kamp mot Arbeiderpartiet sin kandidat. Han meiner kampanjane rundt klubbårsmøta har sett fart på radikaliseringa av klubben.
Valet i 1991 var spesielt. Det var to kandidatar og kraftig mobilisering for begge. Arbeiderpartiet hadde - naturleg nok - drivi ei steinhard kampanje for Knut Bjørgen og for å gjenerobre leiarvervet i Jernverksklubben. Alle rekna med at det kom til å bli jamnt denne gongen og. Valet vart gjennomført som uravstemning med stemmeurner på dei ulike avdelingane på Jernverket og avkryssing av manntalslister.
- Atle har vunni, sa formannen i stemmestyret, Rune Olsen, heilt spontant da stemmestyret hadde tald opp to stemmeurner og det var klart at Atle her hadde fått 26 fleire stemmer enn året før . To av medlemmene i stemmestyret, Terje Aga og Svein Mikalsen, seier at dei stussa over dette utsagnet. Korleis kunne leiaren i stemmestyret slå fast dette når dei enda hadde tald opp berre to av urnene? Da dei låste opp stemmeurna frå den avdelinga der Atle arbeidde, fekk dei ei ny overrasking. Han som stakk handa ned i urna for å fiske opp fleire stemmesetlar, fann ein regelmessig bunke, stabla som ein nyopna kortstokk! Alle var for Knut Bjørgen. Det var eit svakt merke etter ein brett på stemmesetelbunken. At mange stemmesetlar skulle lande på den måten når dei var putta enkeltvis gjennom ein smal sprekk øverst i urna, var fysisk umuleg. - Det var da som faen, sa ein av dei andre i stemmestyret. - Det går ikkje an at det blir slik, sa ein annan. Dei fekk enda ei overrasking da dei talde opp denne urna. Stemmetala var nesten likt delt mellom dei to kandidatane, sjølv om Atle var tillitsvald i avdelinga og hadde brei støtte der.
Nærmare undersøking av avkryssinga på stemmesetlane i denne urna, gav grunn til meir undring. Dei som har sett lappar der folk skal krysse av, veit at det er mange måtar å skrive eit kryss på. Men 11 av stemmesetlane for Knut Bjørgen, hadde kryss som var skrivne på akkurat same måten. Krysset var skrivi utan å løfte pennen frå papiret, slik at det vart ein samanhengande strek. Dei var påfallande like. 11 av arbeidarane på Valseverk Øst hadde ført pennen på same måten. På nokre av lappane er både strekføringa og plasseringa av krysset identisk. Sju av dei like kryssa var skrivne med blå penn og fire med svart.
Terje Aga og Svein Mikalsen fortel at dei der og da vurderte om dei skulle krevje tilkalling av politiet før stemmestyret avslutta arbeidet sitt. Dei fremma ikkje forslag om det. Det ville bli eit veldig oppstyr å gjere det, og utfallet av valet var jo uansett at Atle var vald med klar margin. Han som foreslo Atle Hiller til årsmøtet året før, meinte det var ein grov feil å ikkje krevje politietterforsking. Rune Olsen hadde hatt ansvaret for at dei låste stemmeurnene sto innelåst på kontoret til konserntillitsmannen i tida mellom valet og oppteljinga. Det måtte ha vori muleg å finne ut kven som hadde hatt tilgang til kontoret og nøklane.
Om vi samanliknar stemmetala for dei fire åra Atle Hiller vart vald som klubbleiar, så er det to klare tendensar. For det første aukar det samla stemmetalet på Hiller kvart år, frå 276 stemmer (ni fleire enn kandidaten frå Arbeidarpartet) i 1990 og opp til 339 stemmer (140 fleire enn den andre) i 1993. For det andre er oppslutninga nokså stabil på Valseverk Øst, der Hiller arbeidde i desse åra, berre med eit klart avvik i 1991. Stemmetala for Hiller i denne avdelinga varierer mellom 74 og 81 i dei tre øvrige åra, men er i 1991 heilt nede på 54. Tilsvarande er oppslutninga om den andre kandidaten i 1990 drygt 20 stemmer betre enn det beste av dei andre tre åra.
Arbeiderpartiet har brukt fleire metodar enn det som er nemnde her. Før årsmøtet i 1990 slo Rana Blad fast på leiarplass at "marxismen-leninismen er død" og at den smule AKP-offensiv som var synleg "må betraktes som en politisk krampetrekning, som ikke bør få forstyrre det faglige arbeidet." Av ein eller annan grunn har avisa ikkje skrivi slike dødsattestar til AKP i samband med seinare klubbårsmøte. Men avisa dreiv ivrig kampanjejournalistikk før kvart einaste klubbårsmøte. I 1992 vart Arbeiderparti-kandidaten til klubbleiarvervet presentert i eit stort oppslag med overskrifta "klubbledelsen setter arbeidsplasser i fare." Knut Bjørgen forklarte i intervjuet at "mange hos oss mener det er en rotet og usikker klubbledelse. Nå er det behov for et skifte i klubben."
Året etter sende Kjell Mjelle, som var leiar for Arbeiderpartiet sitt arbeidskontakt-utval på bedrifta, ut ei stram innkalling til partimøte for å drøfte klubbårsmøtet. Alle vart bedne om å møte fordi det er "ønskelig at flest mulig av dere engasjerer dere i arbeidet med å få skiftet klubbledelse". Kjell Mjelle som kalla inn møtet på vegner av Rana Arbeiderparti skreiv at "det vil på årsmøtet bli fremmet forslag på ny klubbleder". Men sosialdemokratane kom litt skeivt ut frå hoppkanten denne gongen og. Da brevet vart offentleg kjent, sa ein av partimedlemmene til Rana Blad at innkallinga berre "var et privat brev som ikke var ment for offentligheten", mens Mjelle sjøl sa til avisa at det han og partifelle Helge Jacobsen skreiv i innkallinga, var ei form for "intern fleip". Fleipen slo dårleg an. Fleirtalet for Atle Hiller vart enda større enn i 1991.
Hovudsaka var sjølvsagt måten det faglegpolitiske arbeidet vart drivi på. I 1990 var det lønnsstreik på Jernverket. Klubbleiinga, med Atle Hiller i spissen, fekk større oppslutning etter som åra gjekk. I 1994 gjekk klubben til streik for ein arbeidar som hadde fått sparken. Oppseiinga var grei nok ettersom bedrifta trappa ned, men da dei hadde bruk for å ta inn nye folk, gjekk dei forbi ein dei ikkje likte trynet på. Geir Øhrn skulle ikkje inn igjen. Etter to døgn med streik og produksjonsstans fekk bedriftsleiinga ei ny forståing for ansiennitetsprinsippet og tok han inn.
Same året vart Atle sjølv oppsagd. Bedrifta trappa ned igjen og følgde ansienniteten. Men dei hadde ikkje bruk for han da dei begynte å ta folk inn igjen i 1995. Da han var ferdig med fagbrevet i februar, fekk han berre tilbod om eit midlertidig engasjement frå mai og over sommaren. 23. september var det slutt. 28 av dei som vart tatt inn, hadde lågare ansiennitet enn Atle.
Det vart fleire forhandlingsrundar. Da bedrifta sa tvert nei, var det to vegar å gå: Anten streik eller rettssak. Jernverksklubben gjekk inn for det siste alternativet. På dette tidspunktet var bedrifta delt i to. Ein streik ville truleg berre fått god støtte i den eine delen.
Det var brei enighet om å ta ut stevning. Men den slags er ein omstendeleg sak i LO, i sær viss nokon høgt oppe i forbunds- eller LO-apparatet vil at du ikkje skal få hjelp. Fagforeininga og region Nordland i Fellesforbundet støtta klubbvedtaket om rettsak. Saksbehandlaren sentralt i forbundet meinte det same. Men så var det slutt på enigheta. Fredag 5. januar 1996 fekk Atle telefon frå ein person ved LOs juridiske kontor. Vedkommande presenterte seg ikkje, men hadde ei klar melding: - Du har mykje støtte i denne saka, men det er ting som tyder på at folk sentralt i Fellesforbundet synest du ikkje har ei god sak. Vi møtest på måndag.
Atle tok varslet på alvor. Det var få dagar igjen av søksmålsfristen. Han undersøkte kva andre utvegar han hadde viss forbundsleiinga skulle falle han i ryggen, og fekk seg ein prat med høgsterettsadvokat Ole Jacob Bae, som meinte dette var ei sak Atle ville vinne. Dei juridiske realitetane var slik at han kunne føle seg nokså sikker. Han måtte for guds skyld få forbundet og LO med seg, meinte Bae.
Men Fellesforbundet sa nei. Grunnen var at LOs juridiske kontor hadde kommi til at saka ikkje var prosedabel. Det betyr at det er så liten sjanse til å vinne at det ikkje er grunn til å prøve. - Eg vart nesten kasta ut frå kontoret til Hallstein Sjøvoll, leiaren på forhandlingsavdelinga, fortel Atle Hiller. Sjøvoll var klubbsekretær på Jernverket frå 1977 til 1983 og så klubbleiar fram til han i 1987 vart vald som konserntillitsvald. Frå 1989 har han arbeidd i Fellesforbundet.
Det Sjøvoll neppe visste, var at Atle Hiller gjekk rett frå Fellesforbundet sitt kontor på Lilletorget i Oslo og til høgsterettsadvokat Ole Jacob Bae i Storgata. Det kom godt med at det berre er fem minutts gange mellom kontora. No var det to dagar igjen av søksmålsfristen. Ole Jacob Bae kasta ikkje bort tida og fekk levert stevninga ein time før fristen gjekk ut onsdag 10. januar.
I vekene som følgde vart det Hallstein Sjøvoll og kumpanane hans i forbundstoppen som fekk motbør. Jernverksklubben danna ein brei fagleg støttekomite i Rana. Eit landsomfattande støttearbeid kom fort i gang. Terje Kollbotn og Per Arne Salo i Fagleg utval i RV hjelpte til med utsending av informasjon til fagforeiningar og klubbar over heile landet. Responsen var massiv. Atle Hiller vart blant anna invitert på to store faglege konferansar. Frå klubben i den finske delen av Fundia-konsernet kom det støttevedtak og klar beskjed: "Kamrater! Ni kan schicka rekning upp til fem tusen finska Mark!"
Da Atle fekk tilsent kopi av eit notat utarbeidd av advokat Kolby på LOs juridiske kontor, kunne han dokumentere at Sjøvoll hadde snakka usant da han påstod at LO-juristane meinte saka ikkje var prosedabel. - Da eg i månadsskiftet januar/februar sende saka mi direkte til forbundsleiar Kjell Bjørndalen, svara han meg at han aldri hadde visst at eg ville ha rettssak, fortel Atle. Kort tid etter stilte forbundsleiinga seg bak søksmålet og ville dekke utgiftene.
No hadde svenske Bo Erik Wennberg overtatt direktørstolen på Jernverket. Etter privatisering og oppdeling hadde restane av Jernverket vorti til Fundia Bygg A/S, ein del av Fundiakonsernet. Privatiseringa førte til at det vart ei vanleg kapitalistisk bedrift der berre profitten er viktig. Den nye direktøren var uavhengig av Arbeiderparti-mafiaen i Rana. Han sette seg personleg inn i saka før forhandlingane.
- Jag kan inte se att ni är kriminell, var den beskjeden Atle fekk da dei møttest. Ja, direktøren kunne ikkje skjønne korfor Atle ikkje hadde fått jobb. - Eg sa til han at det hjelper lite at du seier det, viss du ikkje har mandat til å ta meg inn, fortel Atle. Til det hadde direktør Wennberg eit greitt standpunkt: - Jo, du skal inn! Forhandlingane den kvelden vart avslutta med at dei sette opp teksten til eit forlik. Atle kravde ikkje erstatning. Poenget var å få igjen jobben.
Rykta om forlik nådde fram både til den lokale Arbeiderparti-mafiaen og til dei kreftene i Fundia-systemet som sia hausten 1994 hadde køyrt linja med yrkesforbod mot Atle Hiller. No pressa dei hardt på for å hindre eit forlik. Det er to hovudgrunnar til at dei ikkje lyktest. For det første hadde Jernverksklubben avslørt dei som stod bak yrkesforbodslinja i Fundia og skapt ein sterk og landsomfattande faglegpolitisk opinion mot yrkesforbodet. For det andre hadde direktør Wennberg styrke og integritet til å ta ei avgjerd som gjekk på tvers av den linja andre hadde stått for før han. Det var så krass usemje at for eksempel direktør Hans P. Jæger i Fundia Profiler ikkje ein gong var villig til å møte Atle Hiller i forliksforhandlingar.
Forliket vart underteikna 19. august 1996. 1. september kunne Atle Hiller igjen stemple inn på den gamle arbeidsplassen sin. Året etter vart han vald til nestleiar i Mo Jern og Metallarbeiderforening og litt seinare til konserntillitsvald i den norske delen av Fundia-konsernet.
I Rana er det fleire enn Atle Hiller som har fått smake den "personalpolitikken" som ordførar Øverli forsvarte i 1975. Men AKP og RV i Mo i Rana har ikkje bøygd seg. Dei har stått oppreist og forsvart heile den politikken dei står for, både i fagforeiningane og i lokalsamfunnet. Antiimperialistisk solidaritetsarbeid har hatt - og har - ein brei plass både i fagforeiningsarbeid og anna politisk aktivitet. RV fekk 305 stemmer ved kommunevalet i Rana i 1995 og dobla kommunestyregruppa frå ein til to.
Det er snart 30 år sia daverande SUF(ml) første gong kunne skilte med at dei hadde medlemmer på Jernverket. I 1977 vart tre av dei suspendert - formelt sett etter vedtak i klubb og foreining - men reelt etter vedtak og initiativ frå Rana Arbeidarparti. Dei vart valde til tillitsverv igjen rett etter at suspensjonstida var ute. Saka rundt Atle Hiller er berre ein bitteliten del av ein lang og mangfaldig prosess der to heilt ulike måtar å drive arbeidarorganisering og fagforeiningskamp på har stått og står mot kvarandre. I nasjonal målestokk må tapet av hegemoniet i Jernverksklubben vere eit av dei store faglegpolitiske nederlaga for Arbeiderpartiet.
John Reier Martinsen, sameaktivist og sentralkomitemedlem i AKP, mista livet i ei "ulykke" på Joatkavatnet i Alta 1. februar 1986. Han og Hermann Hansen var vande hundekøyrarar. Dei var på veg frå Alta tilbake til Karasjok etter å ha sett på ein konkurranse i hundekøyring. Dei hadde køyrt i tre-fire timar. Det var mørkt, men god sikt og fint føre, skare eller hardpakka snø. Begge hadde hadde lykt på hovudet og refleks på hundane. Avstanden mellom dei to hundespanna var nokre få hundre meter.
I motsett retning kjem det ein snøscooter over Joatkavatnet. Ein ungdom har vori på ei hytte litt lenger inne og skal ned til Alta igjen. Den godt oppkøyrde snøscooterløypa over vatnet er fire meter brei. Spora i snøen etterpå viser at Martinsen og hundespannet hans står to meter til sides for den oppkøyrde løypa når scooteren nærmar seg. 15-20 meter før dei møtest svingar scooterføraren av frå sporet og styrer rett mot hundespannet og Martinsen. Han er drapsmann før han er tilbake i scootersporet.
Scooterkøyraren gjentar manøveren når han litt seinare kjem fram til Hermann Hansen og hundespannet hans. Han svinger av frå scooterløypa når han er 15-20 meter unna, siktar seg inn mot hundespannet og køyrer ned eit par av hundane. Så svinger han inn på scooterløypa og køyrer vidare mot bygda. Hansen blir ikkje skada. Når han kjem fram til det første hundespannet, finn han John Reier Martinsen død, saman med døde og halvdøde hundar. Seinare obduksjon viser at John Reier døydde av så kraftig "stump vold" mot tinningen at han fekk knusingsskadar i hjernen.
Hermann Hansen ser det er spor av tråkk i snøen like ved den døde. Det er menneskespor, men ikkje etter støvlane til John Reier. Det har gått tjue minutt sia påkjørsla. Det er langt til andre folk som kan ha laga slike spor, bortsett frå scooterkøyraren.
På veg ned mot bygda møter drapsmannen to andre scooterkøyrarar. Klassekampen skriv eit par dagar etterpå at han skrytte av "at han hadde 'kvista nokre bikkjer' på Joatka-vatnet." 19-åringen gjekk på fest da han var tilbake i bygda. Utpå morrasida kom far hans og fortalde kva som hadde hendt. Til Hålogaland lagsmannsrett fortalde 19-åringen om det første han gjorde etter han vart henta av faren:
"-Jeg ønsket å dra bort til lensmannskontoret for å få ordnet opp i saka og få slått fast at det ikke var jeg som hadde gjort dette, men da jeg kom dit og skulle forklare meg, ble jeg bedt om å ikke si noe før jeg hadde fått advokat. - Hvem sa at du ikke skulle forklare deg? spurte aktor. - En av lensmannsbetjentene, svarte tiltalte."
Det er ikkje så ofte at ein som er drapstiltalt, fortel domstolen om slik ekstraservice ved det første møtet sitt med lensmann eller politi. Med ekstraservice meiner eg hjelp ut over det som er lovbestemt. Da dei to lensmannsbetjentane forklarte seg i retten, sa begge at det berre var den andre som hadde snakka med drapsmannen denne morgonen. Ein av dei to må ha snakka usant.
Denne februarnatta på Joatkavatnet mista AKP ein uredd og ukueleg samepolitikar. Ein aktivist som hadde stått oppreist gjennom motstand og tilbakeslag, og som arbeidde for å organisere den samiske frigjeringskampen. Fordi eg ikkje kjende John Reier sjølv, har eg snakka med nokre av vennene hans for å få eit bilete av det han sto for, og kva som gjorde at han var ein så omstridd person. Hans Husum, som no er lege i Lakselv, kjende John Reier og har fortalt om det politiske arbeidet hans:
- John Reier var ein arbeidargut og sjøsame frå Troms som fann seg kjæraste og slo seg ned i Karasjok. Han var godt likt og vart godt mottatt i Karasjok. Han var same, men først som vaksen lærte han seg til ein viss grad samisk, slik at han kunne føre enkle samtalar. I Karasjok omtala han seg sjølv som ein dáza, nordmann. Samtidig som han var godt likt blant folk, så var det politisk sett eit motstraums arbeid han starta opp med. Han var på alle vis ein politisk person, i beste meininga av ordet. Men sjølv no i 1998 blir ikkje namnet hans nemnt med eit ord, no når den samiske depresjonen etter Altanederlaget har begynt å gi seg og framståande radikale samepolitikarar som Synnøve Persen og Mikkel Eira tar til orde for ei samisk statsdanning og BBC lagar dokumentarprogram om brusprengaren Nils Somby i Tana. Det er som om John Reier aldri har levd. Og det er like stilt i Klassekampen og i AKP, som det har vori her i Sameland.
- Vi tapte Altakampen. Den samiske politiske reisninga gjekk inn i ein langvarig politisk depresjon. Men John nekta å gi opp prosjektet sitt: Å avdekke norsk imperialisme i Sameland og å organisere kimen til ein samisk frigjeringskamp. Han forstod at AKP som eit norsk parti kunne støtte ei samisk reising, men ikkje gå i spissen for den. John var på ein måte ein dobbeltagent. Han sat i sentralkomiteen i AKP. Samtidig arbeidde han systematisk og møysommeleg med å byggje opp ei kjerne av radikale samar. Da mange av desse klappa saman etter Altanederlaget, søkte John kontaktar innafor ungdomsgruppene i Norske Samers Riksforbund og blant kjenningar på svensk og finsk side. Det er jo ikkje berre Norge som okkuperer Sameland.
- Det var ei hard tid. Ein del av dei som var mest aktive, vart møtt med drapstrugsmål, til og med drapsforsøk, yrkesforbod, telefonavlytting og økonomisk trakassering. Dette var ikkje berre, eller først og fremst utspel frå reaksjonære enkeltpersonar. Den norske delen av Sameland er også NATO-land. Stay behind var godt utbygd. Reaksjonen var organisert i Arbeiderpartiet. Frå desse miljøa kom det mange oppfordringar til å bruke vald mot sameaktivistar, naturvernarar og kommunistar. John Reier høyrde til alle dei tre kategoriane.
- Sprengingsaksjonen som John Reier 20. mars 1982 var med på å gjennomføre mot brua over Tverrelvdalen mislyktest. Hadde dei lyktest, ville han nok vorti sett på som ein helt i ein del miljø. Når det gjekk som det gjorde, godtok John Reier at dei skulle omtale det som berre ei symbolsk markering. Det var i alle fall ei oppfordring til å ikkje gi opp. Det var gått fem og ein halv månad sia nederlaget i Alta. Etter brusprenginga - der Nils Somby mista eine armen - stilte John Reier opp på ein måte som mange kan lære av. Han sørga for å få den skadde medaksjonisten til sjukehus. Så melde han seg for norsk politi og forklarte seg slik for politiet at dei aldri fekk hjelp av forklaringane hans til å leggje ansvar over på andre.
- Da han kom ut frå fengslet, tok han opp dei politiske trådane der han hadde vorti avbroten: Tålmodig arbeid, person for person, for å byggje ei gruppe av samiske revolusjonære. Nokre av dei radikalarane som gav opp, vart provoserte av at John Reier insisterte på å fortsetje med hovudet høgt heva. I ein viss forstand vart han utstøytt også blant ein del av sine eigne, og vart ein person som det var lett å ta, seier Hans Husum.
I juni 1987 møtte scooterkøyraren frå Joatkavatnet, i Hålogaland lagmannsrett i Tromsø. Han var tiltala for "uaktsomt drap" på John Reier Martinsen. Fordi påtalemakta hadde formulert tiltalen slik, så kunne han ikkje bli dømt for overlagt drap, same kva som måtte komme fram i retten. På den andre sida viser juryen sitt ja-svar på spørsmålet om skyld, at retten ikkje trudde på den forklaringa tiltalte gav i retten. Ingen kan vite kva resultatet hadde vorti om politietterforskinga hadde ført fram til ein annan og alvorlegare tiltale.
Fleire av vennene til John Reier følgde saka nøye og samanlikna det som vart sagt og lagt fram i retten, med kjende fakta og med det som sto skrivi i etterforskingsdokumenta. Eg har snakka med fleire av desse og har blant anna fått bruke ei detaljert skriftleg framstilling av saka som Hans Husum laga i juli 1987.
11. juni vart hundesleden til John Reier Martinsen vist fram i rettssalen. Aktor kommenterer at det framleis er blodspor på høgre sledemeien. Etterforskingsdokument IV/II i saka viser at det ikkje vart tatt prøver av dette blodet. Retten får ikkje vite om det er menneskeblod eller hundeblod.
Etterforskinga gav ikkje sikkert svar på korleis John Reier vart drepen. Aktor "antar" at snøscooteren er drapsvåpenet. Det må bety at scooteren tok av såpass frå bakken at eine skia trefte John Reier i tinningen. Da forsvarar Olav Hestenes spør etter den lykta som John Reier hadde på hovudet, svarar aktor at "jeg har den ikke i hvertfall." Så retter aktor spørsmålet til lensmannsbetjentane frå Alta og familiemedlemmene til den drepne. Ingen har lykta. Betre går det ikkje da forsvararen spør kor det antatte drapsvåpenet - snøscooteren - er. Ein lennsmannsbetjent opplyser at tiltalte fekk den utlevert for fem-seks månader sia. Tiltalte forklarer at han for sin del har reparert scooteren og selt den til ein som visstnok har selt den vidare. Slik handtering av eit sannsynleg drapsvåpen er ikkje vanleg, i alle fall ikkje før rettssaka er avslutta. - Dette er jo ein farse, seier ein uniformert politimann frå Hammerfest som sit vakt ved utgangsdøra. Han snakkar lågt men det er godt høyrbart.
Ein hundekøyrar festar sleden med eit snøanker når han stansar hundespannet. John Reier Martinsen brukte eit fire-fem kilo tungt V-forma jernstykke som snøanker. Det var piggar på det for at det skulle sitje godt fast i hard snø. Da aktor viste fram lysbilete i retten, såg alle at det var blodspor på snøankeret og. Avdelingssjefen frå Kripos reiste seg spontant og gjekk fram til lerretet og konstaterte at "det er nok noen blodslintrer eller noe sånt her, ja". Da aktor spør lensmannsbetjenten om dei har undersøkt om det var blod eller noko slikt på ankeret, får ho berre eit stumt nikk som svar. Han seier korkje ja eller nei. Aktor tar ankeret opp frå golvet og konstaterer at "det er ingenting her nå ihvertfall". Hans Husum snakkar med lensmannsbetjenten i pausen. Han er bleik og uroleg og seier at dei sikkert har undersøkt ankeret viss det var blod på det. Men det står ikkje eit ord om blodprøver frå snøankeret i dei skriva som har følgt blødprøvene som vart sendt til KRIPOS for analyse.
Dei lysbileta som aktor viste i retten, påviser altså at det tause svaret frå lensmannsbetjenten anten var eit usant svar eller at undersøkinga av blodet berre er gjort på amatørvis utan å sende prøver til KRIPOS. Det eine er like ille som det andre.
Etterforskarane sikra seg heller ikke sporprøver og prøver av blodflekkane i snøen på drapsstaden. Sjølv om både aktor sitt hovudvitne, Hermann Hansen, og Meteorologisk Institutt sa noko anna, hevda politiet at snøfokk og vind gjorde det uråd å gjennomføre ei vanleg undersøking av drapsstaden. 12. juni viser aktor lysbilete som var tatt på drapsstaden tre dagar etter drapet. Da kan publikum mellom anna sjå at venstre polvotten til John Reier framleis ligg 4-5 meter frå drapsstaden. Blodflekkane etter dei drepne hundane er godt synlege. Blodflekkane på den plassen John Reier låg, er klart synlege. Dei ser fordjupningar i snøen etter tråkk på den plassen der Hermann Hansen fann den døde. Trass alt dette seier ein avdelingssjef frå KRIPOS under ed at "vi har hørt at det var jordfokk den natta. Allerede fire timer etter ulykken ville det derfor ikke hatt noen hensikt å foreta tekniske åstedsundersøkelser".
Gjennom heile rettssaka heldt aktor fast på at dette var eit aktlaust drap. I strid med observasjonane til Meteorologisk Institutt, vitneprov og andre bevis argumenterte ho med at "ulykken skjedde i dårlig sikt". Lagmann Jon Fjalstad var den første og einaste myndighetspersonen, som under rettsaka kom inn på spørsmålet om det var drap med overlegg. I rettsbelæringa for juryen ordla han seg slik:
"Hvis det skulle være noen i lagretten som utifra Herman Hansens forklaring føler seg overbevist om at John Reier Martinsen ble kjørt ned med forsett, skal de også svare ja på spørsmålet om uaktsomt drap." Han refererte vidare til Hansens vitneprov og sa at "når dere skal ta stilling til tiltaltes subjektive skyld, må dere også ta med det i seg selv oppsiktsvekkende, at han gjorde seg skyldig i to påkjørsler på et åpent stort vann."
Drapsmannen heldt gjennom heile rettssaka fast på at han ikkje hugsa noko av det som skjedde på Joatkavatnet. Klassekampen gjengav forklaringa hans første dagen i retten: "Tiltalte kunne i detalj forklare seg om hva han hadde gjort i tida fram til en halv til en time før påkjørselen. Han nevnte flere ganger opp lange rekker med navn på personer han hadde vært i kontakt med på fjellstuene i løpet av ettermiddagen, hvor han hadde beveget seg, osv. Men så ble det plutselig mørkt. Inntil hukommelsen kommer tilbake trekvart til en time etter at drapet har funnet sted."
Juryen har berre ei oppgåve i ei slik straffesak: Å svare ja eller nei på dei spørsmåla som er reist i tiltalen. Kritikk og spørsmål må derfor rettast mot politiet når det gjeld etterforskinga og mot påtalemakta når det gjeld tiltalen og argumentasjonen i retten.
Slik politi og påtalemakt handterte denne drapssaka, er det grunn til å stille spørsmålet slik. Det er for mange og for systematiske feil til at det går an å tru på at alt er tilfeldig. Korfor tok ikkje politiet vare på lykta John Reier hadde på hovudet? Den kunne innehalde spor som sa noko om kva det var som laga knusingsskadane i tinningen. Korfor leverte politiet det "antatte" drapsvåpenet tilbake til drapsmannen? Korfor analyserte dei ikkje blodspora på sleden? Korfor analyserte dei ikkje blodet på snøankeret? Korfor tok dei ikkje sporprøver og blodprøver på drapsstaden? Korfor vart ikkje miljøet rundt drapsmannen finkjemma og personane der kryssforhøyrde? Svara på desse seks spørsmåla kunne ha stadfesta eller avkrefta det som peika i retning av at drapet vart gjort med overlegg.
Både omsynet til den som er tiltala og omsynet til den eller dei som er pårørande etter eit drap, tilseier at politiet gjer det som er muleg for å stadfeste eller avkrefte mistanke. Er det mindre viktig for politiet å avklare den slags gjennom seriøs etterforsking når den drepne er ein revolusjonær sameaktivist? Er det sannsynleg at vi ville fått ein liknande kvalitet på politietterforskinga om det hadde vori eit omstridd sentralstyremedlem i Arbeiderpartiet eller Høyre eller Fremskrittspartiet som hadde vorti drepen av ein som tilhøyrte eit miljø som stod i eit krast motsetningsforhold til den drepne?
Dette er nokre av dei problemstillingane som heng i lufta etter at påtalemakt og rettsvesen gjorde seg ferdige med drapet på John Reier Martinsen for 11 år sia. I altfor mange år var kritikk mot påtalemakt og rettsvesen i Norge dømt til å tape. På 1990-talet har statsadvokatar og Riksadvokat vorti nøydde til å vedgå nokre tilfelle av justismord og det er no litt mindre vanskeleg å få reist ei sak på nytt. I dette tilfellet er det ikkje slik kritikk det er snakk om. Spørsmålet er om vi har eit rettsvesen som ter seg annleis - og tildels likegyldig - dersom offeret for ei kriminell handling tilhøyrer den samiske urbefolkninga og i tillegg er ein del av leiinga i eit parti som ønskjer å avskaffe heile den kapitalistiske samfunnsordninga? Eg trur vi med god grunn kan lese på nytt det diktet som Bertold Brecht for 68 år sia skreiv om domstolane:
Sangen om domstolene
I følge med røverflokkene
kommer domstolene.
Når den uskyldige er slått ned
lager de lover som gir ham skylden
På graven til den som er slått ned
blir hans rett slått ned.Hvert utsagn fra domstolen
er som skyggen av en slakterøks.
Men slakterøksen er da skarp nok? Hva må til
som følgebrev for dommen?Se, de flyr! Hvor flyr åtselgribbene?
Ørkenen var tom og sulten drev dem hit:
Rettssalen er full, der får gribbene føde.
Dit inn flyr morderne. Forfølgeren
er der i sikkerhet. Og der
gjemmer tyven tyvegodset, innpakket
i et papir, på det står det en paragraf.
Sjølv om namnet hans sjeldan eller aldri blir nemnt, så er ikkje John Reier Martinsen og det han stod for, glømt i Finnmark. Ei helg i slutten av januar møtest hundekøyrarar i Karasjok for å delta i det årlege Minneløpet. Etter løpet blir det delt ut ein heiderspris til ein person som har levd og tedd seg i John Reiers ånd. For nokre år sia vart denne prisen gitt til ein som hadde broti hundeløpet. Undervegs i konkurransen hadde han treft på ein kar inne på vidda som hadde fått trøbbel med scooteren sin. Da braut hundekøyraren løpet og gav denne karen skyss til bygds med hundespannet sitt.
Det var resultatet av ein langvarig politisk kampanje da eg i oktober 1993 kunne rusle inn den store døra på Løvebakken med status og godkjendstempel som folkevald. Det står mykje respekt av denne bygningen på Karl Johan som vart teikna av ein svensk arkitekt i 1861 og etterpå bygd av engelsk teglstein. Dørklinka på ytterdøra er festa så høgt oppe at ein nykommar får understreka si eiga kjensle av å vere liten. Fleire år tidlegare hadde RV-leiaren i Oslo, Arne Rolijordet, stilt seg i spissen for det han i RV-samanheng kalla Prosjekt -93. Han argumenterte for at det var muleg å erobre eit stortingsmandat for RV, viss alle i partiet gjorde dette til ei samlande oppgåve over fleire år. Arne Rolijordet - som nyleg hadde meld seg ut av AKP - beviste både at det målet han stilte opp var muleg og at delinga i to parti ikkje var til hinder for å få til eit vellykka politisk prosjekt i lag. Dei tre åra fram til hausten 2001 vil vise om vi kan sørge for at RV på Stortinget blir noko meir enn ein fireårsepisode.
- Det er mange stortingsrepresentantar som trur at politikk er det som skjer her inne i huset. Dei forstår ikkje at det som er viktig, er det som merkast ute blant folk. Det var ein Arbeiderparti-politikar med lang fartstid i stortingssystemet som sa dette til meg første gongen eg møtte han etter 1993-valet. Eg skulle få erfare at han visste kva han snakka om. Eg møtte mange som var så hekta på det indre livet i korridorane at dei korkje tenkte eller såg lenger enn til neste møte i stortingskomiteen.
Gjennomføringa av Oslo-valet i 1993 var teknisk sett mindre vellykka. Valstyret hadde vedtatt å ta i bruk ny datateknologi utan å sikre seg godt nok mot uhell eller svikt i delar av systemet. Da datasystemet braut saman på valdagen, vart det lange køar ved fleire stemmelokale og ein del forbanna veljarar snudde før dei kom til døra. Det vart reist tvil om valet skulle godkjennast. Eg var med i valstyret og hadde som dei andre der ikkje hatt kritiske spørsmål til dei svake sidene i det nye systemet. Dermed var eg medansvarleg for dei hendingane som gav grunnlag for kritikk.
Aller første gongen eg gjekk på talarstolen i Stortinget, var da Stortinget skulle godkjenne eller forkaste Oslo-valet. Det vart eit kort innlegg. Eg sa berre ifrå at eg meinte det var rett å ikkje delta i avstemminga ettersom eg og var med i valstyret og dermed var medansvarleg for dei forholda som vart kritisert. Ein del stortingsrepresentantar syntest dette var rart. For meg var det sjølvsagt at eg ikkje kunne starte arbeidet i Stortinget med å vere eit slags "overdommar" over eigne feil, men reaksjonane rundt meg gjorde at eg følte meg litt dum. Andre medlemmer i valstyret var på denne tida mest opptatt av å frita seg sjølve for ansvar og leggje skylda på administrasjonen, det vil seie daverande formannskapssekretær Knut Frigaard.
Det gjekk ikkje stort betre i den første politiske saka eg engasjerte meg i. Eg starta stortingskarrieren med å stemme feil! Og det var ikkje i ei lita fillesak heller. Under trontaledebatten i oktober 1993 sette eg fram forslag om at det nyvalde Stortinget skulle behandle EØS-avtalen. Eg gjekk dei få metrane over golvet i stortingssalen utan å snuble i eigne bein, og tråkka heller ikkje feil på dei få trappetrinna opp til talarstolen. Klarte til og med å bli ferdig med innlegget mitt før varsellampa sa frå at tilmålt taletid var ute. Ja, etterpå var eg riktig godt fornøgd med både forslaget og innlegget og meg sjølv. Syntest eg hadde gjort ein bra debut som den første stortingsrepresentanten frå den raude rørsla som stifta parti i 1973. "EØS er akkurat det som folket sa nei til i 1972. RVs syn er at dei to stortingsvedtaka om EØS er utan legitimitet. Hovudgrunnen til det er at det førre Stortinget ikkje vart vald på grunnlag av partia si haldning til EF og EØS," sa eg til referentane og den så godt som folketome salen, og hevda at ny stortingsbehandling "er den einaste måten å handtere EØS-saka på utan å krenkje prinsippet om folkesuvereniteten". Alle EØS-tilhengjarane gjekk i mot dette forslaget. Viss det fekk meir enn ein fjerdedel av stemmene, ville det vere ei stadfesting av at EØS-avtalen ikkje kunne ha vorti vedtatt med det fleirtalet Grunnlova krev. Eit så høgt stemmetal ville stadfeste at EØS-vedtaket våren 1993 var eit kupp. Johan J. Jacobsen, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, var vennleg imøtekommande overfor nykommaren. Han var "usikker på hva forslagsstilleren egentlig har ment", sa han. Eg begynte å lure på om eg hadde snakka utydeleg eller argumentert uklart. Men så sa Jacobsen at "det kunne være interessant å få sett om en EØS-avtale ville kunne ha sjanse til å bli vedtatt av dette Stortinget. En votering vil da også for så vidt på en måte bli en test på det." Da han sa det, forstod eg at første del av innlegget berre var ein talemåte. Han oppfatta utmerka godt "hva forslagsstilleren egentlig har ment".
Den vanlegaste stemmemåten i Stortinget er så enkel og oversiktleg at sjølv ein nybegynnar kan klare det. Det er ein raud og ein grønn trykknapp på kvar pult. Så gjeld det berre å vere vaken og følgje med kva presidenten seier. Det er ho som avgjer kva som er ja-knapp og kva som er nei-knapp i kvar enkelt avstemning. Eg var vaken - og eg følgde intenst med, men eg klarte det ikkje lell. Kanskje var det stundas alvor som spelte meg eit puss? Eg stemte i alle fall mot mitt eige EØS-forslag! Den prestasjonen var ikkje mykje å skrive heim om for ein representant som hadde kritisert dei andre nei-partia for å ikkje ta EØS-saka på alvor. Eg spurde meg for hos ein av dei meir erfarne om korleis ein slik fadese kunne rettast opp. Ved slutten av stortingsmøtet ba eg om ordet, tusla opp til talarstolen på nytt, fortalde at eg hadde stemt feil og spurde om presidenten kunne vere grei og gå med på at feilen vart retta opp i protokollen.
Forslaget fekk 41 røyster - medrekna den handskrivne rettinga i protokollen. Det var meir enn ein fjerdedel av dei som var til stades under avstemminga. Anne Enger Lahnstein fortalde meg etterpå at eg ikkje var den einaste som hadde stemt feil. Men senterpartirepresentanten som hadde gjort same tabben, sa ingenting om det.
Dette var overskrifta på ein reportasje i Aftenposten 7. oktober 1993. Bakgrunnen var at eg sa ifrå at ikkje ville bøye meg blindt for den pussige teieplikterklæringa som alle stortingsprepresentar skal skrive under på: "Undertegnede representant erkjenner herved sin taushetsplikt i henhold til Stortingets forretningsordens paragraf 60 og ansvarlighetsloven med hensyn til hva som forhandles for lukkede dører i Stortinget eller dets avdelinger eller under slike sakers behandling i komiteene". Da eg skreiv under, laga eg til ei tilføying: "For å vere ryddig vil eg klargjere kva eg legg i denne erklæringa: Det er sjølsagt for meg å handheve den teieplikta som tar sikte på å verne enkeltpersonar. Det same gjeld slikt som høyrer med i ein seriøs definisjon av 'rikets sikkerhet'. Men dersom det handlar om at politikarar ønskjer å misbruke teieplikta for å halde skjult for folket det som folk bør få vite, da vil eg føle meg forplikta til å følgje eige samvit og setje det over andre si fortolking av teieplikta."
Samfunnsstøtter som tidlegare stortingspresident Jo Benkow og Carl I. Hagen syntest dette var heilt urimelig. Denne forma for ryddighet ville dei ikkje ha noko av. Ein av dei som var mest opprørt på vegner av stortingsverdigheta, truga med Riksrett. Aftenposten følgde - til mi store overrasking - opp saka på leiarplass under tittelen "Folkvord har et poeng". Leiarskribenten meinte at "det skader ikke at han også minner Stortinget om at taushetserklæringer er en parlamentarisk uting ... En stortingsrepresentant hverken kan eller bør gi fra seg sin rett til selv å vurdere hva som bør legges under taushetens teppe. I en demokratisk stat og et åpent samfunn er taushetserklæringer ikke et naturlig arbeidsinstrument - i fredstid - for folkets valgte representanter." Foreløpig er det ingen andre i Stortinget som har tatt initiativ for å få avvikla ordninga, som etter mitt syn blir misbrukt nettopp på den måten eg skreiv i tilleggserklæringa mi.
Det tok ikkje lang tid før eg fekk prøve dette i praksis. Eg vart med i den såkalla Grimstad- komiteen - samansett av dei parlamentariske leiarane - som utarbeidde forslag til mandat og samansetning for Lund-kommisjonen som skulle granske dei hemmelege tenestene. Da arbeidet nærma seg slutten, fekk eg sjå på nært hald korleis Arbeiderpartiet dreiv eit politisk dobbeltspel for å hindre at general Torkel Hovland skulle bli med i kommisjonen. Da eg sørga for at dette vart kjent, dels gjennom samarbeid med Finn Sjue i Klassekampen og dels gjennom eit intervju i TV2, gjekk det ikkje lang tid før eg vart kalla inn på teppet hos president Kirsti Kolle Grøndahl. Ho meinte eg hadde broti spelereglane - eller normene - som skulle gjelde i Stortinget. Da var det greitt å kunne seie til henne til at eg hadde sagt ifrå på førehand at eg ville følgje mitt eige samvit når ho eller andre prøvde å misbruke teieplikta for å halde skjult for folket det som folk bør få vite.
Arbeidet i Grimstad-komiteen var lærerikt på fleire vis. Stortinget har ein vennleg indre atmosfære. Da eg kom inn i huset som nyvald, fekk eg eit sterkt inntrykk av å bli ønskt velkommen inn i varmen. Det var ingen som såg skeivt på meg fordi eg hadde ein del ytterleggåande standpunkt - og om nokon gjorde det, så merka ikkje eg det. Her var vi alle med i ein fellesskap av ein slags høgare orden, nærmast som ein stor familie. Eg syntest det var klokast å halde ei armlengdes avstand til denne særeigne forma for sosialt samrøre. Dei fleste enkeltpersonane var hyggelege folk. Men eg var vald inn på Stortinget for å representere heilt andre - og til dels stikk motsette - politiske og klassemessige interesser samanlikna med dei fleste andre representantane. Eg var redd for å bli hekta opp i ein slags sosial, uformell fellesskap som kunne stå i vegen for meg i det politiske arbeidet.
Da arbeidet i Grimstad-komiteen nærma seg slutten, på nyåret i 1994, var eg glad for at eg hadde tenkt slik. Alle var opptatt av at komiteen måtte komme fram til ei samrøystes innstilling. I ei sak som var så viktig for nasjonen og Stortinget, så gjekk det ganske enkelt ikkje an å komme ut med ei delt innstilling, sa dei, den eine parlamentariske leiaren etter den andre. Eg forsto snart at det var meg dei snakka til, i høgstemte ordelag. Det var to punkt der vi ikkje var samde. Dei andre partia meinte at ingen som stod politisk til venstre for Berge Furre kunne vere med i kommisjonen. Eg meinte dessutan at Lund-kommisjonen skulle ha plikt på seg til å seie frå om alle lovbrot som dei vart kjende med at dei hemmelege tenestene hadde gjort, mens dei andre partia laga ei formulering som gjorde unntak for lovbrot der utanlandske hemmelege tenester var innblanda. Det vart fleire rundar omkring desse spørsmåla i dei to-tre siste møta i komiteen. Dei appellerte på forskjellige vis for å få meg til å "forstå" at komiteen måtte vere samrøystes. For meg var det nyttig akkurat da at eg følte meg forholdsvis immun mot den forma for gruppepress som dei var i stand til å mobilisere. Det gjorde meg ikkje så mykje at dei andre komitemedlemmene tykte eg var sær og rar og at enkelte sa det rett ut. Men eg syntest det var sørgjeleg å sjå at Kjellbjørg Lunde (SV) syntest det var viktigare å sikre dei hemmelege tenestene sitt vidare samarbeid med Mossad og MI6 enn å avdekke lovbrot.
Finanskomiteen - og dei andre stortingskomiteane - har ei merkeleg arbeidsform som fører til at mange folkevalde i for stor grad vender blikket innover i komiteromet i staden for å halde kontakt med dei som er utafor stortingsveggene. Komitearbeidet handlar om å ta standpunkt til framlegg frå regjeringa, eller framlegg som representantar har sett fram i Stortinget. Å ta standpunkt, det kan jo vere ein forholdsvis oversiktleg prosess. Det finst ikkje så mange alternativ. Enten er du for eller mot, eller så har du eit eige framlegg. Men stortingskomiteane bruker mykje av tida si på å tilsløre det som er enkelt. I staden for å seie klart frå at dei er for eller mot eit tiltak, så skriv dei spaltekilometrar med komitemerknader som forklarer korfor dei innst inne er mot det dei er for, og omvendt. Den nødvendige innføringa av PC-ar og elektronisk tekstbehandling i Stortinget har den sideverknaden at dei komplett verdilause komitemerknadene blir enda lengre og papirbunkane enda tjukkare enn før. Når Stortinget vedtar nye oppgåver for kommunane og samtidig vedtar å løyve berre ein liten del av dei pengane som trengst, er det no vanleg at eit komitefleirtal skriv ein vakker merknad som seier at det er ein førsetnad og eit prinsipp at staten skal dekke alle utgiftene. Reform -97 - som blant anna omfatta skolestart for 6-åringar - er eitt av eksempla på dette.
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen var leiar i finanskomiteen storparten av den tida eg var der. Han vart tidleg så allsidig at han for eksempel i 1980 var leiar av AUF-stud, medlem i Studenttinget i Oslo og i representantskapet i Oslo Arbeiderparti samtidig som han var kommunestyremedlem og varamedlem til formannskapet i Vardø. Ingen skal undrast over at han i 1987, 28 år gammal, vart vald inn i eksekutivkomiteen i Atlantic Association of Young Political Leaders. I finanskomiteen var han ein av dei som partileiinga alltid kunne stole på. Da han forlet komiteen, var det fordi Thorbjørn Jagland kalla han til Kongens bord. Dermed fekk det rike Bærum sin første fiskeriminister Bærum. Schjøtt-Pedersen har budd der, i ein villa til nær to millionar, sia 1995. Han flytta til Oslo for snart 20 år sia og møtte på Stortinget for første gong i 1981. Bladet Kapital har rekna ut at han har tent godt over 600.000 kroner på å heve diettgodtgjering som distriktsrepresentant istadenfor for godtgjering etter reglane for dei som bur i Oslo-området. Dessutan har han hatt fordel av den lågare toppskatten og dei høgare frådraga som elles berre gjeld for folk som er busett i Finnmark. Schjøtt-Pedersen har sjøl forklart dette er rimeleg: "Jeg har hus i Vardø og diettgodtgjørelsen kan sermed ses på som en kompensasjon for å ha to hus". Han la og vekt på at det var fleire enn han som gjorde på akkurat same måten - også blant medlemmene i finanskomiteen. Han la ikkje vekt på at storparten av huset i Vardø til kvar tid er utleigd, slik at det truleg er meire ei inntektskjelde enn ei utgift for den utflytta finnmarkingen.
Der var partifelle Bjørnar Olsen frå Nordland, som tok over som leiar av finanskomiteen etter Schjøtt-Pedersen. Han er også ein av dei som partileiinga alltid skal stole på. Men han hadde ein meir likefram arbeidsstil og veremåte på det personlege planet, ikkje sjølvhøgtideleg og pompøs slik som forgjengaren. Men den politiske framtida hans er utrygg no i 1998, etter at han har komi på kollisjonskurs med mange i sitt eige fylkesparti, blant anna i synet på kven som skal eige vasskrafta i Nordland.
Nestleiaren i finanskomiteen, Gudmund Restad frå Senterpartiet, og sekretær Per Kristian Foss som framleis ikkje har vorti leiar i Høyre, er heilt andre typar. Restad, som no er finansmininster, er ein politisk ringrev som er kjend for den pedantiske nøyaktigheta si. Meir enn ein gong vart andre komitemedlemmer irriterte på han fordi han sa han måtte ha tid til å lese igjennom ein ny versjon av ei innstilling før han kunne vere med på å avslutte komitearbeidet. Fleire av oss andre var ikkje så nøyaktige. Når Restad sa lese igjennom, så meinte han å lese kvart einaste ord. Politisk er eg usamd med Restad om svært mykje, ettersom han høyrer heime på høgrefløya i Senterpartiet, men han er av dei i Stortinget som eg lærte å kjenne som ein redeleg person. Inntrykket mitt er at dei som har samarbeidd eller slåst med han, synest han er subjektivt redeleg. Det er ikkje mange statsrådar som har det omdømmet.
Etter å ha ha sett litt av komitelivet frå innsida forstod eg godt at presidentskapet i Stortinget sa nei til ein førespurnad frå eit par forskarar som ønskte å få vere fluge på veggen og studere avgjerdsprosessane i finanskomiteen. Det hjelpte lite at forskarane forsikra at dei ville respektere alle slags teieplikt. Svaret vart nei. Komitelivet skal vi ha for oss sjølve. Ein episode under behandlinga av endringane i statsbudsjettet i juni 1997 kan tene som eksempel på kva dei folkevalde kunne gå glipp av viss dei skulle ha utanforståande observatørar til stades. Finanskomiteromet er avlangt med eit svært langbord. Vi som tilhøyrde småpartia i førre perioden - Lars Sponheim, Stephen Bråthen og eg - hadde fast plass på kortenden, nedst ved bordet. Skikken var at dei små som berre var ein frå kvart parti, vart plasserte der. "Balkan" var det innarbeidde oppnamnet på bordenden der blant andre Arent M. Henriksen og Carl I. Hagen hadde hatt tilhald før. Usemje og krangel mellom småpartirepresentantane som hadde brukt stolane før oss, hadde gitt opphav til namnet. På veggen i eine hjørnet bakom "Balkan" er det eit TV-apparat. Der kan ein følgje debattane i stortingssalen. Denne junikvelden med gjennomgang av merknader til endringane i statsbudsjettet var ikkje særleg spennande. Det er sjeldan møta i finanskomiteen er det, sjølv om det handlar om viktige og store spørsmål. Men eg sat no der, og prøvde å henge med. Komiteen hadde fått eit innfløkt brev frå finansminister Sigbjørn Johnsen om korleis ein bestemt lovregel skulle forståast. Ein av komitemedlemmene som kunne saksområdet godt - eg trur det var Tore Nordtun - las høgt frå dette brevet og forklarte samtidig kva det betydde. Eg skal ærleg vedgå at eg ikkje hadde kunnskap nok til å forstå alt. Da eg såg meg rundt, oppdaga eg at det ikkje var mange andre enn komiteleiar Bjørnar Olsen som følgde nøye med i høgtlesinga. Nokre av finanspolitikarane var opptatt av innbyrdes samtalar om heilt andre spørsmål. Og i alle fall tre-fire av folkets kårne - blant anna dei to frå Kristeleg Folkeparti - hadde blikka festa på eit punkt på veggen bakom "Balkan". Da eg så snudde meg, oppdaga eg at ein av dei hadde slegi på fjernsynet, utan lyd rett nok, slik at dei som ville, kunne følgje med på siste episode av Mr. Bean i staden for å fordjupe seg i endringane på statsbudsjettet.
Først på 1980-talet var eg i ein periode med i den minst viktige av alle dei sosiale nemndene i Oslo. Mot slutten av fireårsperioden begynte to-tre av dei erfarne nemndsmedlemmene å spørje etter "reisen". Eg skjønte første ikkje kva dei snakka om, men så viste det seg at det var innarbeidd praksis at nemnda fekk ein belønningstur til utlandet sist i perioden. Ettersom dette var den minste av alle nemndene, vart det berre ein tur til København og Malmø. Dei fleste av dei som reiste, syntest turen var fin.
Ordninga i finanskomiteen var omtrent likeeins. Men reisene var fleire og lengre. Og rett skal vere rett: Nokre av utanlandsreisene hadde eit innhald som sakleg sett var nyttig. Finanskomiteen har sin eigen reisekomite og Stortinget har sikker praksis for korleis ein fordeler utanlandsreisene mellom komiteane. Våren 1995 reiste nesten alle stortingskomiteane til sørlege og austlege delar av Asia. Stortingsrepresentane skulle få ei kjensle av å vere med på den årelange døropnaroffensiven som regjeringa Harlem Brundtland dreiv for å gi norsk næringsliv innpass i Asia. Finanskomiten skulle til New Zealand og Indonesia. Komiteleiar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen understreka før avreisa at det var nødvendig å vere litt varsam i Indonesia og unngå kritiske utsegner. Når Finanskomiteen skulle møte Suharto-regimets menn i Indonesia, så var det frå norsk side ingen andre enn komiteleiaren som skulle uttale seg om regimet.
Det er eit sinnrikt puslespel som må gå opp for å få lagt alle komitereisene slik at det til kvar tid er nok folkevalde igjen til at både Stortinget, Odelstinget og Lagtinget kan fatte gyldige vedtak. Det var derfor stor glede blant finanspolitikarane da Reisekomiteen kunne melde at "vi" hadde vunni drakampen om det mest gunstige reisetidspunktet: Finanskomiteen kunne avslutte Asia-turen sin med besøk hos Suharto-regimet i Indonesia i veka før palmesøndagen, såpass langt ut i veka at det vart umuleg å komme heim til Oslo til siste stortingsmøte før påske. Ettersom Stortinget skulle ha drygt to vekers påskeferie, og dei folkevalde reiser på fullpris-billettar, var det fleire som nytta høvet til å endre billetten slik at heimreisa kom til å omfatte ein romsleg påskeferie på Bali.
Eg vart berre med på ei av komiteen sine utanlandsreiser - til Nordvest-Russland i august 1996. Komiteen møtte russiske styresmakter og norske næringslivsfolk. Turen gav eit bra innblikk i korleis norske kapitalistar dei siste åra har posisjonert seg for å komme langt fram i køen av utanlandske selskap når utvinninga av naturressursane i Barentsregionen snart skal ta til for alvor. Norske bedriftstalsmenn vi snakka med, la stor vekt på at finanslovgivinga i Russland enda ikkje var så "sikker" som den må vere. Det betyr at Statoil og andre venter med dei store investeringane til lovene er slik at utanlandsk kapital ikkje risikerer nasjonalisering, brå endringar i skattelovene eller andre inngrep i fortenesta si. Det var merkeleg å vere på reise med norske politikarar og besøke landsmenn som planlegg økonomisk plyndring av naturressursane i eit naboland.